Jordmor i Sør-Aukra/Midsund frå 1938 - 1970

At ”Sogelaget – Midsund Gard og Slekt” ivaretek og synleggjer sider ved livet i kommunen, frå tidlegare år, må vel i seg sjølv vera flott; og for komande slekter uvurderleg verdifullt.

At også fødsler og jordmortjeneste, med sine grunnverdiar, får sin plass i dette , synest eg er naturleg og riktig.

Som jordmor i 32 år, inklusivt 5 år med krig, i denne kommunen, skulle vel det tilseie relativt god kjennskap til dette stoffet. For meg kjennest det spennande å skrive, og eg gjer det med glede.

Men for å få det rette perspektivet, må eg i utgangspunktet be om lov til å bli litt personleg, då det er ting f frå mitt eige liv som heilt naturleg og nødvendig føyer seg inn i det eg kjem til å skrive om.

 

Året er 1938 og kommunen er Sør Aukra.

Dette er langt tilbake i tid. Å få utdanning og skule for ei unggjente den gongen, var ingen sjølvsagt ting. Lite var tilrettelagt frå samfunnets side og økonomisk vanskeleg. Åleinemødre med same bakgrunn var vel største taparane, trur eg. Dette fikk eg til fullnads røyne sjølv då eg brått stod åleine med eit barn på 5 år. Inga utdanning, ingen stønad frå offentleg hald, inkje barnetrygd, ingen familie som kunne hjelpe.

At eg eit år seinare gjekk ut som ferdig jordmor ved K.K.B. Bergen, hadde eg overlegen ved Innherred Sjukehus å takke. Overlege Johannesen var ingen ”Kvensomhelst”. Alt då kjent som kreftforskar, klar og dyktig på sitt felt. At eg fekk mot den gongen, til å kontakta han er ennå i dag ikkje til å skjøna. Men at han med sin autoritet og kjennskap til systemet gav meg hjelp til eit meiningsfylt og godt liv, er det ingen tvil om.

Å få utdanning, var som nemnd ikkje lett. Men å få jobb etterpå, var andre tunge bøygen, og vanskeleg den gongen, og den spøkte i ankane meir og meir etter som vi nærma oss slutten på utdanninga. Ei lita jente, plassert i privat omsorg, venta på mor.

Det er oktober. Saman i skolens auditorium for siste gong, stille og kjenslevart. Overjordmor har ordet: Ein kommune i Møre og Romsdal hadde brått vorte utan jordmor. Krise. ”Kunne skulen hjelpe med ei nyutdanna jordmor? Det kan vi, seier overjordmor, og jordmora blir Elen Maria!

Litt om tårer: Nær etter møte med overlegen, nær også ved mottak av testamonium, og så dette! Det er stunder i livet ein har lov til å bli ordlaus-.

Motet var ikkje serleg høgt: Nyutdanna, kommune utan lege, elektrisk lys berre i ei bygd, ei befolkning som venta mine tenester frå eg gjekk i land. På kaia folk møtt fram, vanleg ved båtanløp, men ingen kom for å møte meg.

På spørsmålet mitt om kvar jordmora budde, spratt det fram ein liten kar. Kjapp i rørsler og replikk: Det visste han og skulle fylgje meg. Dette var Peder Midtbø og mitt første møte med Midsunds befolkning.

Så bar det i veg opp til gamle Peder Opstad sitt hus. Ei lang bratt trapp, ein kvist og to små kott, som var jordmora sin residens. Jordmora kom også omsider men skulle dra neste morgon. Det vart lite orientering å få; men så mykje skjøna eg, at dette skulle bli alt anna enn lett: Ikkje telefon, vatnet berast opp og med eit bord, to pinnestolar, kokeplate, kaffikjel og ein vedomn, elles ingen ting. Eg kom som før fortalt rett frå Bergen. Neste morgon på veg til utedoet, som også var ganske langt, møtte blikket det mørke Midsundfjellet, som då var utan ei grøn buske, det og gjorde litt skremande inntrykk, heller uvant.

