Intervju med Hilmar Magerøy 10.10.01 av Per Norvald Ræstad

Det første eg kjem i hug frå at dei skulle ”flytte åt fiskjen”, som dei sa, var at dei skulle ordne vegna på hausten. Til å begynne med brukte dei noko på landme og delvis på storsilda. Mens dei hadde torskegarn på landmeå, så drog dei torskegarna berre somme gonger når det passa. Men det vart det etter kvart mindre av. Historia med Martin Tautra er velkjent. Dei var i Lauvneset, dei hadde kokk der og brukte torskegarn attåt og så skulle dei på storsilda, og korleis det gjekk er vel kjent.

Når ein skulle ”flytte åt fiskjen” var det å føre salt ut i Lauvneset, dit dei eg kjenner likt til heldt til, for salt måtte ein ha. Det kunne ofte bli litt lange turar med styggever og då var det lite å gjere, men dei fordreiv no tida med forskjellig, for eksempel kunne dei binde garn, og så gjekk dei mellom og prata med kvarandre og studerte veret. Dei hadde ikkje vermeldingar å høyre på den gongen.

Men når det kom så langt at eg begynte å vere med på fiske, vinteren i 1928, då var det slutt med landmedrifta med dei som brukte sildegarna. Det var nokre båtar som ikkje dreiv anna enn etter torsken, og dei dreiv utpå landmea litt også, men det vart etter kvart slutt. Det var ikkje så lenge før det vart slutt med den tidlege torskegarndrifta heller, så då begynte ein ikkje med torskegarna før i mars. Då var det å gå ut til Røra, men det var ofte lite å få, men det hendte at det kunne vere mykje og. Eg veit det var ein gong det hadde vore lenge styggever, då fekk vi på ei 21-garnsetning ustyrteleg mykje fisk. Kor mykje kjem eg ikkje i hug no, men det var meir enn nokon hadde fått tidlegare. Det var i alle fall mykje fisk, men det var berre ”røvling”. Det som vi salta fekk vi no selje, men det var ikkje alt som vart salta, for han var så gamal at han var nesten roten.

Når ein skulle flytte ut til øyane var det ikkje så store provianteringa, dei hadde med seg heimanfrå mesteparten, brød, flaske med fløyte, surmjølk til grauten, kvar sine bitar med kjøt og flesk som vart merka slik at kokkane kjende dei att. Kokka hadde maten ei veke med kvar, alle låg på same rommet. Vatn måtte ein bere langvegs frå, men eg høyrde aldri det var noko problem å få kokkar. Toalett fanst ikkje den tida, så kor dei ordna seg med det veit eg ikkje.

Det vart sagt at når dei fekk inn ein firehesta motor då kunne dei reise langt. Dei reiste heimanfrå om morgonen og gjekk til det var tid å setje sildegarn om kvelden, det var utfor Grip einkvan stad. Men heldigvis så fekk dei ikkje sild så det vart bomtur slik, så dei måtte dra opp igjen når det leid på natta og komme seg inn igjen. Det vart meir og meir sildegarn, men det var mest torskegarn dei baserte det på den tida. Dei begynte utpå landmea med torskegarna tett etter nyttår, då flytta dei uti øyane, så når det var ver til det hadde dei ute torskegarn, men det var ofte det var svært lite drift. Då var det garnarbeid, når det ikkje var ver å drive sjøen. Då hadde dei kokke på land alltid.

”Håkon” vart forlengt då, eg var med far, Rasmus og Peder hadde båt for seg sjølv, dei fekk tidleg det. Då skifta vi motor også og syntes vi hadde ein bra båt, han var 54 fot lang. Men det var snart han vart i minste laget den og, så vi søkte om tillatelse til å byggje ein ny båt, og fekk det. Den fekk vi i 1950, den var lang tid under bygging. Den var bygd på Brastad. Ivar Magerøy og Erling Strømme var i lag med meg om den båten. Den var 73 fot lang og 75-76 bruttotonn. Maskina var ein 100 hk Brunvoll. Vi fekk den ikkje før det leid til hausten i 1950, så vi låg heile septemberen bortpå Færøyane. Det var svært lite vi kom på sjøen, men det var ein del å få når vi først kom ut, så vi hadde kring 10.000 kilo kveite den septembermånaden. Men det vart ikkje gått ein tur til, for vi var så lei styggeveret. I 1951 var vi både på storsilda og vi var på Lofoten med torskenota. Om sommaren i 1951 var vi på Island, og vi var ein tur vestom Island etter kveita, men det vart ikkje så bra. Det var vel ca 10 år vi var på Island på torskefiskeri, men det var ikkje alle år vi var meir enn ein tur. Eit problem der var at det var mykje trålarar, og det var anna linedrift til dels attåt. Så vi begynte no med tråling også etter kvart.

