Anna Raknes vert intervjua av Per Norvald Ræstad

Anna mellom foreldrene midt i bildet

Hagen, 60/6 Anna er minstejenta mellom foreldrene

Eg er fødd i 1910 og blir 92 år i april, og er fødd og oppvaksen på Raknes på ein plass dei kallar ”Veltin”. Vi hadde eit lite gardsbruk, og far min var utdanna skreddar, og dreiv litt med det også, så vi hadde det bra. Vi var sju søsken, men den eldste døydde då han var eit og eit halvt år, så han veit ikkje vi av. Eg gjekk på skulen på gamle Raknes skule.

Då eg var 29 år vart eg gift med Ole som var her frå denne garden, Pe-garden dei kallar. Vi fekk ei datter. Han dreiv mykje som forretningsmann. Han reiste til Bjørnsund som handelsbetjent til å begynne med, og seinare vart han handelsbestyrar på Vågstranda Landhandel, som det heitte den tida. Der var han til krigen stoppa det heile. Det var i 1937 han begynte der og var der til 1943. Då vart det så mykje vanskar på grunn av krigen at han sa opp stillinga. Då flytta vi hit ut til å begynne med, men sidan vi var slekt på Finnøya med han som hadde Finnøy Motorfabrikk så begynte han der, først som revisor og seinare som fast kontormann. Så vi budde der til krigen var slutt.

Då vart det avertert ei forretning i Innfjorden som var til leige, og sidan det var forretningsdrift han interesserte seg mest for, vart det til at han søkte og fekk den. Der var vi i 10 år, då kom vi hit ut til Raknes og tok over her. Ole fekk vere her i omtrent akkurat 20 år, han døydde i 1976. Sidan har eg budd her åleine i 25 år, 26 år blir det no til sommaren.

Eg kan huske frå eit bryllaup som var her på Raknes i 30-åra, det var Ole Raknes og Beate Selvik som skulle gifte seg. Det var vanleg å ha store bryllaup, og eg var nærslekta, så eg var beden. Eg var på Molde, men kom heim i bryllaup. På laurdagskvelden var det forholdsvis stille, for det var ikkje skikk og bruk at det var noko bråk av noko slag før dei var gift. På søndag vart dei gift i Ugelvik-kyrkja, og det var masse folk i bryllaup, for dei hadde stor slekt. Etter vielsen var det flott bryllaupsmiddag, og så begynte feiringa. Det var dans på Bygdheim.

Bilar var det ikkje den tida, det var ein einaste bil her. Han samla spelemennene oppi bilen, og så gjekk folket etter inn til Bygdheim. Når det var måltid, så var det likedan ut igjen med spelemennene i spissen og folket etter for å få mat. Dette gjekk for seg, både måndag og framover tysdag. Søvn vart det lite av naturlegvis, for det var både natt og dag likedan. Det var eit veldig artig og triveleg bryllaup, med stemning over ein lav sko. Så tysdag ettermiddag gjekk vi endeleg heim. Då var vi heilt visne, for vi hadde nesten ikkje sove det slag for heile helga. Så det var godt å komme i seng.

Under krigen budde vi på Vågstranda, heilt nedpå kaia. Vi fekk ei jente like før krigen starta, så det vart litt travelt, for vi budde oppe på loftet på butikken. Så når krigen begynte og båtane begynte å gå inn til Åndalsnes, måtte vi evakuere og flytte opp i ein kjellar mange gonger. Det var ikkje alltid vi fekk på oss nok klede heller, så det kunne bli kaldt av og til. Vi flytta opp i ein kjellar og låg også, for vi torde ikkje ligge der om natta heller når det var på det verste. Eg huskar eg drog med barnevogna oppover, og det snøa nedpå vogna med den vesle jenta nedi, når vi for opp for å legge oss om kvelden. Så det var ikkje enkelt. Eg huskar ein gong, mannen min var på Molde, han hadde leigd motorbåt og skulle prøve å få tak i varer, då fekk vi ordre om å evakuere heile Røstadalen. Eg stod der åleine med den vesle ungen. Vi hadde ei i butikken, så ho stengte butikken og for sin veg.

