Intervju med Olav Orvik 07.03.03 av Per Norvald Ræstad

Eg er fødd i 1923 og konfirmert i 1938. Den første sjøturen eg gjorde var hausten 1938, med snurpenot inni fjordane. Det vart ikkje så mykje det året, men i 1939 fortsette eg på havsjøen, og då vart eg med ein båt som heitte ”Gløgg” frå Tangen, som kokk, først på storsilda. Det foregjekk frå Fosnavågen og Måløy og det området. Akkurat kvantumet vi fekk huskar eg ikkje, men det kunne vel vere rundt 2.000 hl, eller kanskje litt meir. Etterpå var det på Lofoten, og der var det eit kjempeår, der var det svært med fisk. Eg huskar vi salta fisken i Henningsvær på ein plass som heitte Festvågen, og når vi skulle gå heim skulle vi ha med oss all fisk sjølv, sjølvsagt, endå han som eigde bruket i Festvågen tilbydde seg å ta med seg fisk. Men det skulle ikkje vere nødvendig. Vi hivde ut ballasten og tok ombord fisken, med det resultat at når vi var ferdig var det 3.500 fisk på dekk. Så starta vi på heimturen og det vart litt av ein tur, som kunne gått gale. Vi starta frå Henningsvær ein kveld, vi skulle heim til påske det året. Eg trur det var tirsdagskvelden påskeveka. Vi gjekk direkte ut på fjorden og der vart det storver av austavinden, så vi kom ikkje til Bodø før neste morgon, for det var ikkje råd å gå. Når vi bunkra i Bodø og gjekk derifrå så hadde vi vatn på dekk, og derifrå og sørover gjekk det bra. Det var berre det at mesteparten av folket låg og hadde influensa, for det var ei stygg influense som gjekk oppi Lofoten. Det var den verste influensa eg hadde hatt, men eg fekk ho tidleg så eg var frisk då vi begynte på heimturen. Eg trur det var tre mann som var friske. Det gjekk radig første delen sørover, men eg huskar når vi kom utfor Rørvik då såg det litt svart ut uti horisonten, så vi skulle gå indre Folla i tilfelle det vart dårleg ver. Den tida var ikkje Folla opplyst lengst sør, så når vi kom eit stykke sørover kom vi på at hvis vi skulle komme oss rundt så måtte vi gå ut. Vi gjekk ut ein plass som heitte Ellingsråsa og kom sør til grunnene, då small det til gangs. Det vart berre storveret. Vi gjekk saman med ein annan båt, båten til Kristoffer Krabbevik, men han var i grunnen lett lasta. Det gjekk heile natta. Det var nesten ikkje råd å gå og ikkje råd å snu, vi måtte fare nesten sidevegs inn på grunn av fiskestabelen på dekk. Men vi kom etter kvart inn når det leid ut på morgonen. Derifrå gjekk det bra.

Eg huskar vi kom til Kristiansund Langfredag om kvelden og gjekk derifrå igjen laurdags morgonen. Det var då påskeaftan. Men det viste seg forresten at båten var lekk når vi kom til Kristiansund, for når Rikhard, han som var i maskinen, skulle ned å stoppe når vi kom inn i 11-12-tida om kvelden, viste det seg at båten var lekk, så han måtte starte opp igjen med ein gong for å halde båten lens. Påskeaftan morgonen kom vi hit til Orvika, det var ikkje råd å gå inn på Sandvika med så lasta båt, den flaut ikkje der. Då var vi i land og henta tønner og diverse for å få fram på baugen for å få akterenden opp, for det var der lekkasjen var, viste det seg. Der var det fylt med vatn, så vi fekk pumpa, så det gjekk no bra. Vi leverte fisken i Ålesund salta.

Når sommaren kom vart det notbruk, først med Tangenoten og der vart det ikkje noko særleg. Det vart stopp, og det same skjedde med snurpenoten oppi Rakvågen, ”Armeen”, som dei kalla den. Kristian Rakvåg som hadde brukt å vore bas, var ikkje bas der då, han var på eit bruk som heitte Gausetvik, så dei var og fekk tak i han og spurde om han ville komme tilbake, det hadde sikkert vore litt ugreie. Det skulle han gjere på den betingelse at han fekk plukke ut mannskapet sjølv. Så han kom hit utover og det vart ein heil gjeng her som vart med ”Armeen” den sommaren. Det vart ein kjempesommar. Vi gjorde det godt i forhold til kva som var vanleg då. Det var ein ting som var greitt, det var berre ein mann som hadde kommandoen. Det var ingen som blanda seg borti kvar vi skulle gå eller kva som skulle skje. Så det var ein triveleg sommar.

