Artikkelindeks

 Skjold net

Ole I Solholm tok lærarprøva i 1927. Det var over 2000 lærarar som stod utan arbeid så han måtte finne på noko anna å gjera. Våren 1928 fikk han tilbud om å være med på finnmarkfiske med den nye båten MK Skjold som høyrde til på Jenset. Han slo til på det og skreiv ei lang historie med minne og meiningar frå denne turen.  

Minne og meiningar frå Finnmarksfiske 1928

Av Ole I. Solholm

Me som tok lærarprøva våren 1927, hadde ikkje store vonene om å få lærararbeid. Det var nemleg over 2000 lærarar som det ikkje var postar til, og talet ville auka, fekk me veta. Det var også svært vanskeleg å få anna arbeid. - Eg hadde 8 veker framhaldskule hausten 1927. Men etter nyttår hadde eg berre 3-4 veker vikariat.

Medan ein går slik og ventar på at det skal laga seg med arbeid som ein har utdana seg til, er det vanskeleg å ta noko anna og. Dei aller fleste unggutar i mi heimbygd vart fiskarar. Men så plaga som eg var av sjøsjuke, kunne eg ikkje tenkje på slikt arbeid. Men så her i vår med eg gjekk slik i uvisse, vart eg boden plass som kokk med Jensetane på Finnmarkfiske. Eg visste at det var mykje som tala mot at eg skulle gie meg ut på dette : Ikkje hadde eg noko utdaning som kokk, og eg visste at eg ikkje var det slag betre av sjøsjuka, Men eg trøysta meg med at det var grannar og greie karar eg skulle koka til, og når det galdt sjøsjuka, så gjekk det mot sumar, trøysta eg meg med. Og så var det så fin båt med bysse på dekk. Verre ville det vore om eg skulle koka all maten i ein trong lugar, slik det var mest vanleg med båtar av slik storleik. Dessutan var det freistande med sjølve turen, få sjå landet og tilhøva langs den lange kysten heilt til nørste enden av landet. Eg hadde elles høyrt gjetord om det storfisket som år om anna gjekk føre seg langs finnmarksskysten. Og dette at det var god von om å tene pengar, vog også mykje for meg som sat att med etter tilhøva stor skuld attpå utdaninga Alt dette gjorde at eg ansa ikkje på alt som talde mot å reisa. Og 1. april gjekk eg ombord i "Skjold", ein heilt ny båt som var bygd hjå Lars Brastad (sen. eller jun?). Det var rett nok ingen stor båt, 47 fot, men helst likevel noko større enn det som var vanleg. Men ein retteleg fin båt var det, og så fint arbeid Som nemnt, så var det helst uvanleg med bysse på dekk på så vidt småe båtar. Det var Jenset-brørne sjølve som hadde planlagt korleis dei ville ha overbygget. Det måtte nemeleg ikkje ta for mykje plass, men likevel vera så tenleg som mogleg. Det som var minst tenleg , var motoren, for han var for liten. Dei hadde nemleg teke motoren frå gamlebåten, ei skøyte, og sett inn i nybåten. Men denne motoren var berre på 16 hestekrefter. Den gamle skøyta skulle me slepa med oss til Vardø og bruka ho til saltefarty. Planen var nemleg at me skulle flekkja 0g salta fisken me fekk, og me rekna med last i begge båtane Når me så kom søratt, skulle fisken vaskast og tørkast til kleppfisk, slik det var vanleg å gjera det her i bygdene.


Og så bar det i veg på den lange ferda. Og ferda er lengre enn me gjerne tenkjer oss, om me ikkje har fare der før, Og strålande fint ver var det, reine sumarveret. Me kom såleis over Hustadvika utan at eg vart sjøsjuk Men serleg fort gjekk det ikkje. Til det var motoren for veik for to båtar. Men verst var det med ymse hefte som me kom ut for. Då me kom nord til Uthaug, måtte me ta hamn, for svinghjulet på motoren hadde losna. Så var det å driva kilane fast att.

