Krigsutbruddet 1940 steinkjerområdet

 

Vi flytta inn i huset vårt same dagen som tyskarane gjekk inn i Polen. Vi fylgde med i radio og tok til å skjøna at det kunne bli ein ny verdskrig. Men eg trur ikkje nokon trudde at landet vårt så snart skulle bli okkupert. Det kom engelske soldatar til Steinkjer, og ein morgon fekk vi melding om å melde oss til arbeid ute ved Trana teglverk. Per, eldste son vår, og eg mante opp der saman med nokre andre frå krinsen, og vi vart sett til å legge murstein som golv i tegelverkbygninga. Vi sa oss i mellom, at dei truleg skulle kjøra inn tunge stridsvogner. Eit tysk fly hadde i fleire dagar krinsa rundt Steinkjer og fotografert, og det gjekk ikkje så lenge utover dagen før tyske fly tok til å bombe Steinkjer. Den engelske kapteinen som hadde kommandoen ved teglverket gav ordre om at vi skulle fare heim, men berre to og to i lag. Vi høyrde skyting ute ved Sandvollan, og fekk sidan vite at det var kamp mellom engelske og tyske tropper. Då vi gjekk heim hagla det av bomber over Steinkjer, og husa stod i brann. Vi forstod ikkje kor farleg det var då vi gjekk gjennom Tranaskogen, for vi stansa og rekna etter kor mange bomber eit fly slepte. Det vart skote frå flya og eg høyrde susen av ei kule som gjekk forbi oss. Oppe på Steinkjerbakken kjende vi eit hardt lufttrykk, og då vi snudde oss såg vi eit hus som var kløyvt i to, og bøker flaug gjennom lufta. Vi skunda oss heim, og litt etter kvart kom flyktningar frå Steinkjer til oss. Engelske soldatar skunda seg etter vegen nordover, og mange av dei hadde kasta frå seg geværet, skinnvestar og tyngre kledeplagg. Eg tok ein skinnvest, men leverte den over til ein som kom kjørande oppover dalen. Eit gevær gøymde eg førebels, men gav det sidan bort til ein kjenning i Øvre Ogndal, og han hadde det under heile krigen og brukte det på jakt. Det strøymde stadig folk oppover Ogndal, og innan morgonen var det 31 menneske i huset vårt. Men dei reiste oppover dalen litt om senn, og så vart det 12 igjen attåt oss fem. Det gjekk soleis fort at den maten vi hadde kjøpt inn minka, men vi var seinare heldig og fekk nokre boksar Corned Biff frå eit engelsk lager. Ordførar Gausen, Steinkjer, og familien hans budde hos oss. Han var mellom anna forretningsførar for Grand Hotell, og han spurde om eg ville vera

med og redda ut noko før huset brann opp. Dei første bombeflya hadde reist, og enno brann ikkje alle hus. Hotellet stod enno, og vi bar ut ymse ting som vi tenkte å taka heim sidan. Vi tok med oss nokre pakkar, mellom anna to milde sigarettar som sidan vart utdelt til norske fangar som arbeidde på vegen Risgropa mot Egge. Då vi sidan skulle hente det vi hadde bore ut av Grand Hotell, synte det seg at alt var borte. Flya kom seinare og bomba resten av Steinkjer, men jarnbanestasjonen, kornsiloen , folkeskolen, gymnaset og eit par andre hus vart ikkje skadd.

Som før fortalt var vi mange i huset, og vi sat og prata og ante ikkje at tyskarane var komne før kulespruten frå maskingevær kom som ei lysande stripe mellom stova og uthuset. Vi sprang då i kjellaren. Det var tidleg på kvelden, og dei fleste hadde for lite klede på seg. Eg gjekk då opp i gangen og soveroma og samla saman en del klede, men eg vart ståande ei god stund før eg torde springa rundt huset til nedgangen åt kjellaren, for kulespruten flytta seg av og til frå uthuset til våningshuset. Eg undrast på seinare kvifor ikkje ei einaste kule hadde råka husa, men fekk svar på dette då eg seinare fekk vita kvar maskingeværet stod oppstilt. Det synte seg at to jordhaugar på Midjo gard låg slik til, at når kulespruten gjekk mellom dei, så råka den ikkje husa. Kjellaren vår var delt i fleire rom med mur mellom. Eg stod og såg gjennom vindauga heilt til klokka sju om morgonen. Dei andre var i eit rom lenger inne i kjellaren. Det var ei fæl natt. Eg såg korleis dei store husa på garden Midjo vart skoten i brann. To eldre damer frå Steinkjer brann inne der, og alle dyra i det store uthuset brann inne. To gonger skaut dei lysbombe mot huset vårt, men det var truleg for å sjå om det var engelske tropper oppe i lia. Eg var redd for at huset skulle bli skote i brann, så eg sa til dei som sat inne i kjellaren at dei måtte vera ferdig til å røme til skogs dersom eg varsla. I ei vedkasse i størhuset låg hunden vår. Han låg heilt stille heile natta, og han skjøna nok at det var noko som ikkje var som det skulle. Han var seinare heilt rasande når han såg ein tyskar. Om han låg inne i kjøkenet, så høyrde han når tyskarane kom marsjerande oppover flå Steinkjer, og då for han fort opp på ein stol og såg ut gjennom vindauga samstundes som han knurra og håret reiste seg i nakken.

