Intervju med Per Dalsbø av Per Norvald Ræstad

Eg er fødd i 1938, så det var like før krigen, så det er stort sett etter krigen at eg kan huske noko av betydning. Eg begynte på skulen hausten 1945, og eg kan huske mor var med meg første dagen. Skulen var på Beinset, og var oppdelt i småskule og storskule, 1.-3. klasse var småskule og 4.-7. klasse var storskule. Etter krigen var vi fortsatt inne i ein rasjoneringsfase, der det var rasjonering på det vi kallar luksusvarer, men og andre varer. Eg kan huske at første bananen eg åt likte eg faktisk ikkje, så eg måtte drikke litt surmjølk etterpå, for eg vart litt kvalm av den. Til jul fekk vi nokre appelsiner kvar, for den var rasjonert, likedan sukker og mange andre ting. Økonomisk var det ikkje så veldig stor velstand blant folk, men vi hadde vel så mykje at vi greidde oss. Far min dreiv sjøen, og eg huskar dei var på Færøyane med ”Romsdølen”, ein båt der Engvald Ræstad var skipper. Eg huskar godt at han kom heim med det første kjolestoffet, og ikkje minst sirup. Det var rasjonert og ikkje så godt å få tak i her. Vi handla hos Rasmus Bjerkeland, ein liten landhandel her på Ræstad.

Eg huskar eg gjorde meg skade ein gong, hogde meg i fingeren, og måtte til Aukra til doktoren for å få det sydd. Det var ei som heiter Inga Dyrseth som vart med meg, og når far kom heim frå Færøyane var vi nede der med eit par sirupsboksar som ho fekk for at ho hadde vist velvilje og blitt med meg. Inga vart forresten brukt mykje til hjelp når det var sjukdom, og når nokon skulle bøtast på. Gleda var stor for sirupsboksane, for sirup var endå ikkje daglegdags, og då var vi komne nærare 50-åra vil eg tru.

Det eg også kan huske frå barneåra, var at eg hadde ei faster oppe på Brøste i Romsdalen, og der var eg som unge straks etter krigen. Då var det å ta båt inn til Åndalsnes og tog derifrå til Brøste. Ein gong huskar eg at eg sat på med farbror min, Olger Ræstad, han budde også der oppe ei stund. Når vi skulle heim igjen sykla vi frå Brøste til Åndalsnes og tok båt derifrå, og så sykla vi frå Sundsbøen og heim. Når vi kom på ein plass som heitte Bjørnekleiva oppe i Romsdalen hadde eg ein veldig stor opplevelse. Der sat det ei fante, ei eldre dame, på ein stabbestein og røykte krokapipe, og for meg var dette ein heil opplevelse å sjå. Eg veit faktisk ikkje om eg hadde sett kvinnfolk røykt før.

Som sagt begynte eg på Beinsetskulen og gjekk der i sju år. Det eg har lyst til å dra fram er leikeplassen som vi hadde. Det var vegen, der trafikken ferdast etter. Men trafikken var ikkje stor, det begynte etter kvart å gå ei bussrute kvar morgon og kveld, og så var det Konrad Bjerkeland på lastebil. Han arbeidde for kommunearbeidarane som flikka på vegen, så han køyrde att og fram nokre gonger for dag. Det var heile trafikken som var gjennom dagen. På denne vegen leikte vi oss kvart friminutt, vi slo lyre og stal stein. Ein ting eg har tenkt mykje på i den seinare tid, det er såkalla mobbing, det veit eg faktisk ikkje at det forekom. Sjølvsagt krangla vi og slost litt, men noko utover det huskar eg ikkje foregjekk.