Så var det å ta i veg att. Det var alltid to mann ombord i skøyta. Og når det var lagleg vind, heiste dei alle segla på skøyta slik at det skulle hjelpa på farten. Då me skulle byrja på Folla, var det mørkt, men det var klårt og fint ver så me gjekk etter kompass 0g dei ymse fyrane No skulle me gå etter ei fyrlykt atterut. Men lyset frå denne fyren vart borte for oss då me hadde mest bruk for det. Det var rart. Brått fekk me sjå nokre holmar og skjer rett framfor oss og bra nær innpå, og kursen vart endra i ein fart. Og då kom også fyrlyset att. Grunnen til heile episoden var at karane på Skøyta hadde heist segla, og det var dei som stengde for fyrlyset.

Så litt om korleis det var ordna med soveplassar o.a. : Båteigarane, Matias og Lars, hadde kahytta som hadde 2 køyar og var elles vel innreidt og triveleg etter tilhøva. I luggaren framme var det soveplass og opphaldsrom for oss fem andre. Dei 3 køyane var på den eine sida. På den andre sida var det skåp for klede, koppar, mat og andre ting me hadde med. Rundt heile lugaren var det ein benk til å sitje på. Så var det eit bord som var hengsla på skåpveggen Det kunne me slå ned når me skulle eta, eller når me trong det elles. To av køyane var bygde oppå ein annan. Underkøya skulle gjeva plass til to mann, Kristian og Rasmus. Men ho var så smal at det var ikkje plass til meir enn ein. Når dei begge skulle sova samtidig, måtte framsida dragast fram på benken som ei skuvseng. Overkøya hadde vel vanleg breidde Der skulle Ottar og eg ha plass, Ottar fremst. Ottar er ein bra stor og kraftig kar, og dersom han hadde lagt seg i køya før meg, så måtte eg smyga meg over føtene hans og finna meg plass inntil garneringa. Skulle eg tørna ut før han, måtte eg skuva meg utatt same vegen som eg kom, og med føtene føre. Det ville vera urett å seia at eg fann meg vel tilrette med soveplassen dei første døgra. Men slik var det, og ein vandest med det, sjølv om det av og til kjendest litt kjøvande, og det var ikkje til å koma forbi at eg også av og til tenkte på korleis det ville gå å koma seg ut i ein fart. Peder, femtemann, hadde baukøya. Særleg romslege tilhøve hadde me ikkje anten me låg i køya eller me var framme. Sjøstøvlane, kleda og alt måtte me finna plass til. Særleg rikeleg med frisk luft var det heller ikkje i ein trong lugar. Av og til var det sjøvåte klede, og sume av karane røykte. Ein ting tenkte eg av og til på: Her var berre ein utgang Vart han sperra på eikor vis, sat me som i ei felle. Men det var ingen som klandra på tilhøva. Her var heller betre enn ombord i mange av dei eldre og mindre båtane. Me hadde då til og med ferskvasstank i lasterommet med tappekran i lugaren. - Av inventar elles i lugaren kan eg nemna at me hadde ein liten omn til oppvarming. Og så ei lita oljelampe - vegglampe.

Når det galt matstellet, så hadde me middagen sams, og det som skulle med til middag kalla me også "sams"

