Intervju med Ivar Krabbevik av Per Norvald Ræstad

Eg er no 85 år, og eg har drive sjøen all mi tid. Eg var konfirmert i 1931, og då vart eg med Harald Misund og tråla reke, både den vinteren og vinteren etterpå. Etter at eg slutta der var det var snurpefiskeri vi dreiv og not. Vi var både i Trøndelag og forskjellige andre plassar. Notbruket høyrde til på Harøya, det var ein som heitte Lasse Morsund som hadde kosta notbruk, og Karl Høgset var bas. Men det vart ikkje så mykje inntekt av det. Vi fekk 5 kroner veka, så vi kjøpte tørrmaten sjølv, noko anna oppgjør trur eg ikkje vi fekk. Dette var vel i 1933. Etter det slutta eg fiskeriet og gjekk om bord i Embla, som dreiv fraktfart i Lofoten og på Finnmarka og salta fisk. Der var eg med til krigen braut ut. Etter at det hadde begynt å roa seg litt gjekk vi med fraktfart frå Åndalsnes og til Sunndalsøra med barakkematerial.

Etter krigen kjøpte eg meg garnlott og begynte og drive sildefiskeri nokre år. Så var eg om bord i forskjellige båtar.” Sjøfuglen”, båten som far min hadde, forliste i 1944 på Selje, så seinare vart eg med Kristoffer Breivik på ein båt som heitte ”Bjarne”. Der var eg i fleire år. Når eg slutta med garndrifta, reiste eg til Ålesund og begynte om bord i snurpebåtane der,  den første var ein båt som heitte ”Hindholmen”. Den var eg med både ein vinter på storsilda og på Island om sommaren. Seinare var eg om bord i forskjellige båtar. Eg var så heldig med det at eg fekk plass med Høgset Notlag når eg var heime. Eg var på Island i seks år, og når eg kom heim var eg med Høgset Notlag nord i Trondheimsfjorden om haustane og fiska sild og brisling. Der heldt vi på heilt fram til jul. Eg var med to år på ein bergensbåt som heitte ”Solnes” på Island, og to år med ”Proberty”. Eg var seks år på Island til saman.

Etter at eg slutta fiskeriet begynte eg hos Reidar Misund og arbeidde på fiskeoppdrettet der seks-sju år.