I 1940 starta det med storsilda, først og fremst, og så på Lofoten. Allereie i september 1939 starta krigen nede i Europa, så vi visste om den, men det var ingen som tenkte at det kunne bli noko her då. Det var ganske bra sildefiske om vinteren, og så var det Lofoten. På slutten mens vi låg der kom krigen, den 9. april. Den 10. april fekk alle beskjed om å forlate Lofoten, då fekk vi ikkje lov til å vere der lenger. Vi skulle gå i konvoi over til Støtt i Vest-Lofoten. Det var ein heil flåte, blant anna mesteparten av båtane her frå kommunen. Når vi var komme eit stykke utfor Sørvågen, vi var nesten sist i køen, var det ein båt framom oss som signaliserte på oss. Då fekk vi sjå at det låg ein båt lenger bak og signaliserte. Det var ikkje radio den tida så vi gjekk så nært borttil båten at vi fekk snakke med dei direkte. Dei skulle få oss til å gå tilbake for å slepe, vi som hadde mest maskinkraft. Den som låg der og signaliserte var Engvald Ræstad, det vil sei han var ikkje oppe, han låg av influensa, men dei var to mann, Ole Dalsbø og Knut Eik. Så vi fekk tampar om bord, men vi sleit tampane like fort som vi fekk dei om bord, men vi fekk no til slutt så mykje om bord at det heldt. Så når vi kom til Støtt hadde vi nådd att dei andre igjen, så det gjorde ikkje så mykje at vi måtte ha dei på slep, for vi hadde så kraftig maskin i ”Gløgg” den gongen, ei 60 hk Finnøy. Den turen sørover var det i grunnen mykje sleping. Dei fekk igong igjen maksina i ”Frammen”, ein båt på 42-43 fot, når vi kom litt lenger sør, mellom Brønnøysund og Rørvik, trur eg. Vi var då ”lausrepa”, men det var ein del sleping av andre båtar.

Når vi kom over Vestfjorden forresten, cirka midtveis, kom det to engelske jagarar utover. Vi visste ikkje med det same at dei var engelsk, men dei var det, for dei såg ikkje etter oss. Dei forsvann nesten i horisonten. Då kom det springande folk på dekk og lurde på kva som var gale. Vi som var oppe høyrde ingenting, men dei som var nede høyrde det. Det viste seg at dei hadde senka ein båt som dei såg røyken kom frå. Vi fekk høyre det etterpå at det var ein tysk ammunisjonsbåt som var på tur inn til Narvik, var det sagt.

Vi stoppa i Valdersund. Når vi gjekk derifrå fekk vi ein båt på slep. ”Platon”, Toralf Tangen sin båt hadde fått maskintrøbbel, så eg trur vi taua han heilt til Vevang. Båtane samla seg på Vevang, for det var lagt ut miner på Hustadvika, og det var ingen som visste kvar dei var. Når vi gjekk derifrå var det ein bjørnsunding som gjekk i front, som var kjentmann, for vi gjekk innanfor alle leier innmed fjøra heile vegen sørover der. Så han var kjent, såg det ut for. Vi kom heim ein søndag. Vi gjekk frå Lofoten ein onsdag, så det gjekk forholdsvis snart.

Då var krigen i full gang. Så det vart stopp i alt utover ein periode då. Krigen her såg vi i grunnen ikkje så mykje til anna enn engelskmenn som kom inn Julsundet. Det var fly som skaut, så det var granatsplintar, så vi måtte halde oss i hus når det foregjekk noko sånt. Elles var det ein båt som vart senka sør på Bjørneremsbukta, ”Ørland” heitte den. Så vart ein engelsk svepar senka av eit fly attmed Rørsetura. Det var tidleg ein morgon, huskar eg, det var litt av ein smell. Elles skjedde det ikkje så mykje her, men Molde vart no nedbomba. Men alt det er vel historie, så det er slik som folk fekk vite alt om etterpå.

Sommaren 1940 vart det notbruk igjen. Eg var med Tangenoten, for far hadde part i den. Det var sild forskjellige plassar opp gjennom nordmørsfjordane. Så starta det opp her inni fjordane med møsse, då var det full alle fjordane av møsse. Det var hausten 1940. Då var det fangsting. Det var ein heil flåte som gjekk. Dei berre la på og håva og gjekk. Dei målte ikkje. Resultatet fekk dei nedi fabrikkane. Det vart berre taksert sånn cirka. Det var eit eventyr, som ingen har opplevd seinare, antageleg.

I 1941 vart det Eggjadrift med ein båt som heitte ”Hjelmen”, båten til Martin Orvik. Det var berre det at vi kom ikkje uti Eggja, vi kom berre utpå grunna, for det var ei grense på 30 mil som vi ikkje fekk lov til å komme utom. Så fiskeriet utpå den grunna vart berre brosme og slike ting. Siste turen vi var ute skulle vi prøve uti Eggja, for vi hadde høyrt rykte om at det var forskjellige som hadde prøvd der. Vi gjekk ut på ein plass som heitte Bukta, det var der som det var nærmast land. Det var 37-38 kvartmil frå land, så det var utom grensa. Der var kjempefiskeri nokre dagar, men så kom det eit fly som sette stoppar for heile greia. Så det vart slutt. Det var siste turen uti Eggja det året.

Eg var med på silda om vinteren, men det var lite sildedrift. Det var somme som ikkje var på silda, nokre gjekk på Lofoten, men det var ikkje noko særleg av noko. Eg trur eg var med Arne Orvik  på ”Rosendal” på silda den vinteren. Det var ein annan ting eg var interessert i i dei dagar og det var å komme meg over til England, men det vart det ikkje noko av. Næraste vi kom ein gong, vi var komne om bord, stole olje og alt i orden, det var berre det at navigatøren ikkje kom, så det vart ikkje meir av det.