Om morgonen gjekk vi opp i stova, og då var det godt med mat og kaffi. Tyskarane hadde teke inn i husa rundt oss. Vårt hus var så nytt at dei hadde det ikkje på kartet. Det kom ein til oss då det lei ut på føremiddagen. Eg var ikkje heime då, men dei fortalte at det visstnok var ein offiser, for han hadde flat luve. Han sa at ingen trengte å vera redde no sidan engelskmennene var jaga, for no hadde tyskarane kome for å verna om oss. Seinare kom ein annan offiser. Han såg på Kragen min som hang på veggen, og på fleire radioar som flyktningar hadde med seg, men gjekk utan å seia noko. Kona og eg gjekk til Garden Gjeldvoll for å sjå korleis det stod til i fjøset. Vi visste at folket på garden hadde rømt oppover dalen. Berre ein gamal mann var att heime. På garden var det fullt av tyskarar. Ein østerrikar var med oss i fjøset. Vi gav dyra mat og mjølka. Det var kamp oppe ved Sunnan, og vi høyrde skota. Det var ein underoffiser som var med oss i fjøset, og han gjorde sitt beste for å gjera oss rolege og trygge. Det kom ein soldat inn i fjøset, og underoffiseren tok han med seg ut i fjøsgangen. Dei tala om krigen, og eg høyrde underoffiseren sa: " Tal ikkje høgt for det er ein lærar inne i fjøset". Eg fekk tak i noko av samtalen, mellom anna at to tyske soldatar hadde falle ved Sunnan. Dagen etter gjekk vi til Vibe gard, (største garden i Ogndal) Ytterdøra stod open, og då vi gjekk inn, fekk vi sjå at tyskarane hadde herja inne i stova. Det låg bankbøker på golvet, og stolar og bord var velta, så tyskarane hadde nok drukke seg fulle om natta. Vi ordna opp litt, og så gjekk vi bort fjøset. Kyrne hadde ikkje vore mjølka, og vi tok mjølkemaskina og mjølka kyrne. Men mjølka gav vi til grisane, for det hadde kome ost i mjølka. Eit par av grisbryene var knuste. Vi var ikkje dei første som var inne i fjøset sidan tyskarane kom, for Aksel Ramstad hadde kome frå Øvre Ogndal, og han hadde gått i fjøset, gitt kyrne mat, og teke til å mjølka. Medan han dreiv på med det kom ein tysk offiser springande med eit kraggevær han hadde funne hengande på veggen inne i stova. Han var sinna og ropte dum dum kuler. Han truga Aksel med geværet, men han fekk til å forklare at han budde ikkje på Vibe, men hadde kome for å gi dyra mat. Ein som hadde flykta frå Steinkjer hadde hengt att geværet på Vibe, og uheldigvis var kulene fila av frampå spissen. Han hadde truleg tenkt å bruke ammunisjonen på elgjakt. Medan vi heldt på og stelte i fjøset kom det mange tyskarar og tok inn på garden, og ein løytnant kom inn i fjøset. Han røykte på ein sigarett. Då det låg høy langs båsane, bad eg han om å sløkkje sigaretten. Han gjorde det, og så spurde han om vi visste kvar Kong Haakon heldt til. Etterpå gjekk han. Til Gjelvoll og Vibe gjekk vi kvar dag og gav dyra mat, og vi mjølka kyrne. Ein dag kom ein tysk soldat til Vibe. Han tok ein sykkel, og samstundes bad han om å få ein kasserolle. Eg var med han inn i kjøkenet og fann i ein kasserolle til han. Samstundes sa eg at eg ville gå bort til grannegarden og sjå om familien Andersen var heime. Då eg tok til å gå gjekk han etter meg med geværet peikande mot meg. Familien Andersen kom ut, og eg fekk tale med dei. Sonen Fritjof var nett komen heim. Han hadde rømt frå krigen i Narvik. Då eg gjekk heimover att var tyskaren meir roleg. Han gjekk ved sida av meg, og hadde børsa i reim over skuldra. Han spurde om det var far min eg hadde tala med, men eg sa at Rolf Andersen og familien var venene våre. Litt etter kvart kom dei som hadde flykta oppover dalen tilbake til heimane sine. Og kvar dag kom det tyskarar køyrande og marsjerande nedover.