Men tørrmaten kjøpte me kvar for oss. Det var brød, smør, sukker og ymse pålegg, og mjølk utanom det som trongs til middag. Å koka og servera middagen var mitt arbeid. Dessutan koka eg den kaffen som trongs. Til kvelds var det te og kakao annakvar kveld til vanleg Kakaoen var kokt på vatn med noko hermetisk mjølk og sukker Når det galdt middagen, gjekk det mest på fisk. Kjøt var det til vanleg berre ein gong for veka. Det var elles ikkje stor variasjon: Kokt saltafisk, steikt fisk, plukkfisk osv. Ein rett hadde me Ofte når me hadde tilgjenge til fersk fisk. Det var torsketunger. Det var noko arbeid å skjera 15 torsketunger til manns, men så var det god og velsmakande mat også. Til kvelds var det av og til restar frå middagen Som attåtrett Attåt middagen var det ymse slag suppe: Saftsuppe, Trondhjemssuppe osv. - Når ein veit at kokken ikkje hadde altfor stor kunnskap i kunsten. 0g hadde liten fartstid når det galdt å variere på menyen, så skjønar ein at det kom vel med at det var greie og smånøgde karar eg hadde med å giera, og eg høyrde aldri at det vart klaga på maten, så vidt eg hugsa. - Til arbeidet mitt høyrde elles oppvask av dekketøy, vask av bord, benkjer og dørk.

Eg hadde elles ikkje noko med vakt og slikt. Men så snart eg var ferdig med arbeidet for dagen og eg ikkje var på køya, var eg i rorhuset og følgde med for å sjå mest mogleg av landet der me for framom, 0g å m vita namna på dei ymse stadene. - Kor lang reis me hadde framfor oss, har ein vel ikkje skikkeleg tanke om før ein har fare der. Om ferda nordover kunne det vera mange småting å nemna, men det er det ikkje plass til og har vel ikkje noka interesse heller.


Men elles var ferda særs interessant for meg, m.a. fekk eg no sjå mange av dei stadene eg berre hadde lese 0m eller høyrt gjete, kanskje sett bilete av dei. Det gjaldt t.d. Torghatten. Ein ser denne store risehatten langt sørfrå, og det er då ein ser hatteskapet, det kjem ikkje fram på dei bileta eg har sett Først når ein kjem opp på sida av denne øya, ser ein det vidgjetne holet gjennom hattepullen. Så ser me Hestmannøya som eg tykte likna meir på hovudet og halsen av ein symjande hest enn på ein hest med ein mann på ryggen. Såleis tykte eg at namnet som eg har sett einkvan staden, høvde likså godt som Hestmannøy.

Alstadøya med den kjende prestegarden ser ein og frå leia. Så har me dei sju søstrene. Elles er her så fullt av øyar, holmar, tindar og knausar med dei mest løglege former, så ein vert ståande berre å undrast: Me er komne til Nordland.

Og leia går mellom holmar og øyar, fluer og fall, gjennom grunne og tronge sund, Støtter og stakar, vardar og fyrlykter, slik at på kartet vert det tett som skoplugg. Rett som det er, må me over ein fjord, open ut mot havet så tungalda huskar med oss, men så i neste stund smett me i livd attom ei øy på nørdste sida av fjorden. Då me kom til Bodø, vart det semje om å ta hamn over helga. Det var då det kunne ha vorte sett stopp for heile reisa vår : Me hadde ete middag, og karane var gått til køys Eg hadde tenkt å førebu søknad på ein lærarpost. Og i styrhuset hadde eg ein høveleg avsats eg kunne nytta til skrivebord. Det var då eg kjende lukt av brent tre, og skjøna straks at det kom frå byssa. Og det viste seg at det taut røyk ut frå panelen bak omnen, som stod nær inn til veggen med ei asbestplate til "brannmur". Asbesten brann sjølvsagt ikkje, men hindra ikkje at treet tok fyr bak asbestplata, Eg fekk varsla eigarane i kahytta, og så var det å riva vekk så mykje av veggen at me fekk sløkkja utan at det vart gjort altfor mykje skade. Men hadde me alle vore til køys så er det ikkje sagt korleis det hadde enda. Ein ting var klårt: Innreiinga av byssa var ikkje forsvarleg. Då me byrja på sjølve Vestfjorden, møtte me landvinden, som kan vera nokså hard denne tida av året sjølv om det elles er godt Ver. Men då me kom til Tranøy, slo motoren seg rang att, d.v.s. at svinghjulet losna på nytt. Og no kom dei til det at ein ikkje halda fram med turen utan å ti festa hjulet forsvarleg. Kilane var nemleg skada slik at dei heldt ikkje. Dei ringde så etter ei storskøyte lenger inni fjorden, og ho nakka oss fort og greitt inn til Lødingen, og motorverkstaden der laga nye kilar og feste hjulet, slik at me tryggt kunne halda fram med ferda.