I 1942 var eg også med ”Gløgg” på storsilda. Far min var med ”Platon”. Dei skulle på Lofoten og dit ville ikkje han, så vi bytte plass, så eg vart med ”Platon” på Lofoten. Det var ganske få båtar herifrå som var der det året. Trur ikkje det var andre enn oss frå Rakvåg-distriktet som var der, men ”Nybo” og Olaf Heggdal var der. Det var bra fiskeri. Når sommaren kom vart det Eggjadrift igjen. Det vart litt bedre då, for grensa vart utvida til 45 nautiske mil, så då kom vi uti Eggja og det vart godt fiskeri. Men det var lite olje å få så vi fekk ikkje gjort så mange turane. Vi hadde ikkje bruk for så mykje pengar heller, for det var ingen ting å få kjøpt, så det var ikkje så farleg.

I 1943 var eg med ”Hjelmen” på silda. Vi var sørover, for det var så mykje dårleg ver her, men det vart nesten ikkje sild. Vi var på Lofoten etterpå, men det var dårleg fiskeri der også. Det var siste turen eg gjorde på Lofoten. Om sommaren skulle eg eigentleg i arbeidsteneste, men det kom aldri nokon beskjed om det, så då Oskar Rakvåg ringte fordi dei mangla ein mann tok eg ved på stedet, for å gå her heime å slenge var ingen vits i. Så eg vart med der resten av sommaren, pluss at eg vart med dei på nota om hausten, for dei hadde notbruk. Det var ikkje så lenge utover hausten det vart drive med det. Så kom det oppringing frå Kristiansund at dei mangla ein mann om bord i ”Aika”. Så eg vart med der, dei skipa sild. Dette vart ganske seint på året, så vi var ein tur på Helgeland. Vi skulle opp til Rana. Det var fire båtar i lag, men det vart så dårleg ver at det var ikkje råd å gå inn til Mo, det var der vi skulle laste. Vi låg på ein plass som heitte Finnøyfjorden, og plutseleg ein kveld var det frose igjen, så vi måtte berre rømme derifrå. Vi gjekk heim då, for det leid så langt på året, vi kom heim like før jul. Eg fortsette om bord i ”Aika” på nyåret, vi frakta blant anna storsild frå Fosnavågen til Nordmøre. Vi var også ein tur i Bergen, vi låg der forresten i 14 dagar og venta på last. Vi lag attmed Rosenkrantz-kaia i Bergen heile tida, vi forhala ein kveld derifrå og bort til Laksevåg og lasta, og så gjekk vi nordover. Når vi kom til Ålesund fekk vi høyre om den store smellen i Bergen, nettopp utmed Rosenkrantz-kaia. Det var ein hollandsk lekter som var lasta med ammunisjon som gjekk i lufta. Den raserte heile byen. Propellen på båten fann dei 3 km unna. Så vi var heldige der. Vi hadde ikkje radio, så vi fekk ikkje høyre nokon ting på turen nordover. Attmed Stadt vart det flyangrep på ein konvoi. Vi låg framom konvoien, men dei hadde meir fart så dei hala innpå. Dei bomba ein stor lastebåt som var fullasta. Det var 10 fly, moskitos, eit gjekk i havet, dei var vel kanskje norsk også, det veit eg ikkje. Seinare gjekk vi og frakta noko frosen sild, men utpå våren vart det slutt på det, så då slutta eg om bord i ”Aika”. Då vart det ikkje noko meir båt på ei stund.

Frå hausten 1944 fekk eg plass på Skiensfjord Tekniske skule i Porsgrunn, og eg var ferdig der i 1946. Det som låg bak var at eg hadde lyst ut til sjøs. Der på skulen fekk eg både teori og praksis med verkstadtid. Det var kanskje bedre enn på ein vanleg verkstad, for der var det lærarar som underviste på alle områder, så eg fekk det inn med skei alt. Ellers var det ei svært uroleg tid der nede. Siste krigsvinteren var det nesten ikkje mat å få, så når eg var heime i jula tok eg med meg ein dunk med spekesild og ein liten sekk med poteter, så det kom godt med. Mjølk var det berre sjukehusa som fekk. Det kom veldig mykje tyskarar der, for dei heldt på og evakuerte frå Austfronten og gjennom Finland og Nord-Norge, og dei vart utskipa frå Porsgrunn. Så det var smalhans den vinteren, eg trur eg tok av meg 15 kilo. Langfredag i påska det året var det eit flyangrep der nede, ein heil sverm på 100 fly som senka 6-7 båtar opp gjennom elva. Det gjekk ikkje noko menneskeliv på land, men det var eit fly som gjekk i elva, for det flaug på høgspenten som gjekk over der oppom Menstad som det heitte. Alt som heitte brannvesen rykte ut, det siste var ein med to hestar. Dette hadde sikkert stått på museum. Ellers var det veldig uroleg med mykje flytrafikk på slutten av krigen. Det var ikkje mange dagane før krigen slutta at dei bomba eit raffineri i Tønsberg, så vi såg flammen over fjella derifrå til Porsgrunn. Så det var det siste store dei gjorde.