Før eg går vidare i å skrive om hendingar før og etter krigen, vil eg fortelje noko om krigen i Innherad våren 1940. Det er dagane frå 20. april og utover. Før Steinkjer vart bomba kom det ut to aviser i byen. Det var "Nord-Trøndelag", blad for bondepartiet, som hadde Johannes Kjesbu til redaktør, og venstrebladet "Inntrøndelag" der Olav Haugen var redaktør. Dei to blada vart slått saman og fekk førebels namnet "Nord-Trøndelag & Inntrøndelag". Redaktør Olav Haugen skreiv i bladet: "Jeg har ment at de begivenheter som hendte i vårt distrikt i april i år, bør nedtegnes noe før det går over i historien og bevirker sagndannelse". Eg har lese over det som Olav Haugen skreiv og nytta noko av det som kjelde.

Folk i Innherad liksom elles i Noreg var ikkje van med krig. Ein tok det derfor med ro, og leit på at landet vårt ikkje kom i faresona. Det hadde gått over to hundrede år sidan det var krigsoperasjonar i Inntrøndelag. Det var under den nordiske krigen i 1718 då svenske tropper under leiing av general Arnfeldt rykte gjennom Verdal og streifa kringom i bygdene utover hausten. Enno går det segner om hendingar under dette felttoget, og då inntrønderane er interessert i lokalhistorie, vart også en god del nedskrive og trykt. Noko større slag vart det ikkje i Innherad i 1940, men det ein kan kalle mindre trefningar, men for sivil-folket var det alvorleg nok.

Når ein tek unna krigsoperasjonane i Stjørdal og Hegra, var det ikkje "trefningar" i Nord-Trøndelag før 21. april. Men speidarfly krinsa kvar dag over bygdene, så tyskarane hadde nok god greie på kvar dei norske og allierte tropper heldt til. Folk vart så van med å sjå desse flya, at ein knapt la merke til dei. Folk ein tala med meinte at det vart nok ingen krig i Innherad. Ein trudde ikkje dei tyske styrker som kom til Trondheim den 9. april, og som var fåtallig, våga å dra nordover der det var større styrker av IR 13 og DR 3. Dessutan rekna ein med at allierte styrker som kom i land i Namsos ville draga sørover og møte tyskarane i Skatval. Nokre dagar etter at tyskarane kom til Trondheim fekk ein sjå 2-3 tyske skip ute i Beitstadfjorden, men desse skipa måtte snu, då det låg tjukk is på fjorden. Såleis fekk ikkje tyskarane høve til å landsette tropper i Steinkjer, og mange trudde derfor at det ikkje vart krigsoperasjonar så langt nord i fylket, men slik gjekk det ikkje. Eg vil derfor fortelja om krigshendingane i Innherad, og tek til med dei første trefningar som var i Verdal.

 

Slaget ved Verdalsøra.

Tidleg under krigen fekk folk på Verdalsøra varsel om at det var fare for krigsoperasjonar , for ved bruene over Verdalselva, jarnbanebrua og vegbrua var det norske soldatar på vakt. Natt til søndag 14. april venta ein framrykking med eit militærtog, og brua vart sprengt. Det vart ein veldig smell, så folket vart vekt vidt omkring og mange glasruter vart øydelagt. Dagen etter og dagane utetter evakuerte dei fleste som budde på Verdalsøra. Men det hendte ikkje noko serleg før 21. april. Tidleg om morgonen kom eit tysk troppetog til Rinnan st., og den avdelinga som var med gjekk landevegen til Verdalsøra. På nordsida av elva låg norske tropper av DR 3. For å lette forsvaret vart det sett eld på nokre hus på sørsida av Ørmelen, like ved brua. Det var stor fare for livet av dei som utførte dette, for tyskarane skaut over brua, men dei kom seg unna langs sørsida av elva.

Då tyskarane kom til Ørmelen skaut dei norske soldatane med rifler og mitraljøser mot dei frå den andre sida av elva. Kulene gjekk gjennom og mellom husa, og derfor trudde tyskarane, etter som dei sa sidan, at det var sivile som skaut frå husa. Derfor skaut tyskarane nokre av husa i brann. Tyskarane prøvde fleire gonger å koma seg over vegbrua, men vart drivne tilbake av dei norske soldatane. Men så kom det ei avdeling tyskarar nordfrå som var landsett ved Trones, og då meldingstenesta slo klikk, visste ikkje nordmennene av før dei hadde avdelinga i ryggen, så dei i all hast måtte koma seg unna. Dei kjørte i lastebilar oppover mot Stiklestad. Tyskarane som var like etter kasta handgranatar etter bilane. Ein granat datt opp i ein bil utan å eksplodere. Ein annan granat drap ein norsk soldat frå Trondheim som kjørte ein av lastebilane. I lastebilen var det ammunisjon som dei norske soldatane derfor miste, og det var ein av grunnane til at dei måtte trekke seg vidare attende til Verdal. Under retretten fall to soldatar og fem vart såra. Dei norske tapa var soleis små.

