Barndom utdanning og arbeid:

I

Minner.

Av Ingolf Svinnset.

født 21/12-1898--død 30/6-1978

Barndomsheimen:

Eg er fødd og vaks opp på garden Svinnset på Otrøy i Romsdal. Frå gamalt attende vart Svinnset sett på som ein god gard, men vassflaum og anna skade har sett ned verdien av garden ned gjennom tida. Garden er noko brattlendt, men ligg lunt til med Bjørke- og furuskog. Farfar min, Ingebrigt Tomassen frå Longset kjøpte garden den 30. oktober i 1858. Han betalte 250 spd for garden utan å løyse inn landskulda. Det gjekk nokre månader før han overtok garden, og i mellomtida hadde elva brote seg nytt far, og steinras og flaum hadde reist med mykje av den dyrka jorda. Han fekk då landskulda nedsett ved avtaksforretning den 1/8-1859 til 80 skilling. Ved Kgl.res. av 19. oktober 1859 vart kjøpesummen deretter nedsett til 149 spd. og den årlege landskulda sett til 7 skjepper og 2 fjerdingar bygg.

Farfar var fødd i 1829 og vart gift med Ingeborg Birgitte Eriksdtr. Tautra, fødd 1829. Far til farmor var den mykje omtala Tauter-Erik som var med i krigen mot svenskane. Ei av historiene om han står i "Folkeminne frå Romsdal". Far min, Peder Jonas f. 1869 løyste inn landskulda i 1890-åra. Mor heitte Nikoline og var frå Magerøya, og morfar heitte Karolus Johan Rasmus Johanson Grodås f. 1848. Han var frå Hornindal og vart gift med Berit Maria Nilsdtr. Magerøy i 1876 og budde ei tid der. Foreldra hennar var Nils Halvorsen Magerøy og Maria Torfinnsdtr. f. Ugelvik. Ei tid etter at mormor døydde flytta morfar til Sætet, grannegarden til Svinnset, og vart buande der.

Garden Svinnset ligg høgt og fritt med utsyn over Romsdalsalpene. Vi var 11 søsken som vaks opp på denne garden, og eg var den eldste. Då eg var tre år fekk eg vera med til Magerøy, men frå den turen minnest eg berre at eg var med morsyster, Karen og plukka skjeler. Eg hugsar også at eg var med til Finnøy, der bror til morfar budde. Han heitte Even Finnøy, og var ein kjend handelsmann. Etter det eg seinare fekk vita av mor, var eg fem år den gongen. Men eg hugsar at eg tok eit ærfuglegg som låg ved husveggen og knuste det, og då vart Albert, son til Even, sinna på meg. Albert hadde ein trehjulssykkel laga av tre, og eg hugsar at eg gjekk og ynskte meg ein slik sykkel.

Då eg var sju år tok eg til på skolen. det var ikkje veg på nordsida av Otrøy den gongen, og sjølv om vegen til skolen var berre 1,5 km, så var det ikkje alltid så greitt for små born når det var regn, for lynget strauk langs leggene, og over Jenset-elva måtte ein hoppe frå stein til stein. Første skoledagen fylgde mor med, og eg fekk sitja attmed Peder, granneguten vår. Eg kunne då alt reinlese. Dei tre første åra i barneskolen hugsar eg lite av, men dei fire siste åra i den såkalla storskolen hugsar eg sers godt. Skolen var todelt, og eg gjekk i same klassen som eldste syster mi, Magda, som var to år yngre. Ho hadde gode evner, og eg hugsar at eg stundom fekk henne til å fortelje leksa då vi gjekk til skolen om morgonen. Ho var trottug til å lese, og var oftast betre budd enn eg.

Eg likte å vera med far når han arbeidde i skogen, på garden eller var på sjøen og fiska. Katekisme, Bibelsoge og forklaring måtte vi lære utenat, så det vart mykje pugg. Det gjekk så mykje tid til å lære Sverdrup's forklaring, at det vart mindre tid til å lære rekning og norsk. Eg fekk halde Norsk Barneblad som hadde godt innhald. Av dette bladet lærte eg å bli glad i landsmålet, eller nynorsk som det no heiter.

Eg måtte tidleg vere med på arbeid heime. Skoleturane varde i to veker, og så var det fri i to veker. Soleis vart det skifte mellom skolearbeid og praktisk arbeid, og eg trur at dette var ein føremun. Ein var elles fri frå skolen mesteparten av sommaren. Eg er glad for at vi borna fekk taka til tidleg å arbeida. Eg var med far og saga bjørkeved. Vi brukte grindsag, og det var mykje arbeid frå ein saga ned bjørka oppe i dalen og til den vart oppskara på torget i Molde. Vi fekk ti kroner for ei halv famn, og det var ikkje mykje for strevet. Men det vart pengar til kolonialvarer t.d. mjøl, kaffi og litt sukker. Eg syntes det var lettare å fiske lange og brosme i Julsundet. Vi brukte djupline, og verste strevet var å hale inn den lange ilen. Det var før slåttonna at vi dreiv på med djupline, og stundom fiska vi bra. Sers gildt var det når lina flotna opp av di mykje lange og brosme hadde "skote magen". Men stundom vart lina fast i botnen, og då sleit vi ofte tungt for å få henne laus att. Dersom vi sleit av lina, så var det å ro til den andre ilen og dra til ein kom til staden der lina var fast. Oftast fekk vi att heile lina, men det hende og at vi sleit vekk ein god del, og då var ikkje humøret på topp. Når vi kom til lands flidde vi fisken som vi seinare selde på torget i Molde. Fisken var billig, men likevel stod dei og pruta. Ei stor longe vart seld for 50 øre.

