Intervju med Kristoffer Reiten 06.09.01 av Per Norvald Ræstad

Det første eg kan komme i hug var frå då eg begynte på skulen i 1928 i den gamle skulestova på Jenset. Skulen var ikkje gått gjennom så mykje utvikling frå foreldra mine gjekk der og til eg begynte. Det var krinsen som eigde skulestova og hadde ansvaret for å halde den vedlike. Det vart også utført mykje pliktarbeid, sånn som veden vart levert på plikt, eit visst vedla for kvar gard. Mykje av arbeidet vart utført som pliktarbeid, sånn som vedlikehald og den slags arbeid. Det som skulle ut i pengar var utlikna som krinsskatt, og dei brukte grunnlaget for kommuneskatten til å rekne ut krinsskatten. Eg trur ordninga med krinsskatt vart avvikla i midten av 30-åra. Eg kan huske at far min var krinsformann, som det heitte den gongen, og då hadde dei eit krinsmøte for å rekne ut kva dei måtte ha i krinsskatt for å dekke utgiftene. Det vart så utlikna og sett opp ei liste. Dei fleste betalte vel den krinsskatten på møta, men det var vel nokon som ikkje var på møta som vart att, for eg kan huske at eg ein gong gjekk rundt på gardane og samla inn krinsskatten. Så eg har sjølv opplevd den ordninga, som seinare vart avvikla sånn at kommunen tok over.

Skulen var ganske enkel den gongen, men skulestova var kulturhuset i krinsen. Det var mange aktivitetar der både på kveldstid og i helgane. Det var aktivt ungdomslag den gongen som heldt jamne møte og årsfestar og den slags, og avhaldslaget var aktivt og likedan misjonsforeningane. Dei fleste i bygda deltok i det meste, men det var ikkje noko inspirerande underhaldning og aktivitet for ein unggut i oppveksten. Det vart sagt som skjellsord at det einaste du kunne vente deg var ein emissærtale, fråhaldsprat og Venstrepolitikk og anna gledesløyse, som dei sa.

Den oppveksttida mi frå midten av 20- til midten av 30-åra vart gjerne kalla depresjonstida. Det vart nesten slik at folk ikkje visste kva ein skulle ta seg til som kunne gje noko avkastning. Det var stor arbeidsledigheit. Det var her i krinsen som elles på Otrøya at det var om vinteren det kunne vere noko pengar å tene. Om sommaren var det dårleg både med fiskeriet og det å kunne få seg ein betalt jobb elles. Eg veit at her på garden var det leigd slåttakar i slåtten nokre år, og det var stort å få vere slåttakar, så det var mange som meldte seg til jobben, for det var mange flinke ungdommar i bygda som gjekk og ikkje hadde noko å foreta seg. Så det å få seg nokre veker med arbeid for ei brukbar betaling var ettertrakta.

Dette begynte å forandre seg i midten av 30-åra, for det var då det var innsett den krisepolitikken som vart kalla Nygårdsvoll sin krisepolitikk. Dei begynte å sette inn bidragsordningar og stønad til jordbruket, og det førte til at dei fekk pengar til reparasjon av driftsbygningar og til jorddyrking, så det vart meir aktivitet. Det same gjaldt fiskeria, det vart gitt stønad til vegn og båtar. Så sjølv om det vart harsellert mykje med desse ordningane, og alt ikkje var like vellykka, så auka det aktiviteten så det vart meir trivsel og virksomheit.

Her i krinsen merka vi det mest på den oppdrettsnæringa som kom då, pelsdyrnæringa. Annakvar gard her hadde nokre pelsdyr, og for dei som fekk det til var det ei bra attåtinntekt i dette. I og med at det tentest litt pengar vart det litt å gjere for mange andre også, så det førte med seg ei positiv utvikling. Men nokon stor aktivitet var det ikkje i første halvdel av 30-åra, for det var vel slik som det blir sagt at ein kan ikkje dømme dåtidas handlingar med notidas viten. Det meste av det vi brukar i dag og dei faktorane som måtte finnast for å få ei utvikling, dei fanst ikkje. Dei tre faktorane som blir nemnt er kommunikasjonar, kunnskap og kraft. Det fanst ikkje elektrisk kraft, kommunikasjonane var dårlege og dermed var både tilgangen til kunnskap og mykje anna som ein måtte søkje etter vanskeleg. I det heile gjekk det verkeleg seint, men i siste halvdel av 30-åra merka ein framgang og utvikling likevel. Det vart begynt å koste på båtane og det var fornying av mykje som hadde forfalle i depresjonstida.