Ingen tok kontakt, var åleine med tankane på dotter mi og korleis eg skulle kunne ordna meg. ”Ingeborg på stasjona” blei min redning som ofte over år, i alle fall nokon å prate med. Men så ein dag hendte det  noko. Det kom ei smilande god dame opp trappa, ho presenterte seg som ”Kona til ordføraren”.  Aldri har vel eit besøk vore meir kjærkome, enn Jertina på Bøen den dagen. ”Eg måtte då vel sjå korleis det stod til med den nye jordmora kan du skjøna” var orda hennar. Då ringte ei klokke, ordføraren? Her var kan hende hjelp. Og hjelp fekk eg av ordførar Bendik, som ordna opp med fylkeslege og reise til Trøndelag, og henting av Målfrid som eg ikkje hadde hatt høve til å møte på eit år. Bendik ordna opp i mykje elles også etter kvart. Krava mine var ikkje store. Eg vart møtt med tillit frå første dag. Vart buande hjå gamle Peder på kvisten hans i 8 år. Han var ein snill og god mann som trufast saga og hogg ved åt meg.

Når eg i dag, 28.1.2002 sit og minnest og skriv om dette, blir det som å bla i eit album. Det raslar i sidene der ting glimtvis fell ut av sin samanheng – Likevel, vi blar vidare:

Vintrane var lange, harde og kalde, mykje sno og fok. Inga brøyting. Snøskavlane fekk ligge til dei smelta av seg sjølv utpå våren ein gong. Ingen kunne tenkje seg å ta ein spade og løyse litt på dette naturforløpet. Dette irriterte meg veldig.

Så blei det hesteskyss, med desse hestane som stod på stall heile vinterhalvåret., ein langslede med kasse til å sitje på, utan eit teppe over føtene trist og kaldt, litt annleis enn hestar og køyring i Trøndelag – Men eit lyspunkt fanst der også. ”Inner-Nils med spissleden og hingsten”. Det var hesteskyss på sitt beste, mykje nytta til doktor og jordmor, men diverre ikkje alltid tilgjengeleg. Det hendte eg brukte skia i sykebesøk.

Den første bilen på øya, meiner eg var Sverre Klauset sin, er ikkje sikker? Sverre var ein uvanleg flink mann. Trass i hans store handikap, arbeidde han for fullt på verkstaden sin og utførte dei utrukegaste ting. Han hadde konstruera ein bil av deler og motor frå smia, inkje for luksus å regne, men han gjekk, og vi kom fram. Eg køyrde ofte med Sverre. Under krigen dreide han ein kasserolle til meg som eg har og brukar enno, når eg lagar smultringar-. Harald Heggdal hadde bil tidleg. Så om etter kvart Olav Opstad, Paul Akselvoll og Rasmus Bjerkeland. Det vart orden med drosjeløyve under og etter krigen. Det er ikkje lett å hugse, lenge sidan dette; men fint å tenke tilbake på.

Sykkel var mitt mest brukte framkomstmiddel i mange år. Prøver, spebarnskontroll, vaksinasjonar og sjukebesøk kvarsomhelst i kommunen, og uansett vêr kom ikkje skyss på tale. Det kunne bli tøft som til dømes då eg vart liggande vêrfast hjå Inga og Elling Klauset, fekk turre klede og god seng, verre var det for Målfrid, åleine på kvisten i Midsund der glaset bles inn. Dette trur eg var stormdagen då notahenget i Blø bles ned.

Ei eldre litt slitt dame, Marie Berge fungerte som sjukesyster aller første tida mi her, alltid på sin sykkel, aldri skyss.