Langfredag var vi innbedne på middag der vi budde på grilla gris. Dei hadde slakta ein på 140 kilo, så det var berre feitt. Eg tok eit lite stykke av det, meir torde eg ikkje. Det var nesten flaut at eg ikkje ville ha meir, men det begynte å vekse nedi magen, så eg sat berre på nåler til slutt. Plutseleg kom det ein og spurde etter meg så eg fekk komme meg ut, så det redda heile situasjonen.

Etter at krigen var slutt fortsette eg skulen til ferien det året, i slutten av juni. Då var eg heime på ferie og blant anna tok eg meg ein tur på Eggja for å tene meg noko pengar. Så eg gjekk eit år til i Porsgrunn uten at det var noko store hendingar. Det var mest prat på folkemunne om det som hadde vore. Eg var ferdig der med avslutta eksamen i slutten av juni 1946. Etter det var plana mi klar, eg skulle ut til sjøs. Eg melde meg på hamnekontoret, det var vanleg den tida. Så i slutten av juli fekk eg beskjed. Vi var fire-fem stykker som reiste i lag. Vi tok hurtigruta til Bergen og for vidare over til England med englandsbåten til Newcastle og vidare til London. Der vart vi gåande nokre dagar, for det var ikkje båtar der på dagen. Vi måtte og innregistrerast og doktorundersøkast og diverse. Men etter nokre dagar fekk eg og to andre komme om bord i ein båt som låg i Swansea, ein gammal tankbåt viste det seg å vere når vi kom dit. Den gjengen eg reiste saman med forlet eg i London og har ikkje sett dei sidan nokon av dei. Ombord i denne tankbåten, den var gammal og hadde gått heile krigen og overlevd det, gjekk turen til Midt-Austen til Abadan i Den Persiske Gulfen for å laste olje. Eg vart sett på vakt, alt var framandt for meg i maskina så det var ikkje enkelt. Etter at første vakta var ferdig og eg skulle purre neste mann, oppdaga eg at eg var heilt døv, høyrde nesten ikkje ein lyd. Eg snakka til meg sjølv og høyrde ikkje det ein gong, men det var no sånn som gjekk over. Vi gjekk derifrå og til Haifa og der vart vi liggjande lenge. Alt var gammalt og nedslite så det gjekk lenge før vi var utlossa, og så vart vi liggjande fjorten dagar etterpå med maskinreparasjonar, for alt var nedslite og nedkøyrt etter krigen. Der var det i full gang med innvandringa av jødar som kom frå heile verden, store passasjerbåtar kom kvar einaste natt. Eg trur ikkje det var nokon mottakelse når dei kom heller, ei natt måtte ein båt forlate hamna utan å få på land nokon i det heile tatt, men neste natt igjen gjekk det bra. Så urolegheitene begynte vel allereie då, og sidan har det vel fortsett.

Etter det gjekk vi tilbake til Abadan for å laste og gå til England igjen, til Liverpool. Den turen brukte vi 37 døgn på, så det var ikkje stor fart, dårleg ver fekk vi også. Etterpå gjekk vi til Antwerpen på verkstad, der vi vart liggjande i to månader. Når vi gjekk ut derifrå var alt i litt bedre orden. Så gjekk vi til Curacao og lasta for Italia og tilbake til Curacao for å laste for Norge. Eg huskar at vi kom til Norge 17. mai i 1947. Det var stor stas. Men vi fekk ikkje komme inn, vi vart stoppa i Drøbak, for det var så mykje fyrverkeri og slikt at vi måtte stoppe der. Der kom det ombord masse folk og det var stor stas, for vi hadde både amerikanske sigarettar og litt av kvart, for det hadde ikkje vorte rasjonering ombord endå. 17. mai var på laurdag så vi låg der til måndag, før vi gjekk inn til Fagerstrand. Då mønstra eg av, for eg ville sjå om det ikkje fanst bedre båtar å bli med. Eg og ein kar frå Stavanger reiste i lag til Oslo og gjekk der nokre dagar. Vi plukka oss ut ein båt, det var ein fruktbåt. Båten låg ikkje der, men vi mønstra på så vi fekk hyre, båten kom ikkje før 14 dagar seinare. Den båten var ganske ny. Den var bygd i Sverige under krigen, så det vart ein forskjell, i alle fall vart det forskjell på farta. Frå Oslo til Curacao brukte vi 24 døgn på tankbåten. Første turen vi gjekk på fruktbåten skulle vi på vestsida, på Panama, men vi skulle bunkre på Curacao, og då brukte vi 11 døgn. Det var ein fin båt å vere på. Vi var mange turar til Sør-Amerika, og vi var på Gulfen eit halvår. Vi gjekk med banan mellom Guatemala og New Orleans, for United Fruitcompany. Den siste turen eg var ombord var vi i Long Beach og lasta appelsin for å gå til Sveits, vi lossa i Antwerpen. Då gjekk vi til Oslo, der eg mønstra av. Det var hausten 1948.