Ein merka vel allereie då i dei siste par åra av 30-talet, 1937-38, at det var spenning mellom stormaktene og det gjekk rykte om at det kanskje enda opp i krig. Det gjorde vel sitt til at det vart meir aktivitet enn før.

Her på garden hadde vi ein liten motorbåt som vi brukte til eige bruk som skyssbåt. Den hadde vi fordi vi hadde sjøbu på Rindarøya, dreiv sildesalting der mellom anna. Den båten låg fortøyd her nedpå. Det kunne forekomme at det skjedde ei ulykke og folk måtte bruke kortaste veg for å komme til doktor, doktorkontoret og doktoren var på Aukra, der var distriktslege. Eg kjem i hug at dersom det hendte at det kom nokon og skulle ha skyss, så var det ikkje noko som heitte at ein ikkje hadde tid eller var opptatt så ein ikkje kunne gå, ein kasta frå seg det ein heldt på med og tok båten og skyssa dei som trong hjelp. Men eg kan aldri komme i hug at vi først ringte til Aukra for å spørje om doktoren var til stades før vi gjekk, det tok vi som ei sjølvfølge, endå doktoren var åleine som distriktslege. Eg veit ikkje om nokon gong at vi kom til Aukra med eit slikt tilfelle med øyeblikkeleg hjelp at ikkje doktoren var til stades. Det betydde vel at folk praktisk talt ikkje brukte doktor anna enn ved heilt livsviktige høve. Når vi tek i betraktning at distriktslegen betente både Sandøy, Sør-Aukra og Nord-Aukra skulle vi tru at han nesten aldri var heime, hvis folk brukte doktor som dei gjer i dag. Men folk brukte ikkje doktor anna enn i reine nødstilfelle. Det er ein del av historia. Dette forandra seg fort når krigen var over og helsevesenet vart meir utbygd av det offentlege.

I oppveksttida mi var det her på garden ein kombinasjon av fiskeri og gardsdrift, og det daglege arbeidet på garden begynte vi å vere med på som barn. Ein kunne vel gjerne kalle det barnearbeid, men det var vel for å ta vare på og vite kvar ungane var hen at dei tok dei med seg på det arbeidet dei heldt på med, om ikkje akkurat arbeidsinnsatsen til ungane var så stor. Fiskeriet foregjekk den første tida eg huskar uti Ona-havet. Det var først storsildfiske, som gjerne begynte før jul og varte til januar-februar, og deretter var det torskefiske i Ona-havet. Men dette svikta etter kvart så dei måtte begynne å søkje felt andre stader, storsilda sørover mot Bergenskanten og først i 30-åra måtte dei gå til Lofoten på torskefiske. Dei salta som sagt torskefangstane i ei rorbu ute på Rindarøya og eg huskar ein gong at eg fekk vere med dit og hente heim saltfisken, eg var vel i 8-9 års alderen. Men det var siste gongen, sidan kom dei frå Lofoten. Om våren var det å vaske opp den fisken og begynne å tørke den til klippfisk. Den vart levert til Kristiansund som ferdig klippfisk rundt jonsok. Dette var eg med på, men det vart slutt på det når krigen kom i 1939. Det eg huskar godt var at i 1939 foretok far ei betydeleg ombygging av båten, den vart forlengt, ombygd og sett inn ny motor på Salthammar på Vestnes. Eg var med på å montere og forskjellig anna arbeid på båten ettersommaren i 1939, og då var forhandlingane og truslane om krig det aktuelle nyheitsstoffet. Folk på Vestnes var utstyrt med radio i kvart hus den gongen, det var ein ikkje her utmed oss, for det var mykje enklare å bruke ein radio der på fastlandet der dei hadde elektrisk straum. Det var berre å kjøpe eit apparat og plugge det inn så fungerte det. Å drive med ein batteriradio som vi hadde her var det mykje styr med. Dei måtte ha ein lavspentakkumulator og høgspentbatteri, så det var vanskelegare å få det til å fungere og dyrt å bruke. Så folk flest hadde ikkje radio her på øya. Men på Vestnes var det radio i kvart hus og det vart diskutert livleg det som stod føre, og somme var heilt sikre på at det kunne bli krig, andre meinte at fornuften måtte sigre. Det endte no med at krigen braut ut mellom stormaktene i slutten av 1939, så om ikkje krigshandlingane var så store var vi allereie inne i ein krigssituasjon, og vi fekk oppleve 9. april i 1940 før neste sommar var komen.