Redaktør Johannes Kjesbu oppmoda nokre menn og kvinner i Nord-Trøndelag om å skriva i Julenummeret til Trønder-Avisa 1957 og svara på oppgåva: "Hvordan jeg tjente mine første penger, og hvor gammel jeg var". Av de innsendte svara, i alt 18, hadde eg denne forteljinga:

Mellom våronna og slåttonna brukte far og eg å fiske med djupline i Julsundet. Der fekk ein både lange, brosme og ur. Så var det den sommaren eg var 10,5 år gamal. Far og eg hadde vore heldig med fiske i fleire dagar, og eg syntest det var morosamt, serleg når vi fekk så mykje fisk at lina låg og flaut. Men ein dag var lina fast, og alt vi sleit og bala, så fekk vi henne ikkje laus. Far tok til å tala om at vi måtte vel ro til lands og få med han Peder ( Skuggen), for han var sers sterk. Men først ville vi prøve å "ro laus" lina. Etter at vi hadde kasta ut fleire famner av lina, festa vi henne på bakstamnen og sette oss til årane. Vi spende i å ro alt vi orka, og til slutt kjende vi at det vart lettare å ro. Lina var "laus" og glade tok vi til å draga. Eg sat i framstamnen og høgg inn fiske med kleppen. Men så fekk eg sjå noko stort og raudt nede i sjøen. Då vi fekk det inn i båten , så synte det seg å vere eit stort sjøtre (koral) som var mest to meter langt og omlag ein meter breitt. Treet var sers vakkert, og eg tok det med til Molde dagen etter då far skulle selje fisken. Ein eldre tyskar brukte å kjøpe slikt som turistane hadde interesse av å sjå, og til han gjekk eg og baud fram treet. Eg hugsar at han med ein gong tok treet og hengde det på veggen mot gata slik at turistane skulle sjå det. "ei halv krone", sa han, og leverte meg 50 øre. Dette var dei første pengane eg tente, og då eg hoppande glad gjekk til fisketorget for å møte far, hadde det alt samla seg folk framfor huset til tyskaren.

Slåttonna varte ein månad. Eg fekk tidleg læra å slå med stuttorv. Vi hadde noko ljåmark, men mesteparten måtte ein slå med stuttorv. Mor gjekk tidleg om morgonen for å mjølke kyrne, som ofte var heilt oppe i "myrane", og då ho kom heim og hadde laga frukost til oss, så vart ho med ut på enga saman med systrene mine. Dei hadde kvar si rive og snudde høyet, så det skulle turke fortare. Det var ikkje skikk å hesje den gongen. Etter høyonna kom lauvonna. Vi tok eit tusen lauvkjerr til dei ca 40 sauene, og det var ikkje alltid det varte heilt til våren. Kornet skar vi med sigd, og kornbanda vart hesja. Med truskinga måtte ein venta med til det vart nok vatn i elva. Det var mykje arbeid med kornet før det vart ferdig til å malast. Vi hadde eit lite kvernhus med kvern, men eg hugsar ikkje at det vart malt der meir enn ein gong. Kornet fekk vi malt i Heggdal. Når det var nok vatn, gjekk kverna både natt og dag. Karane sat då i kvernhuset og prata med kvarandre medan dei venta på tur. Far mol ofte kornet om natta, men eg fekk sova i huset til morsyster, Marie, og mannen hennar Nils. Det var ei gild avveksling for meg å vitja moster og mostermann og borna deira som var syskenborna mine. Eg hadde mange gilde stunder i den heimen, for når det var dårleg ver, eller mykje snø, budde eg hos dei i skoletida, men då eg vart større og fekk meg ski, hindra ikkje veret meg å gå heim frå skolen.

Om vinteren hadde vi borna mykje glede av å renna på ski. Vi hadde ikkje skibindingar, men ei reim over skotåa, og ei list tvert over skia som skohælen stødde seg mot. Vi hadde også berre ein skistav, og når det vart for stor fart i dei bratte bakkane, så "låg vi på staven". Vi vart godt trena i å renne, så vi brukte ikkje så lang tid i skolevegen når føret var godt, men eg kan ikkje hugse at vi øvde oss i hopprenn. Det var for det meste grannegutane Paul og Ole som var ilag med meg når vi rende på ski, og då hadde vi det ofte morosamt.

Frå midten av januar og til påske dreiv far fiske på Onahavet, og vi gledde oss alltid til at han kom heim med ferske torskehovud, for det var god mat. Før jul køyrde vi heim mykje bjørke- og furugreiner til vinterved. for det meste var det eg som høgg veden etter at eg hadde fylt 12 år. Før den tid var det farfar som heldt seg mykje i vedskjulet, men han tok til å sjå dårleg, og litt om senn vart han mest blind. Farfar var flink til å fortelje frå gamle dagar, og då samla vi borna oss kring han og fekk høyre ymse av det han og andre hadde opplevd fram gjennom tida. Mellom anna hugsa eg han fortalte at han hadde vore tenestegut ei tid, og då vi spurde om kva han fekk i løn, så svara han at det var halve maten. Oldefar var med i krigen mot svenskane. Han var stor og sterk. Det vart fortalt at han hadde kjempekrefter. Han var oppassar hos ein greve. Når oldefar kom med mat til greven, så måtte han først ete av maten før greven smakte han, for maten kunne vera forgifta. Då han kom att frå krigen, vart han tilsett som "stotarkonge", d.v.s han skulle passe på å jage bort tater frå bygda dersom dei ikkje for fint fram.

