Intervju med Ole Matias Rørset

Ole Matias var fødd i 1891 og konfirmert i 1905. Då var han garngut. Engvald huskar det vart fortalt at far hans og Ingebrikt, brukte på same rora som den båten Ole Matias var om bord, det kallast Gravdan utmed Langmeå. Dei hadde vore heime i helga med båten til far og Ingebrikt og kom gåande frammed båten som Ole Matias var med for det var ikkje råd å slå stopp med dei motorane, og det var fast propell. Så dei gjekk med sakte fart forbi når dei låg og drog, og ropte at han Ole Matias skulle komme heim og gå på skule for det vart ei veke tidlegare skule enn bestemt. Så då måtte han fare heim, for det var siste året han gjekk på skulen dette.

Ole Matias fortel at han har drive mykje på Egga og vore borti mykje dårleg ver. -Eg hadde så nær ligge att utpå Egga. Eg var med han Jørgen Kirkeslett, og det var så forferdeleg til storm. Eg hadde gått inn i lugaren og lagt meg, og vakna av at sjøen kom fossande ned. Eine kappedøra var oppe, så det gjekk opp på benkane i lugaren med sjø. Men den tida var eg ikkje nervøs, så eg berre drog teppet over meg og la meg til å sove igjen. Dette var ein båt som var bygd i Hardanger, den var 55 fot. Når det leid på vart eg uttørna til vakt, og når eg kom uti rorhuset kunne Jørgen fortelje at vi hadde vore nær døden. Han fekk ein sjø som tok båten og endesnudde han, så han fekk hekken på veret. Eine luka for ut, men dei fekk tak i ho. Men når eg kom opp hadde det spakna, men det hadde sikkert vore opp i orkan. Dei hadde lege og bakka, men hadde begynt å gå når eg kom på vakt. Når vi kom inn på Misundbukta om natta var bukta full av poteter. Det hadde vore flom. Skipperen gjekk på land og la seg, men når han kom om bord om morgonen kunne han fortelje at potetene som låg og flaut rundt båten den natta var potetåkeren hans. Så styggeveret hadde reist med potetene, så det var ikkje berre uti Eggarøra det hadde vore styggevêr. Så det var alvorlege krefter i sving når han tok den 55 fot lange båten og endesnudde han. Jørgen trudde at vår siste time var kommen, men båten retta seg opp att, så det gjekk no bra. Dette var same sort båt som Martin i Tauteren hadde. Det var enkelspanta, hardangerbygde båtar, men den var no sterk den gongen i alle fall.

-Så du syntes det var ei storskute du fekk vere med når du kom om bord i den båten, seier Engvald. -Dette var vel antakeleg i 1923, straks etter første verdenskrig, dei fekk båtane i 1919. Det var ei veldig hard tid, så det var vanskeleg å klare å halde båtane. Dei ville ta frå dei båtane for det vart for lite inntekt. Eg har høyrt snakk om at dei kosta 30-40.000 og det var mykje pengar den gongen. Det var Alfred, Peder og Jørgen Kirkeslett som eigde den, Jørgen var skipper, fortel Engvald.

-Eit av siste åra eg var med og dreiv på sommaren utpå Egga var tett etter krigen. Då var eg med Harald Myklebust. Eg var med Harald mange år, vi var på Finnmarka på tråling i 50-åra. –Eg har høyrt at du tente 4000 ein sommar, så det var bra, seier Engvald.

Ole Matias var med Stegå i mange år, med ”Arne”. Dei kjøpte båten i 1919 og første året dei dreiv sjøen var i 1920. Då vart han med der, og var der til dei selde den i 1954. Då fekk han Kongens Fortjenestemedalje i gull for lang og tru teneste i 30 år. Men det var over 30 år han var om bord der, for han var med når dei brukte snurpa saman med Sølvik i 1951. Sølvik hadde ”Segeren”, og ”Arne” var med som slepar.

Ole Matias og Martin i Ura var med Toralf utpå Egga i mange år. Martin var ein tru mann hos Toralf, så han fekk medalje for det. Så var han redar sjølv, og hadde eigen båt, ein liten motorbåt.

Engvald fortel at han huskar ein gong dei hadde ut garn uti Onahavet. Vi sette Palmelaurdag, vi og ”Løken”, då vart det styggevêr, og dei for heim, for dei høyrde meldinga. Måndag var det dårleg ver og tirsdag når eg gjekk og la meg til middag varskudde eg Sigrid når eg la meg at viss det begynte å spakne så måtte ho tørne meg ut med ein gong. Når eg akkurat hadde sovna, kom ho og vekte meg att og sa at no hadde det spakna, og han Ole Matias hadde alt komme utpå. Så eg spratt opp og ringte til  mannskapet, så vi for utover. Det stemte det at Ole Matias låg vest på sjøen og drog, han.

Ole Matias var med uti Lauvneset også ca i 1912, då han var med Remma-Nils. Men han var mest utpå Flathomen, for det var der Stegan heldt til.

Ole Matias var med landnota på Ræstad, og far til Engvald kjøpte notparten som far til Ole Matias hadde, så Engvald overtok den seinare. Vi tok eit storkast ein gong, fortell Ole Matias. Det leid mot vinteren og vi fekk ordre om å komme åt nota. Så då tok vi eit storkast på Ræstadbukta. Vi laga ei slenge nord for Hansholmen og fløta ho dit, så vi leverte 1.400 mål uti den slynga. Vi gjekk mange gonger på Sundsbøen for å levere. Dette var før dei fekk not på Rørset, det var i 1927, same året som eg kjøpte færingen min.

Rørsetane lånte pengar av Ole Matias for å kjøpe nota. Det største kastet Rørsetane gjorde var i Innfjorden i 1940, fortel Engvald. Då vart det teke 2.000 hl musse i eit kast. Det same fekk Ræstadane, dei hadde 5.000 hl til saman, men det første kastet var på 2.000 hl. Begge notlaga reiste innover i lag, men det var ikkje samlag. Elles vart det teke mykje sild på Rørset-holmesundet.

Det siste fisket Ole Matias dreiv med var med laksegarna, det dreiv han med til i 1986 (95 år gamal). -Siste året fekk eg 13 laksar, fortel han. Eg fekk ein kjempestor ein på torskegarna om vinteren. Den var over 20 kilo. Kristoffer laga ei kasse, så han reiste til Molde med bussen og leverte den. Når han låg og drog garn brukte han å ta festra rundt livet på vona at han skulle falle ut av båten, for han ville ikkje at nokon skulle kaste bort tid på å fare og sokne etter han. Hugsar du korleis det var når du gjekk på skulen, om han Skul-Jonas var hard med deg eller han var snill, og om du sat att nokon gong. -Jau, eg hugsar at eg sat att ein gong. Det var slik før at viss du ikkje kunne leksa di måtte du sitje att og lære ho, så når du kunne ho fekk du gå heim.