Fiskebåten og folka der om bord hadde eg eit spesielt forhold til. Einaste måten å transportere fødande og sjuke til Molde og sjukehus , var fiskebåten og unntaksvis rutebåten. Det fanst ei båre. Den var kome saman av tau, men laga slik at ein kunne bera ein pasient med handtak i sidene. Denne båra var dessutan stasjonert oppe på løa til  Kristian Opstad. Når høve til kai ikkje var mogleg, måtte først denne båra berast til sjøs, om bord i færingen, opp over båtsida og om bord i fiskebåten. Anten vart det lasterommet eller på dekk med ein presenning til livd. For meg som ikkje kunne forlate pasienten kunne timane bli lange, kalde. Hadde fødslar både på dekk og i lasterommet. Då var det at mine venner om bord var ekstremt gode å ha. Dei fleste er borte no, staute flotte menneskje. Det var alltid så godt nedi den vesle byssa. Ein stor kaffekjel var alltid på kok. Om kjelen var nesten tett og brødskuffa sånn ”aven og tell” så smakte alt ubegripelig godt. Beste middag eg har ete, var lapskausen Ole Sletten serverte ei natt heim frå Molde etter sjuketransport.

Som dei fleste kjenner til, hadde Midsund, Aukra og Sandøy ein lege saman. Når i tillegg dette var øykommunar, kunne det sjølvsagt bli stridt for legen som skulle ha dette som distrikt og arbeidsområde.. Mykje tid gikk til reiser også. Her i Midsund var det kontordagar i private heimar. Korleis dette var i Sandøy kjenner eg ikkje til, men etter som doktoren budde på Aukra, var kontoret i det huset han budde i.

Etter kvart som dette blei ei umulig ordning både for legen og befolkninga, tok sanitetsforeininga i Midsund med Emma Volle som formann til orde for å bygge helsehus som og  vart gjort. Korleis dette ordna seg har sikkert andre betre viten om enn eg. Men det veit eg, at Emma Volle var aktet og framsynt, og ei av dei første i Norge med spebarnskontroll; og igangsetting av dette også i Midsund. Spebarnskontroll og legekonsultasjonar gjekk seinare føre seg på helsehuset.

Som situasjonen var i høve doktor, fekk eg ofte telefon frå Aukra om å dra i sjukebesøk i kommunen. Dette ga meg ganske god trening i å stille diagnose. Sying av sår, skader og førstehjelp i det heile, vart nokså daglegdags og sparte doktoren for mange strabasiøse reiser, trur eg. Og mitt forhold til lækjarane var alltid eineståande, tillitsfullt og godt. Ferje var ikkje komen i gang så for distriktslegen var motorbåten framkomstmiddelet mellom øyane.

Krigsår.

Mykje omtala, lenge frykta , brått var det over oss. Krig i Norge. Underleg kan hende; men det som kjennest best innerst inne , enno i ddag, med tanke tilbake på aprildagen i 1940, er det uvanleg fine vårveret, stilla, naturen, kjenslor blanda med dette vi vakna til, denne dagen.

Krig vil ikkje bli hovudtema i dette som eg skriv om. Krig har andre skreve om, meir utførleg og betre enn det eg kan. Men likevel, som jordmor desse åra, kan det vera opplevingar verdt å hugse, og mindre kjent. Jordmor i krigstid har og sine vanskar; så mykje blir annleis  og barnet i mors liv melder sin framkomst og  sine krav når tida er inne, utan omsyn til korleis omverda steller seg., då må hjelpa være der. Tidleg blei det vanskeleg med hjelpemidlar som var turvande, til dømes bomull og sutur. Utvaska kvitt undertøy klipte vi opp, kokte det og brukte det til å tørke opp med. Som sutur brukte eg perlegarn, men det er lite egna og vanskeleg til dette bruket, men det også gjekk bra. Folk hadde ikkje så mykje denne tida. I mange heimar var det lite med sengetøy, handdukar og bleier m. m. Alle hjelpte kvarandre. Ser for meg , når eg tenkjer tilbaek, nabokona med ein stuv klede på armen, og det var umåteleg kjerkome, i mange høve. Gode og fine minne. Kanskje skal eg byrja med noko av det første som hendte; Den norske gullbeholdninga sulle fraktast ut av landet via Åndalsnes. Denne dagen hadde eg fødsel på Raknes. Ei ung kone, evakuert frå Ona og huset var gamalt og med blikktak. Fødselen var vanskeleg. Doktor var endeleg komen seg over frå Aukra, for å legge tang. Korleis dette med flytrafikken var kjenner eg ikkje til; men flya var over området heile tida. Skotsalvene frå flya hamra over blekktaket då vi var i ferd med å legge tang. Det gjekk bra, men då eg etterpå stod utanfor huset og såg eit fly bli skote ned og gjekk i sjøen utanfor Raknes brekte eg meg. Det var så nytt, så utruleg grusomt.