Våren 1913 samlast dei som skulle konfirmerast det året på Aukra til konfirmantlesnad hos sokneprest Sakslund. Vi samlast kvar dag i kyrkja, og om kveldane brukte mange av oss å møtast i Aukraskogen, der vi vart meir kjende med kvarandre. Vi hadde stor respekt for Sakslund, så alle oppførte seg fint både inne i kyrkja og elles. Det var ikkje skikk den gongen å gi gåver til konfirmantane, og maten var den same som vi elles brukte om søndagane. Konfirmantane gav eit kort til kvarandre, men berre til nokre fåe som ein var mest kjend med.

Etter konfirmasjonen vart ein rekna med i dei vaksne sine rekkjer. Saman med far var eg med på gards- og skogsarbeid. Vi arbeidde lang dag, så eg tykte det var gildt når søndagen kom, for då fekk ein kvile. Om kveldane førejulsvinteren sat vi og bøtte eller batt torskegarn. Vi heldt til inne i stova med dette arbeidet, og ofte sat mor i vevstolen i same stova, så det var trongt om plassen når alle var inne, men det gjekk bra. Eg likte godt å binde inn glasskuler med kokossnøre, og eg fekk 2 øre for kvar kule eg batt inn. Desse kulene brukte ein på torskegarna. Det var for slike som åtte garnløt vi arbeidde om kveldane, for far hadde ikkje garnløt den gongen. Han var med på ein båt der mannskapet brukte "rykk". (pilk) Då ein av mennene på den båten kjøpte seg garn og vart med på ein annan båt, fekk eg plassen hans ombord. Eg gledde meg til å få bli med på havet, men det var eit tungt slit. Når vi rykte etter torsken, så hadde vi vår faste plass på dekket, d.v.s. vi stod til beltet i eit hol i båtdekket når vi fiska. Både rykken og blysteinen var tung, men det var morosamt når fisken beit godt. Eg hugsar at eg tente 300 kr. den vinteren. Fisket varde frå midten av januar til påske. Dei som dreiv med garn tente mykje meir det året, for fisket slo bra til. Eg sa til far at eg hadde lyst til å bli med ein båt som dreiv med garn, og det gjekk han straks med på. Eg var så heldig å få kjøpt ein torskegarnløt, men den vinteren vart det dårleg fiske, så eg vart lei av å drive sjøen. Eg søkte om plass på Ørsta Folkehøgskule, og vart elev der vinteren 1915/16. På folkehøgskulen treivst eg godt. Hamar var styrar. Han var noko streng, men var elles real og grei. Eg var i grunnen for ung til å gå folkehøgskulen, og hadde elles lite forkunnskap, så eg lærte ikkje så mykje frå bøkene som eg kunne ha gjort om eg hadde vore eit par år eldre. men eg lærte å bli glad i det nasjonale, og fekk eit meir ope sinn for å lære. Difor bestemte eg meg til å gå vidare på skole. Men først måtte eg prøve å tene pengar, og difor vart eg med på Storegga på sommarfiske. Sommaren før hadde eg vore med å prøvt linefiske på Grynna, men fortenesta vart lita, for vi fekk fleire gonger maskinskade og måtte ha slep til lands. Ein gong "beka" maskina seg, d.v.s. stemplet stod fast og var ikkje til å rikka. Det var stavande stilt. Granneguten Peder og eg var ombord, og dei to andre av mannskapet gjekk i doryen for å dra lina. Ingen av oss tenkte over den strie straumen, for om eit par timar hadde vi drevet så langt at vi såg ikkje att doryen. Det var ikkje så farleg for oss i dekksbåten, men for dei i doryen hadde det nok ikkje gått bra dersom det hadde vore storm. Vi venta på at det skulle bli vind, og vi kunne sigla i den lei vi visste doryen var, men det var stavande stille heile føremiddagen og då det ikkje såg ut til å bli nokon forandring, sa Peder: "Vi må heise flagget". Vi gjorde det, og langt om lenge kom ein motorbåt med kurs mot oss. Då vi hadde fortalt skipperen ombord at to av mannskapet vårt var i ein dory langt ute i havet, var han snar og taka oss på slep. Vi såg at skipperen såg i kikaren ofte, men det gjekk mest ein time før vi fekk sjå doryen. Det var bra med fisk i doryen, men dei to ombord var nokså stille og fåmælte heile dagen. Då det leid ut på ettermiddagen kom det vind, og vi siglde til Bjørnsund og fekk sett i stand maskina .

Det var hardt for ein ungdom å drive eggafiske den gongen. Vi gjekk ut tidleg måndag morgon og stod ved egnebenken og egna line eller drog line til onsdag. Då fekk vi sova eit par timar etter tur, og så var det å driva på til vi hadde levert fisken laurdagskvelden. Sundagen sov vi. Vi hadde ikkje stuert ombord, og såleis vart det middagsmat berre ein gong for veka. Det var å eta brødskive og drikke kaffi attåt når ein vart svolten. Vatn hadde vi i ei eiketynne som stod på dekk. I varmen vart dette vatnet mest ikkje drikkande, men drakk av det gjorde vi, endåtil av same koppen. Då det leid ut på sommaren 1916 sa eg til far at eg var lei av eggafiske og ville søke om opptaking på lærarskolen i Volda. Eg visste at det var ikkje lett å koma inn for den som hadde lite førekunnskap, og difor søkte eg først på eit førebuingskurs som varte ein månad. Det var det hardaste kurset eg nokon gong har gått, og eg har ofte tenkt over at det var rart eg ikkje las helsa av meg. Det synte seg at vi måtte lære mykje både i historie, geografi og naturfag, som vi ikkje hadde lært i folkeskolen. Eg stod mykje tilbake både i norsk og rekning, og fekk ikkje bruk for Sverdrup's forklåring som eg hadde pugga og kunne på rams. Av 300 søkjarar kom det inn 60. Eg var heldig og kom inn, men hadde eg hatt eit poeng mindre, så hadde også eg måtta reist heim att.