Det eg også huskar er når fotballen kom til bygda vår. Det var noko stort. Eg hadde aldri høyrt om fotball når den begynte å rulle her, og etter kvart vart det kamp mellom bygdalaga. Eg huskar Tangen, Raknes og Rakvåg var i lag på eit lag, midsundingane hadde eit, og her på Ræstad var det også eit lag. Så vi spela mot kvarandre, og dei som var vel kanskje lengst komne når det gjaldt fotball var sikkert Tangen, Raknes og Rakvåg, for dei hadde største folkegruppa å ta av, så dei vann som regel kampane. Eg huskar første kampen eg såg, den foregjekk nede på Sjøøyrå ovanfor Ræstadelva, og det var alt folk som var i bygda som var der og mange kom på lastebil frå Tangen og Rakvåg, og der samlast vi for å sjå. Far min hadde vore på jakt, så det måtte vere om hausten, og han kom ned, og på grunn av folkemangel skulle han stå i mål. Kampen bølga att og fram, og eg huskar at ein frå Rakvåg og ein frå Ræstad sprang i hop, så han frå Rakvåg låg besvimt ei stund, til dei fekk han på beina igjen så han fortsette kampen. Far min stod som sagt i mål, og han hadde ikkje noko begrep om å vere målvakt, så nesten alle skot som kom gjekk i mål. Så eg veit det var einaste gongen eg har vore litt irritert på far min, for eg syntes han gjorde altfor dårleg jobb i mål. Eg var også irritert på ein som stod og heia på tangingane, og syntes det var svært urimeleg. Eg var sjølvsagt ikkje objektiv den gongen, eg var svært så subjektiv og heia på laget frå Ræstad, sjølv om dei tapte med nokså mange mål. Desse kampane fortsette, og det vart bedre etter kvart, så vi spela vel uavgjort også nokre gonger. Etter kvart som tida gjekk danna vi vår eigen klubb vi som vaks opp her, og når vi var heime om helgane spela og trena vi mykje fotball.

Eg var så heldig at eg vaks opp med besteforeldra mine heime på Dalsbøen, og bestefar min, Peder Sjursen fortalde frå gamal tid. Det eg kan huske av historie er den bjørnejakta som er mykje omtala, som foregjekk oppe i dalen her. Han fortalde at bjørnen hadde vore inne i fjøsen på Myrå, og der hadde han tatt ei geit. Den geita hadde han teke med seg bortpå marka og ete ho opp. Det var etter det at det vart jakta på bjørnen, og dei tok då endeleg livet av han oppe i Ræstaddalen, framom Ræstadvatnet.

Bestefar min var mykje på vegarbeid, og han fortalde ei historie frå under krigen som var veldig artig. Søskenbarnet hans, Rasmus Solholm, dei kalte han ”Snate” av ein eller anna grunn, dei var gode kompisar. Han kom til bestefar og skulle låne ammunisjon. Bestefar sa at han hadde ikkje lov til å låne vekk nokon ammunisjon, for det var under krigen og tyskarane var veldig restriktiv med å påsjå at ammunisjonen var på rett plass. Men Rasmus sa: -Dette kan vere berre mellom oss det, Peder, vi treng ikkje sei det til nokon. -Men dei høyrer no at det smell, sa bestefar. -Då er det for seint, då, sa Rasmus. Dette syns eg var pårakeleg sagt.

Elles gjekk no tida, og eg vaks no opp etter kvart og begynte på fiskeri. Det forandra seg mangt i bygda. Eg kan huska at på Stegå var telefon, og nedi Garda, på Nesa og på Beinset. Eg trur det var dei telefonane som var her i bygda. Når nokon skulle i telefonen kom det beskjed frå der som dei hadde telefon, og dei fekk vel gjerne nokre ører fordi dei gjekk med slik beskjed. Når ein ser på utviklinga, i dag er det telefon i kvart hus, ikkje berre ein, men to og tre i kvart hus, så er det ei forandring.

Når eg tenkjer på kommunikasjon, særleg med vegar, så har det forandra seg radikalt. Når eg var gutunge var det ein veldig dårleg grusveg, ikkje var det grøfter, men det var heller ingen trafikk. Eg kan nemne at på Leita, når dei heldt på og trøska, så tok dei vatn frå Ræstadelva og det kom ned på Leita, der var det ein trøskekall som gjekk med vatn, og så var det reim eller snor derifrå og inn på løa. Denne snora gjekk over vegen, og kom det nokon og skulle forbi, var det å sykle rundt løa, for biltrafikk fanst det så og seie ikkje.

Vegbygginga begynte på 60-talet, noko sysselsettingsarbeid hadde det  vore om haustane for å utbedre vegane før også, men det var aldri noko store løft, berre reparasjonar. Men i 60-åra begynte det å bli litt skikk på vegarbeidet. Før var det berre med handemakt men så kom maskiner inn i bildet, gravemaskiner, brøyt og lastebilar, og då gjekk arbeidet forholdsvis fort, så i dag er det fast dekke på mykje av vegane i kommunen.

