Artikkelindeks

 Skjold net

Ole I Solholm tok lærarprøva i 1927. Det var over 2000 lærarar som stod utan arbeid så han måtte finne på noko anna å gjera. Våren 1928 fikk han tilbud om å være med på finnmarkfiske med den nye båten MK Skjold som høyrde til på Jenset. Han slo til på det og skreiv ei lang historie med minne og meiningar frå denne turen.  

Minne og meiningar frå Finnmarksfiske 1928

Av Ole I. Solholm

Me som tok lærarprøva våren 1927, hadde ikkje store vonene om å få lærararbeid. Det var nemleg over 2000 lærarar som det ikkje var postar til, og talet ville auka, fekk me veta. Det var også svært vanskeleg å få anna arbeid. - Eg hadde 8 veker framhaldskule hausten 1927. Men etter nyttår hadde eg berre 3-4 veker vikariat.

Medan ein går slik og ventar på at det skal laga seg med arbeid som ein har utdana seg til, er det vanskeleg å ta noko anna og. Dei aller fleste unggutar i mi heimbygd vart fiskarar. Men så plaga som eg var av sjøsjuke, kunne eg ikkje tenkje på slikt arbeid. Men så her i vår med eg gjekk slik i uvisse, vart eg boden plass som kokk med Jensetane på Finnmarkfiske. Eg visste at det var mykje som tala mot at eg skulle gie meg ut på dette : Ikkje hadde eg noko utdaning som kokk, og eg visste at eg ikkje var det slag betre av sjøsjuka, Men eg trøysta meg med at det var grannar og greie karar eg skulle koka til, og når det galdt sjøsjuka, så gjekk det mot sumar, trøysta eg meg med. Og så var det så fin båt med bysse på dekk. Verre ville det vore om eg skulle koka all maten i ein trong lugar, slik det var mest vanleg med båtar av slik storleik. Dessutan var det freistande med sjølve turen, få sjå landet og tilhøva langs den lange kysten heilt til nørste enden av landet. Eg hadde elles høyrt gjetord om det storfisket som år om anna gjekk føre seg langs finnmarksskysten. Og dette at det var god von om å tene pengar, vog også mykje for meg som sat att med etter tilhøva stor skuld attpå utdaninga Alt dette gjorde at eg ansa ikkje på alt som talde mot å reisa. Og 1. april gjekk eg ombord i "Skjold", ein heilt ny båt som var bygd hjå Lars Brastad (sen. eller jun?). Det var rett nok ingen stor båt, 47 fot, men helst likevel noko større enn det som var vanleg. Men ein retteleg fin båt var det, og så fint arbeid Som nemnt, så var det helst uvanleg med bysse på dekk på så vidt småe båtar. Det var Jenset-brørne sjølve som hadde planlagt korleis dei ville ha overbygget. Det måtte nemeleg ikkje ta for mykje plass, men likevel vera så tenleg som mogleg. Det som var minst tenleg , var motoren, for han var for liten. Dei hadde nemleg teke motoren frå gamlebåten, ei skøyte, og sett inn i nybåten. Men denne motoren var berre på 16 hestekrefter. Den gamle skøyta skulle me slepa med oss til Vardø og bruka ho til saltefarty. Planen var nemleg at me skulle flekkja 0g salta fisken me fekk, og me rekna med last i begge båtane Når me så kom søratt, skulle fisken vaskast og tørkast til kleppfisk, slik det var vanleg å gjera det her i bygdene.