Intervju med Ingvar Jenset 29.01.02 av Per Norvald Ræstad

Eg fylte 80 år den 13. oktober i fjor. Eg fekk slag for tre år sidan. Den veka eg fekk slag hadde eg halde på heile veka og kappa ved, fekk i hus vinterveden. Fredag var eg ferdig, då hadde eg fått alt inn på løa. Søndag kjente eg at eg var ikkje bra, eg var så frosen og elendig. Måndagsmorgonen når eg skulle stå opp, stupte eg framfor senga, og vart der liggande. Men så var eg så pass bevist at eg begynte å dra meg bortover loftsgangen og ned loftstrappa, og kom meg bort til telefonen. Eg fekk kontakt med Pauline, søster mi, som budde inne på Hjelset. Ho og Olav kom utover og fekk tak i doktor, så sjuketransporten kom og køyrde meg til doktor i Midsundet. Doktoren sende meg til Molde på sjukehuset. Der låg eg tre veker, og sidan var eg fem veker i Ålesund på ”nevrihjemmet” der. Der trena eg så pass mykje at eg klarte å gå. Deretter vart eg sendt på sjukeheimen i Midsund, og var der i fem veker. Så etter det vart eg sendt heim til Jenset, og Pauline og Olav kom heim og var her i lag med meg.

I 1966 laga dei vegen her på Jenset og sette opp muren som er nedom huset her. Det var mykje arbeid, for dei måtte skyte ut heile haugen. Dei skaut hol på huset mitt og, men det fekk vi reparert igjen. Erling Beinset og Leif Kirkeland var med på arbeidet. Leif var formann, så eg og han ordna til igjen veggen. Det var ein forferdeleg verhaust det året, og dei var akkurat ferdig med arbeidet til snøen kom. Då fekk dei ikkje gjort meir, så vegen vart grusa igjen til våren. Det vart i alle fall skikkeleg veg og muren står likedan.