Utskrift
Treff: 3114

Huldresteinen

av Tomas Jenset

Det var ikkje veg ute i Sundegardane, gardane på Otrøysida langs Julsundet, då Kristina Svinnset f.1850 ein gong i 1870 åra på  heimveg frå Sølvika nær hadde vorte bergteka her.. Vegen var berre     ein gangsti, smal og krokut over urer, mellom storstein og bratte svaberg. Då ho var koma til ein stor stein nord om Arisphaugen, kjende ho seg med eitt so trøytt og klar. Ved steinen var det ein graspall, der sette ho seg for å kvile. Medan ho sat der somna ho. Etter kvart syntes ho å høyre slik uvanleg fin musikk. Langt borte såg ho ein stor sal pynta med fine ting. Det lyste og blengte i alt som var, frå golv til loft. Ei jente som sat og spann på ein rokk, vinka at ho skulle kome. Men for å kome dit, måtte ho gjennom ei dør som var so låg at ho måtte krype for å kome inn.

Med eitt bråvakna ho av at hunden hennar, ho Buffina- sleikte ho i ansiktet. Då ho rådde med seg, sto ho på kne med hovudet heilt inn til den  store steinen. "Det var ho Buffina som berga meg, hadde ikkje hunden kome og vekt meg, hadde eg vorte bergteka den gongen" det både sa og trudde ho alle sine 88 leveår. Etter denne hendinga vart st einen heitande Huldresteinen. Det var forresten ikkje berre ein stein, men to. Den nærast stien var bratt og tverr på alle kantar.Kunne vel vere 2,5 m. høg og godt 3m lang i kvar kant, som ein terning på lag. Bak denne steinen låg det ein rund flat stein, mykje lågare,om lag 2,5m itverrmål. Begge steinane hadde torv på toppen så det såg ut som torvtak.
Som gutunge gjekk eg ofte forbi her. Om vinteren gjekk eg vel, men om sommaren sprang eg. 

Det hadde seg slik at om sommaren var det alltid ormebol under steinen. Det kveste og aula i graset kvar ein trødde. Graset var heller ikkje slik her som andre stader. Det var eit slag bladgras, grønt på eine sida og kvitt på den andre. Kvasst og taggut i kanten. Krøtera åt det heller ikkje.Spurde eg dei vaksne kva slag gras dette var svara dei: "Sausprengje". 

I ein flat stein i stien ikkje langt frå Huldresteinen var det eit djupt merke etter ei kuklauv. Merket var så tydeleg som det var trødd i mjuk leire. Eg undrast på korleis ei ku kunne trø so hardt på steinen at merket etter klaua vart ståande att for alltid. Det var ikkje so rart meinte dei vaksne, for dette var merke etter klauvane på huldrekua. Ho som sprang i berg og ur måtte vel ha so skarpe klauver at det vart visande somme stader. "Fanst det ei huldreku?" Jau, ei huldreku fanst det. Ho Ingeborg på Lønesa hadde sett ho ein sommarkveld ho gjekk for å mjølke kyrne. Då såg ho ei isblå  huldreku som gjekk saman med kyrne hennar.Ho tenkte å kome so nær kua at ho fekk kaste spøtet  (strikketøyet) sitt over ho. "Då skulle  kua ha vore mi" sa ho. So nær kom ho ikkje, for kua rømde til fjells. Folk visste om det må vite, at kasta ein stål over noko underjordisk miste det trollskapen, og ein fekk råderett over det.

Under Huldresteinen rann det ei elvasikle som aldri var tørr. Ein mann grov brønn der og la inn vatn. Brønnen vart aldri full endå det rann vatn i han heile tida. Berre litt på botnten og det vesle vatnet som var hadde so dårleg smak det var mest ikkje drikkande. Alltid var det mykje makk og skrut i brønnen, og etter kort tid grov han seg brønn på ein annan stad. For nokre år sidan laga ein nabo bilveg opp i tunet sitt, dermed skaut han vekk steinen, for han låg midt der vegen skulle gå.
Lunta vart tent og karane sprang i dekning. Men etter at skotet gjekk, og karane kom tilbake fekk dei mangt å tenkje på: Først høyrde dei eit skrik  som for rett ned gjennom grunnen. På plassen under den store steinen var det grønt gras. Det såg mest ut som om steinen aldri hadde lege heilt nede på marka, og elvesikla som det alltid hadde vore vatn i, vart med eitt tørr. Om det var huldra som skreik eller om det var soget i dei gamle   vassledningane som låg att dei høyrde kunne ingen svare på. Men huldra og kua hennar vart aldri meir spurt.