Intervju med Ivar Reiten den 31/7-01 av Per Norvald Ræstad

Eg kom til å reise til Amerika i 50-åra, fordi eg hadde ei tante på vestkysten av Amerika og ho kom heim på hausten i 1950. Det var meir vandrelyst på den tida enn noko anna, så eg begynte den hausten og søkte om immigrasjon og når eg fekk det etter eit og eit halvt år, på våren i 1952, gjorde eg alvor av det. Det var meininga at eg skulle ta meg nokre år borte der og sjå kor forskjellen var på det eine og det andre. Så var det slik at vi hadde båt her på garden som vi dreiv, så eg visste ikkje kor det skulle gå dette.

Turen gjekk godt bortover. Eg reiste heimanfrå, og vi kan ikkje samanlikne tida no og då, for det var vel rutebåt eit par gonger i veka, og vi budde endå under ei oljelampe om kveldane. Den elektriske krafta kom til bygda eit år eller to etter at eg reiste. Både far og brørne mine var vekk når eg reiste, for det var på den tida av året at dei var på Lofoten, så mor var med meg til byen og tok farvel. Eg fekk Tauter-Kristian til å gå med motorbåten sin inn til byen og så tok eg hurtigruta til Bergen. Eg overnatta i Bergen og gjekk om bord i Stavangerfjord. Han låg attmed kaia i Bergen og lasta ein god del, så eg gjekk om bord om kvelden i 8-tida. Eg hadde tenkt å vere oppe til vi gjekk ut frå Bergen, men det vart litt for lenge, så i 12-1-tida gjekk eg på lugaren og la meg, og når eg vakna var vi komne i open sjø. Så når eg såg meg attende såg eg fjella begynte å gå ned i havet. Så eg hadde påskehelga på Atlanteren.

Det tok ei veke frå Bergen, med mellomstopp i Halifax i Canada, til New York. Eg hadde fått alt i orden, for den tida når ein skulle immigrere måtte ein ha brystbilde, røntgen, for tuberkulose og doktorattest på at du var frisk, før du fekk tillatelse til å immigrere til Statene. Så eg gjekk gjennom immigrasjonen og kom i land i New York. Dei hadde slutta med det dei kalla landsjekking, så immigrasjonen kom om bord i båten og du fekk gjort klart alt der før du gjekk i land. Så var det å gå på toget, og det tok tre og ein halv dag frå New York til Seattle på Vestkysten. Når eg kom til Seattle på føremiddagen vart eg møtt på jernbanestasjonen av tante og onkel min og datter deira, og så gjekk turen til dit dei budde, ein plass på andre sida av fjorden som heitte Potbo, der det i dei dagar budde sikkert 75% norskætta folk. Det var likedan i Seattle og, det var ein god del norskætta.

Så begynte vi å ruste oss ut i mai og gjekk ut på kveitefiske på kysten der. Vi drog til kysten av Canada og seinare på sommaren til Alaska. Når vi kom igjen derifrå og den sesongen var ferdig, gjekk turen nedover på kysten, vi gjekk på tunafiske. Det fylte ut året nokså mykje. Men i dei dagar var ikkje fisket så rikt på inntekt som i dag, så når vi var ferdig med fisket den hausten, gjekk eg saman med nokre kameratar som eg hadde møtt der borte, som hadde vore fødd der borte både den andre og tredje generasjonen, og arbeidde på eit sagbruk for eit par månader. Det hadde eg godt utbytte av, for det var slik at viss du skulle komme deg ut og lære deg kva som gjekk for seg i samfunnet, så var det godt å blande seg med det lokale folket. Viss du gjekk berre saman med nordmenn var det lett å snakke norsk, men det amerikanske språket, som er engelsk, har sin eigen amerikanske sleng på det engelske språket, og det lærde du når du gjekk saman med lokalbefolkninga. Slik gjekk eine året etter det andre, så eg dreiv fiske ein del år. Eg hadde ein annan onkel der borte også, bror til mor mi, han hadde ein hermetikkfabrikk oppe i Alaska. Han ville gjerne at eg skulle slå meg saman med han. Vi bygde ein fraktebåt saman som begynte å gå i fart mellom Seattle og Petersburg oppe i Alaska. Det førte både til det eine og det andre. Vi kjøpte ein større båt, og når kongekrabben begynte å bli ettertrakta, bygde vi om den til produksjon av krabbe. Då begynte vi å bygge det eine etter det andre. Eg kjøpte nokre krabbebåtar som eg dreiv med, det gjorde eg meir på eiga hand. Så selde eg den og kjøpte ein større ein, meir som ein kombinasjonsbåt, som då gjekk både på krabbefiske og trålfiske, og han kunne også ha fisk i kjøletankar og ta med seg til fabrikkane i land. Seinare vart fisket meir og meir utbygd på botnafisket, kvitfisk. Så ein del av oss norskætta, sju forskjellige båteigarar som hadde trålbåtar, kjøpte ein større produksjonsbåt saman, og det er det eg har halde på med i det siste. Så eg er ikkje fullt pensjonert, men kanskje ein tredjedel. Slik har dagane gått.

