Barndomsminne frå ”Buaberget” eller "Værabua".

Fortalt av Karstein Kirkeslett.

Min far Jonas Kirkeslett var utdannet skreddarmester, og starta opp som skreddar i ”Pålinastauå” i Misund. Han leigde eit rom der kor han satt og sydde dresser og bukser etc til karfolket i Midsund. Pålina budde aleine der da.

Vi budde hos Kristian Opstad på ”Nestebua”. Her vart dei 2 eldste borna født, eg og Bergljot. Eit par episoder derfra husker eg godt.

Ein dag kom Pauline i ”Jo-garden” i Ugelvik på besøk, og då skulle ho få kaffe som brukviså var. Attåt kaffen var det småkaker, og det var berre fremmedfolk som fikk den slags. Eg hadde veldig lyst på småkaker eg og. Då fann eg på å sette meg på fanget til Pauline, og då nådde eg tak i småkakene. Det andre eg husker godt var at ”Pelle” (Peder); sønn til Kristian; og eg ikkje kom særleg godt overeins, så vi var fæle til å slåss.

Det eg likte best var når far skulle heim til mat, då sprang eg mot ham, og då tok han meg opp på armen og bar meg heim. Det var det likaste eg visste!

Etter en tid kjøpte min far den gamle stauå på Misund-Bakkå, og vi flytta dit. Her var vi ei tid, og her vart Nelly født.

Så i 1922 kjøpte far Buaberget, som seinare også vart kalla ”Værabua”, av Jørg Hole. Han hadde drevet butikk og slakteri der. Far hadde jobbet en tid hos Jørg før han reiste til Ulsteinvik i skredderlære. Jørg flytta til Nerland og fortsette butikkdrifta og som slaktar der.

Eg husker godt den dagen vi gjekk nordover. Nelly låg i barnevogna, Bergljot satt oppå og eg låg på magen under vogna på deler av turen. Da vi kom så langt at vi såg huset sa mor: ”Der er det vi skal bo no.” Då ville eg springe nedover i full fart, men det fikk eg ikkje lov til. Etter at vi flytta vart det gamle huset på Misund-Bakkå revet og brukt til brennsel. Det var han ”Hau-Knut” og Sivert  ”oppmed Gara” som kjørte dei gamle materialene fra Misund til Buaberget.

Løa ved Buaberget var rimelig stor og det var her Jørg dreiv slakteri. Det var ringer i sementgolvet til å feste dyra i, og høgt under taket på den eine sida, slik at man kunne heise skrottene opp der. På andre sida var det rom med båser, et vedskott og eit do i det sør-østre hjørnet med stamp under. Far og mor hadde dyr her i fjøset, bl.a. gris og høner.

Ei lita historie i forbindelse med dette: Då Sjøvik-Ole gifta seg vart det fortalt i ein artikkel i Øyavis at brudefølget la til ved Krabbevikbua før dei gjekk vidare til kirka. Dette er ikkje riktig! Dei la til ved Buaberget for her var det godt å legge til ved kaia, og eg minnast at bl.a. brura måtte ein tur på doen her før dei gjekk vidare til Kirka.

Nåværande Krabbevik-bua var ikkje bygd endå, den kom nokre år seinare.

Den første Krabbevik-bua stod litt lenger sør enn den nåværande. Framfør bua var det ein steinvór som var sementert på toppen. Her var det montert ein enkel kran. Når dei hadde vore og henta varer etc. i Misundet med færingen, blei varene heist opp med denne krana og trillet inn i bua på ei tralle. Varene kom til Opstad med S/S ”Nordfjord”.

Eg trur Krabbevik dreiv handelen sin her på bua, før den vart flytta opp i våningshuset.

Naustet som stod lengst vest var Krabbevik-naustet, så kom Støl-naustet, og så naustet til Rabb-Olaus. Han hadde tranbrenneri i øverste enden av naustet. Han hadde også ei sjøbu med kai, der dreiv han bl.a. og salta sild. Her vart det etterkvert også anløp av rutebåt. Det var også ei sjøbu som stod meire på langs og det var vel her det i sin tid blei drevet trelasthandel, men det var før vi kom hit. I hovedhuset på Buaberget  var det leilighet i andre etasje. I eit av romma her dreiv far skredderverkstedet. Her var det sett inn ein spesiell ovn, ”Pressovn”, kor strykejarna blei holdt varme. Den blei fyrt med kull.

I første etasje var det sjøhus ytterst og innafor eit rom som blei brukt som butikklokale.

På vestsida av huset var det eit skur med sementgolv langs heile huset. Dette blei i fleire år leigd ut til en kar frå Bergen som heitte Follestad. Han dreiv og salta sild i tønner her. Kom med ei skute med mannskap, og når han hadde fått last reiste dei attende til Bergen.

Far leigde også nokre damer til å sy for seg. Løka-Emilie (Emilie Fiksdal) sat heime og sydde bukser. Nella (Nygård) sat nede på bua og sydde, og tidvis også Astrid Bakken og Anna Vølen. Far førte også butikken videre i en viss grad. Han fekk varer fra Tolås i Ålesund, bl.a. sokker, bukseseler og belter.

