Hilmar Magerøy blir intervjua om då MK Godthåp forliste.

Ja, det var 17. april 1961. Det var vestleg sterk kuling. Me ha ein stub i sjøen men været var for dårlig til å begynne å drage og det var meldt storm så vi gjorde klart for å ta imot stormen. Det var snøbyger. Eg hadde skrudd ned styrken på radioen fordi det var mykje forstyrringar av været. Då eg skrudde opp att styrken så høyrde eg slutten av ein samtale mellom Havmann II og Godthåp. Forstod då at Godthåp var i vanskar. Ei lita stund etterpå, ca 1730 så kjem Godthåp inn og seier at vi me gjeng i flåten. Det var alt han sa. Eg trur han då ropte på Havmann og sa det slik. Eg ropte då på Havmann og spurde om han hadde høyrd meldinga. Det hadde han ikkje gjort. Eg sa då berre det at det var ei slik melding av vi går med ein gong. Han ville då sete lys på bøya han låg ved og gå mot Godthåps posisjon. Han var ikkje så svært langt unna. Men ei ri etterpå så kjem han att og fortel at han har fått ein stygg brottsjø og har nok med å greie seg sjølv. Han greidde å ta seg i land med eiga hjelp. Bruket han hadde i sjøen måtte forlates. Vi begynte å gå på kurs 290 grader. Det var nesten rett mot været. Eg meldte då frå til Ørland radio om at vi gikk mot Godthåps posisjon og om den meldinga som Godthåp hadde sendt ut. Der vart då sendt ut fly fråØrlandet. Ørland Radio peila oss i rettvisende 228 grader. Kl 1935 passerte flyet frå Ørland oss (Mk Magerøy). Ørlandet meldte då at vi var i peiling 228 grader rettvisende, 109 mil av Ørlandet. Vind og sjø auka, men vi gikk med den fart som var forsvarleg og kanskje vel det. Vi la stilt då vi rekna med å være nær Godthåp`s posisjon. Vi fikk då melding om at flyet hadde funne livbåt og flåte kl 2030 i posisjon N65o 20`, Ø7 grader 20min. Vi forstod då at dei var lenger nord enn vi og vi gikk unna været, men la stilt igjen fordi sikten var svært dårleg og vi rekna med at vi skulle være i nærleiken av oppgitt posisjon. Flyet skulle då forsøke å lede oss på plass, men då fann heller ikkje flyet verken livbåt eller flåte og måtte returnere til Ørland. Vi legger då stilt. Her er då sydvest storm og sludd. Kl b2245 såg vi eit ljos på havflaten akterut. Det var Erling Strømme som hadde vore nede og drukke kaffi og han såg ljoset rett akterut då han kom opp att. Vi var tre mann bakpå galgedekket og såg det ljoset så det er sikkert at det ikkje var nokon fantasi. Det var verkelegheit. Eg tenkte at det var vel ikkje meir enn ei kvartmil unna. Eg snudde båten og gikk unna været 10 – 15 minutter men såg ikkje noko meir. Då var vi sikker på at det var flåten vi såg. Då var det berre eit spørsmål om korleis vi skulle ta dei om bord og vi gjorde klart for det. Men vi såg ikkje noko meir. No var det ein engelsk trålar, ”Kirkhella” som gikk mot denne posisjonen. Vi kontakta Rørvik Radio for at dei kunne ta kontakt med Kirkhella for å finne ut om det var ljosa frå dei vi kunne ha sett. Kirkhella skulle no blinke med lyskastar kvar halvtime. Men det gikk fleire timar før vi fikk sjå han og dei ljosa lyste på ein heilt annan måte. Heller ingen andre båtar svarte Rørvik Radio verken på norsk eller engelsk om at dei var i nærleiken av oss. Det ingen kan svare på er om det var ljos frå Godthåp`s flåte vi såg. Og kva skjedde om det var den vi såg. Vi fikk problem med å få sikringar til å stå i senderen og sette inn fuskesikringer. Når dei gikk så var det berre å forsterke, og heldigvis så heldt det så vi gjorde oss hjelpne på den måten. Dei høyrde oss bra i land. Vi la no stilt igjen og låg i ro til dagen kom. 