Volda Lærarskule var den gongen ein privat skole, og det var Henrik Kårstad som var styrar. Han var ein flink pedagog, og held streng disiplin mår det galdt oss i første klasse. Då vi kom andre klasse var han mykje mildare, og då vi vart tredjeklassingar var han god kamerat. Slik brukte han det, og slik skulle også vi taka det når vi tok til som lærarar, sa han.

Det gjekk eit heilt år før eg lærte korleis eg skulle læra ei lekse. Eg sat og pugga og las hogt, slik som eg hadde gjort då eg gjekk på folkeskolen. Men på den måten tok det lang tid før eg kunne leksa. Eg tala med ein kjenning i tredje klasse om dette, og han kunne fortelje meg at eg las på ein feil måte. Eg skulle lesa stilt, men sakte, og merkje meg vel kva eg las, og så skulle eg notere eit og anna ordet som ein liten disposisjon, for den kunne vera god å ha når ein skulle repetere. "Når du les eit stykke i avisa", sa han, "så les du det berre ein gong, men du kan likevel fortelja innhaldet etterpå. Slik skal du lese leksa di og", sa han. Eg gjorde som han sa, og frå den tida gjekk det betre. Vi hadde nynorsk eller landsmål som det den gongen heitte i barneskolen, og då eg skulle til å skrive stilar, såkalla avhandlingsstilar på det gamle riksmålet etter rettskriving frå 1907, så måtte eg sitja og konstruere opp setningane, og stilane vart dårlege med dårleg karakter. I skildring der eg fekk nytta landsmål gjekk det nokså bra, for då fekk eg bruke norsk setningsbygnad. Dersom ein samanliknar bokmålet ein no nyttar med den kanselistilen vi måtte bruka, så er det stor skilnad. Det vart også onnorleis i 1919 då det vart ny rettskriving, for ein fekk samstundes ei setningsbygning som var meir norsk, men den kom for seint til at vi fekk nytta den.

Elles så har eg mange gode minne frå åra på lærarskulen. Vi heldt saman og var gode kameratar. Disiplin trengtes ikkje, for alle gjorde sitt beste til at både lærarar og elevar skulle trivast i skolestova. Då spanskesjuka herja på det verste gjekk eg i 2. klasse. Ein elev i 3. klasse døydde, og mange elevar låg hardt sjuke, så det var mange dagar at det var fåe som møtte opp i klassane. Eg var nokså sjuk, men doktor Hajelsvik var så utkjørt at han kunne ikkje kome på sjukebesøk lenger. Vegg i vegg med meg budde Arnold Weiberg Aurdal som gjekk på gymnaset. Han vart seinare doktor ein stad på austlandet. Han høyrde eg styrte så ei natt, så han stod opp og kom inn til meg. Då sat eg i senga og hadde kvelva vaskemugga med vatn over hovudet. Han fortalte sidan at eg heldt på og skulle rekna ut kor mange bitar hovudet mitt hadde sprukke sundt . Eg låg i åtte dagar, og så tok eg til på skolen att, men eg var sers veik, så det dansa svarte flekkar for augo rett som det var. Andre som hadde det likeeins gjekk til doktor, og dei vart heimsendt. Men eg lika ikkje å bli hefta eit heilt år frå skolen, så eg heldt ut, og var omsider heilt bra. Men for kvar gong eg såg desse svarte flekkane framfor augo, måtte eg skunda meg inn til andre elevar, for når eg fekk tala med dei, så gjekk det over. Spanskesjuka hefta oss mykje, og det vart vedteke av departementet at vi skulle få innskrenka pensumet i musikk som var bifag. Eg hadde kjøpt ei bra fele av musikklærar Geitvik, men eg fekk ikkje tid til å øve så mykje, så eg var langtfrå nokon kløppar på fela. Men eg hadde øvd inn nokre songar og salmar, og var heldig å få ein av dei til eksamen, så karakteren vart: Ikkje liten tam?. ( utydeleg tekst)

Vi måtte gå opp til eksamen i alle fag den gongen. Andre året tok vi eksamen i fire fag. I naturfag vart det berre tolleg godt, for eg teikna feil på tavla ei av oppgåvene, og desutan var skolestyraren Hamar, Ørsta, sensor, og han dømde nokså strengt, så eg var ikkje åleine som fekk ein karakter i naturfag ein var lite nøgd med. I musikkteori vart det godt, og der venta eg det ikkje betre, men det vart sers godt både i geografi og i kristendomskunnskap. Då vart eg glad. Eg skulle først opp i geografi, og då eg kom inn skulle eg trekke ein setel der oppgåvene stod. Det var tre oppgåver, og den første lydde slik: Fortel om elvar og dalar på austlandet. Eg hadde lese Jakop B. Bull sine romanar og hugsa mykje frå dei. Eg tenkte: no gjeld det å bruke lang tid på denne oppgåva, så blir det mindre tid på dei to andre oppgåvene, for eg visste at dei brukte nokolunde same tid på kvar elev, for å bli ferdig med partiet på rett tid. Eg stod på katetret og tok til å fortelja, og både lærar og sensor fekk ikkje høve til å kome med eit einaste spørsmål. Då eg hadde stått og fortalt i omlag tre kvarter, sa dei at det kunne vera nok. Og så fekk eg berre nokre spørsmål i dei to andre oppgåvene. Eg hadde brukt seks dagar til å repetere geografien, men hadde ikkje vunne å lese over Sør-Amerika, så det hadde ikkje gått så bra om eg hadde raft ei oppgåve å fortelja frå den kanten.

