Berntine nr to fra venstre bak 

Ein gong på 1860 talet for ein skreppehandlar frå Styve ved Evanger rundt på Otrøya og skulle selje varene sine.  Dette var Anders Bergesen Styve.  På Rabben på Akselvoll fann han Pauline Pedersdatter Akselvoll, ei jente som han likte godt.  Detaljane kring møtet kjenner vi ikkje, men dei vart gift i 1866 seier Midsund Gard og Slekt.

Dei busette seg på ein husmannsplass under Lyngjet i Midsund.  Plassen vart kalla Styveplassen eller Pålinaplassen  og er no nedlagt.  Av dei ni barna dei fikk døde to i ung alder av skarlagensfeber. To andre døde unge av beintæring, nyretæring og vatersott – Tuberkulose er vel namnet på denne sjukdomen no. Fire av barna fikk barn som førte slektene vidare. Dette var Karen Emilie Kristine som vart gift med Hans frå Misundbakken og flytta til Sletta i Rakvåg,  Johan Gerhard som slo seg ned på Langfeta, Peder Elias som flytta til Magerøya og Bernhard A.H. Misund som flytta til Ålesund og vart bygningssnekker der.

Men det er den yngste, Berntine født i 1883 dette skal handle om. Ho fikk ikkje eigne barn, men sette spor etter seg på andre måtar.

I folketeljinga for 1910 finn vi at Berntine Styve bur saman med broren Bernhard og to av hans barn i Kirkegate 18 Ålesund. Bernhard var blitt enkemann og Berntine tok over husstellet der til han vart gift på nytt.

Historia om Berntine finn vi vidare i ei bok utgjeve av Frelsesarmeen:  ’’Alle dager ’’ av Synneva Vestheim – ISBN 978-82-93084-10-5

Ho gikk krigsskolen i Frelsesarmeen i 1915-1916. Reiste til Nederlandsk Ostindia (Indonesia) i 1916 som misjonær saman med fem andre unge kvinner.MSHL.02212

17. oktober 1922 vart ho gift med Vincent Midtbø frå Os i Hordaland på Celebes (Indonesia). Han var og misjonær i Frelsesarmeen. Dei fikk ikkje eigne barn.

Frå 1916 til 1942 arbeidde dei på mange forskjellige misjonsstasjonar i det som no er Indonesia. Det var barneheimar, skuler av ymse slag og koloniar for spedalske. På desse 26 åra var dei heime to gonger på ferie. 1924-1926 og 1933-1934.

Då dei var på Koendor spedalskekoloni på Sumatra i 1942 invaderte japanarane staden. Vincent vart internert i japansk fangeleir  20. desember 1942 og døde i fangenskap 19. november 1944. Berntine vart internert i japansk fangeleir  20. desember 1943 og var der til krigen tok slutt i august 1945. Då var det urolege tilstandar i Indonesia så det vart like vanskeleg som å være i fangenskap. Etter kvart kom Berntine seg til Singapore der ho vart innlagt på sjukehus for å friskne til etter eit hardt fangenskap med lite mat. Våren 1946 kom ho heim til Ålesund og vart buande der til ho døde i 1950 67 år gamal. Gravlagd på Nedre gravlund i Ålesund.

Takk til Per Ove Magerøy som har latt oss få skanne bildene som legges ved denne historia