Anton Beinset:

Journalisten, redaktøren og venstreradikalaren frå Otrøya. Den skarpe og hardtslåande  debattanten og satirikaren – men og den fintfølande og romantiske stemningsskaparen – samfunnskritikaren og språkkunstnaren. Mest kjend som journalist og politisk redaktør i Dagbladet – og som forfattar av Naustloftbreva.

tekst: Palmar Raknes

foto: Øyavis

 

anton beinsetPersonalia
Anton Beinset vart fødd på Beinset på Otrøya 07.01.1894, d. 16.12.1963.


Han vart gift med Mimmi frå Oslo. Dei fekk to barn:


-Per Beinset, g.m. Dagny.


-Mari Beinset Waagaard (d.2004), var g.m. Torkild Waagaard,

Dei fekk  tre barn:
Eirik, Iver Anton og Anne Mari.

 

Frå fiskebåten til Dagbladet
Straks Anton Beinset var konfirmert, begynte han på sjøen. Han ville bli skipper, men sjøsjuka plaga han, og etter eit par sesongar gav han opp livet på sjøen.
Han gjekk folkehøgskulen i Ørsta. Ei kort tid arbeidde han så som kontorist på motorfabrikken til Nils Finnøy. Men lysta til å bli journalist låg der, og snart fekk han jobb i Hordaland Folkeblad og bladet Sunnhordland.
I 1916 reiste han til Oslo og vart medarbeidar i Arne Garborgs avis Den 17de Mai (Nynorskens hovudorgan). Samtidig skreiv han i nynorskbladet For Bygd og By. Han var også medredaktør i dette bladet.
I denne tida vanka han ein del på Stortinget, og han laga ”stortingsprofilar” av tingmennene. Han skreiv mykje under pseudonymet Per Skrull.
Alt no vart han lagt merke til som ein skarp debattant. Særleg nytta han satiren som verkemiddel.
Politisk var han radikal venstremann.
Han var også med i målrørsla, og han kjempa for nynorskens kår. På eit seinare tidspunkt – i 1961- var han ein viktig inspirator då nynorskbladet Dag og Tid vart stifta.
I 1928 vart Beinset redaktør i Fedrelandsvennen. Han var aktivt med i samfunnsdebatten både i skrift og tale – og han markerte seg sterkt. Folk la merke til denne kompromisslause og uredde mannen. Men han fekk mange motstandarar – særleg blant misjonsfolket på Sørlandet. Mange syntest han var for ugudeleg. I 1932 slutta han i Fedrelandsvennen.
Året etter starta han eit radikalt venstreblad i Tønsberg. Men ei radikal venstreavis kunne ikkje overleve i Vestfold. Etter eit år var det slutt.
Beinset levde no ei tid som frilans og kulturskribent til han i 1936 fekk jobb som politisk journalist i Dagbladet der Einar Skavlan var redaktør. Han fann seg raskt godt til rette blant mange dyktige journalistar. I meir enn 20 år var han med på å prege Dagbladet – særleg på det innanrikspolitiske planet.
Då krigen kom, skreiv mange av dei dyktige journalistane i Dagbladet – blant dei Anton Beinset – mot okkupasjonsmakta. Dagbladet vart stoppa av tyskarane i 1941, og Anton Beinset og nokre andre journalistar vart arresterte. Beinset vart sett fri etter nokre veker, men han fekk skriveforbod og vart vist bort frå Oslo. Han reiste då heim til Otrøya og fekk bu hos bror sin. I desse krigsåra skreiv han
-novellesamlinga  Utapå øya(1942)
-fantasiromanen  Ståldraugen ( 1943)
-kriminalromanen  Døden går på bedehus 1945.


Utapå øya
I denne novellesamlinga skildrar Beinset folkelivet og naturen på heimstaden sin.
Forelsking og kjærleik er sentrale tema. Han syner og fram den harde kampen for tilværet i eit lite kystsamfunn i mellomkrigstida. Og han har spark til den pietistiske kristendommen.
Beinset skildrar den mektige naturen på ein levande måte – og dei romantiske stemningane får han meisterleg fram.
Boka er skriven på nynorsk.

Ståldraugen
Dette er ein fantasiroman der det mest utrulege skjer.
Trongen til hemn er eit sentralt tema.
Beinset skriv her under pseudonymet Ola Berg.
Boka er skriven på bokmål.


Døden går på bedehus
Dette er ein kriminalroman der tre mystiske dødsfall dannar bakteppet for forteljinga.
Handlinga er lagt til ei lita øy (på Sunnmøre?) i mellomkrigstida.
Her er klare skildringar av miljø og enkeltmenneske – og her er spenning.
Samtidig er boka eit kraftig angrep på fanatisk religiøsitet og hykling.
Beinset har her ein medforfattar med pseudonymet Stein Ståle.
Boka er skriven på bokmål.

Etterkrigstida
Etter krigen var Beinset tilbake i Dagbladet.
Han kasta seg inn i debatten om oppgjeret med landssvikarane og kravde strenge straffer.
Han vart sterkt kritisk til ein del av Arbeidarpartiet sin politikk. Særleg var han mot politisk overvaking.
Frå midten av 50-talet var han mykje sjuk, og han vart pensjonert i 1958.
Frå den tida vende han oftare tilbake til heimbygda – til Urvin og Naustloftet.
I denne tida vart Naustloftbreva til, og han underheldt lesarane i Dagbladet med desse breva ut gjennom 50-åra. Dei beste breva samla han seinare i boka På Naustloftet med Gamle-Uri.


