Mandor Bjørnerem om gardsdrift, fiskeri og Silver Viking

Intervju med Mandor Bjørnerem den 03.03.2003 av Per Norvald Ræstad

Eg er fødd den 23.08.15. Eg kan fortelje litt om korleis det var når vi vaks opp. Det var sjølvsagt at den som var eldst av gutane skulle ta over garden, det var aldri nokon diskusjon om det. Det var berre å finne seg i det og ta det etter som det kom. Utviklinga var stor frå eg var vaksen og til eg tok over garden. Eg bygde ny løe i 1941, og den skulle vere heilt moderne etter den tid. Eg var ein av dei første som hadde silo, det var berre små siloar som var brukt den tida. Det var hestar som vart brukt til å dra både plog og horv med. Med hestar hadde dei som hadde gardar ei lita inntekt i å bytte hestar. Det var hestehandlarar, vi kalla, som kom frå for eksempel Tresfjorden, der hadde vi to, Johan Kjersem var ein av dei. Då fekk gardbrukarane seg nokre kroner i bytte, som var kjærkomme den tida. Det var ikkje så store inntekter ein fekk av gardsbruka. Men så kom traktoren, og då skulle alle ha det etter kvart. Det vart kanskje kjøpt for små traktorar til å begynne med, men etter kvart kom større og tyngre traktorar. Men dei var litt hard med grøftene som var i åkrane. Desse var sett med stein, så det vart mykje brot på grøftene når dei store traktorane kom. Det var mange gamlekarar som ikkje likte dei store traktorane av den grunn. 
Siloane som eg nemnde var små til å begynne med, vart større etter kvart, så då sparte ein seg mykje arbeid med hesjing, og var det dårlege somrar så var det ofte at høyet bles ut av hesjene og kvaliteten var også dårleg. 
Gardbrukarane hadde ei inntekt attåt om sommaren, det var landnota som vi brukte når silda kom inn i fjorden attmed oss. Enkelte år var dette ei ganske bra ekstrainntekt. Men vi leigde tenestegutar om sommaren, for det var ikkje alle som kunne forlate garden, så det var tenesteguten som reiste ”åt noten” og mannen på garden var heime og dreiv garden.

På vår gard vart det dårlegare og dårlegare med gardsdrifta, for det var sjøen som overtok. Så det var nesten berre mose igjen når yngste sonen, Magne, skulle ta over garden. I 1986 vart det igjen bygd ny, moderne driftsbygning som var etter den tida. Då hadde han plass for 60 dyr. Det var mykje når ein tenkjer på gamletida når det kanskje ikkje var plass til meir enn 6-7 dyr. Det skulle meir fôr til når han hadde så mykje dyr, så han dyrka opp 100 mål med lyngmark. Det hadde vore utskifting på Bjørnerem i 1965, så han visste kva han hadde med utmark. Han fekk også slå graset på fleire andre gardar som vart nedlagt, så det vart etter kvart rikeleg med fôr. Han kjøpte og rundballepresse for å ha rundballar i tillegg til siloen. Vidare har han kjøpt seg beltegravemaskin som han kan bruke sjølv, så han har dyrka ca 100 mål til beite. Der beiter det ca 20 dyr om sommaren.

Eg hadde ein god bestefar som var flink til å fortelje og han lærde oss mykje om garnbinding og bøting. Han fortalde når dei dreiv fiske. Han var vel som ein høvedsmann på åttringar, på vårtorskefiske når dei var utpå Ona/Husøya. Dei stasjonerte på Husøyvågen, der dei salta fisken i nausta til folk og budde med private. Det var ikkje rorbuer der endå, på 1800-talet. Dei fiska på landmeå, dei kalla, det var kanten på grunnene utom Ona før ein kjem utpå storhavet. Vi fiska på Onarøra. Der brukte vi Blåstolen, eit fjell innmed Måndalen som var blått bestandig, det sat ikkje snø på det. Det er på Søeggja, det er røra frå Sundsbøfjellet som går ned i havet. Dei kunne gå frå det merket i  ein og ein halv time rett ut gjennom havet, for røra var så bein der. Andre merke for ut og inn, var nord mot Kristiansund, Håen, var eit av dei dei inste mea på Onarøra og Røssa var eit fjell dei kalla nord i Røssaskaret, det var lengst ut.