Eg måtte no prøve å komme meg ut, og fekk med meg barnevogna og ungen, og vi for langt opp gjennom dalen, heilt til øvre Røsta. Eg visste ikkje om mannen min kom att eller ikkje. Vi var oppe der i timesvis, og eg sat og såg etter han, for eg var redd for han. Ein kunne aldri vite kva som skjedde bortpå fjorden. Eg må sei at eg letna då eg såg han kom opp gjennom marka. For når han kom heim igjen fann han ikkje folk nokon stad, alle var evakuert, så han visste ikkje kvar han skulle finne oss, så han gjekk berre opp gjennom dalen. Så plutseleg ser eg han kom opp gjennom marka, og då vart eg glad, og eg tenkte at sanneleg kom han heim denne gongen også. Vi var oppe der heilt til kvelden, så det var trasig.

Den tida eg var ung var det slik at fiskarane frå Otrøya flytta ut på Husøyholmane under torskefiskeriet, og sjølvsagt skulle dei ha med seg kokkar. Eg fekk meg kokkejobb, det var 7-8 karar å stelle og koke for, og det gjekk bra. Det var skikk og bruk at dei heldt seg med mat kvar for seg, og så  skulle dei halde ”kåkkå” i maten kvar si veke. Det begynte som regel med skipperen. Eg måtte stå opp i 6-tida om morgonen og få fram mat til alle desse karane og få dei i veg på sjøen. Eg skulle ha ferdig middag når dei kom inn igjen langt på dag. I mellomtida skulle vi ordne sengane, eller køyane, for dei låg alle på same rommet. Det var ikkje eit rom til kvar slik som no. Kokken måtte ligge i same rommet som karane, men det var vi vande med, så det var ingen som syntes det var noko gale. Hadde dei fiska bra, var dei i humør, karane. Dei fekk middag, og etterpå skulle dei nedpå sjøbua si og stelle med fisken, så vi fekk tid til å vaske opp og ordne. Vatnet måtte vi bere inn frå brønnen, og ovnen måtte vi fyre opp og det var gryter å koke i. Vi levde godt, hadde fersk fisk, torsketunger, og laga fiskemat gjorde vi, for vi hadde god tid når karane var på sjøen. Det var ca 8-10 buer på Flatholmen, på Lyngholmen 2 og på Grøt var det 2, og inni Lauvneset var det ein god del. Det var folk i alle buer der ute.

Når helga kom skulle dei som var gift som regel ta seg ein tur heim. Ungdommen hadde lyst til å vere att ute der, for det var alltid eitkvart som foregjekk på ”Stormly”, ungdomshuset på Ona. Det var der livet var, mykje otrøyungdom var der, så der var det folksomt. Vi dansa og hadde det moro. Karane som hadde familie reiste heim laurdag og kom ut att søndag, for måndagen måtte dei på sjøen igjen. Det var triveleg der ute om vinteren når fiskeriet foregjekk, for på Otrøya var det snart ikkje ungdommar igjen, så der var det langsamt. Eg trur vi hadde 10 kroner veka i betaling, pluss maten, og det var bra på den tida. Dette var ca 1930. Dette fiskeriet varde frå sildefisket slutta og fram til påske. Eg var der tre sesongar, for Selvik først, så til Toralf i Tangå, og så kokte eg til Løkå, men det vart så kort for det var ikkje fisk ute der, så det lønte seg ikkje å ligge der. Dei fann ut at dei reiste heim og tok med seg kokken, og vart det fiskeri skulle dei ut igjen, men det vart ikkje meir det året. Eine gongen eg var der ute var eg åleine på ein holme, men ungdommane frå dei andre holmane kom og henta meg når vi skulle på Ona på dans, så eg vart ikkje sitjande der åleine. Vi vart rodd fram og tilbake. Eg var no i argaste ungdommen, så dette var ei artig tid.