Eg kjem i hug at vi var på Lofoten og då var det snakka og meldt i radio slik at dei fleste trudde at no stod vi framføre ein krig. Det vart meldt om at det var torpedert troppeskip utfor Sørlandet og at det var innredda soldat og at dei fann hestekadaver i sjøen, så den allminnelege mann i gatene i Svolvær snakka om at no var det ikkje lenge før vi hadde krig. Vi var på veg heim, hadde lasta inn saltfisken, og var komne utfor Bodø då meldinga kom 8. april om at no hadde engelskmannen minelagt Hustadvika og Stadthavet, og 9. april gjekk tyskaren på angrep på landet her og okkuperte det. Det som følgde etterpå er vel godt kjent, vi fekk ein kortvarig krigssituasjon og deretter ein femårig okkupasjon. Det kunne vel vere mykje å fortelje akkurat om okkupasjonen, men ein veit ikkje kvar ein skal begynne eller slutte. Men det varte no i fem år. Det vart i grunnen slutt på dette med arbeidsledigheit, for folk måtte prøve så godt dei kunne å få husholdninga å fungere. Det vart lite å kjøpe, så det vart ikkje så stort jag etter pengar som det hadde vore før. Det er i grunnen heilt utruleg kva folk kunne klare seg med når det ikkje var muleg å få tak i noko anna enn det som ein måtte avfinne seg med at det var den gongen.

I 1943 søkte eg meg inn på Fiskarfagskulen, som var flytta frå Aukra og var i Midsundet. Styraren var Svein Sømme, og skulen hadde allereie vore der då eit par år, så den var innkøyrt og i gang der. Eg kom dit og begynte på skulen og vart hybelbuar med Gjertine på Bønå frå hausten i 1943. Vi var i alt 29 elevar og dette var einaste fiskarfagskulen i landet. Vi fann oss godt til rette og alt fungerte stort sett bra. Vi hadde felles kosthald med spisesal i kjellaren i huset til Knut Sjøvik, som seinare vart konfeksjonsfabrikk og no er kommunehus, og det gjekk ganske bra heile førejulsvinteren. På etterjulsvinteren merka vi at Sømme var vekk fleire turar utan at det var noko skikkeleg forklaring på kvifor han var vekk. Mot våren fekk eg beskjed om at eg var i den årsklassen som skulle melde meg til arbeidsteneste, og eg lurte då på korleis eg skulle opptre i den sammenheng. Så spurde eg Sømme, og han sa at etter kveldsmaten den kvelden kunne eg komme opp til han, han budde oppe hos Volle, så han fekk snakke med meg. Han sa då at eg ikkje måtte melde meg til arbeidsteneste, fordi no begynte tyskarane å bli meir desperat, det gjekk dårlegare med dei i krigen, og med ein maritim utdannelse då, så veit du ikkje kva skjebne du kan få hvis du blir innkalla til arbeidsteneste. Eg skulle i alle fall ikkje melde meg, men hvis eg fekk innkalling så måtte eg komme til han med ein gong, så var det all grunn til å tru at eg skulle klare få utsettelse til skulen var slutt. Men samtidig fortalde han at han var i ein vanskeleg situasjon sjølv, og at han og måtte prøve å forlate landet når skulen var slutt, for han rekna med at no når bror hans var arrestert og var dødsdømt for illegalt arbeid, var han også i søkelyset. Så han la fram ei plan for meg at dersom eg kom i ein vanskeleg situasjon så burde eg ikkje planlegge slik som dei hadde gjort hittil, at eg måtte ta ein båt og stikke av til Shetland. No hadde tyskarane ståande ordre om at hvis nokon prøvde å rømme over med båt, så skulle dei ta represalier på dei folket som var igjen heime, og på den måten lage slike skremselssituasjonar at dei skulle få slutt på dette at folk heldt på å rømme over til Shetland. Eg skulle heller prøve å rømme over til Sverige, men det måtte vere skikkeleg planlagt elles var det så lett for å mislykkast. Han sa at han hadde ei rute som eg skulle få, men han måtte helst ikkje ha den, den måtte puggast, for hvis han vart arrestert eller fekk ein ettersøkelse, så var han mykje lettare å avsløre. Han skisserte denne ruta for meg. Det som vidare skjedde var at i mai vart plutseleg Sømme arrestert. Han vart gripen på fersk gjerning i forbindelse med fotografering på Klauset, og slik vart den historia som han har gitt ut bok om erkjent, der han vart arrestert, men likevel klarte han å rømme og berge seg unna. Eg kom ikkje opp i nokon situasjon, for eg vart ikkje innkalla til arbeidsteneste. Det som vart kjent var at Heimefronten var klar over at alt var klart til innkalling til arbeidsteneste, dei visste om det kontoret i Oslo som hadde arkivet, hivde ei brannbombe inn der og brende opp alt. Så det var mi lykke den gongen, så eg slapp å bli innkalla til arbeidsteneste under krigen.