I 1931 når eg begynte på sjøen var rorbuene komne. Vi brukte å vere med båtane til fedrene våre, ca 50 fots båtar, første året var vi garngutar. Då fekk vi setje eit garn inni kvar lenke. Sette dei då fem lenker var det 5 garn på oss. Då talde vi fiskane som var på dei garna, det var fisken vår. Men etter kvart vart det ein mote at dei skulle forlenge og forhøye båtane, så då fekk båtane det dobbelte i lasteevne. Det vart også gjort med båten til far i 1938. Eg kan huske vi drog garna om bord i båten med silda på uten at det var så mykje at vi måtte ha det i rommet. Var det dårleg ver kunne vi dra sildegarna direkte i lasterommet med silda på. Det er søringane som må få æra for at dei lærde oss å tinde sild ute på sjøen. Det vart gjort på den måten at vi stod på eine sida av sildegarnrullen og slo silda av etter kvart som garna kom inn, og så for silda ned gjennom bakseluka, ei luke i dekk, og direkte ned i rommet. Det var ei stor vinning, for det gjekk snarare og kanskje lettare. Men det var verst for dei som var sjøsjuk, for båtane vart liggjande lenger ute på havet, når ein skulle tinde silda av etter kvart som ein drog inn garna. Kring 1932 vart det slutt med torskefiske ved Ona. Det vart reist til Lofoten på Lofotfiske. 

Etter kvart vart det fleire og større båtar, og ein fekk lov til å fiske torsk med not på Lofoten i staden for garn. Men det vil eg seie var vel ikkje eit fiske som passa på Lofoten, for du hadde lov til å kaste inne tre juksebåtar, så då måtte dei som hadde funne fisken flytte plass, og det vart mange sinte fiskarar, og det hadde dei vel grunn til og. For dei måtte då fare og leite igjen for å finne ein plass det var fisk.

Eg kan huske det første notaåret på Lofoten. Det brukte å bli slutt på garnfisket når det leid på året og fisken begynte å gyte, for då ville ikkje fisken gå i garna. Så var det ein frå Nordland som hadde konsesjon og han hadde ikkje ekkolodd, så han ropte over radioen og spurde om det var nokon som hadde ekkolodd som hadde interesse av å vere med han. Vi meldte oss på med ein gong. Så vi fekk både ein god del med fisk med hans not og vi fekk lære mykje. Ein dag var vi veldig spente. Han hadde berre spell og ikkje vinsj, og vi hadde hydraulisk både spell og vinsj. Då vart vi enige om at dei skulle køyre ut nota og vi for fram i åpninga på nota for å få tak i begge endane. Ein av dei nordlendingane som eigde nota trudde at dei mista ho, men heldigvis gjorde vi ikkje det, og vi fekk eit brukbart kast. Neste år hadde vi konsesjon sjølve og var med på notfiskeriet. 

I 1951 fekk vi ny båt, Hagen, på 75 fot. Ein av dei første notdagane meldte det sørvest kuling. Då kom vinden inn og straumen ut på Vestfjorden, og då blir det veldig høge og krappe bølger, så båtane gjekk til lands. Vi såg ikkje ein båt igjen når klokka var halv fire. Då vart vi einige om at hvis dei ville gå i doryen, dei som var på enden av nota, så kasta vi. Det ville dei. Det var eit fælt ver å gå om bord i ein liten dory og vente mens vi køyrde ut nota. Vi køyrde ut nota på den måten av vi fekk baugen på båten mot sørvestbårene. Hjelparen trudde at vi skulle ta doryen på dekk og gå til lands, vi slik som dei andre, men då ser han nota gå utover hekken på Hagen. Fleire av mannskapet syntes det var dårleg gjort å ha ligge der heile dagen og ikkje kaste før no mot kvelden når mørket kom. Så det var ei spenning korleis det gjekk. Hvis vi hadde slite lina, så hadde vi mista nota. Men heldigvis heldt lina og folket roa seg ned, for dei såg at det var eit storkast. Det såg vi på det at det flaut opp mykje fisk over heile nota, det var bevis på at det var eit stort kast. Vi skulle prøve å bløgge etter kvart, men det gjekk ikkje, for kastet var så stort at nota ville gå ned, så vi måtte berre håve i rommet uten å bløgge. Det var ulovleg. Når vi hadde vegd opp, viste det seg at det var 17.000 kilo. Det var eit stort kast, også om det var fint ver. Så vi snakka med oppsynet, og fortalde kva som hadde skjedd, at vi ikkje hadde bløgga. Vi slapp pussig nok mulkt. Hjelparen vår var veldig god, og på Lofoten hadde vi same båten i alle år. Det var Nøkken, ein båt frå Akselvoll/Ugelvik-området med Knut Kirkeland som skipper. Han låg og heldt baugen på Hagen mot bårene, for det var ikkje råd å legge båten på tvers slik vi brukte til vanleg når vi taua. Dette er eit minne eg ikkje gløymer, for det var spaning frå først til sist. Vi var vel den einaste båten av tusen båt som kom inn med fangst den dagen.