Under kampen på Ørmelen vart to omførselshandlarar drepne. Dei sprang ut or eit hus som brann, og vart råka av kuler.

Det var nokre att på Øra som ikkje hadde reist bort, og for dei vart det lange timar medan dei sat i kjellarane og kulene small i husveggene. Ein av dei som rømte unna, Ole Borgen, fekk eit skot i armen. Såret blødde mykje, og ein fekk ikkje tak i lege. Til slutt lukkast det å få tak i ein tysk lege, og han batt over såret og sende han til sjukehuset. Tyskarane hadde teke Verdal.

 
Krigssøndagen på Sandvollan.

Søndag morgon den 21. april såg folk kring Beitstadfjorden eit krigsskip som kom innover mot det indre av fjorden, men der låg det tjukk is, så skipet kom seg ikkje til Steinkjer, men la til ved Kjerknesvågen. Dette var om morgonen, og då tyske tropper tok til å gå i land, skjøna ein at det var fare for krigsoperasjonar, for det låg engelske tropper ved Vist st.. Engelskmennene hadde vore der eit par dagar, og dei hadde grave skyttargraver ved jarnbanelina der riksvegen tek av til Sandvollan. Ei avdeling engelske tropper låg ved Strømmen. Gjennom telefonen fekk folk fort greie på at tyskarane kom, og dei fleste reiste i all hast til gardar som låg utanom det strøk ein kunne vente skotveksling. Tyskarane hadde ikkje transportmidlar, så dei lånte sparkar, kjelkar og hestar. Etter det folk kunne sjå, var det omlag 300 tyskarar som gjekk i land. Dei drog med seg kanonar og tok kvarter på Gangstad-gardane og Hustad, der dei hadde gode stillingar.

Då engelskmennene som låg ved Vist fekk vita at tyskarane hadde gått i land på Inderøy, drog dei vestover for å møte tyskarane. Avdelingane møttes ved garden Krogs, og der vart det kamp. Folket på garden måtte røma snarast råd var, og dei reiste til Krogsvågen der dei hadde eit hus som dei kunne ta inn i. Det vart fortalt at både engelskmennene og tyskarane heldt opp med skytinga medan folket på garden kom seg unna. Det gjekk ikkje lenge før det kom tyske bombefly og slepte brannbomber over husa slik at dei brann opp. Berre sagbruket og tørkehuset stod att, og alle husdyra m.a. 3 hestar brende inne.

Etter ei livleg skotveksling drog både engelskmennene og tyskarane deg attende. Ein veit ikkje sikkert kor mange som fall, men det vart funne tre engelskmenn og ein tyskar, og dei vart gravlagt på den gamle Hustad kyrkjegard. Kampen heldt fram dagen etter, men først skal vi taka med om kampane ved Røskje og Rambergmyra.

 
Ved Røskje og Ramberg.

Måndag 22. april, dagen etter at tyskarane hadde teke Verdalsøra, drog mesteparten av denne styrken nordover etter riksvegen til Røra. Det var omlag 300 mann, og dei hadde feltkanonar med seg. Omlag 40 engelskmenn låg ved Røskje (ved grensa mellom Rora og Sparbu), og dei hadde teke stilling med mitraljøser på berget oppfor riksvegen. Dagen og natta før, hadde det vore mange fleire engelskmenn der. Ei avdeling engelske soldatar heldt til i uthusa på Øvre Røskje. Dei hadde sperra med tømmerstokkar nedafor garden. Ved denne sperringa stod mannen på garden saman med nokre andre då tyskarane kom ved nitida om morgonen. Ein av dei, meierist L. Gjørv skulle taka med seg nokre verdipapir frå Sparbu meieri til heimen sin ved Borgenfjorden. Så fekk dei sjå ei tropp militære som kom mot garden. På avstand var dei ikkje viss på om det var engelske eller tyske soldatar, og Gjørv jr. (son til meieristen) gjekk mot dei og tala til dei på engelsk, men det likte dei ikkje, og bad karane om å ha seg vekk, men først skulle dei taka bort tømmersperringane. Då dei sivile gjekk. prøvde L. Gjørv å gå ein anna veg og koma seg vekk med verdipapira, men under forvirringa vart han råka av eit geværskot i skuldra. Han blødde mykje. Han vart først handsama av ein tysk sanitetsoffiser, og vart sidan køyrt til Levanger sjukehus. Etter to månader var han frisk att. Det vart kamp mellom tyskarane og engelskmennene. Tyskarane sette opp ein kanon og skaut mot Smolangardane. To granatar råka stuelåna på Midtre Smolan, og mykje av huset vart øydelagt, men mannen på garden som var inne i stua berga livet. I fjøset på Røskjemyra vart dei to kyrne på småbruket drepne av kuler, men ein kalv fekk ikkje skade. Hos Peder Haugseth på Nedre Røskje heldt folk seg i kjellaren medan kulene gjekk gjennom skorsteinen og stovetaket. Elles var det mange av husa rundt ikring som fekk kuler gjennom seg. På garden Solberg fann dei sidan ei kule i boka Haugtussa som stod i ei bokhylle. Kampen ved Røskje og Vollan stod på eit par timar. Engelskmennene drog nordover, for dei hadde ikkje kanonar, og kunne ikkje halde fram med kampen. Kor mange som fall veit ein ikkje.