Den første verdskrigen rasa på det verste dette året, men vi fylgde ikkje med i avisene. Likevel merkte vi at det var krig, for det var rasjonering på brød. Vi fekk kjøpe to brød for veka, og det var ikkje alltid vi syntest det var nok. Fru Kaarstad hadde stort kjøken, og selde oss middag. Vi betalte kr. 60,- pr. månad for middagen som for det meste var salt fisk. Men så fekk vi no ete oss mett, så det gjekk mindre av brødmat. Eg var sers sparsam, og brukte ikkje anna enn margarin på brødskivene, men så var eg slank og den gongen. Likaste året på lærarskolen var det siste, for då var vi ferdig med puggfaga. Men vi grudde oss til å ta eksamen i norsk og matematikk. Det gjekk likevel så bra at ingen i klassen strauk, og både lærarar og elevar var glade. Eg sende telegram heim om at eg hadde stått, og mor fortalte sidan at ho hadde vorte så glad at tårene hadde trilla.

Eg søkte tre postar og fekk alle tre, men eg tok posten Midøy-Magerøy som høyrde til heimkommunen, og der var eg i tre år, frå 1919 til 1922. På Midøy var det todelt skole, og på Magerøy var skolen samla. På båe stadane var det både snille og flinke elevar. På Magerøy held eg skole i stova hans Rasmus R.. Det var tre som heitte Rasmus på Magerøy, og det vart sakt gamle-Rasmus, Litle-Rasmus og Rasmus. Om kveldane gjekk vi til kvarandre og hadde det hyggeleg. Og ein og annan gongen reiste vi ut på fisking. Det var snart gjort å dra kokfisk på dorga, og om hausten fiska vi krabbe. Stundom gjorde vi opp bål og steikte krabben i fjøra. Smågutane brukte å stikke lange teinar under steinane når det var stor fjøre. Det hende ofte at dei fekk hummaren til å bite seg fast i teinane (troene) og så drog dei han fram. På leira var det flundre, som ein fiska på den måten at ein retta bein to kveiteonglar som ein festa på ei stong og stakk flundra med. Flundra brukar å vifte med spjørene (uggane) for å få sand over seg, så ein såg berre augo. Det var Paul Magerøy, som den gongen var 7-8 år, som lærde meg å sjå kvar flundra låg, og likeeins å taka omsyn til lysbrytinga i sjøen når ein skulle stikke henne.

På Midøy vart eg med i det frilynde ungdomslaget. Ungdomane samlast til møte og fest i ungdomshuset. Alt gjekk fint føre seg. Kjende menn som skolestyrar Gjerde og lærar Engja vart ofte nytta som talarar. Det handskrivne bladet kom ut til kvart møte, og så hadde vi opplesing, song og diskusjon over eit eller anna emne. Eg budde hos Kristoffer I. Nygård og tok til å vera saman med dotter hans, Amalie. Vi gifta oss på Molde 15. mai 1922.

Tida i Ogndal.

Eg søkte då fleire postar som var utlyst med lærarbustad, og tok den første eg fekk. Det var ved Vålen skole i Ogndal. Til denne posten høyrde 16 mål jord, og skolestyreformannen, Paul Kvarving ringde og spurde korleis eg ville gjera det med innhaustinga. Vi bestemte oss til å reise nordover straks for å taka til med slåttonna. Vi vart med hurtigruta til Trondheim, og tok toget til Steinkjer. Ved jarnbanestasjonen i Steinkjer hadde krinsformannen, Anton Henning møtt fram og tok imot oss. Enno var det ingen personbil eller buss i Ogndal, men Fylkesbilane gjekk i rute oppover dalen kvar ettermiddag. Vi vart med opp til Hyllbrua, og der stod Ole Austlid og tok imot oss. Han budde då på skolen saman med kona si, Anne. Lærarbustaden var i 2. høgda og var etter den tida rekna for å vera nokså bra, men den hadde nok ikkje vorte godkjent no, for den var gissen, så det vart kaldt på vinterstid når austanvinden bles. Men det vart ikkje sett så store fordringar den gongen. Ole Austlid hjelpte oss å hauste inn, og etterpå flytta han og kona frå skolen, så vi fekk bustaden åleine. Det var 30 veke storskole tillagt posten min, og det var små klassar i firdelt skole, så det var lett å undervise. Dertil var borna snille og lærevillige, så vi trivst bra. Men løna var ikkje stor den gongen, så vi hadde nok ikkje greidd oss økonomisk dersom vi ikkje hadde hatt den vesle lærargarden attåt. Vi hadde ku, gris og høner, og stundom hadde vi to kyr. Dertil hadde vi reinhaldet i dei to skolesalane. Vi fekk 40 kr. pr. månad for reinhaldet, og endå det var lita betaling, så var det ei god hjelp. Kona var flink og arbeidde både seint og tidleg. Eg var ung og hadde lite røynsle, og skjøna ikkje at det kunne bli strevsamt for henne.