Han tok også imot ull og ”filler” fra folk,  tildels som betaling for skredderarbeid. For å spe på inntekta kjøpte far 2 sildegarn fra Kopernæs i Ålesund. Dei vart sett på Kvalvika og han fekk så mykje sild første natta at garna blei inntjent. Det var mest vi gutane som brukte garna. Desse garna har eg endå, dei heng i naustet mitt på Vestnes.

Det var veldig mykje sild her den tida, og det storstenget som det er eit billede av på eit prospektkort, stod i nærleiken av Buaberget. Det var ”Gamlekarane” i Ugelvika som tok dette stenget, og det var morbror min, Iver i Teigå som var bas, og M/K ”Håkon” med skipper Hilmar Magerøy var ”slepar” åt dei. Det var ein viss dramatikk omkring dette sildestenget, for i utgangspunket var det eit notlag frå Blø som var først til å sette nota. Men så blei det ein liten stopp i settingen, og då var Gamlekarane snare til å sette innom Bløkarane og tok silda. Det blei som man kan forstå ikkje særleg godt likt, og det kjeftbruket som då blei, det gløymer eg aldri!

En annan ting eg husker godt var ein gång misundingane satte ut nota på Akslabukta, då var det ein tenestegut frå ”Bønå” som blei med nota ut. Det kom fleire båtar til, og guten blei berga, men det vart sagt at på grunn av at nota var tørr så gjekk det bra. Hadde nota vore våt er det ikkje godt å sei korleis det hadde gått.

Vi dreiv også og tørka fisk på berga omkring husa. Det var mor og vi ungene som stod for dette. Fisken kom fra Sjøvika, som dei hadde vore på Lofoten og kjøpt. Eg trur vi hadde ca 2000-3000 fisk om året. Fisken måtte først vaskast, og då fyllte vi sjø i færingen nede i fjæra og stod der og vaska. Så blei den lagt utover berga om dagen når det var tørk, og om kvelden blei den stabla i runde stabler med lokk over. Det blei også laget ”hesjer” for å tørke fisken på. Det var bukker av tre med strenger over. Vi barna var mange ganger luta lei av dette arbeidet, men det var ingen bønn! Dette var vanlig arbeid rundt om på gardane, for man trengte sårt til dei kronene dette kunne gi.

På Buaberget var det telefon og folk kom ofte hit for å ringe. Ellers var det Krabbevik og Rabb-Olaus som hadde telefon på Akselvoll den tida. Rabb-Olaus var sildeagent. I Ugelvika var det ikkje telefon, men Jon i ”Jo-garden” kjøpte apparatet då far gjekk konkurs. Også stolpene blei tatt ned og flytta til Ugelvika. Det var ein heil gjeng med ungdommar som hjalp til med dette arbeidet. Så Jo-garden var den første som fekk telefon i Ugelvika.

Løa blei leigd ut til fiskere for å oppbevare vegn i. Farbror Jørgen hadde vegna si her den tida han hadde båt, men Løka-karane var dei som var der lengst. Dei leigde her så lenge vi var der. Kabelen hengte dei i den delen av løa kor det var høgt under taket, og så hadde dei eit henge for garna.

Eg hugsar eg fekk lov å være med ”Løken” ein påskeaften for å dra torskegarna. Det var en fin oppleving for ein gutfant. Eg var så heldig at eg ikkje hadde sjøverk.

Like ved Buaberget var det ein plass som blei kalla ”På Bergå”. Her bodde det ein kar som i daglegtale vart kalla for ”Trulsen”. Hans fulle navn var Nils Matias Trulsen Ugelvik og han var skomakar. (Han var født på ”Remmen” i Ugelvika.)

Skomakarverkstaden hadde han i kjellaren. Kona hans heitte Karoline Johansdtr og var frå Fjørå i Norddal på Sunnmøre. Dei hadde 2 gutar som heitte Simon og Teodor. I huset budde også Karen Thalberg, enka etter den tidlegare eigaren av huset, Baard Thalberg. Han hadde drevet landhandel her.

 Like nedafor huset deres var det murt opp eit lite uthus av stein med halvparten av en stor båt som tak. Her hadde Karoline nokre høner.

Far dreiv verkstaden her i ca 10 år, og borna Judith, Jostein og Alvhild blei født her, men i 1933 var det slutt. Då sa banken stopp, og familien måtte flytte frå Buaberget. Hvorfor det gjekk som det gjekk har vel fleire årsaker, men ein årsak var nok at det ikkje var så enkelt å få oppgjør for dei klærne folk fekk sydd. Det var ei vanskeleg tid med lite pengar blant folk.

Etter at vi måtte flytte bodde vi ei tid i Tron-garden i Ugelvika før vi høsten 1933 flytta til Rekdal og far starta konfeksjonsfabrikk der. Her var det elektrisk straum så alt blei mykje lettvintare.

Det var no vorte ei anna tid, og folk tok til å kjøpe ferdigsydde klær på butikkane.

Etter nokre år på Rekdal flyttet vi til Helland i Vestnes og forsatte med fabrikken der.

Eg husker at på den tida vi budde i Tron-garden vart Ugelvikskulen bygd. Han ”Lisje-Rasmus” i Magerøya var sjef for bygginga.

Sidan kjøpte Knut Sandøy Buaberget av banken. Han kom visst fra Lyngværet, og etter han blei plassen i dei seinere år kalla for ”Værabua”.

Nedskrevet av Per Olav Hansen.