Hagen vart seld i 1959, då kjøpte vi ein stålbåt frå Måløya, Lull, den var både større og den hadde 220 volt lysanlegg om bord. Det var ein fordel når du kom til lands, for då var det berre å bruke skøyteledning å plugge inn  så du fekk straum frå land. Vi brukte den først som garnbåt, så var det å bygge den om til ringnotbåt. Det tente vi mykje på, og det vart lettare for folk om bord, med forholdsvis lite arbeid. Det var i 1964 vi begynte med ringnota i Nordsjøen. Vi fiska og lodde på Finnmarka, for når vi hadde ringnot kunne vi fiske heile året med not. Det var makrell, storsild og lodde, så det var same fiskeriet, anna enn at du måtte skifte not når du skulle på lodda. Då måtte du ha loddenot, den var grunnare og det var mindre mauske på den. Men i 1965 forliste Lull utanfor Kristiansand. Då leigde vi båt eit år, mens vi bygde ny båt. Den fekk namnet Odel og hadde ei lasteemne på 3.700 hl. Den tida kom vi til at det var ikkje råd å ha større ringnotbåtar, men i dag lastar største ringnotbåten 25.000 hl. I 1968 vart Odel seld til Sør-Afrika, til Cape Town. Då vart rederiet avslutta.

Etter at vi vart båtlaus hadde eg eit ønskje om å starte noko på land for å halde arbeidsplassar til omlag 10-12 mann, slik vi hadde gjort på sjøen. Det var ikkje enkelt, det var fleire ting vi arbeidde med, men til slutt hamna vi opp med Silver Viking. Det var mange eigarar, men eg måtte ta ansvaret både for salget og drifta. Han som dreiv rekneskapskontoret vårt sa han trudde ikkje at eg forstod meg noko på dette, så han meinte det ikkje var noko framtid i det, men nokre månader seinare skulle eg ha ein sjekk av han, og då ville han ikkje sleppe sjekken, han ville snakke med meg. Han ville be om unnskyldning for det han sa; -For det viser seg at du klarar dette og, sa han. Det vart mykje slit og strev med Silver Viking. Men åra dei gjekk og eg vart eldre og eldre, så nest eldste sonen min, Kjell, tok over drifta, så eg vart meir på sidelinja. Men då han gjekk konkurs etter nokre år kjøpte eg heile fabrikken tilbake og løyste ut dei andre eigarane så eg åtte den åleine, slik har det seg at son min driv Silver Viking no. Han var ei tid oppe i 30 arbeidsplassar, men no har dei fått smake det sure eple, så no er dei komme ned på 15 arbeidsplassar, men likevel er det like mykje som det var om bord i Odel. 

Eg har også vore med i politikken. Den gong var det ikkje like mange nemnder som det er i dag, men vi høyrde ikkje noko om at kommunane heldt på å gå konkurs slik som i dag heller. Eg og Peder Sanden laga ei kommunal liste, vi ga den namnet Upolitisk liste, det var for å fjerne alle dei små listene som var, noko dei kalla krinslister. Det fann vi ut at vi trong ikkje no når det vart politiske lister. Høgre hadde ikkje liste i kommunen den tida. Denne upolitiske lista har eksistert bra. Lista skifta namn til Tverrpolitisk liste. Ved siste kommuneval fekk dei 9 representantar av 21 i kommunestyret, deriblant ordføraren, og det er vel rekord i Midsund. Eg var i formannskap og kommunestyret den tida Reiten var ordførar. I den perioden vart vegen i Ræstadholmen laga og vi fekk oljegrusa Magerøyvegen og rusta opp noko av vegen ut på Tangen. Det var fleire midlar vi fekk av, det var fylkesveg på den tida, ikkje riksveg. Kommunen måtte halde 25-30% eller 50% av det vegen kosta. I dag er det hardt å få noko på fylkesvegane, når ein tenkjer på oljegruslegging både på innsida av Otrøya og Midøya der det står att ein god del med grusvegar. Men eg slutta i politikken når vi tok over Silver Viking, for det vart så mykje å gjere med sal og køyring av båtar. Dei byane eg ikkje hadde besøkt når eg var på sjøen, besøkte eg når eg leverte båtar. Vi hadde selgarar i nesten alle byar og tettstader. Så det var ikkje råd å delta i kommunepolitikken etter det.