I 1948, trur eg det var, kom ferjekaia på Sundsbøen, så då gjekk ferja frå Sundsbøen, til Hollingen og Aukra, i eit trekantsamband. Men på 70-talet kom sambandet Solholmen-Mordalsvågen i gang. Det er det som har skjedd på samferdselssektoren. Ja, Midsundbrua kom, det var eit stort løft. Det gjorde at det vart gode kommunikasjonar mellom Midøya og Otrøya. Når det så vart ein kommune gjorde dette mykje for samhaldet i kommunen vår. Det vil vel også vere rett å ta med Magerøyvegen i same slengen. Den kom også på 70-talet, og skapte ein heilt ny tilværelse for folket som budde på Magerøya, både når dei skulle på butikken, til byen og for skulebarna.

Elles trur eg at eg vil nemne litt om korleis det var når folk vart sjuk her i bygda vår tett etter krigen. Det var ei bastkorg som vart brukt til å legge folk oppi når dei var svært sjuke og skulle til sjukehuset i Molde. Slik vart dei frakta enten nedi fjøra og rodd eller det vart brukt lastebil eller hesteskyss, og så var det motorbåt frå Sundsbøen til Molde. På stort sett same måten var det når nokon døydde i bygda. Om vinteren var det å køyre dei på slede, og det eg minnest best var at Konrad Bjerkeland som hadde lastebil køyrde kista på gravplassen på Sundsbøen og dei vart bisett der. Grava var gravd på dugnad av folk i bygda. Det var ikkje noko leigde folk til slike ting.

Når det gjeld fiskeri her i bygda, så nådde eg atti litt så eg huskar landnotdrifta som var om sommaren. Det kunne komme sild på Ræstadbukta, frammed Beinset og sør på Rørset, og då var dei ute med nota og tok sild. Men etter kvart kom snurpa og tok over, og silda som kom frammed landet forsvann også meir og meir. Så i løpet av 50-åra trur eg den tida var over.

Gardsdrifta foregjekk på den tida med hest, slåmaskin og hesjing. Dei breidde høyet på marka og sette det i såter og det vart innkøyrt med hest. På småbruka, sånn som det eg kom frå, der far var på sjøen, så skulle slåtta gjerast mellom turane han var på sjøen. Men vi hadde ikkje meir enn ei ku og nokre sauer så det gjekk for så vidt greitt nok. Den første traktoren som kom hit, var ein tohjulstraktor, og eg trur det var Otto på Myrå som hadde den traktoren. Sidan utvikla det seg i rivande fart, traktor vart det i alle gardar og hesten kom vekk, og slik som det er no så har bruka vorte nedlagt, og på Ræstad er det pr. i dag to som driv med sau og ein som driv med mjølkeproduksjon. Før var det på Plassen, på Bøtun, på Stegå, Dalsbøen, på Myrå, neri Holma, neri Garda, på begge Stølå, på Leita, i Friheita, på Nesa og tre bruk på Beinset som dreiv, om ikkje så stort. Dei største bruka hadde vel 6-7 kyr og hest og nokre sauer, sidan gjekk det på ei ku og nokre sauer.

Eg var tidlegare inne på dette med vegbygging. Då må eg nesten få ta med snøbrøytinga som var før. Det var som sagt veldig dårlege vegar, og dei som skulle brøyte hadde ikkje skikkelege bilar. Det var Jofred Kirkeslett, Konrad Bjerkeland og Magnar Raknes som brøytte her på Otrøya og Alfred Godø på Midøya. Det var dårlege vegar og dårleg utstyr av plogar, og framfor alt var det dårlege bilar, så vegane var ofte attfokne, og då gjekk ein mann av huse med snøskuffel og spade og hjelpte brøytarane med å måke vegane så dei vart framkommelege. Konrad Bjerkeland sa det seinare at dei hadde ikkje vit på kva dei heldt på med, med det same dei begynte å brøyte. -For at bilen skulle sitte på vegen, så fylte vi kassa med stein og grus, fortalde han, -og berre det var så stor belastning på maskinkrafta som var i bilane at dei hadde nok med å dra det som var på kassa om dei ikkje skulle dra plogen også. Men det var ikkje så godt med det, dårlege vegar var det, mykje bratte bakkar, og smal var vegane, så ei dårleg brøyting var det. Dei måtte til tider ha assistanse frå Molde for å få opp vegane.