Når vi tenkjer på leveforholda der borte, så vil eg seie at når eg kom bort der var båtane i litt dårlegare sjøstand enn dei var i Norge, det var vel mykje kva ein var vant med. No så har det vel vorte ombygd, og så mykje reiskap som du har i dag, så er det meir utbygd for ein lettare måte å fiske på. Når kraftblokka vart konstruert på vestkysten og seinare kom til Norge, tok den mykje over arbeidet. Eg dreiv med snurpenot ein del år også, så eg har vel vore med på det fisket du kan tenkje deg borte der, både på tråling og på laksedorging og litt av kvart. Så eg kjenner godt til fiskeriet på vestkysten, det som ein kallar Stillehavskysten her i Norge.

Det er eit nokså godt norsksamfunn i Seattle, for vi kjem saman ein god del i forskjellige samankomstar og har det vi kallar ein norskklubb. Det er fleire otrøyingar som høyrer til der og som eg kjenner. Det er ofte godt å komme saman slik, så vi kan snakkast og høyre av  kvarandre om det som går for seg i Norge. Det er også kjekt å få besøk frå folk frå Norge, eg set stor pris på det når nokon kjem. Den anledninga eg er heime no er at min bror Kristoffer og kona hans Kjellaug feira 80- og 75-årsdagar.

Intervjuar Per Ræstad seier han har høyrt at Kjell Bjørnerem og faren var der på besøk for nokre år sidan, og ber han nemne andre otrøyingar som bur der. Ivar fortel at han i tidlegare år hadde mykje kontakt med onkel til Mandor, Mathias. Han var vel ein av dei eldste eg traff på borte der. Så eg kjente godt den familien. Så var det Kristian Misund og den familien, så son hans ser eg ofte. Så er det Nygårdsfolket, Harald, Bjørg og Oskar. I det siste er det ein som har flytta utpå kysten der og er pensjonert, Gunnar Tangen, og son til Mandor, Rune Bjørnerem. Det er dei som eg ser mest til, som er nærmast meg. Det er mange fleire og, det er Margit, søster til Nygårdsfolket, ho er pensjonert og bur der. Så eg treffer dei nokså ofte, og eg trur dei trivst godt borte der. Dei fleste trur eg har komme seg heim i dei seinare år. Før var det slik at når du reiste til Amerika så var det den siste avskjeden, for du kunne ikkje rekne med å sjå dei igjen. Men det har forandra seg mykje berre frå den tida eg reiste over.

I dag disponerar eg eit par andre fabrikkbåtar. Det er no det eg har drive med dei siste 25-30 åra. Så det er trålfiske, krabbefiske eller laksefiske. To av båtane er mest utlagt på å produsere krabbe, laks og fryse sild. Trålfisket har vel vorte det mest lønnsomme dei siste 10-15 åra. No i det siste har det vorte kvotefiske på kvar båt. Det har hjelpt på den måten at du har litt meir tid å ta kvoten din på, så du får meir prosent ut av fisken du fanstar, og du får ein bedre kvalitet, når mannskapet får bedre tid å gjere det på. Eg har vorte kjent med ein god del folk frå Møre og Romsdal som dei fleste er i aktivitet i fiskeriet.

-Korleis er lønnsomheita og fiskeprisane der borte i forhold til her i Norge? spør Per Ræstad.

-På ein måte trur eg det er litt lavare. Men det er no om og gjere kva det er. Sånn som laksefiske ligg litt lågare no, når eg kom hit bort var laks ein spesialfisk for vestkysten, og den er no verden rundt. Det er same kva fiske det er i dag så har det vorte meir internasjonalt både på markedet og med fiskeriet. Slik varierer prisane etter kor dollaren er i forhold til den europeiske valutaen og den japanske. For ein god del av markedet på vestkysten går meir til Asia, Japan eller Korea enn tilbake til Europa. Det er alt etter kva fiskeprodukt det er, men eg syns at det meste av trålfisken går til markedet i Asia, spesielt Japan, Korea og Kina. For både i Kina og Korea er det så mykje lavare prisar på arbeidskraft at det går mykje over dit for vidareproduksjon. Så mykje av fisken blir masseprodusert og går vidare til konsumpakking. Slik har fiskeriet vorte utvikla dei seinare år.

-Korleis er ressursane i havet der borte i forhold til norskekysten, er det kvotefiskeri der borte no?