 
Dei to første krigsvekene i Steinkjer.

Steinkjer var eit viktig strategisk punkt ved vegar i alle leier. IR 13 hadde kvarter og depot der, men tyskarane kom for seint til å hindre at soldatar og materiell vart flytta nordover til sikrare stader. Alt om kvelden første krigsdagen, den 9. april, kom tyske krigsskip inn Skarnsundet. Dei tenkte nok å gå inn til Steinkjer, men det låg tjukk is på fjorden heilt frå ca 4 km frå Follafoss og innover. Tyskarane prøvde å bryte isen, men måtte gi seg og gå ut att. Soleis fekk både Nord-Trøndelag Infanteriregiment og Trøndelag Dragonregiment nr. 3 hove til å dra nordover, og betre tid til mobilisering. Steinkjerfolket trudde at kampen kom til å starte syd for Steinkjer, og kjende seg difor nokså trygge. Folk var mest berre interessert i å sjå på troppen, først norske nordover, og sidan i den andre krigsveka, engelske sørover. Det var fly over Steinkjer kvar dag, men ein trudde det var berre ufarlege speidarfly. Det vart likevel fleire fly over Steinkjer kvar dag, og serleg etter at det tok til å koma engelske troppetransporter sørover frå Namsos gjennom Steinkjer. Tyskarane var nok sers interessert i å få vita kva som føregjekk, og den 17. april gjekk eit tysk fly så lågt over Steinkjer at det var lågare enn kyrkjetårnet. Same kvelden fekk evakueringsnemda gjennom politiet ordre om at folk som budde i nærleiken av bruene skulle flytte. Nokre Steinkjerfolk, serleg born og gamle, flytta ut av byen. Dei som var på Steinkjer aldersheim vart flytta til Skei i Ogndal, og på Fagerheim skole vart det lasarett, og dit vart dei sjuke flytta. Alle stader i byen var det mørklegging, og den elektriske straumen vart avstengt om natta. Folk som skulle nordover måtte ha passeringssetel av lensmannen eller politiet. Jarnbanen vart stansa, bilrutene innskrenka, og telefonen vart stengt for private samtalar. Det var mykje folk i Steinkjer desse dagane, for mange frå bygdene reiste til byen for å gjera innkjøp, serleg av matvarer, så det var livleg vareomsetning, endå kjøpmennene selde berre mot kontant.

Laurdag 20. april var det stor flytrafikk over byen, og kyrkjeklokka ringde heile dagen. Det var fødselsdagen til Hitler, og det vart sidan fortalt at det var meininga å bombe byen den dagen, men at det vart utsett av di det var så mange sivile i byen. men ein veit ikkje om det var slik.

Namsos vart bomba og brent laurdagskvelden, men dette fekk ein ikkje vita i Steinkjer av di telefonen var stengt, og såleis tok folk det med ro og held seg heime. Men evakueringsnemda arbeidde godt, og gjorde sitt bestefor å tinga husrom ifall det skulle bli tvangsevakuering.

 

Slaget ved Vist.