Då vart eg gåande heime ei tid. Så kom vinteren, og då vart det interessant når det starta på fiskeri, for då var det radioar i alle båtar, og eg vart sitjande å høyre på fiskeribølga, det var nytt for meg då. Utpå vinteren ringde Ole Blø på meg, for dei hadde fått tak i ein båt i Midsundet som heitte Strømsnes. Dei låg i Ålesund og hadde sendt på land maskinisten og ville ha meg til å komme og ta over. Eg sa at eg var ikkje stimmaskinist, men det var det visst ikkje så nøye med. Eg hadde vore borti kjelar men ikkje kolfyring, men dei hadde fyrbøtar, så det var berre å komme. Det var nærmast eit trist syn når eg kom om bord der, for dei hadde ikkje fått om bord nokon ting heile vinteren. Det som skjedde etter at eg kom ombord var at vi fangsta ein del vårsild, vi fekk visst tak i 2-3.000 hl. Så skulle dei gå til Svalbard og fangste håkjerring på sommaren, så det vart til at eg blei med dit, syntes det var mest som eit eventyr å få komme til Svalbard. Men det var lite å få, så det vart ikkje så lang tur. Men eg vart med dei utover hausten og på vinteren på storsilda, og det gjekk bra. Dette var vinteren i 1950. Etter storsilda slutta eg på den båten. Eg vart gåande heime ei tid då, til dei averterte etter andre-maskinist om bord i ein Stavanger-båt, Christian Bjelland, som skulle gå til Grønland. Den jobben tok eg. Det var ein ganske stor båt etter den tida, for å vere fiskebåt, den var forresten bygd som fraktebåt. Vi gjorde ein tur. Mesteparten av båtane leverte på Grønland den tida, men vi salta om bord, for denne båten var så stor at vi hadde plass til det, og vi fekk bedre betalt for fisken i Norge. Eg vart med denne båten på storsilda året etter, i 1951. Det var det siste eg dreiv med fiskeri så langt.

Sommaren 1951 var eg vikar i MRF. Om hausten begynte eg på maskinistskulen i Ålesund, og var ferdig der i juni 1952. Då reiste eg ut igjen. Eg mønstra på som 3. maskinist på ein Klavenes-båt som heitte Bonnewill. Eg skulle mønstre på i San Francisco, og reiste med svenske Amerika-linjen til New York, og med fly derifrå til San Francisco. Otto Orvik reiste samtidig. Han skulle også om bord i ein Klavenesbåt som elektrikar. Den båten låg i New York, så vi vart i lag dit. Men når vi kom til New York vart det ombestemmelsar med meg, for det hadde vore så mykje dårleg ver på turen at båten var så forsinka, så flyet var gått når vi kom til New York. Slik vart eg sendt på ein annan båt, som låg i Vancouver. Eg reiste med fly til Toronto og derifrå vidare til Vancouver. Der fekk eg oppleve noko som det sikkert er sjeldan ein opplever på fly. Vi stoppa i Winnipeg, midt i Canada, der var vi nede som om natta. 2-3 timar etter at vi letta frå Winnipeg igjen, møtte vi uver og måtte snu tilbake. Då landa vi i tett tåke, såg ingen ting før hjula tok bakken. Her i landet kan dei framleis ikkje lande i tåke – femti år etterpå.

Vi vart naturlegvis ein heil del forseinka, men vi kom omsider til Vancouver, der vart vi henta, eg og ein unggut som eg vart i lag med frå New York. Han skulle ut på den båten, Castleville, heitte den. Vi kom no om bord. Det einaste det vart litt problem med var når vi kom til Toronto. Eg hadde transittvisa, som eg måtte få for å reise frå New York og til San Fransisco. Den hadde eg ikkje levert frå meg, for det var ingen som hadde spurt etter den heller. Når dei fekk sjå den vart det rabalder fordi eg ikkje hadde levert den. Det var ein sånn ”grinebitar” som var der, så det gjekk no ei stund før eg fekk avklart det. Men eg fekk omsider ein lapp, så eg fekk lov til å fare. Men eg måtte levere den når eg kom til Vancouver og skulle til immigration der. Der var dei nesten like stiv, for det var ikkje nok med å få lappen, dei måtte få sjå mannen og. Det var telegrafisten som hadde slike jobbar, så det var han som skulle levere den, men det var ikkje godt nok. Så eg rekna med at det vart same trøbbelet når vi kom til Seattle også, eller Tacoma som det heitte dit vi skulle, der måtte eg levere frå meg transittvisumet. Men der var det heldigvis ein skikkeleg mann som forstod meg, så det vart ikkje noko meir tull. Det har det ikkje vore seinare heller der borte. Det var i grunnen ganske greitt når ein først kom dit.