Etter kvart som vi kom ut mot 50-åra begynte det heile å normalisere seg etter krigen, og eg vart engasjert i fiskeriet. Eg var om bord i båten til far min om vinteren, men etter kvart var eg også ute som leigeskipper om sommaren på større båtar både på Bjørnøya og på Island. Men i 1952-53 fekk eg bygd meg ein ny 75 fots båt sjølv og eg vart oppteken med drifta og vedlikehaldet av den. Eg dreiv heile året, det var storsildfiske, Lofotfiske og torskefiske ved Island om sommaren. Det var brukbare mulegheiter og ein fekk det til slik som ein håpa at det skulle gå, så det gjekk etter måten bra.

Eg var vel også den gongen interessert i politikk og ikkje minst styringa av kommunen, og det var mangt ein kunne ønska var annaleis. Men eg hadde lita tid til det, så eg engasjerte meg ikkje særleg i det. Men då eg kom heim frå Island hausten 1955, var eg oppsett på førsteplassen på Nord-Heggdal si krinsliste til kommunevalet. Eg var ikkje særleg begeistra for det, for eg visste at eg hadde lita tid til å ta meg av slikt, for eg var opptatt av å drive båten å få det til å fungere. Men eg gjorde ikkje noko med det, dermed enda det med at eg vart vald inn i kommunestyret. Når kommunestyret vart konstituert det året, vart eg også vald inn i formannskapet. Kommunikasjonane den gongen var dårlege. Det var kring juletider, kanskje mellom jul og nyttår, den konstitueringa foregjekk. Det var opplagt slik at det gamle kommunestyret hadde først kommunestyremøte, så vart det konstituering av det nye kommunestyret etterpå. Det kom snø om natta, og vegane vart sperra, for det var ikkje brøytte vegar. Så eg måtte ta rutebåten til Midsund om kvelden, overnatte der, og fare derifrå på kommunestyremøte som var på Raknes. Det vart heller ikkje opne vegar slik at eg kom heim igjen om kvelden, så eg måtte overnatte og reise tilbake igjen neste dag. Det illustrerar litt om korleis kommunikasjonane var den gongen. Det første det nye formannskapet fekk i fanget var at dei skulle prøve å halde køyrbar veg om vinteren. Men det mislykkast i alle fall både den vinteren og neste vinter. Etter kvart som ein fekk utstyret på plass og det vart påkosta på vegane kan ein vel i praksis seie at ein greidde å halde stort sett oppe vegane frå den tid av. Det vart elles meir stabilt etter kvart, men det var ei heil oppgåve i seg sjølv den gongen å kunne ha køyrbar veg heile året.