Tyskarane som gjekk i land i Kirknesvåg og som var i kamp med ei engelsk avdeling ved Krogs, overnatta på øvre Hustad og Gangstad-gardane. Dei hadde kyrkjegardsmuren på Hustad til brystvern og sette opp mitraljøser. Dei hadde også utkikspost i kyrkjetårnet. Måndag kom det fleire tyskarar frå vest. Dei hadde med seg fire kanonar som dei sette opp ved Hustad kyrkje. Dei skaut mot Toldnes, Vist og Lænn, då dei meinte at det var engelske tropper der. Granatar slo ned nær husa på Tolnesgardane og ved stasjonsbygninga på Vist. Vindauge vart knust, og fleire av husa vart skadde. På Nær-Vist var det berre ein granat som råka husa, men den gjorde mykje skade. Frå Røkje kom det 300 tyskarar, og dei hadde også kanonar med seg, Engelskmennene måtte litt om senn dra nordover frå Vist då dei kom under krysseld frå dei tyske kanonane. Det seier seg sjølv at det gjekk hardt utover mange av husa i bygda, men heldigvis hadde dei fleste av dei som budde på gardane kome seg unna før slaget tok til. Natt til måndag kom det mange engelske soldatar til gardane i grenda. Nokre held til i uthusa, men dei fleste heldt seg i skogen. Ei engelsk avdeling gjekk over til Oksur og vidare til Bruem og Henning. Det var nok ein slitsam tur gjennom skogen i den djupe snøen. Andre drog etter riksvegen til Steinkjer, men tyskarane var like etter dei. Diverre vart ein sivilperson drepen under kampen ved Vist måndag. Den 17 år gamle Aksel Aasen skulle springa til grannen, men vart råka av ei kule og døydde straks. Tyskarane tok 40-50 engelskmenn til fange, og dei vart kjørt i bilar til Trondheim.

 
Då Steinkjer kom i krigssona.

Dei fleste trudde ikkje at Steinkjer kom i krigssona, men søndag 21. april fekk ein sjå noko anna. Det var klårt og stille ver om morgonen, og dei som var ute i 8-tida fekk sjå eit krigsskip utafor iskanten i Beitstadfjorden, og ein skjøna snart at tyskarane tenkte å gå i land i Kirknesvåg. Staben for det engelske regiment som skulle rykke fram gjennom Steinkjer hadde teke inn på Grand hotell, Fylkesmanngarden, Hegge og Egge gard, i skolen, og i kjellaren på Sannanbygget. Det var ingen stor styrke, for dei fleste som kom frå Namsos hadde reist vidare til Sparbu, Inderøy og Verdal. Den engelske stab fekk fort greie på at tyskarane hadde gått i land på Inderøy, og dei reiste sørover i bilar. Men nokre vakter vart att i Steinkjer og Egge. I 10-tida tok ein til å høre knitringa av mitraljøser ute frå Sandvollan, og folk tok til å draga ut av byen. Dei fleste tok med seg berre litt klede, mat og nokre verdisaker i ein ryggsekk eller liknande. Men nokre visste ikkje om faren og tok det med ro. Men så kom det melding frå norsk militær til bykontoret om at Steinkjer skulle tvangsevakuerast. Meldingskorpset av gutar som evakueringsnemda hadde organisert sprang rundt i byen og varsla om evakueringsordren, og så vart det folkestraum ut av byen oppover Ogndalsvegen. Nokre sykla, men dei fleste gjekk til fots. Ved 12-tida varsla kyrkjeklokkene at det var fly over byen, og ved halv tretten-tida kom dei første bombeflya og slepte bomber over byen.

Det var mange sivile som enno ikkje hadde kome seg ut av byen. I Samvirkekjellaren på Nordsida var fleire samla då ei brannbombe datt ned på huset til Nordbotten. Dette huset stod ved sida av Samvirke, så det var nokså uhyggeleg for dei som var i kjellaren, og likså for dei som var i private kjellarar rundt om i byen. Det var fullt av folk i sikringsromet i huset til Rolf Hansen då ei sprengbombe datt ned bakom huset og slo inn døra til kjellaren. Litt om senn tok husa til å brenne både på nordsida og sørsida av byen, og om kvelden var mesteparten av byen brent. Mange av husa var råka av sprengbomber, og denne søndagen vart sidan kalla "Bombesøndagen". Måndag, dagen etter den 22. april, kom det atter bombefly og bomba og brende husa vest for jarnbanelina både på nordsida og sørsida. Omlag 300 matrikulerte eigedomar til en verdi av bortimot 30 millionar kroner gjekk opp i røyk.

Den 22. april kom tyske avdelingar sørfrå etter riksvegen til Steinkjer. Det var omlag 550 mann, og dei hadde feltkanonar og bombekastarar, hestar og motorkjørety med seg. Dei fleste sivile som budde langs riksvegen hadde rømt unna til Bruemgrenda. På vegen i Løsberga sette tyskarane opp ein kanon og skaut mot Steinkjer og Eggebogen, for dei hadde sett engelske soldatar der. Under leiing av ein fenrik frå Trondheim var det vakt ved Figga bru. Denne brua var underminert, men vart ikkje sprengt då dei norske soldatane reiste derifrå, for dei visste ikkje om det var engelske eller tyske tropper som kom sørfrå. Nokre engelske soldatar som heldt til i furuskogen ved Sannar tok til å skyte med mitraljøser mot tyskarane, og frå Egge Allé og Bogen skaut engelskmenn med haubitser, så den tyske framrykkinga vart noko seinka, men så kom det tyskarar etter Henningvegen mot Sannan, og dermed kom engelskmennene under krysseld, og dei måtte difor roma unna, nokre over Egge og Beitstrand, og andre over Midjo og vidare.