Vi hadde den båten til 1972, då selde vi han på Smøla. Han som kjøpte den dreiv godt dei åra han hadde den, men det vart ikkje mange år før han skulle ha seg ein som var større, så han skifta til ein jernbåt. Etter denne tid var det ikkje stort meir sjødrift på Magerøya. Så båten for same vegen som mykje av dei båtane som var kosta, han vart nedsøkt til slutt.

Den 100 hk motoren vart for liten, så i 1957 skifta vi motor i båten til ein tre-sylindra 220 hk Brunvoll. På ein måte var det ein finare motor, men på ein annan måte veit eg ikkje om den var det.

-Eg vil ha deg til å komme inn på ein ting, Hilmar, det var då når ”Godt Håp” kom vekk, då fekk du prøvekøyre motoren til ”Magerøy” i det storveret som var då, seier Per Ræstad.

-Ja, det var mykje styr då. Det var dårlege vermeldingar, vi hadde hatt på og høyrt kulingvarsla i 4-5 tida. Eg stilte inn igjen fiskeribølga, og det første eg fekk høyre var ”Godt Håp” som snakka med ”Havmann”, og då sa ”Godt Håp” at viss vi ikkje høyrde dei igjen hadde dei gått i flåten. Båten hadde fått lekkasje. Eg ropte på ”Havmann”, men dei hadde ikkje høyrt det, men ein annan båt bekrefta at han hadde høyrt det same som eg høyrde. Vi begynte å gå med ein gong, for vi hadde gjort sjøklart, det var einaste at vi stoppa og skalka lukene. Veret vart verre og verre, så vi måtte slakke på farta etter kvart. Så kom Ørlandet radio innpå og peila oss så vi fekk retning derifrå, og vi sikta inn etter der vi trudde dei kanskje var. Farta vart ikkje så stor til å begynne med, men så kom det ut eit fly, og då fekk vi nøyaktig posisjon når det flyet kom over oss. Dei fann ”Godt Håp” og for og kretsa over den. Men så skulle dei prøve å lede oss på plass, for det var både hagl og snøkave og veldig dårleg sikt. Dei fann oss, men når dei skulle prøve å lede oss på plass, så fann dei ikkje igjen båten. Det var meldt om at dei såg ein flåte og at det var folk i den, sa ein av dei som hadde vore med i flyet når eg snakka med han under avdukinga av ”Godt Håp”-støtta på Hustad. Dei flygarane er det vel nokså hard testing på. Han sa at dei såg ei hand som stakk ut og vinka med ei skarp lommelykt. Men det vart mykje rart med dette, og den eine teorien slår den andre i hel om kva som skjedde. Når det vart mørkt måtte vi legge båten i ro, men ein mann hadde vore nede og teke seg kaffi, kva klokka var veit eg ikkje, men det var når det leid på kvelden, og då såg han eit kvitt lys rett akterut. Vi var tre mann bak på galgedekket og såg det lyset etterpå, så det var ikkje berre innbilning. Men så var det ein engelskmann, ein trålar som var på veg mot den posisjonen, og han gjekk nesten uavhengig av veret. Så ropte eg på Ørlandet eller det var Rørvik og fekk dei til å snakke med han om det var frå han vi såg lyset så måtte han gjenta det, men det gjekk fleire timar frå dei snakka med han og til vi såg det lyset frå dei. Likedan var det ei redningsskøyte, som kom hit frå Namsos. Når vi såg det lyset akterut var vi sikre på at det var flåten som var der og gjorde klart for å ta mot dei, men vi fekk ikkje sjå noko meir.  Eg trur vi gjekk eit kvarter unna veret og ikkje såg noko meir, så då måtte vi berre legge stilt, det var ikkje ver til noko anna. Når morgonen kom skulle vi begynne på igjen, og vi fekk ei ekstravermelding frå Bodø, for dei hadde følgd med, men det var no berre godver då mot kva det hadde vore før. Men når vi skulle snu båten fekk vi ein sjø som slo av bingane framom køysingen og det for på sjøen noko linestampar som stod der og, men vi fekk tak i mesteparten av det. Då var det å begynne å leite, og det var båtar som leitte i alle retningar, men ein kunne tru at den var ikkje så effektiv som vi trudde den leitinga, for når vi kom ut igjen neste tur fann ”Rayon” stubbane deira, og dei stod i dette området og vi drog dei. Men kva det var det lyset vi såg om natta, er berre ei gåte alt sammen. Den eine teorien slår ihel den andre om kva det var som skjedde. Vi for der og køyrde att og fram, det vart etter kvart mange båtar, kor mange veit eg ikkje. Det var kvalbåtar frå Steinshamna og. Når eg ser på avisutklipp frå den gongen så står det at ”Magerøy” var berre 25 mil frå ”Godt Håp” då ulykka skjedde. Det er slik som blir sagt.

