Utskrift
Treff: 3634

Lokale segner:

Her kommer noen småstykker jeg har skrevet av fra boka

"Eventyr og Segner" samlet av Olav Rekdal.

 

Svarteboka på Nerland.

Han Kristen Nerland på Otrøya hadde svarteboka. Han kjøpt'o på ein auksjon etter 'nå feta-Ola. Han Ola hadde kjøpt ho tå 'nå Nils Ess for ei tunne korn. -- Ho skulle vere skriva tå ein einbent jøde i Jerusalem, og skulle vere oversett frå det gamle hebraiske i Wittenberg. So var det ein søndag dei var i Aukrakyrkja, at tenesttausa på Nerland hadde funne ti 'na boka, og begynte og las ti 'na. So las ho det som løyste Gamlingen sjøl au, og so kom han og vilde ha arbeid. Og då visst'o ikkje anna te set'n te enn at'n skulle øyse tom Rakvågen med eit tunneband. Ja, når dei kom att då, frå kyrkja, so kom dei seg ikkje lenger enn åt Rærsætstenå, for sjøfåk, endå det var stilt og fint ver. Der måtte dei leggje til lands. Men han Kristen skyna korleis det stod te då, han, og han skunda seg og gjekk heim, og fekk binde Gamlekaren.

Einbent: einebarn, hadde ikkje sysken. Fortalt av Lars Ugelvik (Myra-Lars) ca 60 år. (1922)

 

Trollkjerringane utpå Øyom.

Det var tre trollkjerringar utpå eiå her ein gong i tida. Somme sei dei var systrer. Ho Guri i Vågja budde på Otrøya, ho Brynill Harnes på Harøya og ho Ragnhill i Ortn budde i Orta. Dei besøkte kvarandre ofte, desse tre kjellene, og dei hjelptest åt med trollkunstene sine, når det trengdest. Dei såg ofte Otrøykjerringa kom siglandes utgjenom Harøyfjorden i månskinet. Og ho Ragnhill i Ortn siglde ein gong frå Harøya og inn i Orta på ein dryfting.

Ei julnatt hadde dei sett kvarandre stemne på Hekkelfjell, desse tre. Men so var det tenestguten hennar Brynhill Harnes --- han hadde tent 'na i sju år, og hadde fått greide på kvaslags makkmor han hadde. So lurte han på ho julaftan, og såg korleis ho tok ein sopling og smurde, og høyrde kva ho sa, før enn det barst oppgjennom skorsteinen med ho. Når ho var fara då, so fann han fram att oljekrukka og tok og smurde ein sopling, han au, og sa det same som ho. Og so barst det avste oppgjenom skorsteinen med han au. Og han kom til Hekkelberg og forstyrra heile høgtida for dei.

Ho Brynhill Harnes siglde i kapp med 'nå Ferdinand Danholm i Drøna ein gong, frå Drøna til Bergen. Han siglde på jakta si, og ho på ein kvennastein. Hadde ho kome seg framom, so hadde kvennasteinen vorte eit skjer som jakta måtte forlise på. Men vist han vann, so laut ho søkkje. ---- Dei vann ikkje nokon tå dei. Men ho skulle sei det då, ho Brynhill, at --- "Ho dreg se kjøl-lengda".

Dei koka rømmegraut i Drøna, førenn dei gjekk om bord, den gongen. Og feittet var ikkje storkna endå når dei kom til Bergen. ---- Men han hadde ein om bord, han Danholm au, ser du, som hjelpte te. Det var haubokk om bord i den jakta. Og han skulle sei det, når dei var framkomne:

" De kjeinnest på ryggja mine, de at de va I so hill mastra!"

Ho Ragnhill i Ortn var no liksom bestmann tå desse tre trollkjerringom. Ho heldt ein fiskarbåt, ho, og karane hennar fiska bestandig godt. Men ein gong fekk ein tå dei so tung ein fisk. Og då han drog opp, fekk han sjå at det var ein stakk han hadde krøkt ti. No hadde dei lenge tvilt på at ikkje alt var rett fatt med detta fiskeriet, og at det var ho Ragnhill som heldt til neri og krøke på fisken åt dei. Og mannen gjorde seg ikkje meir føre, han, enn at han tok tollkniven sin og skar tå stakken og let ho søkkje att. Men ho var sur og mula då, ho Ragnhill, når dei kom heim att om kvelden. Og når dei såg etter var det hol ti stakken hennar, og det stykket dei hadde skore utpå sjøen høvde akkurat åt holet.

Ein gong karane hennar Ragnhill i Ortn kom tå sjøen, møtte dei ho oppå markå, ho kom jagandes med eit stål med ufs (sei). Då hadde ho mana eit ufseflak oppi stova si og teke levra uti. Og no kom ho jagandes med stimen te sjøs att.