Det fall ein engelsk soldat i furuskogen. Tyskarane gravla han der, men han vart seinare flytta til Skei kyrkjegard. Den 17 år gamle Sverre Aasheim som var noko undermåls, vart også drepen. Tyskarane ropte etter han, men han stansa ikkje og vart skoten. Ved Steinkjerbrua låg ein såra engelsk soldat. Han hadde fått skot gjennom både føter og hender. Ei ung norsk lotte tok seg av han og fekk han kjørt vekk i lastebil. Han vart kjørt til lasarettet på Sem i Snåsa. Det var ein uhyggeleg kveld for dei sivile som budde rundt Steinkjer. Hus og trelastlager lyste. Ein høyrde knitring frå mitraljøser, drønn frå kanonar, og fæle smell frå granatar som eksploderte. By gard stod i loge, og seinare på kvelden brann også Midjo gard. Etter at tyskarane hadde teke Steinkjer, tok dei i all hast til å ordne seg stillingar på Nordsihaugen, Ved jarnbaneskjeringa og på Vammen. Dei sette opp maskingevær og grov skyttargraver. Dei var nok budd på at det kom norske og allierte tropper frå nord.

Mykje folk frå Steinkjer hadde fått husrom i Kvamsgrenda. På Kvam gard budde 83 personar. Steinkjer pleieheim var også flytta dit. Dei kjende seg nokså trygge, for det var måla eit stort raudt kors på taket. På Gimle og på Forbregd skole der det var lasarett hadde dei også raud kross på taket. På desse stadane i Egge budde folk i to veker i "ingenmannsland", og det var nokså spennande å bu slik mellom to frontliner, for mange budde framfor munningane av tyske mitraljøser.

 
Krigsnatta i Midjogrenda.

I Midjogrenda i Ogndal trudde ein at ein skulle sleppe krigsoperasjonar, og mange frå Steinkjer hadde evakuert dit. "Bombesøndagen" strøymde folk frå Steinkjer oppover Ogndalsvegen, medan flya krinsa lågt over Midjogrenda. Måndag drog flokkar av engelske soldatar over Midjobrua og vidare nordover forbi Rise og By. Andre for oppover Ogndal til Skei og møtte engelske soldatar som kom frå Henning. Ein høyrde skyting ute ved Vist, og litt etter kvart skjøna ein at tyskarane kom mot Steinkjer, og folk tok til å reisa oppover dalen. Ved Midjobrua var det norsk vakt. Det var ein fenrik og tre soldatar frå DR 3, (Trøndelag Dragonregiment nr. 3). Dei hadde forskansa seg med noko tømmer og snø, sett opp ei mitraljøse, og velta ein bil på brua. Vakta venta at tyskarane skulle kome. I 19-tida kom ein bil med engelske soldatar, og i farta trudde dei det var ryskarar og skaut mot bilen slik at ein engelsk soldat vart såra. Tyskarane kom ved 22-tida. Frå Steinkjer kom 25 oppover Ogndalsvegen, og litt etter kvart kom større og mindre flokkar, nokre frå Skjeftelia og andre gjennom skogen frå Trana. Bruvakta skaut nokre skot mot dei, og skunda seg oppover Ogndalen. Tyskarane trudde nok det var engelske tropper på Midjo etter som det vart skote frå brua, og dei tok til å skyta med maskingevær mot Midjo, Risberget og Gjeldvollia. Men det var ikkje engelske og heller ikkje norske soldatar på Midjo. Tyskarane trudde nok det var tropper på garden, og skaut tre brannbomber mot husa som straks stod i loge. Dette var straks før midnatt. I hovudlåna på Midjo var: Even J. Grindberg, far hans Johan Jacobsen, svigermor hans, fru Dyrstad, og to damer frå Steinkjer. Desse to var: Ragnhild Haugseth som var 95 år og låg til sengs, og dotter hennar Petra Haugseth. Fru Grindberg og borna var i Øvre Ogndal. Dei to damene frå Steinkjer brann inne. Dei andre kom seg ut og kraup i snøen bortover til torvstrøfabrikken på Rismyra. Alle husdyra på garden brann inne. Det var 30 mjølkekyr, ein hest, nokre ungdyr og nokre griser. Ein av hestane som høyrde garden til var i Øvre Ogndal. Alle husa på garden brann ned. Den store hovudbygninga var over 100 år gamal. Som før fortalt var vi i kjellaren i huset vårt då Midjo brann. Vi var i alt 17 personar i kjellaren den natta. Vi fekk seinare vita at engelske og franske tropper var på veg sørover frå Namsos for å møte tyskarane, men at dei fekk ordre om å snu attende til Namsos for å gå ombord i skip som skulle føra dei til England. Dermed var det slutt med kamphandlingane i Steinkjerdistriktet.