Vi vart verande 12 år i Vålen krins, og enno det den tida kunne reknast for å vera noko avsides, så hadde vi det bra der. Dei 3 borna våre vart fødd desse åra, og vi hadde den lykkelegaste tida medan dei vaks opp. Om hausten fiska eg aure i Ogna, og stundom fekk eg vera med ein av grannane til Lustadvatnet for å fiske med oter om sommaren og garn om hausten. I Skjækervatnet var det stor fin fisk, men der var eg berre to gonger og fiska, for det var langt å gå då vatnet ligg omlag 15 km frå svenskegrensa. Folk i Øvre Ogndal var sers interessert i å møtast på skytebanen for å skyta på skive. Eg vart også med i skyttarlaget, og om ein ikkje tente noko i form av premiar, så kom ein i lag med mange, serleg på skyttarstemner. Men elles så fekk eg no ein og annan premie og, men då det var lite om pengar, så vart det til at både eg og dei fleste i laget gjekk over til å taka mot pengepremiar i staden for sølv.

1 1923 vart eg tilsett som agent for Norske Liv, og dette agenturet hadde eg i 44 år. Dei første åra vart det ikkje teikna stort, for folk hadde lite råd, men det vart betre om senn, og seinare gjekk det riktig bra, så eg fekk ei god attåt-forteneste, og dertil mange verdifulle premiar. Dei fleste av elevane mine i Vålen er no besteforeldre. Nokre av dei har vitja oss her på Årø, og det har vore gildt.

I 1934 fekk eg posten ved Fagerheim skole i Ogndal. Det var 4 delt skole, og eg fekk 28 elevar i 4. klasse, så det vart noko meir strevsamt enn eg var van til i Vålen. Men det vart 5 delt året etter. Skolen ligg berre 2,5 km frå Steinkjer, så det vart mykje lettare for oss når vi skulle gjera innkjøp, men lærarbustaden var ikkje betre der enn i Vålen, så vi tok så smått til å tenkja på å få bygd oss hus. Vi fekk kjøpe tomt av grannen vår Bertin Kjesby, og hausten 1938 vart det støypt murar til huset. Murane vart overdekt til vinteren, og våren 1939 tok to menn til å bygge huset. Huset vart tømra av tretoms pløgd plank i to fulle høgder. Den ala materialen fekk eg kjøpe sers rimeleg av grannen vår, for han hadde bra skog, og brukte å sage tømmer til plankar og bord som han selte kvart år. Det vart nytta 9 toms taksperrer, og taket vart tekt med altaskifer, så det vart eit solid tak. All materialen til huset vart kjøpt på Trelastlageret i Steinkjer, og prisen var sers rimeleg. Men vi vart ikkje heilt ferdig med innreiinga av huset då krigen braut ut, og då lånet til huset var oppbrukt, måtte ein vente med meir bygging til ein fekk tent noko å kjøpe for.

Gunneri Vålen.

Då vi kom opp i Giskåsheia fekk eg sjå ein tiur som sat på ein furutopp. Gunneri gjekk eit stykke lenger borte, og då eg var redd at han uforvarande skulle koma til å skræme tiuren, tok eg liggande stilling og skaut eit skot endå det var langt hald. Våpenet eg brukte var Krag, og eg trefte nok med første skot, for tiuren stupte beint ned. Eg rusla så i veg og skulle taka tiuren, men gjekk i andre tankar, og vart ikkje var tiuren for eg var mest borte ved han, og då stod han brei og sinna og ville flyge på meg. Eg vart så forfjamsa at eg skaut og bomma, endå avstanden var berre ca 4 m. Det var bra at eg hadde fleire skot i magasinet, for med det same han kom mot meg skaut eg på nytt, og då vart han liggande. Litt lenger inne i heia skaut eg ei røy. Gunneri hadde sett etter skiene sine i ei tømmerhytte der han om vinteren hadde hogge tømmer, og det viktigaste ærande hans var å hente desse skiene, men han hadde også ei von om at vi skulle vera heldige med jakta på turen. Vi låg i skogstua om natta, og etter at vi hadde drukke kaffi og ete fleire brødskiver, drog vi ut på jakt. Det gjekk ikkje lenge før vi fekk sjå ein tiur på ein furutopp, og vi tok stilling og tok til å skyte båe to. Men tiuren vart sitjande, for ingen av oss trefte. Vi hadde lagt opp sikta på 100 m og då vi hadde skote ein masse skot kvar, tok eg til å legge opp siktet, men det hjelpte ikkje før eg la opp siktet på 300 m, for då datt tiuren beint ned med første skot. Så skulle vi stad og henta tiuren, men ikkje fann vi tiuren, og ikkje var det merke i snøen etter han nokon stad, og dette undra vi oss mykje over. "Vi må vera for trøyt", sa Gunneri, "lat oss gå tilbake til ryggsekkene og taka oss ein matbit, for vi har no kaffi på termosen". Vi gjorde det, og kjende oss straks i betre lag. Eg stod og såg bortover til furua eg trudde tiuren sat, og då vart eg var ei anna furu lenger unna i same retning. Eg gjorde Gunnari merksam på dette, og sa at kanskje det var denne furua tiuren sat i. "Det kan eg ikkje tru", sa han, "for dit er det minst 300 m". "Ja. men eg la opp siktet på 300 m då eg trefte", sa eg. "Seier du det, då må vi i veg å sjå". Mellom dei to furuane var ein dal, og då vi kom fram til furua, så låg tiuren der. At vi ikkje såg denne dalen gjorde at vi tok feil av avstanden. Dette var forresten siste fuglejakta eg var med på. Toppjakt vart også forboden, og etter at eg skaut ein rev, som levde då eg kom og skulle taka han, slutta eg med jakt. Men eg vart med fleire turar i fjellet etter molter, og om ein slik tur skreiv eg fylgjande i det handskrivne bladet til Ogndal ungdomslag.