På den båten vart eg i tre år. Den gjekk berre på Stillehavet, mellom Vestkysten og Østen. Eg kom heim hit hausten 1955. Der hadde dei allereie ein ny jobb til meg. Eg var forresten først 2. maskinist den gongen, men siste turen var eg chief. Det var eit nybygg i Danmark som eg skulle få gå om bord i som 2. maskinist, eg hadde ikkje lyst å vere chief. Eg var heime over jul og så reiste eg igjen. Eg vart i Danmark eit par månader eller knapt det, og så gjekk vi ut derifrå. Vi måtte forresten innom Norge for å bunkre, for det var nesten igjenfrose ved Øresund, så dei måtte køyre bunkers frå København til Helsingør, for det var ikkje råd å komme seg inn til København. Vi fekk så mykje om bord at vi kom oss til Haugesund, så vi fekk bunkre der før vi gjekk. Ellers gjekk dei ikkje på Europa nesten i det heile tatt Klavenesbåtane. Vi skulle først over til New York. Vanlegvis når det kom nye båtar til New York så var det stor mottakelse, så då måtte båten vere i pussen. Siste strøka som var måla i Helsingør var måla på is, så vi var ikkje komne til Shetland før det var tina av alt sammen. Så vi gjekk til Charleston, sør for Cape Hatteras, og der var det sommar. Der låg vi nesten ei veke, så dei for over heile båten. Til New York skulle vi komme inn søndag føremiddag. Der var det snøstorm når vi kom dit, så vi såg ingen ting, så det vart ingen mottakelse i det heile tatt. Vi fekk no sjå kor hjelpelaus dei kunne vere amerikanarane også. Det var ein gjeng som var oppi sentrum, på Time Scare, om kvelden. Det var undergrunn der vi låg, så det var enkelt å komme seg dit. Eg såg ein bil som gjekk. Han hadde kjettingar på, så eg reknar med at han var norsk Resten stod hulter i bulter over alt. Då var det lamma nokre dagar før det vart skikk på noko.

Båten vart lasta for å gå til Middelhavet, først til Casablanca og så til Middelhavet, på begge sider, Algerie og Tunis, heilt til Alexandria og så opp til Italia før vi gjekk til Istanbul og tilbake til Italia. Vi lasta forresten 40 tonn med sneglar i kasser i Istanbul som skulle til Marseille. Det såg ut til å vere snadder. Det var ein heil del som kraup ut av kassene, for dei levde, så dei kraup over alt. Eg huskar når vi kom til Italia, då for dei i båt på utsida av båten og skrapa ned sneglar. Så det måtte vere snadder, eg smakte ikkje på dei.

Vi gjekk til Marseille, og så skulle vi tilbake til New York. Før vi kom så langt hadde dei ein ny jobb til meg. Eg skulle gå om bord i ein båt som heitte Mandevil som chief. Eg var ikkje så hissig på det, men tenkte at eg fekk berre ta sjansen. Så det vart avmønstring når vi kom til New York, så eg skulle gå om bord i Mandevil i Boston. Eg vart gåande nokre dagar i New York. Det var ein ny skipper også som skulle om bord i den båten, så vi budde på eit hotell der. Vi tok toget til Boston og gjekk om bord der. Den båten gjekk i ei anna rute, den for jorda rundt, både på østkysten, vestkysten, Østen og opp gjennom Suezkanalen og tilbake over Atlanteren. Det var fleire linjer eigentleg som skifta. Vi gjekk i ei rute når vi starta og skifta nedi Østen og tok ei anna tilbake. Men plutseleg ein gong vart det forandra. Vi kom til Vestkysten, då fekk vi beskjed om at vi skulle gå til Japan, og så skulle vi i dokk i Hong Kong, for vi skulle gå til Australia og laste ull, for det var ullsesong. Det var i grunnen ei avveksling, når vi gjekk i linjefart som vi gjorde, å få komme dit ned. Dette var i oktober 1957. Dei første Sputnikane vart oppskotne mens vi låg der nede. Dei var synleg der. Det var ikkje noko særleg tempo der, slik som vi var vant med, så dei brukte over ein månad på å få laste. Der hadde dei god tid. Ein dag var det oppsagt ein mann, og då for heile gjengen i land på puben nokre timar, og så kom dei att. Så det var stor forskjell på tempoet der vi kom frå. Eg huskar vi hadde nokre dyptankar. Dei heldt på i fem dagar på å fylle ein. Den same tanken var utlossa i Antwerpen på fem timar. Så dei hadde god tid. Det var ikkje noko overtid, dei slutta klokka fem.

Då skulle vi over til England igjen. Vi stoppa og bunkra i Aden og så skulle vi til Port Sudan i Rødehavet og ta med noko last til England. Det var einaste stoppet vi hadde. Vi brukte 37 døgn på den turen også, det same som vi brukte frå Abadan til Liverpool. Vi gjekk rundt Australia, vi starta i Newcastle eit stykke nord for Sydney og gjekk sørover og rundt og opp igjen, så det var forskjell på farta. Vi lossa i Liverpool og i Antwerpen. Då skulle vi tilbake igjen til USA. Vi fekk med oss noko sement som vi hadde som ballast, ca 3.000 tonn, som dei ikkje vart kvitt der. For oss var det no bra mykje. Dette var om vinteren, i januar 1958. Den skulle vi losse i Miami Beach. Der var det vinter for ein gong skuld, det var den kaldaste vinteren dei hadde hatt. Der er masse luksushotell, men det fanst ikkje folk Alt var billeg, du kunne leige bil, det kosta nesten ingen ting, og der låg tusenvis av lystbåtar som dei brukte å leige ut. Så lasta vi inne i Gulfen igjen, i New Orleans mesteparten, for det meste oljeutstyr som dei skulle ha i Sahara for å bore etter olje. Så vi var i Casablanca og lossa litt og i Tunis og lossa oljeutstyret. Det var alt dei trengte, boremaskiner og alt, så borekompaniet køyrte berre inn og begynte å bore. Så lasta vi i Alexandria og Italia og gjekk tilbake til New York. Det vart siste turen min i utenriksfart. Eg kom heim først i mai.