18.4. kl 0130 melder Rørvik Radio at fly går frå Bodø kl 0200 og vêrvarselet for dette området er vestlig sterk kuling med snøbye, dreiande nordvest og minkande. Kl 0515 Rørvik spør om været og flyet passerer her. Regna nå med at flyet skulle finne flåten. Ja, vi var no sikker og på det at flyet skulle finne flåten når det vart dag. For når dei var komne i flåten så gikk vi ut frå at det var sikkert at flåten ikkje gikk ned. Det hadde nå vore reklamert for det. Vi leita no o nordaustleg retning for vi rekna med at flåten hadde drive den vegen. Så er det nokre peilingar igjen. Ved middagstid kom vi i lag med Rollon, Runo og Johan Ås. Vi leita då mot sørvest – fire båter med eit stykke mellom kvar båt. Fleire og fleire båtar kom med i leitinga etter kvart. Veret vart også bedre, men ingen ting vart funne. Gjeng noko på aust og søraust før vi legg stilt i skyminga. Den 19.4. er det bra vær. Fleire fly ute den dagen også og fleire båtar kjem ut frå land for å delta i leitinga. Kor mange båtar det vart veit eg ikkje, men mange vart det. Det gikk mange rykte om vrakgods observert både av fly og båtar, men dei oppgjevne posisjonar stemte ikkje med Godthåp`s posisjon. Leita over store område utan å finne noko, men leitinga var berre så måteleg organisert. Vi la stilt om kvelden igjen. Den 20.4. skulle vi prøve å finne att stubben vi hadde forlate. Fikk eit par peilingar frå Ørlandet som var til god hjelp. Kl 0800 fann vi stubben. No er det godt ver og sit stort antall båtar leiter utan å finne noko frå Godthåp. Den 21.4. fortsett leiting med fly og båtar, men vona om å finne flåten minkar. Kl. 1800 melder vi posisjon til Rørvik Radio og går til land. Mange teoriar om kva som hendte med Godthåp`s flåte. Var mannskapet i flåten. Det var mange som tvilte på det. Mellom anna så veit eg Drevik i Skipskontrollen – eg tenkte å spørje han om kva teori han hadde om det. Han skulle nå være sjøkyndig, og han seier at dei ikkje har sett nokon flåte. Det er berre blåser dei har sett. Men den dagen na støttå – bautasteinen ved Hustad kyrkje over mannskapet på Godthåp vart avduka snakka eg med ein som hadde vore med flyet som hadde observert flåten. Han sa at det var fire mann i flyet og alle dei såg ei hand som stakk ut av flåten og vinka med ei skarp lommelykt. Ein må nesten tru at dei såg det dei seier at dei såg – flåten med folk i. Men kva skjedde seinare. Trua var nå at ein slik flåte ikkje kunne synke. Og at den måtte kunne finnast når det vart sendt ut fly att. Men kva som skjedde veit ingen. Flåten vart aldri funnen. Kunne flåten bli øydelagd av blåljos eller anna sterkt ljos som var i flåten – at dei i fortvilelse skulle sende opp ein rakett eller eit blåljos og at dei kunne skade flåten med det. Men dei som vart funne seinare – det var tre av Pedersenkarane trur eg – det var no ein heil tur etterpå det var ingen tegn brannsår eller merke etter brann på nokon av dei. Men sikkert er det at hadde det vore to fly ute den første dagen så hadde vi greid å finne dei. Stort meir kan eg ikkje seie om dette.

I merkeregisteret for 1960 står dette om Godthåp:

Navn:                               Godt Håp:

Registreringsmerke: M-9-HU.

Lengde:                          64,5 fot

Bredde:                         17,9 fot

Dypgående:                 8,5 fot

Byggeår:                        1938

Ombygd:                       1952

Namn på mannskap på Godt Håp:

Peder Lervik skipper

Paul Lervik

Tormod Pedersen

Svein Knobeloc

Rafael Auststad

Kåre O Nerland

Lars Pedersen

Svein Pedersen

Roald Pedersen