Eg kan også snakke litt om kulturlivet som var i bygda vår. Det eg kan huske frå begynnelsen var dei mange basarane, det var Kvinneforening, det var Indre og Ytre Sjømannsmisjonen, Sanitetsforening og Santalmisjonen kanskje, så om hausten kom det talarar og snakka på møta, som alle bar preg av å vere religiøse. Vi som var ungar møtte opp på basarane, men det var svært vanskeleg ofte å sitje roleg. Det var nummertaking, 25 øre nummeret, huskar eg. Så var det mat å få kjøpe, eg huskar i gamleskulen på Beinset, der var maten tillaga i serviettar, ein porsjon som du fekk kjøpe, og så sat du i benkane og åt denne maten. Og folk møtte opp frå Rongkallen og heilt til Lyngstad.

Juletrefestane var eit særsyn. Eg kan endå høyre for meg den sangen som var kring juletreet, der gjekk barn og vaksne og hadde det veldig triveleg saman. Det var lærarane, Alf Sundsbø i mi tid, som leia juletrefestane. Det eg kan huske spesielt er korleis vi slutta av juletrefesten: -No skal karane våre reise på fiskeri, og då synes eg det høver bra at vi syng sangen ”Gud signe vårt folk der dei siglar og ror”. Medlemmane i Redningsforeninga stemte då sjølvsagt veldig godt i, for dei syntes det var eit godt foretak som læraren då foreslo.

I 1966 vart idrettshuset, ”Fjelly”, innvigd. Det var eit stort løft for den vesle bygda vår. Den som var formann i idrettslaget og drivkrafta for å få det gjennomført var Ivar på Stegå. På ”Fjelly” fortsette dei aktivitetane som hadde vore med basarar, og redningsforeninga er den foreninga som har bestått lengst og driv på endå. Etter kvart datt dei forskjellige foeningane ut, for dei som hadde vore formann i laget og dei eldre døydde ut, og interessa blant dei som er yngre ser ikkje ut til å vere slik som ho var den gongen eg vaks opp. Idrettslaget, som bestod både av ungdom og litt eldre ungdom og barn, måtte prøve å få til eit inntektsgrunnlag for idrettshuset og idrettslaget, og derfor begynte vi så smått å lage til revy framover. Eg huskar at på dei revyane var det alltid fullt hus, og vi hadde det veldig moro. Elles har vi prøvd å klare oss så godt vi kunne her i bygda, vi har blant anna bygd vassverk til halve bygda og vi har bygd veglys, det var det Per Ræstad som var leiar for. Vi har også bygd oss ei småbåthamn på Beinset, som er eit veldig stort pluss for bygda vår. For slik som grunnforholda var, og slik det var å komme seg til lands her, hadde vi ikkje noko hamneområde. Det var å dra opp færingane når vi var ferdige på sjøen eller legge dei på utfar. Men plutseleg kunne det ryke opp med sørvest og styggever, og båtane låg veldig utrygt, men når vi fekk småbåthamna synes vi at vi har fått det veldig bra.

Det eg kan huske frå før eg begynte på skulen, så hadde vi ikkje elektrisk lys. Eg trur ikkje det kom hit før slutten av krigsåra. På begynnelsen vart det berre installert nokre lyspærer i kvart hus, det var ikkje så store krav ein stilte. Eg er ikkje så sikker på om det var innlagt så ein kunne bruke elektriske komfyrar i husa heller til å begynne med. Men krava auka etter kvart, så det elektriske vart bedre og bedre. Linjenettet var veldig dårleg heilt opp til 60-åra. Var det styggever, kan du vere heilt sikker på at det vart skade på nettet, så lyset var borte ein dag og opp i ei veke. Særleg julaftan var belastninga stor, og då rauk det sikring i transformatorane. Det skapte mykje irritasjon. Etter kvart har dette blitt mykje, mykje bedre, og i dag er det sjeldan det skjer noko spesielt med lysnettet.

Arbeidslivet når eg vaks opp var stort sett fiskarar og småbrukarar. Fiske om vinteren for bøndene, og så hadde dei fri om sommaren og hausten, og dei som dreiv heilårsfiske dreiv både vinter og sommar. Etter kvart har dette arbeidslivet forandra seg totalt. I dag har vi vel kanskje ikkje meir enn ein fiskar igjen i bygda vår, og arbeidsplassane har forflytta seg meir til land. Folk har tatt meir skule og utdanna seg i heilt andre fag enn fiskeri. Vi er så heldige at det har komme ei bedrift til bygda som heiter ”Ræstadfisk”, der dei driv med oppdrett av smolt. Der har vi eit par karar frå bygda vår som går på fast arbeid.