Når eg tenkjer tilbake på det første formannskapet eg var i, så var det nok langt andre kår å arbeide under enn kva ein kan tenkje seg i dag. Budsjettet var ikkje så stort, og det var ikkje vesentlege overføringar frå staten og fylket til kommunane. Det var litt midlar å hente frå fylket som heitte skatteutjamningsmidlar, men Midsund kommune var dårleg stilt i så måte, det var no heller ikkje Midsund den gongen, men Sør-Aukra, for vi hadde store skatterestansar frå depresjonstida. Eg trur vi hadde i det heile 300 personar som stod med skatterestansar, og fylkesmannen heldt på at vi fekk drive inn det vi hadde til gode før det kom på tale med skatteutjamningsmidlar. Det tok betydeleg tid å rydde opp i dette, og dei som var leiarar for kommunen den gongen, særleg ordføraren, Dyrseth, gjorde ein stor jobb. Når ein tenkjer på dei vilkåra han hadde, ikkje nokon særleg administrasjon, så er det beundringsverdig at han kunne greie å gjere så mykje, for han sleit ein heil del på eigen økonomi, for godtgjersla for det arbeidet han gjorde var dårleg. Når eg tenkjer på dei personane eg var saman med i det første formannskapet, så er det omkring femten år sidan den siste av dei døde, eg er den einaste som lever att av dei.

Den første perioden eg var med i kommunestyre og formannskap, frå 1955 til 1959, med Dyrseth som ordførar, var det mykje snakk om å få kommunen til å fungere bedre. Det var endå ikkje ferdig det endelege oppgjøret med Aukra kommune, sidan det var oppløyst i 1924. Det var kapellet i Nord-Heggdal som var ein del av avtalen, og det var endå ikkje fullført. Den saka hadde vi framme både ein og fleire gonger, men samtidig var det i gang bygging av Ræstad og Nord-Heggdal skular, og Raknes skule var bygd i forrige periode, så det hadde begynt å bli ein del kommunal aktivitet. Med den administrasjonen ordføraren hadde den gongen, var han ein svært opptatt mann. Han fekk det til også, men når vi starta opp med Nord-Heggdal og Ræstad skular, braut økonomien saman. Det såg ikkje lovande ut, men fylkesmannen, Oksvik, den gongen gjorde ein innsats i Oslo, slik at vi fekk det inn under kommunalbanken, og det vart no endeleg slik at vi fekk fullført prosjekta, sjølv om det i praksis vart eit år forseinka. Det gjorde at den saka med Nord-Heggdal kapell måtte berre vente, for kommunen var tatt under administrasjon,. dei fekk ikkje ta opp nye lån. Derfor var mulegheitene begrensa. Eg huskar at det vart mykje snakka om dette. Dei hevda at det var gossingane som var dårlege naboar og ikkje ville betale for seg, men når eg i ettertid har fått vore med å løyse den kapellsaka, så er det ikkje heilt riktig det som blir sagt der, for i verkelegheita viser historia at gossingane var greie karar å betale for seg berre ein fremja sakene på ein slik måte at det kunne skje. Når ein skulle ta opp så gamle saker krevde det ei mykje meir fullført saksbehandling, og det var slik som Otto Ræstad sa ein gong når det var snakk om den kapellsaka: -Det er berre slik at dei som kan å reise saka vil ikkje, og dei som vil kan ikkje, og slik så er det ikkje komme lenger enn det er.

Men tida gjekk, og når vi kom ut i 60-åra var det ikkje forholdet til Aukra som var mest diskutert, for då stod vi over for ei ny kommuneregulering. Det var Skei-komiteen si innstilling. Då fekk vi kommuneregulering med Midøya, som før hadde høyrt til Vatne kommune, som då skulle gå til Sør-Aukra og vi skulle danne Midsund kommune. Sjøvik var ordførar, og det vart mykje att og fram med dette, men plutseleg var vi inne i situasjonen og det vart ein overgang som vi merka lite til. Dei nye kommunepolitikarane og innbyggjarane som kom til frå søre Midøya fann snart ut at det var ei naturleg løysing, og vi kunne heller ta til med større oppgåver slik som bygging av Midsund skule og kravet om bru over Midsundstraumen. Bru over Midsundstraumen vart ikkje teke opp og framheva under kommunereguleringa, for Vatne kommune pumpa på at dei ville fortsatt vere eigen kommune. Det fekk først vind i segla etter at kommunereguleringa var eit faktum og Vatne kommune vart nedlagt og innbyggjarane på Midøya fann seg heime med oss, sjølv om dei framleis var forankra i det at dei hadde vore sunnmøringar. Når vi fekk bru over Midsundstraumen så snart som vi gjorde så var det fordi at fylkesmann Sandane sette ned eit utval for å utrede korleis det kunne byggast ferjesamband til Sandøy kommune og øyane i Haram. Det forslaget som då kom fram gjekk ut på at det skulle byggast ferjekai ute på øyane og med forbindelse til Brattvåg, via Dryna. Ferjesambandet Ørsnes-Midøy skulle leggast ned og det skulle byggast bru over Midsundstraumen. Brua over Midsundstraumen var utanfor det riksvegopplegget med ferjekaiene, det måtte byggast som fylkesveganlegg. Fylkestinget vedtok dette opplegget, og gav Midsund kommune rett til å forskottere brua, før dette prosjektet vart aktuelt. Derfor vart brua bygd eit par års tid før ferjekaia vart bygd, hvis ikkje hadde ho vorte bygd i samband med den.

