Intervju med Ragnvald Solholm 13.02.02 av Per Norvald Ræstad

Eg er no 83 år. Noko dramatiske historier har eg ikkje å fortelje om, eg har vore heldig slik.

Det var einaste under krigen, då tok dei alle våpen frå oss. Eg klarte å gøyme unna ei børse, men så dum var eg at eg gjorde det på høglys dag. Men så kom Engvald Ræstad ned hit ein dag med ein kikkert. Eg hadde fleire gonger teke opp børsa og smurt ho, men når eg fekk sjå i den kikkerten vart eg klar over kor dum eg hadde vore. For då såg du nevane på stavhandtaket når du kikra over på Julholmen. Då bestemte eg meg for å gøyme ho bedre. Eg tok ho med meg ein kveld innom Kleiva og hadde ho nedi eit urhol. Så eg berga ho, men eg var brydd å finne ho igjen når krigen var slutt. Det var forskjellig under krigen. Det var radio oppi sommarfjøset her oppe, så folk gjekk opp dit for å følgje med kva som foregjekk. Eg var ikkje oppe der. Men dette var ikkje vanskeleg å sjå i kikkert frå Julneset, når dei gjekk opp dit akkurat når nyheitene gjekk. Men dei var heldige, så det vart ikkje oppdaga.

Eg var med Sjøvik på Lofoten når krigen braut ut. Så vi var heldige når vi skulle heim, for engelskmennene hadde lagt ut miner på Hustadvika. Så eg var glad når vi var komne over der, det må eg berre innrømme. Det var så forskjellig under krigen, men vi svalt no ikkje, sjølv om det mjølet som vi fekk var så som så, det var reine sprengstoffet. Men det gjekk bra.

Så kan eg fortelje om når vi fekk den store kveita her ute. Det var eg og Rune, eldste son min, som var ute og drog kveitegarn. Det einaste vi kunne merke når vi kom og skulle drage, var at eg syntes ikkje garnsetninga var der vi hadde sett ho. Det var langt tau frå garna og bort til ilsteinen, og ho var berre eit par famner frå enden på garnet. Ho var 230 kilo rund, så vi fekk ho ikkje inni båten, vi tok ho med krana og hengte ho på sida av båten. Vi leverte ho på Rindarøya, for vi hadde fått ei før på rundt 60 kilo, så vi hadde nok kokfisk. Denne var no veldig grov også. Dette var i desember i 1991. Etterpå har vi fått berre ei kveite. Den var på 35 kilo. Så no er vi lei, så vi har slutta å ha ut kveitegarn.

-Kva pris fekk de for ei så stor kveite? spør Per Ræstad.  -Nei, det var ikkje nokon storpris. Ho var 35-40 cm tjukk, så ho var altfor grov. Per kan fortelje at han var med på kveitefiskeri på Færøyane, og den største han hadde vore med på å få var 140 kilo, to kveiter på 140 kilo på same stubben.

-Kringkastinga ringte, og det var mange spørsmål. Dei ville vite om dei skulle få lov til å sei at det var den største kveita som var fangsta. Men eg sa at det måtte dei vere forsiktig med. Det har vore fiska mykje større kveiter, men eg veit ikkje av at det har vore fangsta så store her innmed land. Dei fekk ei oppi Andfjorden på rundt 300 kilo rund, den har Rune bilde av. Det sit ei vaksen dame attmed på bildet, og ho blir lita i forhold til fisken. Det var to brør som fekk den oppi Andfjorden. Anton Misund fekk også ei sør på Hagset. Ho trur eg var 157 kilo.

-Ja, det var torsdag 19. desember dette skjedde. Du skal få sjå avisutklipp av det her. Du ser at karane blir små i forhold til kveita, når ho heng i krana. Vi målte ho, men eg huskar ikkje kor lang ho var. Men ho var veldig tjukk også, attåt at ho var lang. Vi vog hovudet etter at vi hadde skore det av, og det var berre 16 kilo, så då kan du tenkje deg til kva skrott det var.

Hvis vi skal snakke om jakt, vil eg innrømme at eg har ikkje vore nokon særleg hjortejeger. Eg har gitt frå meg mange sjansar. Eg huskar første hjorten eg skaut, då brukte eg krage, så det måtte vere på 60-talet. Det er så lenge sidan. Eg hadde gått heile dagen, hadde sleppt frå meg mange sjansar, for eg syntes dei var for små. Men på slutten av dagen, det hadde nesten begynt å skymest, då eg gjekk meg på ein flokk hjort, og då kom det ein stor kronhjort etterpå. Eg skaut fort, men han gjekk i hop. Men eg har ein simpel uvane med at eg skal sjå ned på geværa når eg slår fram igjen skot, og det gjorde eg den gongen og, og då hadde han komme seg opp igjen. Men eg for etter, og det var forferdeleg kor han frøste og bles. Eg var nær innpå han ein gong, og då hadde han vel teke etter siste kreftene, då eg fekk sjå han 50-60 meter unna. Då ropte eg til han at han skulle stoppe og det gjorde han, slik at eg fekk skyte ein gong til. Då datt han. Han var 125 kilo. Men det var ikkje sport lenger når du skulle ha han heim, for han var så tung. Vi drog han ned på Heggdal, og Hans Heggdal kom og tok han med traktoren. Eg har ikkje skote så stor hjort sidan. Eg har skote ein på 81. Han var og stor, men han var så tynn. Rune skaut ein i vår. Han hadde like bra krone, men han var ikkje meir enn 105 kilo.