På leiting etter molter.

Det var svært så mykje folk som raklar i fjellet etter molter her eine sommaren, særleg byfolk. Dei kom bilande, syklande, køyrande med hest, og gåande i skokkevis, slik at ein alminneleg moldtræl som hadde slåttonna og tenkja på, kunne mest arga seg både gul og grøn fordi ein ikkje fekk tid til å koma seg i veg før både molta og karten og graset var opprive. Men då eg fekk høyra at det inne i Roktdalen var nøgda av molter, og at ein enno fekk opptil 2 kr. kiloet for henne, kunne eg ikkje anna ein å gjeva ein god dag i høyhesjene, sjølv om vêrmeldinga lydde på regn, og derfor godtala eg med han Hans om å vera med meg som kjentmann. Det var Hans straks med på, og glad var eg, for likare kjentmann til Roktdalen enn han Hans trur eg ikkje ein finn om ein leitar i heile Nord-Trøndelag fylke.

Etter ei dugeleg kvild på Skjelstad bar det innetter fjellet. Men kona mi hadde nok vore altfor godhjarta med å lagt mykje mat i ryggsekken, og derfor varde det heller ikkje lenge før sveitten rann, så eg måtte beda Hans om å taka fem minutt. Og då Hans er ein grei kar som kan taka det etter som det høver, og dessutan ikkje på nokon måte hadde lyst til å sprengja meg, så sette han seg på ei tuve og deklamerte: "Når du skal på fjeldesti, og skal nisten smøre, legg da ikke mere i, enn du godt kan føre". For ikkje å koma for seint innover til dit molta var å finne, kom Hans på den lyse tanken at vi skulle byte ryggsekker, slik at han fekk den tunge min, og eg fekk den mest tome sekken hans. for han går alltid best og fortast når han har ei vanleg tung bør på ryggen, og med meg er det reint det motsette. Derfor gjekk det også både fort og godt å kome innover, og før dagen var ende , hadde vi alt plukka eit kvartel molter. Men sjølv om det var sommar, så tok det likevel til å kjennast kaldt og hustre då det lei ut på kvelden, for vi var våte av regn og sveitte. Derfor tykte eg heller ikkje det var større hugnaden då vi ut på kvelden sette oss til å eta brødskive og drakk vatn attåt. For kaffikjel hadde vi diverre gløymt å taka med oss. Derfor spurde Hans, den skjemtegauken "korleis det kjendes ut å vera komen på "Vatn og brød"". Men best det var, vart han så alvorleg, og eg tykte mest eg såg kor han bleikna i andletet. Han leitte om att og om att i bukselommene, vestlommene og alle dei lommene som i trøya hans fanst. Eg trudde det var tobakken han hadde mist, og tok derfor opp ein halv kvartrull skråtobakk og bad han taka seg ei skrå, men diverre var det nok fyrstikkeska han leitte etter. Ho hadde på ein eller anna måte sett seg hove til å skilje lag med oss, låg venteleg i eit eller anna blautdike der vi hadde fare og traska om dagen. Då eg fekk greie på samanhengen var det min tur til å bleikna. Skulle vi verkeleg verta nøydde til å ligge ute utan å gjera opp varme, så våte som vi var, då kom det nok til å bli ei lang natt , serleg for meg. For Hans var det nok ingen fare, for han er så ymse van som skogskar og fløytar, snart i snøfennene om vinteren og i isvatnet om våren, så han ville nok ikkje synes det var nokon vande å ligge våt ute. Men eg som berre er ein pedagog, og som er van med å bytte på turre strømper så snart eg har vorte litt våt på føtene, eg ville nok koma til å lia mykje vondt dersom eg vart nøydd til å legge meg under ei gran der langt inne i Roktdalen, og ikkje ha anna varme enn den vesle granden som var i kroppen frå før. Dette skjøna Hans altfor godt, og han sa noko på sin reinhekla dialekt som ikkje tek seg ut på prent, men det var nok ærleg meint. Han visste ikkje anna råd enn at vi måtte gå på heimveg ein times tid til vi kom til Holsingsetrane. "Det kjem an på om du er redd", sa han, for dei seier at det spøker i desse setrane. "Redd er eg ikkje", sa eg, og så tok vi i vegen berre så søyla skvatt om leggene.

Eg må tilstå at eg fekk varmen i kroppen før vi kom til setra. Men då vi kom inn i seterhytta, spratt Hans ende opp i lufta og sa noko som eg no heldigvis har gløymt, men eg trur mest det var ei velsigning han lyste over ein eller annan snåsingen som hadde lagt att ei fyrstikkeske til oss på bordet. Det varte derfor heller ikkje lenge før den turre grankvisten spraka i omnen, så det vart godt og varmt i hytta. Vi var så trøytte etter strevet at vi let kveldsmaten vera. Vi hengde ytterkleda til turking, og la oss halvnakne i kvar si køy utan sengklede. No kunne spøkelset berre koma. Då det lei ut på natta vakna eg med at Hans sat og klødde leggene sine, og i mine legger sveid det som etter ein viss sort maur, og til meir eg klødde til verre vart det. Først trudde eg det var det før omtala spøkelse som var kome for å pine oss, men då eg hadde gnika svevnen nokolunde or augo, fann eg ut at ein skokk av den namngjetne rokdalsmyggen hadde kome på gjesting og heldt alt på å forsyne seg av dei rettane som fans i huset. Det vart nok ikkje mykje søvn resten av natta, og eg var derfor glad då vi om morgonen rusla vidare på leiting etter molter.