Dei blei forresten aldri opprådd for fisk nokor tå desse tre kjellom. Når dei blei lens for fisk, tok dei berre snøret og gjekk bortpå låven og kasta utfor låvebrika, so drog dei den fisken dei vilde.

---- So var det ein gong ho Guri i Vågja skulle inn i Tomrefjorden --- ho hadde ein bror som budde innpå Langstein. Ho kom inn til Gjelsten med di same sonen hans Jens Gjelsten heldt på gjorde seg ferdig og skulle ro inni Fiksdalen. Ja, so vilde ho Guri vere med 'nå. Men han brydde seg ikkje om å ha ho med, og nekta 'na det. --- So la han no unda, guten, og rodde innover. Men best som det var, rauk det opp med eit slikt forferdeleg hardver. Og når folk her skulde sjå seg omkring, so hadde han gje full båten for guten, og han heldt på skulde drukne bortfor Galten her inne. Då var ho Guri i Vågja koma oppi eldhuset her, og stod og rørte ti ei skål med vatn. Men so rente dei te og spente i koll skåla for 'na. Og då blei det stilt att med ein gong, og guten blei berga. Men då var ho Guri rykendes gala, og ho meinte te di at hadde ho fått rørt ei rid til, so skull'en gje før di.

Ein annan gong ho Guri i Vågja hadde vore inne med bror sin på Langstein, kom ho til Gjelsten og ville ha seg skyss over på Otrøya att. Men han Jens Gjelsten nekta 'na skyss, og var åt og trøska etter 'na for trollkunstene ho for med. So blei ho Guri sint, og svor på at detta skulle han Jens få att. Og ho var ikkje før heimattkoma førenn ho gjekk oppå Klausethornet og kasta ein brand, som ho meinte å få inni Gjelstengarden. Men ho fekk ikkje branden meir enn midtfjords. So fekk ho med seg ho Brynhill Harnes, og då fekk dei sovidt branden oppi fjøra inni Gjelsten-Neset. Men so kom ho Ragnhill i Ortn au, --- ho siglde frå Orta og inn i Rakvågen på ein kvennastein den gongen. Og då stod det ikkje lenge på å få branden heilt inn i Gjelstengarden. Og dei fekk det te fyre au, so heile garden brann opp.

Det er sant au det at Gjelstengarden brann opp, for eit par hundrad år sidan. Husa stod den gongen inn- og nedfor her. Men etter den branden flytta dei hit opp som husa no stend.

Han Jens Gjelsten var einaste brukar på Gjelsten og lensmann utpå eiå (Sunds Otting) omkring år 1650.

Makkmor: matmor, husmor. (Segn frå Otrøy)

 

Utboren på Mia.

Han Ola Torsteinson Bløfeta, mannen min, kom sør frå Drynjasundet, det var slik i avdaginga. Det var ein grand nysnø på marka, so det var ikkje so mørkt. Når han kom nordfor Hagarden so begynte utboren til.

Det første han såg var ein lappe, som låg framfor føtom på 'nå og skreik og bar seg. Sidan voks og voks han, og synte seg i alle slags skapnadar, og alle slags skikkels, --- ylte som ein gris, skrikka som ei skjor, og skreik som eit barn, --- og blei til slutt so stor som ein torvstakk framfor augo på 'nå. Og han la seg utover'n. Det var so mykje stusleg når han drogst med 'nå, at han bad Gud sturte både hans vit og hans forstand. So spurde'n han ut då, om kor gamal han var. Og han sa 'nå det --- han var eit og eit halvt år. Og han Ola fekk vite både kven som var far og mor. (til utboren).

Når han Ola kom nord på Bjørnaremskleiva, so kom det for seg, sa han, det han hadde lært tå han Ingebrigt skulmeister når han rodde fiskja uti Orta --- Og det las han. Då for utboren som han skulde vore piska nedgjennom myrane, og skreik og bar seg. Han Åke Bjørnarem kom berandes med ei torvkasse borti myrå der, og han au høyrde skriket tå 'nå. "Deinn so høyr 'na styggheita no igjæn" --- sa han. --- Det var ikkje første gongen han hadde høyrt han. "De he vore same styggheita du he vore frammi då so'n Petter" -- sa eg når han Ola kom heim og fortalde meg kor han hadde fare. "Ja ha'n Petter vore frammi di so I he vore frammi, so ha'n visst ikkje komme på Feta att deinn kveill'n" --- sa'n Ola. Han kom heim og åt til nons. Det synte ikkje noko på 'nå då. Men han la seg, og sidan drog det seg til noko om senn, og han blei noko rar tå seg. Eg laut halde vakt over 'nå den natta, eg. "De fer sjå bortpå myrann å leite ti att kniven minn de småtause" --- sa'n når'n sat og åt til nons. Men om morgonen stod Kniven neri Stabbursveggen. Han hadde ikkje sett han dit. Eg var i lag med 'nå frå fjøsen og hitover vegen når han kom.

