Utskrift
Treff: 5387

Tysk flyulykke på Otrøya 19. aug. 1940

Den 19. august 1940 hendte to tyske flyulykker i Midsund. Eit fly gjekk inn i fjellet ovanfor Midsundvatnet og eit anna køyrde på luftspennet over fjorden frå Skår til Dryna. Flyet som gjekk inn i fjellet over Midsundvatnet var ein Arado AR-196 og tilhøyrte Bordflieger S taffel 5/196. Dei to beset-ningsmedlemane, Ulrich Burk (23) og Vincenz Schwarz (24) omkom. Desse to vart ifølgje dokumenta gravlagt på Otrøya, men ligg i dag på Havstein i Trondheim.

Flyet som gjekk inn i luftspennet over Mifjorden var på søk etter det tapte flyet. Vitne fortel at flyet kom sør fjorden, køyrte på luftspennet, tippa rundt og forsvann i djupet. Det einast som er skrive om denne hendinga er i protokoll tilhøyrande Tafjord Kraftselskap: 19. august 1940

MIFJORDSPENNET.

"Fly østenfrå kolliderer med Mifjordspennet med etternemnte følgjer: Forbindelse i landfeste Dryna revet av. Isolatorer revet av."

 


Det var Bernhard Ugelvik som kom først fram til ulykkesstaden ved Midsundvatnet om morgonen 20. august. Han har skrive følgjande beretning om det som skjedde:

(Tidlegare publisert i Romsdal Sogelag. Årsskrift 1983)
Den 19. august 1940 forulykket eit tysk sjøfly på Otrøy. Det var stille og rolig ver med lavt skydek­ke og flyet hadde visstnok til opp­drag å overvåke en mindre konvoy som var på veg nordover Midfjor-den.
Eg var i arbeid på ein åker heime i Ugelvik då eg ved 3-4 tida om ettermiddagen høyrte kraftig fly­dur, men på grunn av lavt skydek­ke var det ingen ting å sjå. Flyet kom utover Midsund og etter lyden å døme kunne det være omlag over Magerøya då det svinga innover igjen. Duren av flyet var svært intens og plutselig i retning av Digergubben forsvant lyden momentant. Eg var overbevist om at her skjedde en ulukke, men dei andre i huset heime og i nabolaget trudde det var fjellpartiet som tok av  for lyden.
Dette skal undersøkast, tenkte eg, og sa vidare at eg skal finne staden der ulukka har hendt og tenkte då på Trollhesten ovenfor Midsundvatnet.
ved den tyske flygargrava på ulykkesstaden.

Flyulykke

Frå venstre Solveig Julset, Olav Løken (sitjande), sokneprest Johan Julset (bak), Torstein Blø, Eldbjørg Beinset (Misund) (sitjande),

Signe Ræstadholm (Moen), Emma Volle, Haldis Sæterøy(Misund), Kjellaug Reiten(Opstad), Marie Stølen, Kjellaug Misund,

Knut Misund, (ståande framme);Kristian Stølen, Peder Tautra (så vidt synleg bak), Mathias Moen, Peder Midtbø,

Torfinn Akselvoll, Karen Stølen og lærar Sverre Volle.

 

Kl 0500 om morgenen den 20. august var eg på veg til fjells, skodda låg framleis langt ned i fjellsida. Eg tok meg fram til sørsida av Digergubben, og etter kvart som sola kom opp vart det lettare skydekke.
Trollhesten kom til syne og akkurat på staden eg hadde tenkt meg låg flyvraket, vidare tenkte eg at dette fjellet ber sitt namn med rette.
Forsiktig og med kikkert stadig retta mot vraket kom eg endeleg fram. Då fjellsida er nokså bratt her var deler av flyet spreitt på eit begrensa område, og eg stillte meg det spørsmål: Kor langt kan eg våge å gå? Det var intet livstegn å sjå.
Det var eit trist syn eg møtte, det rauk enda av ruinane, og i vraket låg to unge menn lemlestet og forbrent, noko eg aldri kommer til å gløyme.
Då dette var eit kampfly,vardet utstyrt med maskingeverer og gra­nater, så her gjalt det å fare varsamt fram i ulende, og etter en times tid forlet eg området.
Som bevis for at flyet var for­ulykket tok eg med en del av moto­ren, og denne delen har eg oppbe­vart den dag i dag.
Eg tenkte å halde ulukka løynd til lensmannen var varsla, men på heimveg var ikkje dette til å unngå og rykte spreidde seg som eld i tørt gras. Frå min side vart folk åtvart om å dra opp i fjellet då det var eit farlig område.
Lensmannen i Sund ble omgå­ende varslet, og etter vel en times tid kom han frå Aukra, og hadde med seg lektor Ranes frå Fiskar-fagskolen. Eg vart med som vegvi­ser, og då vi kom fram til åstedet, var det alt samla en herskare av folk der. Lensmann Hjertvik var ikkje vidare blid for denne ansamlinga og eg husker han ropte på lang avstand: "Er de klar over kva de gjer her oppe"? En del reagerte og drog seg litt unna, men så var det dei og som var opptekne med å skaffe smådeler til minne, dette har eg fått vite etterpå.
Bud vart sendt til Klauset der det var en tysk forleggning, og to tyske soldater kom opp i fjellet Dei stod en liten stund i giv akt for sine drepte kamerater. Lektor Ranes fungerte som tolk, der flytu­ren vart rekonstruert då det var naudsynt for oss å få klarlagt det faktiske forhold om flyturen.
Soldater frå forleggningen på Klauset rydda opp i det aktuelle område, to fly frå det tyske flyvåp­en var i Midsund og henta dei omkomne.

Tabellen under viser gravregistreringene på Havstein Krigskirkegård I Trondheim.

Id Fnavn Enavn Fdt Får Ddt Dår Bdato Bår Gnr 
4016335  Ulrich  Burk  1308  1917  1908  1940  1908  1940  01  06  63 
4016769 Vincenz Schwarz 2802 1916 1908 1940 1908 1940 01 100 01