Dette gav også hard medfart på den kommunale økonomien, og det enda med at mykje av dei kommunale planane stoppa opp. Mellom anna var Magerøyvegen klar for bygging då, og det var eit meget rimeleg tilbod for bygging av veg på Magerøya som måtte skyvast ut i tid, for kommunen vart hindra i å ta opp lån på grunn av dei kostnadene dei hadde lagt i Midsundbrua.

Når 70-åra nærma seg og bygginga av Midsund bru og kommunereguleringa var gjennomført var det nytt val. Slik situasjonen då var syntes eg ikkje det var spesielt interessant å fortsette i kommunepolitikken. Eg hadde fungert så lenge at eg hadde krav på å seie frå meg og benytta meg av det. Så i perioden 1968-72 var eg ikkje med i kommunestyret. I mellomtida stilte Sjøvik igjen til val, han vart vald til ordførar. Men på mellomvalet, etter to år, i 1970, vart han vraka som ordførar, og ny ordførar vart Kåre Straume. Det vart mykje turbulens då i kommunepolitikken i Midsund og økonomien var vanskeleg på grunn av dei store låna kommunen vart sitjande med etter forskotteringa av Midsund bru. Så vart det nytt val hausten i 1971. Eg forsøkte å be om ikkje å bli nominert til val, men eg hadde ikkje noko krav på å seie frå meg, så det enda med at eg vart vald inn at i kommunestyret. Då vart eg også vald inn i formannskapet og eg vart vald til ordførar. Så eg fekk mange av dei problema som då låg føre i fanget. Kommunen var i ein nokså dårleg funksjon i og med at det var tilsett formannskapssekretær, men han hadde permisjon. Dei hadde hatt ein vikar som hadde slutta, så i praksis når eg skulle ta over som ordførar på nyåret i 1972 fekk eg berre nøklane til kontoret og måtte begynne å få kommunen å fungere som best eg kunne. Det enda med at eg vart sitjande som ordførar i 12 år framover, og det vart mange saker å ta seg av og løyse i ein såpass lang periode. Eg var samtidig 8 år i fylkestinget, og eg vil seie at kombinasjonen fylkesting - ordførar gjorde vel at det var større mulegheiter å gjennomføre saker der begge desse funksjonane skulle koplast saman, for eksempel dette med nytt ferjesamband over Solholmen, bygging av sjukeheim og løysing av Magerøyvegen for å nemne nokre.

Men når ein kjem inn på så lang tid i kommunepolitikken veit ein ikkje kvar ein skal begynne og slutte når ein skal fortelje historia, så eg trur eg må begrense meg til å seie at eg stod på i 12 år. Eg ser tilbake på den tida eg hadde i kommunen som rike år, og kommunen gjekk gjennom ei nokså rik utvikling slik som kommunar flest har gjort. Men når ein ser på den kommuneøkonomien som er i dag med dei betydelege overføringane frå staten og den romslege tilgang på administrasjon, så er eg redd for at det er vanskeleg for dei som fungerer i kommunepolitikken i dag å leve seg inn i korleis det verkeleg var frå 50-åra og utover.

Kristoffer Reiten kommenterte etterpå han hadde spela inn dette at hvis Johan Julnes eller andre som var interessert i å skrive ned delar av det han no har spela inn og ville ha nærare greie på spesielle ting så kunne han kommentere det på band seinare.