-Det har vorte kvotefiskeri på alt det som du kallar kvitfisk. Kvar båt får sin kvote for året, både på den fisken dei kallar for harr, som er det som du kan samanlikne med sei her, og på kveite og torsk. Eg vil seie at torsken har minka litt, kveite og harr er det bra kvotar på. Når det gjeld krabbefiskeriet så har kvoten minka, for det har vorte ein god del mindre av det. Så kvotane har vorte små i det siste. Men det fiskeriet som vart oppbygd snarast var krabbefiskeriet. I dei seinare år er det fabrikktrålarane og trålarane som har fabrikkar som dei leverer til i land, og harrfiskeriet og den bestanden som har halde seg godt.

-Korleis er dei familiære forholda, kva driv barna dine med?

-Som min eigen familie, så har dei gått på skule og fått utdannelse liknande som dei gjer i Norge. Eg har fire barn, to søner og to døtre. Den yngste sonen arbeider ein god del med meg på båtane, og den andre arbeider med data på flyfabrikken Boeing. Den eldste dattera er gift og har to barn, så eg har to barnebarn. Dei er så gamle no at dei har komme ut på eiga hand, men dei går på skule endå. Den andre dattera arbeider i eit selskap dei kallar IBM, International Business Machine, først så var det skrivemaskiner og reknemaskiner og no er det data, så det er eit selskap som har mange tilsette og ho har arbeidd der i ca 20 år. Det blir likedan der som her, somme blir utdanna og går ikkje til fiskeriet, så det er alt etter kva interesse dei har. Men det er slik at du må gjere meir på eiga hand, det er ikkje så mykje støtte å få, så mange skattepengar frå staten som går tilbake til deg. For eldre har det vorte ein god del bedre med pensjonar, folketrygda kom vel før her. No kan du pensjonere deg når du er 62, mesteparten er pensjonert i 65-årsalderen. Mellom 65 og 70-årsalderen kan du arbeide, men dess meir inntekt du får, jo meir blir det trekt av folketrygda du får. Men etter du har fylt 70 kan du tene det du vil utan å bli trekt i pensjon. Det er dei fleste som har folketrygd og ein personleg pensjon utanom. Det er vel liknande som her i landet.

-Har du angra nokon gong på at du reiste?

-Naturlegvis var det ei tid du gjekk og tenkte på om du skulle vere der eller om du skulle reise heim igjen. Når eg reiste herifrå var det ei mellomtid, men fiskeriet var bra. Det var ikkje lenge etter krigen, så det var rasjonering på alt. Skulle du bygge deg eit hus var det rasjonering på material og byggematerial. Eg såg på den eine etter den andre som bygde seg ein kjellar og fekk tak på, til dei fekk material og bygge oppå murane. Så eg gjekk og vog på dette, skulle eg reise heim eller ikkje. Men for kvart år som gjekk vart eg meir fastlåst borte der. Så i midten av 20-årsalderen kom eg saman med ei dame borte der og vart gift, og då sa det seg sjølv at eg måtte til å bygge opp ein heim og komme meg i full sving. Eg reiste i 1952 og kom heim til jul i 1954. Eg møtte far din, Engvald Ræstad, under sildefisket og hadde ein god prat med han igjen. Vi såg på forholda og det hadde forandra seg ein god del berre på desse to-tre åra. Men når eg reiste bort igjen i 1955 vart det tolv år før eg kom heim igjen. Då hadde eg familie med meg. Så det var slik eg slo meg til borte der, at i dei dagar og den alder så var det ikkje så nøye kvar eg slo meg til. Vi var så mange heime også, og skulle alle gå på same båt så var heller ikkje det det beste. Ho mor var i alle fall imot det, for når ho vaks opp og det ho kunne komme i hug, så var det så mange som hadde komme bort på sjøen i nabolaget. Det var fleire båtar som hadde gått ned, så ho ville ikkje at vi skulle vere på same båten. Det hadde ho vel ei god meining med. Så slik var det at eg slo rot der borte.

-Røkke, hadde du noko forbindelse med han?

-Dei første åra han begynte borte der hadde eg det, men det vart mindre og mindre, for han var ikkje så mykje med på sjølve fiskeriet. Eg kom meir i forbindelse med dei som eg arbeidde saman med, så eg var mykje saman med alle dei som kom frå Norge og begynte å arbeide der borte, både hans folk og andre. Men no er han vel komme meir bort frå det som går for seg der borte på American Seafood, så de veit sikkert meir kva som går for seg med han her heime enn kva eg gjer.

-Anker Orvik var heime her på slutten av 50-åra og eg snakka ein god del med han. Han budde i Seattle, hadde du noko kjennskap til han?

-Eg møtte han ein god del, for han var saman med Kristian Misund og fiska sild på Alaska og sardiner på kysten. Ein anna ein som eg var ein god del saman med var Knut Sjøvik av Sjøvik-slekta på Midøya. Men tilbake til Anker, så vart han ein god del plaga med gikt og med ryggen, så han pensjonerte seg frå fiskeriet og flytta til ein by som ligg lenger ut mot kysten, Westport, sidan det hadde eg ikkje nokon forbindelse med han, men eg såg han gong og annan når han var i Seattle.