Eg kan også huske frå tett etter krigen og utover, dei fantefølgja som for. Dei kom dragande med kjerre og eit heilt følgje både med ungar og vaksne. Dei overnatta forskjellige plassar, særleg med bøndene, der dei låg på låven. Dei livnærte seg så vidt eg kan huske med å bytte til seg klokker, reparere klokker, lage vispar, reparere blikkbøtter og former av forskjellige slag. Når fanten kom til bygda var vi ungane spent og oppglødd omtrent likeeins som om det kom sirkus. Vi såg det mykje på same måten.

Ei historie som går her i forbindelse med fantefølgje er at det var ei av taterkjerringane som ville ha eit eller anna på ein gard, enten kjøt, flesk eller smør. Då sa bonden at det skulle ho få hvis klarte å få vekk ormen som var på Ræstad den tida, det måtte sikkert vere på 1800-talet dette. Ja, ho las og mulla eit eller anna, og så meinte ho at Ræstadbygda skulle vere kvitt ormen i ein hundreårsbolk. Om det er taterkjerringa si skuld eller noko anna veit eg ikkje, men det er ikkje orm på Ræstad. I alle fall i mi tid veit eg ikkje av at nokon har sett orm nede i bygda.

Ein ting eg syns eg må ta med, er at i 50-åra var det eit eventyrleg torskefiske på Ræstadvika. Dei som var heime og ikkje var på Lofoten eller storsilda, det var vel meir folk opp i pensjonistalderen, dei dreiv med færing det vi kallar smågarnfiske, og fekk veldig mykje fin og stor torsk bortpå Ræstadvika. Det har det også etter kvart blitt slutt med, det er ikkje den mengda med fisk som det ein gong var.

Ein annan ting som eg huskar veldig godt, er at om søndagane når eg var ungen, møttest kjerringane i bygda på ein plass og prata om sitt og sine og karane møtte opp enten på trappa på stabburet på Leita, helst der, og kanskje på Neset. Der diskuterte dei mangt og mykje, særleg trur eg det var veldig mykje diskutert politikk, og korleis styresettet i landet og kommunen burde vere. Eg huskar langt framover, eg var vel halvvaksen gutunge, at det var veldig stor aktivitet i det politiske livet, sakene vart diskutert, ofte høglytt, og med brask og bram. Det var mange gullkorn som vart servert der. Valglistene den gongen var kretslister, og då trur eg dei gjorde det så enkelt at dei begynte frå ein ende i bygda og sette dei opp i rekkefølge på den lista. I dag er det blitt på ein heilt annan måte, det er partilister, og det ser ut som folk ikkje er så engasjert i det politiske livet, eller kommunepolitikken som dei var den gongen. Det kjem vel kanskje av kommuniksjonane, det er blitt meir lettvint alle ting, slik at dei store stridsspørsmåla som kommunesenter og skular og diverse ting ikkje er så aktuelt som det var den gongen, då dei måtte sykle og gå for å få utført offentlege ting. I dag set ein seg inn i ein bil og på ein blunk er ein der.

No er eg sjølv kommen så langt at eg er pensjonist, og livet er slik at du har det ganske bra. Det har forandra seg mangt og mykje opp gjennom tida. No kan du sitje og sjå på fjernsyn og radio og følgje med i det pulserande liv som foregår over heile jordkloden. Så slik som eg har opplevd det, så har den materielle velstanden auka formidabelt frå eg var gutunge og fram til i dag. Om det har ført berre godt med seg er veldig vanskeleg å ha noko bestemt meining om. Men det eg kan sei er at alle ting har i alle fall blitt meir lettvint. Før var det mykje meir kroppsleg arbeid, du måtte take i, og slite og dra og utføre mykje manuelt. Det er det heldigvis slutt med. Den fysiske belastninga du har behov for i dag kan du ta ut meir i fritidsaktivtetar og sport og mosjon på forskjellige nivå. Eg vil håpe folk vil trivast slik som dei har det og få eit godt og rikt liv i dei åra som ligg framfor dei.