Lappe: frosk. (Segn frå Midøy)

 

Døype Utboren.

Han Blind-Ola var au ute for utboren. Men han døypte'n, han. "Jei døper dei på ei von. Du ska eite Guri eiller Jon. Reis no du dinn veig, dit du komm ifrå" -- sa'n. Og der med blei han kvitt 'nå.

(Segn frå Midøy)

 

Stikk og drag du Mann.

Han far hadde vore ute for ein utbor fleire gonger. So var det ein gong han hadde velta seg på'n att. Då tok han og køyrde tolkniven sin attmed sida oppunder handa og ti utboren. "Stikk og drag du mann" --- sa utboren. "Ska få stå so stæn" --- sa han.    Og dermed blei han kvitt 'nå. Kniven fann dei sidan att med ei ryggetole på.

Ryggetole: ryggkvervel. (Segn frå Midøy)

 

Skatten oppfor Ulvika.

Oppfor Ulvika på Otrøya skal liggje nedgraven ein skatt. Ein gong hadde to karar funne ti'n. Dei var komne so langt som nedpå krukka. Men då såg dei det stod ljoset ti neri garden, og so la dei te ned for å sløkkje. Men når dei kom nedover eit stykke, såg dei ikkje meir att tå branden. Og når dei kom opp igjen og skulde ta skatten, fann dei han ikkje att. Ein annan gong var det au nokon som hadde funne ti skatten. Men med dei heldt på skulde få han opp, kom det eit lite kje brektandes og narra dei til å fylgje etter seg. Og so miste dei au skatten.

(Segn frå Otrøy)

 

Skatten på Jennset.

Neda'i huså på Stor-Jennset er der ei lita fløt, og der låg det ei stor steinrøys før. Og i den røysa skulle det liggje nedgraven ein skatt. Han Gamle-Hans Jennset låg ofte og grov neri 'sa røysen, for å finne ti skatten. Og han var komen langt neri ho. Men so var det ein dag han heldt på grov der, at det kom eitkvart over han --- han hivte grevet og la på tan framgjenom dalen, som ein galen. Folket på garden såg detta. Og då han ikkje kom att, so skulde dei stad leite etter 'nå. --- No er der eit vatn frammi dalen der, og i vatnet er der eit nes, som stikk borti. Der på neset fann dei trøya og hatten hans --- dei hekk på ein staur. Der hadde han sprunge beint på vatnet og drukna seg.

(Segn frå Otrøy)

 

Skatten i Bløkallen.

Ein gong var det nokre vikingar som hadde tørna opp med båtå sine på "Hamnå", på nordvestsida tå Miøya. Og om natta hadde høvdingen deira ein slik rar draum. Han drøymde at'n var komen i kamp, og at'n fall. Om morgonen fekk han med seg fire tå beste karom sine, og tok so alt sylvet og gullet han hadde samla --- det var so mykje at det skulle kunne skatte for Norge i sju år. Og so rodde dei te lands og gjekk oppi fjellet og grov det ned oppi ei ur der. Andre dagen kom det til kamp med nokre andre vikingar, som var etter dei. Slaget stod der på Hamnneset. Og der fall høvdingen med mesteparten tå karå sine. Alle dei som hadde vore med og grove ned skatten, fall. Dei andre blei fanga og gjort til trælar. Der skal gå ein gamal geitastig over flekken der skatten er nedgraven. Og sola skin ikkje der andre tider enn når ho står i nordvest. Det er mange som hev leitt etter skatten. Men ingen hev funne noko endå.

(Segn frå Midøy)

 

Domhella.

Oppfor Rakvågen er der ei hole inngjenom fjellet som kallast Domhella. Det hev vore noko ekstra med den hola, og dei hev endåte meint at nedgangen åt sjølve Storholet (Helvite) skulle vere her. So var det ein gong tre karar som reiste på Domhella ei julnatt. Den eine hadde ei øks, den andre bar ein katt, og den tridje bar ei lykt. Katten han miste dei på timen dei kom opp. Og løkta slokna for dei. Og dei fekk eit mein alle saman. Ein blei skeivaksla, Ein fekk haue på skeive, og den tridje blei tullen. Den eine tå dessa karom tente på Hole, og dei kalla'n Styggjinn. Ein kalla dei Legds-Jakop. Den tridje var tå Ingjersstauen og heitte Ingjers-Knut. Katten kom att innapå øya, og hadde reist tvert igjennom fjellet. Han var hårlaus når'n kom ut att.

 (Segn frå Otrøy)

 

(Jeg har tatt med dei segnene som direkte vedkjem Midsund )        Per Olav Hansen

(Har prøvd å få skrivemåten slik det står i boka)