Endrestøa.

Er du frå Midsund kommune eller har vakse opp her, kjenner du namn på mange geografiske stader her. Det er slik at vi treng å sette namn på både stader og det meste anna for å kunne nemne dei i tale og skrift når vi skal kommunisere. Om eg nemner Opstadhornet, Rørsethornet eller Solholmen vil folk her med ein gong vite kva eg snakkar om. Andre namn kan være meir av lokal art slik dei berre er kjend i ei bygd eller av få personar. Til dømes Knubben, Krabbebærje eller Langvikbærje på Magerøya. Etter kvart som tida går vil det ofte bli slik at stader og ting kan miste si viktigheit så vi ikkje lenger treng å nemne dei og dei blir gløymd. Endrestøa kjem truleg i denne gruppa.

Før det vart veg til Magerøya var båt av eit eller anna slag det ein måtte bruke for å komme til eller frå Magerøya. Var det færingen som vart brukt, var landingsplassen på Otrøya ofte Endrestøa. Om vi skulle heim att same dagen vart båten liggande i Endrestøa til vi brukte den heim att seinare. Var det fleire dagar til vi skulle heim att, måtte vi få nokon til å skysse oss over sundet. Dei som var att heime kunne ikkje være utan båt så lenge. I ruskevær vart det berre reist om vi måtte. I godt vær tok det om lag eit kvarter å ro over men i motvind kunne vi slite og ro både halvtimen og meir.

Endrestøa var ofte staden der vi ynskte dei som kom velkomne og der vi tok farvel med dei som reiste. Eg hugsar ein gong i september 1958 då eg reiste ut i den store verda for første gong. Far skyssa meg over og ønsket meg lykke til med ein tåre i augekroken.

Seinare, eg meiner det var i 1967, skulle eg reise og besøke gjenta mi på Nøtterøy. På denne tida var det fergerute til Magerøya måndag og fredag og planen var at eg skulle ta ferga, så buss til Ålesund og vidare med fly frå Vigra. Det vart sørvest kuling den dagen eg skulle reise og ferga ville ikkje legge til kaia på Magerøya i slikt vær. Det var viktig for meg å komme i veg. Far skulle over til Otrøya på arbeid den dagen så vi fauk over sundet i færingen med berre fokka oppe. Endrestøa tok vel imot den dagen og. Så vart det drosja til Odd Raknes frå Hamna til Midsund der eg stod og venta då ferga kom inn etter mislukka anløp på Magerøya.

Om Endre Olav Jakobsen som støa er oppkalla etter finn du meir i 3. bind av Midsund Gard og Slekt side 271.