17. mai i 1958 kom ein ny båt ned på hamna som heitte Sulanger, som Roald Knoph var skipper på, og parthavar i saman med nokre søringar. Eg hadde visst om båten før, men no var dei ferdig til å gå til Grønland. Når dei kom heim att frå Grønland vart eg spurd om eg ville ha jobb. Ein måtte ha dispensasjon for å få 3. klasse sertifikat den tida, i dag får du alt utan noko. Den maskinisten dei hadde gjekk på dispensasjon og var visst ikkje så godt likt elles heller. Eg sa at eg forstod, men eg måtte i alle fall tenkje på det. Eg kom til at eg ville prøve ein tur og sjå kor det gjekk. Det var på vinteren og det var eit forferdeleg isår det året, så det vart litt av ein overgang frå Stillehavet og til isen på Grønland. Men det var varme om bord i båten, så det var ikkje noko problem slik. Sjølv om det var mykje basking med is heile tida fekk vi litt fisk, men det var mange som ikkje fekk noko. Det vart ein brukbar tur, så det vart til at eg tok ein tur til. Den var endå bedre. Sidan vart det til at eg fortsette på Sulanger. Eg fekk sjølvsagt vere meir heime no. Åra etterpå var båten full alle turar. Dei første turane gjekk som regel ganske raskt. Vi dreiv på Syd-Grønland, det var der det var beste fiskeriet, men mange av sunnmøringane var aldri der. Det var ein tur vi var der borte, det var utfor Julianehåb-bukta på sydspissen av Grønland, vi fiska 185 tonn før vi gjekk til lands. Då var båten snart full, så vi måtte levere frå oss masse agn. Vi fiska resten når vi kom sørover, så då hadde vi 200 tonn. Ja, vi salta endåtil litt på dekk, for det var så fint ver, så vi hadde vel 210 tonn til saman. Så då var vi tidleg heime. Det var bestandig langt sør vi fiska dei første turane på Grønland. Det var Grønlandsturane som gav noko den tida, for sildefisket vart det mindre og mindre av.

Om vinteren i 1963 vart båten forlengt, så då kunne vi ta 250 tonn. Den vart som regel full då også, alle dei første turane. Vi hadde to turar for året til Grønland, den første turen på året var alltid til Grønland og så var det ein om hausten. Men frå 1963 tok vi haustturane på New Foundland. Vi var der i 1962 også, men då var det dårleg fiskeri og berre skodde, så vi såg ingenting, så då gjekk vi til Grønland. I 1963 gjekk vi til New Foundland igjen. Vi låg på austsida. Vi lurte på å gå til Grønland igjen, for det var ikkje noko triveleg å ligge der i skodda og med mykje slingring, for det var aldri smult der. Men så snakka vi med ein håbrandbåt ein dag som låg på sydsida av New Foundland, der låg dei og drog kokfisk. Det var plenty fisk på 25 famner vatn. Vi låg eit par døgn unna, så det var ganske langt, men vi bestemte oss for å gå likevel. For det første var det sommar og sol der, når vi kom på sørsida, det var 24-25 grader. Og så var det full klaff, det var eit eventyr det fiskeriet som var der. Vi kasta den første gongen, vi hadde 30 liners stubbar, det var heilt flatt der. Vi drog to stubbar og la stilt, for vi måtte la folket få kvile seg, vi kunne ikkje slite dei ut. Den første dagen hadde vi 12 tonn salt fisk på 4 stubbar, 3 tonn på stubben. Det var berre stor og jamn fisk. Så vi fiska 150 tonn på kort tid. Det var eit instrument som var godt å ha der og det var termometer, for det viste seg at viss temperaturen var nede på null grader så var det ikkje fisk. Det måtte vere ca 5 grader for å få noko. Så vi fiska 150 tonn før vi var i land og gjekk ut og fiska resten før vi gjekk heim. Dei som låg på austsida var vestafor nokre av dei, Sjøvik bl.a. låg til endes med oss og brukte ein dag og fekk 3 tonn. Son til Røssevold, Svein, var med oss, og han snakka med far sin. Dei hadde koder seg imellom, for det vart aldri sagt noko tal over radioen. Vi hadde 12 tonn den dagen også, så etter ein dag eller to så for dei. Dei låg og fila på austsida, det var eit gnag, men aldri nokon overraskelse. Det var flekkevis. Du kunne ikkje bruke opp igjen, du måtte vente ei veke. Dekkaen var komme då, så dei merka av så dei visste kvar dei skulle gå igjen. Vi var tidleg ferdig, vi kom bortover etter dei som låg på austsida, men var ferdig lenge før dei. Så alle haustturane etterpå gjekk vi dit. Roald var ikkje med fleire turar, det var ein Strandamann som var skipper. Så der var vi dei tre siste åra frå 1963 til 1965. Då vart det ikkje meir Grønlandsturar. Etter det vart det kraftblokk.