Som kjent bygde tyskarane festningsanlegget sitt ved sjøen på Klauset. Brakker til soldatar og personale oppe ved vegen. I huset til Ellen og Lars budde også tyskarar. Der hadde eg fødsel, med tyskarar på andre sida av veggen der dei budde.

Herrefolket held vakt både natt og dag, så det var litt vanskeleg, serleg om natta å komme seg forbi. Så lenge dei vante folka var der gjekk det så nokolunde, men straks verre når høgareståande personell kom til, og det var ofte. Dette fekk Peder Orset oppleve ei natt, då han med hest og kjerre hadde henta sakene mine til fødsel hjå dotter si, Amalie Opstad. Eg var velberga komen framom på sykkel, men venta. Skal ikkje seie meir om dette, men eg trur Peder var heldig den gongen, at tysk soldat ikkje skjøna dialogen. Slike episodar kunne det ha vore fleire å fortelje om.

Ein sundag føremiddag, eg var komen heim frå fødsel. Det var ikkje folk å sjå., alle var i kyrkja, der noko heilt uvanleg skulle gå for seg. Brått stod det ein tysker på kvisten hjå meg, med mmasse snorer og distinksjonar. Utanfor huset fleire av same sorten. Det hadde desertert ein soldat frå festninga på Klauset, og av ein eller anna grunn var dette huset mistenkt for å skjule ein tysk soldat. Han leitte over alt, men då han bøygde seg ned for å sjå under senga mi var ikkje motet serleg høgt, for er låg radioen min, inntulla i eit klede. Det gjekk bra denne gongen også, og enden på visa blei at eg fekk sigaretter og smil.

Radioapparata vart tidleg samla inn. Først vart dei lagra på mørkeloftet til gamle Peder Opstad, seinare flytta til kjellerstova i same huset, med lås og segl. Mange var dei radioapparata som i seine nattetimar vart henta og bytt med tilsvarande tyngde i kassene.

Fiskebåten enno ein gong; I sjukdomshøve og transport til sjukehus var einaste hjelpa i mange høve fiskebåten. Denne gongen hadde vi ei dødssjuk kvinne om bord og Molde og sjukehuset var målet, om det lukkast å få henne inn med liv. Mørk natt og minefelt, medan lyskastarane frå festninga på Aukra sveipa over båten. På Molde full forvirring med flyalarm og ingen til å hjelpa.. Etter at vi hadde bore pasienten frå båten og etter mykje strev fått henne inn, sat eg hjå henne til det endeleg roa seg og hjelpa kom.

Rutebåten den gongen: Hildre, ” er ikkje sikker”? Anna P. Sjøvik i fødsel. Ho hadde vore sjuk lenge, og etter som det drog ut, var plana å komme inn på sjukehuset med henne. Båten la til ved Storkaia denne gongen.. Iver var gått i land for å ordna med sjukehuset. Brått byksa eit fullpynta tysk befal over ripa og i full fart inn til Anna og meg. Men full fart Hadde guten også: Inge Sjøvik fødd der og då idet same tyskeren stod i lugaren – fort kom tyskeren inn, men fortare ut att. Det er dette som er gladminne frå den gongen. Med glede og takksemd gjekk vi heimatt til Midsund og Sjøvika. B-såpa, Kaffikoppen av brente kveitekorn, bra til å leva med.

 

Dalsbø – Fata Morgana

Grytidleg morgon

Nattleg dåm over sotmørkt høgfjell, stillhet.

Gyldne strålar frå oppgåande sol møter stovevegg og glas,

Blir til mosaikk over gamalt golv.

Lukkeleg mor, lite nyfødd menneskeunder

-Margit takk! Rasler i albumblad, det siste

Elen Maria 93