Intervju med Peder Angel Svinnset 29.01.02 av Per Norvald Ræstad

Eg er 82 år no. Noko av det som eg kjem i hug frå tidlegare tider, er når vi låg og drog storsei på Tautergrunna om natta. Vi rodde til Molde, det var ikkje anna enn robåtar den tida, og stod på torget og selde. Somme tider gjekk det bra med salget, og andre tider var det dårlegare. Så rodde vi heim og kvilde oss litt og så var det på`n igjen. Slik stod det på nokre dagar til seien forsvann igjen. Vi selde den for stykkpris, men kor mykje vi fekk huskar eg ikkje, men det var ikkje så mykje. Eg huskar eg var med ”Segeren”, Sølvikbåten, ein vinter og då drog vi sei attåt at vi fiska sild. Vi gjekk inn til Haugesund, der var det mange sjømenn, og dei kjøpte storsei av oss. Vi fekk 50 øre stykke. Det syntes vi gjekk an. Dette var i 1935. Då var eg 15 år. Vi måtte tidleg ut den tida. Vi fekk ikkje så mykje sild, så det var ikkje store inntekta, men det var no nokre kroner for vinteren. Sidan slutta eg på sjøen og begynte i konfeksjonsindustrien. Der var eg sidan, heilt til eg var 71 år. Forresten var eg ei tid på anleggsarbeid når dei bygde veg her gjennom Setkleiva, banka på boren til den var 3-4 meter djupt. Når den gjekk på klons så gjekk det bra, trilla godt. Men vi sette ofte fast så vi måtte ta krana for å dra den ut, ei gammal trekran. Så mura vi den store muren der ute i Kleiva. Det var Hattrem som var bas, det var ein flink kar. Det var ikkje berre å ta ein ferdig stein, for det var ikkje skikkeleg murstein, så den måtte hoggast til før vi fekk legge den ned. Hattrem var veldig nøyaktig, så det måtte stemme akkurat nøyaktig før vi fekk legge den. Det måtte vere heilt plant før vi fekk legge på neste stein. Det vart først skote ut av fjellet i botnen og sementert. Men vegen var vel ikkje berekna på sånn tungtrafikk som det er i dag, så det er rart at den held. Men muren er veldig godt oppsett med store steinar som vi brukte kran for å legge ned.

Eg kan fortelje om ein gong vi var ute og segla også. Far var veldig til å segle, så så snart det var vind var det å ha segla på færingen. Far var med Severin i Finnøya og dreiv line. Severin var ein kjent fiskar på Finnøya. Så eg var med far ein gong på Finnøya om sommaren, eg trur vi hang atti ein båt utover, og der var vi nokre dagar. Dette var vel i 1937. Når vi skulle heim att bles det opp, det var nordleg vind, og far ville segle. Så vi segla frå Finnøya og kom att på Ræstad, det vart beinvegen over. Då huskar eg far måtte ta ut på segla, for det var så voldsomt til vind og eg var livredd. Men det gjekk bra, vi kom oss heim. Men far hadde mange harde seglturar, både til Molde og kvar han ville, så brukte han segla. Han var ikkje redd. Han brukte ein stor flat stein som han la i sida på båten når det var på det verste, så båten ikkje skulle gå rundt. Men båten var god, så det skulle noko til før han gjekk rundt. Han segla ofte til Molde, og elles så rodde vi. Hvis det var hard vind og motstraum så gjekk det tre timar for å komme seg dit. Til vanleg brukte vi ein og ein halv til to timar. Så det var mykje roing den tida, så vi vart sterk i hendene. Det hendte at det gjekk ein båt forbi som hadde motor så vi fekk knyte oss atti, buaværingane var svær slik. Vi berre vinka på dei, og då stoppa dei. Men det var ikkje ofte vi fekk skyss, som oftast måtte vi ta årane fatt. Stavik-Johan gjekk ofte med båt forbi. Han var flink å dra storsei. Det låg båtar rundt han og ikkje fekk det slag, men han drog sei med han vann. Det var merkeleg rart. Det var ein koseleg kar, han Johan.

Men det var no slik før i tida at det var båten ein måtte bruke til alt, ikkje var det veg, ikkje lys og ikkje post. Posten tok dei med seg frå Heggdal den som hadde eit ærend på bua. Det var Kolbein som var på bua. Han var handelsmann. Det var ikkje veg her, så vi måtte gå oppi gubbeholen, vi kalla, så det var ingen fin sti heller. Så slik var postgangen den tida. Det var i grunnen rart folk busette seg her. Men det var slik for det meste at folk hadde eit småbruk med ein flekk med jord og nokre kyr, og så var det sjøen dei dreiv. Pengar var det lite av, det såg du nesten ikkje. Så når dei hadde ut garn og fekk fisk og elles fekk alt av garden, så greidde dei seg med det. Det var ingen som svalt. Dei var vant til å greie seg med lite. Det var ingen som var sjuk heller.

Eg må fortelje ei historie som var merkeleg rar. Vi budde i Molde og så skulle vi på Otrøya ei helg, uti gamlehusa som hadde vore heimen min. Eg og Guri, kona mi, reiste utover ein laurdagskveld. Vi tok ikkje med oss middagsmat, for vi rekna med at vi skulle fiske så vi fekk til middag søndag. Eg gjekk ned laurdagskvelden og stod og fiska attmed elva som renn ned her. Plutseleg fekk eg ein stor fisk på. Eg stod og sveitta og kava nesten halvtime og fekk den nesten til lands. Då rente den oppi marbakken og sleit av. Eg vart heilt fortvilt som mista ein så stor fisk. -Vi får berre greie oss utan middagsmat i morgon, då, sa vi. Søndagsmorgonen såg eg ei fin kasse som låg og flaut utmed berget her, Morteberget kalla vi det. Eg tenkte at den kassa hadde vore kjekt å ha, det var ei 60-liters kasse, heilt ny, som låg og flaut på sjøen. Eg gjekk utover fjøra og fekk kava kassa til lands, og veit du kva som låg nedi? Ein fin torsk låg og sprella nedi kassa. Dette har eg ofte tenkt på kor merkeleg det var. Så det vart fersk fisk til middag på oss likevel.

Eg vil fortelje ei anna historie som nesten er ufatteleg på ein måte. Før det vart noko særleg forbindelse med Molde, rodde vi til Mordal, tok med sykkelen og sykla til byen. Ein dag hadde eg vore i byen og sykla ut til Mordal og skulle ro over Julsundet til Otrøya. Eg såg det vart så rart og mørkt, og når eg kom midt borti Julsundet kom skodda veltande. Ho var så tjukk at eg såg ingen ting, og heilt blikkande stilt var det. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, for visst eg begynte å ro kunne eg hamne ein langt annan stad enn eg skulle. Eg låg i ro, men skodda såg ikkje ut til å lette. Plutseleg såg eg to måsar som for og flaug over hovudet mitt. Dei for sin veg og kom att. Dette stod på tre gonger, trur eg. Eg tenkte eg fekk ta og følgje etter måsane og sjå kvar dei for hen. Så eg rodde etter måsane i den retninga dei for, og kom akkurat oppi støa heime. Dette syns eg var rart.