På Naustloftet med Gamle-Uri (1962)
Her skildrar Beinset naturen og folkelivet på Otrøya, no under namnet Sir Anthony. 
Sentralt står Gamle-Uri. Dette er ein eldre mann (i 70-åra) med god innsikt i det som går føre seg i bygda og i kommunen. Gamle-Uri har fleire sider. Han er ikkje redd for å seie frå om det han meiner er feil – om det så er til presten. Samtidig har han sjølv ein dobbeltmoral. Han kan hykle og lyge for å oppnå sine mål – som då han ville få Beinset vald inn i bekrekommiteen og grunngav det med at Beinset var avhaldsmann og såleis til å stole på.
Slik bruker Beinset Gamle-Uri til å spegle og latterleggjere haldningar og dobbeltmoral han vil kjempe mot.
Rundt Gamle-Uri står forfattaren (Sir Anthony) og mange andre. Somme tider er det møte på Naustloftet der mangt blir diskutert.
Forfattaren gjev og levande skildringar av enkeltmenneske – blant andre av Tater-Fredrika.
I dei siste breva er romantikk og forelsking sentrale tema.
Satiren og humoren er viktige verkemiddel i mange av breva. Men under dette merkar ein forfattaren sine varme kjensler både for folket i bygda og for naturen. Ikkje minst kjem kjærleiken til naturen fram i det vakre diktet ”Øya mi”.   Mot slutten av dette diktet uttrykkjer han håp om å få kvila si på denne øya. Og det fekk han – på gravstaden ved Sunsbøen – ikkje langt frå Naustloftet og Urvin.


20080724 fra yavis 005Urvin 

Vart bygd i 1955. Beinset kjøpte eit gammalt tømmerhus av ein nabo og fekk det oppsett på nye murar oppunder fjellet – omtrent ovanfor hamna på Ræstad. Dette vart feriebustad for Beinset og familien.
Namnet Urvin valde Beinset fordi huset ligg på ei grasslette oppunder Beinsetura. (Vin= grasslette på gammalnorsk). Så sette Beinset saman dei to orda ur og vin til Urvin.
Huset er godt vedlikehalde og er som det var på Beinset si tid. Bøkene han har skrive er der - og mykje avisutklipp – skrivemaskina hans står også der.
Familien nyttar framleis huset som feriebustad. 

 

 

 

 

20080724 fra yavis 017

Naustloftet Vart bygd omtrent samtidig med Urvin. Det ligg ned mot sjøen mellom hamna på Ræstad og Sundsbøen. Dette er eit enkelt rom over naustet – derav namnet Naustloftet. Her er ei seng, eit bord, ein stol og ein omn. Veggene er så å seie tapetserte med avisutklipp. Mot sjøen er det ein liten altan – med utsikt mot fjorden med holmar og skjer og mot storhavet utanfor. Det var kanskje her ideane til Naustloftbreva vart til. Miljøet frå Sir Anthony og Gamle-Uri sit så å seie i veggene. Midsund Slekt- og  Historielag har ein avtale med familien Beinset om bruk av både Urvin og Naustloftet. Naustloftet har vorte restauret på dugnad av folk frå bygda. 

 

Lokale arrangement
-  Markering av Anton Beinset sitt 100-årsminne under Bjørnsonfestivalen i 1994.
Minnefesten vart halden på ”Fjelly” (ungdomshuset på Ræstad). Mellom anna song Midsund blandakor Eg veit ei øy med tekst av Anton Beinset og melodi av Kolbein Rakvåg. Og Mari Beinset Waagaard kåserte om far sin. Fjelly var fylt til sist plass under denne minnefesten.

-  Midsund Slekt- og Historielag starta markeringa av sitt 10-årsjubileum med å besøkje Naustloftet og Urvin. Bjørn Austigaard, Jarle Sanden og Harald Grytten var blant gjestene. Under festen på Fredheim deklamerte Jostein Ræstadholm frå Beinset si novelle ”En politikers gjenvordigheter”, meir kjent som ”Møte i bekrekommiteen”. Dette sette publikum stor pris på.

Korleis vart arbeidet til Anton Beinset motteke?
Blant bygdefolket i Midsund er det nok ”Naustloftbreva” som har vorte sett størst pris på av det Anton Beinset skreiv.
Men Beinset fekk motstandarar og. Den viktigaste grunnen til dette var at mange av kristenfolket mislikte angrepa hans på den pietistiske kristendommen. I dag er nok kritikken nedtona. Mange ser at Anton Beinset var stor både som samfunnskritikar og språkkunstnar. Han skreiv like godt på nynorsk som på bokmål, og i Naustloftbreva bruker han mykje dialekt. I debattinnlegga skreiv han klart og skarpt. I novellene og breva viser han og at han kan skildre og skape stemningar - og  han bruker antydning som verkemiddel. Beinset visste å velje språk og verkemiddel som passa til innhaldet.
Det beste i diktinga hans lever vidare.

Kjelder:
-Anna S. Julnes: Slekter fra Romsdalskysten
-Dag og Tid, 15.11.77 og 06.01.94
-Romsdals Budstikke, 30.07.88 og 11.01.94
-Øyavis, august -94, juni –06, mai –08
-Utapå øya
-Ståldraugen
-Døden går på bedehus
-På naustloftet med Gamle-Uri
-Samtalar med bygdefolk