Så Roald Knoph var det ikkje mange som greidde å slå i fiskeri. Han var sjølvstendig. Når eg var med Christian Bjelland på Grønland så var det full fart opp til Holsteinborg, det var der dei heldt til, det var der fisken var. Men det viste seg at det året var det ein heil drøss med mindre båtar som var gått til Grønland, og det var komme ein stasjon i Færingehavn der dei leverte. Roald var med ein Tromsøbåt då og dei brukte i sør heile tida og hadde mest fisk, dei hadde 400 tonn som dei leverte i Færingehavn. Så fisken var jamnare og større der enn lenger nord. Det første året vi var der, låg vi opp i Holsteinborg ein heil flokk med båtar, det var ikkje noko fiskeri. Vi studerte kartet og fann ut at det var ein plass lenger nord det kunne gå an, så vi gjekk ca eit halvt døgn og begynte å bruke, og der traff vi også på fisk. Så der gjorde vi nesten turen den gongen.

Eg vart verande om bord i Sulanger. Om vinteren i 1966 vart det ombygging av båten, for då hadde eventyret i Nordsjøen begynt. Vi sette inn kraftblokk og fekk ny not. Men vi vart ikkje ferdig så vi nådde borti storsilda, vi var berre ute og prøvekasta. Over påske vart det Nordsjøen, og det vart eventyr frå første dag. Men makrellen var billeg den tida, det var ikkje same prisen som i dag. Men likevel, vi tente bra med pengar dei åra. Så eg var med til og med 1967 på det livet. Så traff eg Ottar Huse ein gong, han hadde begynt med trålar. Han spurde om eg kunne skaffe han skikkeleg maskinist. Det vart ikkje meir snakk den gongen, men så traff eg han igjen, og då sa eg at eg kunne ta jobben. Så eg gjekk nord på Aukra Bruk om vinteren i 1968. Båten var ferdig i mai og då gjekk vi til Grønland med Ottar Birting. Det var kombinert saltfisk og filet den gongen. Den første turen var det eit voldsomt fiskeri borte der, så det gjekk ganske snart. Det vart etter kvart nokså snart slutt på Grønland. På hausten når vi kom bort igjen fanst det nesten ikkje fisk nokon stad. Det var linebåtar som hadde termometer og dei fann ut at temperaturen var nesten på nullpunktet nedmed botnen. Så fisken var vel oppi stredet, og det stemte. For det var i jula vi låg i Færingehavn ein flokk, og det vart noko rykte frå Island så vi gjekk dit, men det vart nesten ikkje noko. Det vart styggever så vi gjekk inn i Isafjord på nordvest-Island og låg der til vi gjekk tilbake igjen til Grønland. Men det vart slutt, så vi gjekk heim og skifta tur og gjekk oppi Barentshavet. Etter det vart det berre Barentshavet, det vart ikkje fleire turar til Grønland. I Barentshavet var det brukbart.

Så begynte dei med flytetrål vinteren i 1970. Det vart eit nytt eventyr. Det var berre det at eg syntes dei for så stygt åt. Det vart dumpa så mykje fisk at det var nesten nifst. Dei fekk noko kjempehal som dei ikkje visste å få om bord, så dei berre bløgga og sleppte ut igjen. Dei greidde ikkje å arbeide unna. Eg var to år om bord i Ottar Birting, og då slutta eg. Eg likte ikkje dette. Når eg kom heim kom Roald og spurde meg om eg ikkje ville gå om bord i Sulanger igjen. Eg skulle få gode betingelsar. Den første turen der om bord igjen låg vi i Barentshavet. Det vart i grunnen mesteparten loddefiskeri sidan eg begynte der igjen. Eg vart der til og med 1975. Like før jul vart det slutt. Då fekk eg hjarteinfarkt. Eg gjekk heime til sommaren 1976 for å komme meg til igjen.

Då begynte eg i MRF og vart der til eg vart pensjonist i første omgang og så var eg der ein del etterpå. Pensjonsalderen var nedsett til 62 år det året eg vart pensjonist. Så vi bytte båtar. Rune Solholm skulle løyse av meg. Han var om bord i gamle Rauma, så han kom om bord i Bolsøy og eg gjekk om bord i Rauma. Der vart eg eit år. Eg budde i Molde den tida. Eg var på mange ferjer. Den aller første var Møringen. Den siste gongen eg var om bord i ferje var på Geirangerfjorden. Det var i 1987. Eg var også om bord i hurtigbåten, fekk prøve det også. Det var så lettvint når eg budde i byen, så hvis dei hadde bruk for ein mann så berre ringte dei. Etter 1990 var eg i alle fall ikkje på noko. Vi flytta til Molde i 1980. Så vart kona dårleg. I 1993 var ho på sjukehuset første gongen. Ho stod ikkje på føtene. I Molde var inga hjelp å få så vi flytta ut igjen hit i 1995.