Dette diktet er skrive av Ingman Kristoffer Sølvik

vi veit ikkje når.

Vi fann diktet i eit lite hefte etter Arvid Vølen

der Knut Orø har skrive forordet som lyder:

"Me tykkjer dettte landskjente diktet av

Kristoffer Sølvik er så godt, så ekte og

levande, at når me no gjev det ut mel-

lom skuleborna og folket på Gossen, vil

det verta den beste minnekrans me kan

gjeva han.

Komponist. J (Hanna) A Brooman

 

Mel.: Norrlandingens hemlangtan.

 

Sjå blinkfyra strålar i blåsvarte natt

og garnlenkja duvlar for stamnen,

der kabelen inn gjenom blokka er lagt,

han knasar og knist i kvar famnen.

I slingringa mesanen kastar og slær

og kring meg dei tusen av ljosblink eg ser

frå flåten som driv vest for Ona.

 

Åleine eg står her i kolsvarte natt

med storbåra skolar kring båten.

Det susar i riggen, det dunkar i ratt

det blinkar frå duvande flåten

der båra deim rullar og lyfter mot sky

dei tusen lanternor — ein blinkande by —

på havet her langt vest for Ona.

 

Eg ser rundt i byen — ein underleg by —

med gatar so breide og store.

Snart lyfter seg ljosa mot fjukande sky,

snart kverv dei nedunder ei båre.

Ein lunefuld by — på eit lunefullt hav,

to plankar er alt millom livet og grav

i byen her langt vest for Ona.

 

Ja, sanneleg er det ein underleg by,

dei voggande ljosa her ute — !

Her bur ikkje dei som for rikdom hev ry,

dei trivst 'kje ombord i ei skute

der storsilda bivrar og spralar og skin

og brotsjøar velt over plankane inn

i byen her langt vest for Ona.

 

Her er ingen sakførar, skrivar og fut,

her trippar 'kje snobben i gata!

Her rådar åleine den verbitne gut

som pløgjer den voggande flata.

Du møter han sjeldan i finare lag,

kan hende han oftare går over . stag

i sjøfok her langt vest for Ona.

 

Og Ona ho lyser i kolsvarte natt,

ho vinkar til oss langt her ute, —

gjev peiling for kursar, til mannen ved ratt

og rettleider farande skute.

So trufast ho står på si einslege vakt

og blinkar sitt varande :

Ta deg iakt for fallgaren her vest for Ona!

 

Å strålar! Ber helsing til grånakne øy —

der mor må med hjartebank vente,

og kanskje de der finn ei lengtande møy

ein fiskarguts trufaste gjente.

Du ottast for guten på voggande dekk

og minnest den båten som ein gong kom vekk -

På havet der langt vest for Ona.