Hamnneset

tekst: Torfinn Bjørnerem og Palmar Raknes

foto: Kjell Magerøy


HamnnesetHamnneset

 

På Hamnneset finn ein gravrøyser. Her kan ein sjå den naturlege hamna som vart nytta heilt tilbake til vikingtida og fram gjennom jektetida. Og det knyter seg ei segn om ein stor skatt til staden.

 

Kvar Hamnneset ligg

Hamnneset ligg på nordvestsida av Midøya. Det er ein landtange som stikk ca. 600m ut i fjorden omtrent nedanfor hellerane. Nord og sør for Hamnneset ligg Sandan, den mest brukte badeplassen på Midøya. Sjå panorama. ( Skrivemåten Hamnneset blir nytta her i samsvar med den lokale uttalen og Nils Parelius sin skrivemåte. På kartet står det Hamnaneset.)

 

Jektehamna
Nord for vestspissen av Hamnneset ligg tre holmar. Mellom desse holmane og Hamnneset blir det ei naturleg hamn. Denne staden har vore nytta som hamn heilt tilbake til vikingtida. Særleg var hamna mykje nytta i jektetida (ca. 1500 – 1900). Det var utrygt å segle om natta før navigasjonslysa kom langs kystleia. Ei jekt med råsegl var god å segle når det var medvind, men heller dårleg å krysse med. I pålandsvind kunne det være farleg. På folkemunne vart det sagt; "Når du segler jekt og har land i le - da har du hamn i helvete."

Registrering av oldtidsminne
I 1965 var Nils Parelius på synfaring på Hamnneset saman med Odd Kjell Sjøvik. Målet var å finne att spor etter gammal busetjing. Utgangspunktet for dette var den rapporten Th. Petersen frå Vitenskapsselskapet i Trondheim hadde skrive i 1925 etter registrering han hadde gjort her då.
Nils Parelius og Odd Kjell Sjøvik fann igjen mesteparten av det Petersen hadde skrive om i sin rapport. Det var mange steinsetjingar utover neset. Nokre var gravrøyser. Andre hadde ei form som gjorde at det var usikkert kva funksjon dei måtte ha hatt. Men det var i alle fall spor etter gammal busetjing.

Bevarte oldtidsminne i dag
I dag er mykje av steinsetjingane overgrodde, og nokre er delvis utkasta eller skadde på annan måte, men i hovudsak finn ein framleis dei steinsetjingane som Th. Petersen registrerte i 1925 og som Nils Parelius gjer greie for etter synfaringa i 1965 i boka Oldtidsminner i Midsund kommune.
For dei som vil setje seg inn i detaljane for dette, viser vi til boka Oldtidsminner i Midsund kommune, s.88 – 93, og til MIDSUND Gard og slekt 2, s.372 - 373

Skatten i Bløkallen
Det knyter seg ei segn frå vikingtida til Hamnneset.

I Olav Rekdal si bok Eventyr og segner
Folkeminne frå Romsdal, 1933
finn ein segna med tittelen ”Skatten i Bløkallen”.
Olav Rekdal fortel:

Ein gong var det nokre vikingar som hadde tørna opp med skutom sine på ”Hamnå”, på nordvestsida tå Midøya. Og om natta hadde høvdingen deira ein slik rar draum. Han drøymde at'n var komen i kamp, og at'n fall.
Om morgonen fekk han med seg fire tå beste karom sine, og tok so alt sylvet og gullet han hadde samla – det var so mykje at det skulde kunne skatte for Norge i sju år. Og so rodde dei te lands og gjekk oppi fjellet og grov det ned oppi ei urd der.
Andre dagen kom det til kamp med nokre andre vikingar, som var etter dei. Slaget stod der på Hamnaneset. Og der fall høvdingen med mesteparten tå mennom sine. Alle dei som hadde vore med og grove ned skatten, fall. Dei andre blei fanga og gjort til trælar.
Der skal gå ein gammal geitastig over flekken der skatten er nedgraven. Og sola skin ikkje der andre tider enn når ho står i nordvest.
Det er mange som hev leitt etter skatten. Men ingen hev funne han endå.

Kjelder: - Oldtidsminner i Midsund kommune av Nils Parelius, 1967
- Midsund Gard og slekt 2 av Johan Julnes, 2003
- Eventyr og segner. Folkeminne frå Romsdal av Olav Rekdal, 1933