Det vil føre for langt her å fortelje om alt vi var ute for på denne turen. Eg vil berre seia at vi fann mykje molter, og at det kjendes godt å få kvila seg då vi kom til Skjelstad. Kona til Marius bad oss til veldekte bord, og vi var både mette og velnøgde då vi om kvelden fekk skyss i lastebilen til Jon Hammer. Men glad vart også kona då ho fekk sjå den fine molta eg kom med.

I Fagerheim krins vart vi snart kjende med folket, og fekk litt etter kvart mange vener. Det var så greitt med at ein kunne vitja kvarandre om kveldane utan å ha noko bestemt ærend. Ogndølane er sers gjestfrie, og før krigen var det skikk å ha store selskap i julehelga. På dei store gardane kunne det vera opptil 70 gjester til bords. Det var middag med to rettar, og heimbrygga øl høyrde med til maten. Dessutan var det kaffi og kaker både når ein kom til gards og før ein reiste heim. Ofte vart det seint før ein kom heim og i seng, for selskapa tok ikkje til før dei var ferdig med fjøsstellet om kvelden. Etter krigen vart det mindre av desse store selskapa, kanskje mest av den grunn at det vart vanskeleg å få leige tenestegjenter og tenestegutar på gardane. Av den grunn tok bøndene til å kjøpe moderne jordbruksreidskap, slik at dei trong mindre tenarhjelp. Innherradsbøndene var jamtover staute og greie folk. Mange av dei hadde i yngre år gått underoffiserskolen i Trondheim, og andre hadde gått folkehøgskole eller på Mære landbruksskole, så dei fleste hadde vanleg gode kunnskapar. Eg vart godt kjend i dei fleste heimar i krinsen, for eg var agent for Norske Liv, så eg nytta mang ein kveld til å sykle rundt i bygda for å få folk til å trygda seg. Trygdinga gjekk nokså tregt i dei vanskelege trettiåra, men seinare gjekk det så bra at eg fleire gonger fekk rosande brev frå selskapet, og dessutan var det gildt med alle premiane som eg litt etter kvart fekk. Eg hadde agenturet i 44 år, og i så lang tid er det greitt at det vart teikna mange polisar.

Ukebladet Allers ville gjerne ha tilsendt segner som Dr. Phil. Christiansen skulle redigere. Eg sa då til skoleborna mine, at dei skulle skrive opp ei segn i staden for heimestil. (Heimestil hadde dei onnorkvar veke). Eg sende inn fleire av desse segnene til Allers. Det kom brev med takk, og om ikkje lenge fekk eg tilsendt boka Norske Segn, som var trykt i H. Aschehoug & Co i 1938. Fleire av segnene som eg sende inn var teke med i boka, og av skoleborna fekk eg vita at det var fanejunker Høin som hadde fortalt dei fleste av segnene som eg sende inn. Fanejunker Høin budde berre eit lite stykke frå heimen vår, så eg vitja han ofte seinare og fekk han til å fortelje frå gamle dagar. Han fortalte kvikt og greitt, og brukte trønderdialekt. Ei av forteljingane som vart innteke i julenummeret til Trønder-Avisa 1957 tek eg med her: Det er ei omskriving av Kjetta på Dovre.

Da'e va troll i Bya-gåta.

På By va'e fælt me troll før i ti'a. Kvar julkveill mått følkje fløtt ut, og da kom de så foullt tå troll åvant Byail'n at stua vart foill. Feinn følkje reist utu gåla, mått dem sætt smør og ost, kak og skjenning, brød og spikkj ikj øtt og'n stor amber me øl på bole.

Så va'e'n julkveill de va'n snåsning so ha vonri i by'n (Trondhjæm) Han ha liggi å bala så leng uti Bola at han kom itj te Steinkjer feinn seint julkveiln. Hos'n kjøpmainn i by'n ha"n fått'n stor hoinn so heitt "Kvitsjeia". Så la'n te å skuill gå på Snåsa, men hair kom itj lenger enn te By feinn'n vart så klar at'n itj orka å gå lenger. Han gikk in der og ba om å få kvil te mårråna, men mainn sa:

Gu'bere oss de kainn du itj fa., fer i kveill så kjem'e foillt tå troll, så vi må fløtt ut sjøl å.

Men snåsningen ga sæ itj, og te slut sa mainn i gåla: "Du fer ta resiko'n sjøl". Og gårdsfølkje reist no uttu gåla. Da dem ha reist, teint snåsningen opp'n stor eld på gruvån å så jikk'n oppå løfte å fainn ti i stor flæsksjenk so'n la på varmin. Så kom trolla. De'va stortroll og småtroll, stuggtrøll og vakkertrøll, og stua vart foil!. Da dem ha sættsæ atåt boli, tok snåsningen flæsksjenka uttu varmen og sprang in å te å slå roint ikring sæ. Og "Kvitsjeia" va me og beit trolla i leggjin. Trolla reint åv og for mangdøbbel utgjønnom dørro og tok kuten oppover åt hal'n igjen. Men heile vern oppover ropt dæm: "De vanka heit feit ordask på By i kveill"! Men sea hi'e itj verri troll i Byagåla.