-Kva teori har du om kva lys det var?

-Eg vil ikkje ha noko tru. Men at det var eit lys vi såg, det er heilt sikkert, for vi var tre mann som såg det, alle såg det same.

-Dei såg ikkje att noko av flåten seinare?

-Nei, ikkje noko. Og så mykje som vi leitte der, men leitinga var vel ikkje så effektiv som vi trudde.

-Det var ikkje system i det?

-Jau, det vart no det til slutt. Men det vart meir og meir båtar og vi skulle prøve å ikkje gå i same lei alle saman, somme tider såg vi kvarandre, men ikkje alltid Redningsskøyta kom der, dei fekk ikkje berre vellåte, for han var litt uforsiktig med kva han snakka om skipperen der. Men seinare kom redningsskøyta ”Haakon 7” og då vart det han som dirigerte mykje, for det var ein av dei argaste redningsskøytekarane. Vi leitte så lenge som vi syntes det kunne vere håp, og venta at vi kunne finne eit eller anna frå flåten, men ingen ting vart funne. Men det kom att nokre av mannskapet seinare, i alle fall fire er funne, kanskje fleire. Det var nokre brør som heitte Pedersen som var funne. Kva dag vi gjekk til lands kjem eg ikkje i hug, men vi hadde leitt så lenge at vi trudde ikkje det var noko sjanse for å finne noko, men det var båtar som leitte etter det. Når vi kom til Kristiansund vart vi i alle fall mett av journalistar. Så det er ei gåte kva som skjedde den gongen.

-Så de starta opp leitinga med ein gong de fekk greie på det og var cirka 25 mil unna?

-Ja det står det i avisa.

-Det er knapt så langt som frå Ona og ut i Eggakanten, så det skulle ikkje vere så veldig langt unna, i den forstand.

-Nei, og når flyet skulle lede oss på plass så fann dei ikkje igjen verken ”Godt Håp” eller noko, for det var så dårleg sikt. Det var mykje lovord å høyre om leitinga, men eg sette vel kanskje både meg sjølv og andre i fare med den leitinga, for det var eit forferdeleg ver, og det vart brukt meir fart enn kva som var forsvarleg etter veret.

Kommentar frå Per Ræstad etterpå.

Når det gjaldt ”Godt Håp”-forliset  syns eg det var enkelte ting Hilmar ikkje ville snakke om. Det var spesielt dette lyset som dei såg bakom båten, tre mann. Dei rekna med at det var flåten dei såg der, og dei låg og venta på at det skulle lysne meir, så det var bedre å orientere seg. Så når det lysna gjekk dei tilbake og skulle sjå, dei gjekk i eit kvarter i retning dit dei hadde sett lyset, men dei såg ikkje meir igjen verken av det eine eller det andre. Han kunne ikkje fatte og forstå kva det var som hadde skjedd, og korleis dette hadde foregått. Han ville ikkje snakke noko meir, eller utdjupe det nærare, men det er klart at i eit sånn dårleg ver, og ein flåte som ligg som ein halmesekk oppå sjøen, er det lett for at den vil drive langt på ein time eller to. Så det var vel kanskje ikkje tatt med i beregninga den farten som den flåten kunne ha og forsvinne frå dei på. Det var mykje der som eg ikkje forsto kva han meinte med det, men det var mange båtar som gjekk i området der, så han meinte kanskje at det kunne vere nokon som hadde gått på flåten i mørket, eller kva teori han hadde. Han nemnde ikkje noko om det, men eg fekk forståelsen av det. Det var iallfall ei tragisk historie, og eg huskar vi sat og følgde med det på fiskeribølga heile tida, gjekk nærmast vakter.

Så vil eg nemne at bestefar min Peder Eriksen Ræstad var rorskar til far til Hilmar Magerøy, og dreiv uti Ona-havet, og ute i øyane der. Dei hadde vel ei bu som dei låg i om natta på Ona og var ute dei dagane det var ver til det. Hilmar fortalde at når dei leigde inn sånne rorskarar så måtte dei ha dei i maten, og var det styggever så var det dei som hadde leigd dei inn som måtte ta seg av dei og halde maten og ha dei i arbeid. Så det er vel forskjellig med desse rorskarordningane og dette som eg ikkje har fått fullt ut forståelse av korleis det virkar, men dei var mannskap samtidig som dei skulle bringe båten på feltet og inn igjen. Det var berre sånn den tida, viss det ikkje var seglevind så dei kunne segle att og fram så var det å ro. Det var eit slit og kav som vi som lever no ikkje har peiling på kva det gjekk ut på. Dei åra bestefar var med far til Hilmar på fiskeri var rundt 1918-20, etter det Hilmar fortalde.