Utskrift
Treff: 2411

Eit minne frå siste krig.

av Ole I Solholm

Det er no så mange år sidan krigen at somme av minna har kome noko på avstand, andre har gått i gløymeboka, men så var det og dei som sette seg godt fast i minnet. Noko som eg minnast svært godt var då Verma forliste.

I dei fem åra krigen varte, og med dei farane som fylgde med både på sjø og land, var det ikkje alltid like lett å velja arbeid. Men noko måtte ein finne på for å leve. Det var som sagt utrygt både på sjø og land, men kanskje mest på sjøen der det var fare for miner, torpedering og bombing.

Folk levde i dagleg frykt for kva som kom til å hende. Det var såleis ofte frå det eine til det andre når det gjaldt arbeid. Men så fekk eg tilbod om å vikariere for Sven Heggdalsvik som var kokk om bord på Verma. Dette var freistande, og eg tok jobben.

Verma var opphavleg ei jekt som heitte Nornen. I 1933 vart det gjort ei omfattande ombygging på ho. Ho vart forlengt, fikk ny baug og akterende med hekk, ny keising og nu bru. Det vart installert brønn for transport av levande fisk. Ein ny Wickmann motor på 150 hk vart og innsett.

Etter ombygginga fikk båten namnet Kilstraum og vart sett i fart med levande fisk frå Smøla, Helgeland og Frøya til Oslo. I 1939 vart båten seld til A.R. Vestenfjellske ruteselskap og fikk då namnet Verma.

Båten vart sett på slipp på Bolsønes verft. Brønndekket vart rive ut og seinare vart båten satt i godsrutefart mellom Molde og Bergen – den sokalla Vermaruta. Det vart gjort ein tur i veka

Turen starta frå Molde til Bergen på måndag og tilbake til Molde på laurdag. Søndag låg vi stille. Vi var eit mannskap på åtte, og då både skipper og dei fleste andre budde i Fræna, gjekk dei dit med båten i helga. Eg reiste heim til Solholm, og gjekk om bord att på ny tur derifrå.

Måndag 9. august 1943 gjekk eg om bord på den tredje turen med MS Verma. Dette skulle og vise seg å bli den siste turen. Turen sørover gjekk utan vanskar og vi kom fram til Bergen 10. augst. Båten vart lossa, og lasting for turen nordover tok til. Denne turen bestod lasten av 1000 sekker mjøl, 4 tonn sveisegass på flasker og forskjellig anna. Torsdag 12. august var båten ferdig lasta og vi drog frå Bergen same dag. Av dei som låg i lugaren forut var det to som hadde frivakt. Det var Harald Dale og eg. Vi hadde gått til køys.

Det er elles svært lite eg minnes frå kvelden den 12. august. Men så hende det ting som eg får minnast for livet: Fredag den 13. august 1943 om morgonen i sekstida vakna vi av ein kraftig smell. Vi forstod straks at noko gale hadde hendt og kom oss ut av køyene, inn i kleda og opp på dekk i ei viss fart.

Der såg det ikkje bra ut. Babord side og ein del av dekket var opprive. Vi hadde gått på ei mine og båten tok inn sjø. Det gjaldt no berre snarast mogleg å komme seg frå borde, men det var ikkje tid til så mykje. Det gikk greitt å få sett lettbåten på sjøen. Men vi to som låg forut var berre i underkleda og for såleis fram i lugaren for å finne noko å ha på oss. Men der fossa sjøen inn og kofferten min som stod på dørken flaut nesten.

I ein slik situasjon vert sekunda korte og vi måtte berre komme oss derifrå. Med ei jakke, ei bukse og kofferten for eg på dekk att. Sko fekk eg ikkje med. Vi gjekk så i lettbåten og kom oss klar havaristen. Heile mannskapet var utan skade. Vi hadde passert Florø og var komne litt nord for Seljestokken fyr når dette hendte. Det kom så brått og alt gjekk så fort. For få minuttar sidan var alt i vanleg gjenge om bord og nå sat vi i lettbåten og var vitne til Verma si skjebne. Eit siste farvel. Vi såg ho for siste gong. Ho gjekk ned i den våte grav på 40 favners djup.

Det var ikkje andre båtar i nærleiken så vi tok til å ro. Været var bra og det tok ikkje så lang tid før vi nådde land. Tidlegare på morgonen hadde vi passert MS Astrid frå Hareid som slepa ein annan båt og kom same vegen. Vi fekk stoppa dei, og dei tok oss med tilbake til Florø der vi tok inn på eit hotell. Det kom tyskarar og tok oss i forhøyr og det gjekk greitt. Det gjekk rykte om at det var engelske fly som hadde lagt ut eit minefelt, og dette var vi så uheldige å gå inn i. Vi vart på hotellet til neste dag. Sidan vi hadde mist det meste av personlege ting, måtte vi prøve å få tak i det mest nødvendige. Dei som var på vakt misste alt. Dei hadde berre det dei gjekk og stod i. Eg misste mellom anna ein gamal fiolin og ei klokke. Vi fekk tak i det vi trong og heimturen tok til: Ein 40 fots båt lasta med sement skulle til Måløy, og der fikk vi vere med.

Like etter at vi steig i land i Måløy, kom MS Havøy. Ho måtte stoppe for kontroll. Det viste seg at dei skulle vidare nordover på feitsildsalting og vi var heldige og fikk vere med. Vi vart godt mottekne om bord. Vi fekk mat og hadde det bra. Været var fint over Stadt og turen gjekk greitt.

Men forliset til Verma var ikkje lett å gløyme. Det la ein dempar og eit vemod over det heile. Turen vidare heim med MS Havøy gjekk berre fint og sundag morgon 15. august var vi vel heime

 

MS Verma sank da den gikk på en mine som var lagt ut samme dag av HNoMS MTB 623 i nærheten av Selje.

Litt om MTB 623, dens aktivitet og mannskap her