Dei som hadde evakuert til oss reiste litt om senn, men familien Balgård vart att. Det var kjekke folk å ha i huset, og Balgård og dei to sønene hans fekk seg kontorarbeid i Steinkjer. Dei budde hos oss til dei fekk kjøpe eit svenskehus i Steinkjer. Sidan budde lektor Sande hos oss ei tid, og etterpå leigde vi bort eit par hyblar til gymnaselevar. Det var noko vanskeleg med pengar den første tida under krigen, for pengane i kommunekassa hadde brunne, og vi fekk berre 10 kr. pr veke til å byrja med. Det var sjølvsagt uråd å leva av ei slik vekeløn når ein skulle kjøpe inn mat til fem menneske, men både eg og dei to sønene våre var heldige og fikk arbeid på Steinkjer den tid vi var fri skolen, altså i juli og mesteparten av august. Vi flidde opp den såkalla Grandetomta der eit tre etg. murhus hadde ramla saman under bombinga. Vi leigde Torleif Nyborg til å lesse i trillebårer, og Per og eg trilla subbussen frå tomta til elvemelen. For arbeidet fekk vi 1 kr. pr time, og det var ikkje så verst betaling den gongen. Men Kristoffer som flidde opp murstein tente betre. Han hadde 1 øre steinen. Steinen var lett å fli, for dei hadde brukt kalk i staden for sement då dei la han opp. Då det galt for meg å tene mest mogleg, så tok eg ofte og flidde opp stein ei stund etter arbeidstid, og då vi var ferdig, så synte det seg at vi hadde flidd opp 60 tusen murstein. Kor mange tusen trillebårlass vi hadde trilla bort veit eg ikkje. Pengane kom vel med, for lærarløna var lita, og så var det god mosjon. Eg kjende meg godt opplagt då eg tok til med skolen om hausten. Per hadde vinteren før gått Sund folkehøgskule, og denne hausten tok han til på Steinkjer landsgymnas. Kristoffer gjekk eit halvårig kurs på Torp og Andersen handelsskole. Han var nokså ung, så vi undrast på om han greidde eksamen, men han gjekk ut med fine karakterar. Han fekk først post i butikk, og seinare vart han tilsett på heradskontoret i Ogndal.

Så snart skolen slutta om våren tok eg arbeid på Kirknesvåg sagbruk. Vi var 30 mann og fekk arbeid med å bygge brakker. Løna var kr. 1,87 pr. time. Året etter fekk vi same arbeidet, men då gav vi oss ikkje før vi fekk akkord, og då tente vi bortimot kr. 3,- pr. time. Dette vart rekna for bra betaling den gongen.

Det var ikkje alltid så greitt å få tak i mat. Eg var heldig og fekk tak i eit par sekker korn som eg fekk male. På ei av dei illegale kvernene burde ein helst ha med seg tobakk å spandere når ein bad om å få male. Mjølk fekk ein kjøpe hos bøndene, og stundom også egg, men det var ofte vanskeleg om middagsmat. Ein måtte stille seg i kø når ein skulle kjøpe sild eller fisk, men ofte måtte ein gå utan å få noko dersom ein kom langt atti køen. Dei som hadde brennevinskort fekk ofte bytte til seg matvarer, men eg var så dum at eg fekk ikkje tak i eit slikt kort.

Dei fem krigsåra var ei spanande og slitsam tid. Per vart nokså tidleg med i Milorg. Eg vart med i Sivilorg, og Kristoffer spreidde illegale aviser, og var elles stundom los oppover til Gaulstad. Der var det losar som overtok når nokon skulle røma over grensa. Vi hadde ofte folk i huset som måtte røme, og det var både spanande og nerveslitande. Kona streva med å gi dei mat og losji til vi fekk høve til å få skyss åt dei vidare oppover dalen. Heldigvis vart ingen av dei tekne av tyskarane, og då var vi glade, endå vi ikkje hadde betaling for strevet. Vi fylgde med i radio heile tida, og serleg gjaldt det å fylgje med når særmeldingane kom, for Per måtte då inn til grensa og vera med og taka mot slipp. Per hadde ein liten lommeradio, (svittard) som vi brukte. Ofte fekk vi vitjing av sabotørar som overnatta hos oss. Nokre kom frå den Norske Legasjon i Stockholm. Det var alltid Per dei skulle tala med. Vi andre skulle helst ikkje vita noko. Ein av sabotørane som var med og sprengde Gjørstadbrua budde hos oss natta etter sprenginga. Han skulle rapportere korleis tyskarane tok det. Dei andre gjekk over til Sverige. Eg hugsar at han om kvelden la seg slik at han såg ut av vindauge, og han hadde lagt ein revolver på brystet.