Den tida eg var ung var eg på setra ein sommar også, i Tresfjorden på Nørheimsetra. Eg hadde ei søster der inne som eg skulle setre til, og dei skulle ha kyrne til naboen også attåt. Eg var ikkje så gammal, men eg tok det på meg, og det gjekk bra. Det var hardt arbeid. Vi stod opp i 6-tida på morgonen, og mjølka kyrne. Vi bar mjølka på børtre ut til strengen, der vi sende den ned. Klokka sju var dei komne dei som skulle hente mjølka, så då måtte vi vere ferdig. Så vi måtte vere sprek om morgonen. Når vi var ferdig og hadde fått frå oss mjølkinga, laga vi oss mat, før vi starta på turen ned. Vi kom ned i 9-tida, og då åt vi litt før vi måtte utpå markane og arbeide til det var middag i 12- tida. Etter middagen fekk vi kvile oss. Klokka 4 var det å starte opp igjen på turen til setra. Vi bar med oss 4 spanner på børtreet opp igjen. Men vi var 3-4 stykker som gjekk oppover, og god tid hadde vi, så vi hadde det no artig opp gjennom setervegen. Vi brukte vel ein time på turen, og det var bratt oppover. Kyrne kom heim av seg sjølv på kvelden, så vi slapp å hente dei. Men vi måtte legge oss om kveldane, for om morgonen var det ikkje snakk om å ligge attpå. Men det var hardt arbeid for ein ungdom. Det var helg og kvardag likedan, men det hendte no at det kom kavalerar på besøk om helga, så det vart litt trivelegare. Om søndagen hendte det at eg låg over der, hvis eg hadde nok spanner, så eg ikkje var nøydd til å gå ned. Så det gjekk bra, vi fekk god mat med oss opp, og vi hadde kaffi og det vi trengte. Kva eg hadde i betaling huskar eg ikkje, men det var vel vanleg månadsbetaling, 20-30 kroner pr. månad. Så det var ingen ting å bli rik av, men det var no tida som var slik, vi var ikkje vande med meir.

Anna, datter Bjørg Nansy og Ole Peder Raknes

Anna, Bjørg Nansy og Ole Peder Rakes

Då eg var sju år begynte eg naturlegvis på skulen. Det var på den gamle Raknesskulen. Den var ikkje akkurat slik som skulen er i dag. Eg trur det var Ivar Sundsbø som var første læraren min. Det var slik den tida at det var ikkje brøytte vegar og måka vegar til vi skulle på skulen, og ikkje hadde vi støvlar heller, så det var berre å vaspe seg av gårde. Eg hadde ikkje så lang veg på skulen, men det var langt nok når det var mykje snø. Det var ikkje bilar den tida, så hovedvegane var ikkje brøytt heller. Eg hadde så kort skuleveg at eg var heime og åt til middag, for vi hadde ein time middagstid. Seinare hadde eg Kolbein Rakvåg som lærar, og han var svært dyktig. Vi hadde naturfag, soge, krstendomskunnskap, rekning, skriving, bibelsoge og grammatikk. Så vi lærde mykje på skulen, og utan å skryte vil eg sei at eg var flink både til å skrive og rekne. Eg fekk gode karakterar, og var nøye med å arbeide og flink til å skrive stilar. Så hadde vi ein lærar frå Hardanger som heitte Nødtvedt,  men han vart ikkje her så lenge, så han Kolbein hadde vi i mange år.

Leikeplassen rundt skulen var ikkje noko leikeplass i den forstand, for det var ujevnt terreng, grus og små og store steinar som stakk ut, men vi var no ute og sprang litt når det var fint ver, når det var styggever var vi inne i gangen. Vi var vel 12 i klassen, og eg vil sei at dei var flinke alle sammen, for vi hadde dyktige lærarar. Holt var her før Kolbein, og han var også ein dyktig lærar. Vi vart konfirmert då vi var 14 år. Eg vart konfirmert i Tresfjorden, for Tredal kom hit, og han var så nøye med at ein måtte vere 14 år for å bli konfirmert, og det vart eg ikkje før etter nyttår. Eg var som sagt flink både til rekne og skrive så eg hadde ikkje så mykje meir å lære på skulen, og foreldra mine var interessert i at eg skulle bli konfirmert, det var det som var målet den tida. Eg hadde ei søster i Tresfjorden, så då kom dei på at eg kunne fare dit inn og bli konfirmert. Det gjekk an, det.

Eg var i Molde som ungdom og hadde huspostar der. Vi hadde fri ein ettermiddag for veka, og då måtte vi på byen, og vi var på besøk på hyblar hos kjente og sat der, så det var ofte seint før vi for heim igjen. Men eg hadde ikkje tankar om at eg ikkje torde å gå heim åleine. Men i dag hadde eg ikkje tord å gå ut i byen etter at det  var mørkt, når ein ser på all styggheita som foregår, både med steling og voldtekt og slike ting. Før tenkte vi ikkje på det, og var det nokon framande som kom og snakka til oss, svarte vi dei ikkje. Ole var der på handelsskulen då eg arbeidde i byen, så eg var av og til på hybelen hos han. Han ville bli med meg når eg skulle gå heim, men eg sa at eg ville gå åleine, og eg var ikkje utsett for nokon ting.