Og så bar det vidare gjennom Kjeldsundet og vidare gjennom Troms, og det me såg av landet langs leia var mykje likare enn eg hadde tenkt meg. Gardane langs leia såg velstelte ut, gjerne med kvitt stovehus og raud løe. På vegen så langt var det lite me hadde kontakt me land når det galdt nyhende og slikt. Men i Tromsø skulle me stogga å kjøpa inn ymse ting som me trong. Og i avisene der fikk me sjå at det var lite von om at det vart vanleg Finnmarksfiske, der torsken kom i store stimar heilt inn i fjøresteinane, ja, det hadde vorte fortald at ein kunne stå på moloen og draga torsk i mengdevis me handsnøre- Elles var det vanlegast å bruke juksa - eit slag stor pilk med ein krok. Sume brukte landnot, eller søkkenot. Ja det var som eit eventyr det som hadde vorte fortald. Og så slapp ein utlegg til agn og line og store utgifter til olje når ein skulle ut på bankane. Men det som var det leie når det vart så lett å få mykje fisk var at fisken var så billeg. Når fisken kom i så store mengder og så nær land, så kom det av at han følgde lodda som kom i store stimar inn til land.


Men no kunne altså avisene fortelja at det alt no var heilt på det reine at det vart ikkje noko juksafiske i år. 600 fiskarar hadde alt hatt massemøte og søkt om gratis heimreis med "Hurtigruta" (Seinare fekk me høyra at det i alt var ca. 800 som fekk fri heimreis). Det var nemleg mange søranfrå Nordland og Troms som dreiv finnmarksfiske frå robåtar som dei hadde fått oppover med ’’Hurtigruta" eller andre båtar. Når så sesongen var slutt, fekk dei plass til robåtane i land, og reiste søratt med "Hurtigruta". Det var for dyrt og tungvint å ta med seg båtane til kvar sesong. Når det no ikkje vart juksafiske, hadde desse småbåtane ingen ting å gjera der.

Det vart sjølvsagt eit stort vonbrot for oss, sjølv om me nok var budde på at me måtte henta fisken ute på bankane. Og det store spørsmålet vart : Er det von om at me kan greie å ti last i begge båtane våre? Me laut i veg. og no galdt det å få i orden linene og det andre som trongs med tanke på fiske ute på bankane.


Det vart elles store endringar på landskap og vêrtilhøve m.m. etter kvart som me nærma oss Finnmark. Og etter at me forlet Magerøysundet, vart du etter kvart som åleine i verda. Me hadde teke til på Austhavet. Havstykket mellom Magerøy og Vardø. Her går Nordishavet rett i fjellveggen som stig nokre hundre meter rett opp av havet, så flatar fjellet seg innover utan særlege fjelltoppar. Det liknar på Nordkapp – Nordkyn.

På heile denne strekninga - 20 mil - er det ikkje ei øy, ein holme eller eit skjer. Av og til vert denne lange stranda gjennombroten av ein fjord, liksom eit hogg rett inn i landet. Det er smått stell med naturlege hamner, berre ei og anna livdarlause vika. Ender og då kan me sjå eitt eller nokre hus som har klora seg fast i ei vik eller berghylle for seg sjølve, og overletne til seg sjølve Ja, slik minnest eg det. Men eg er sjølvsagt merksam på at me for det meste held oss høveleg langt frå land, så det kan hende at inntrykka me fekk, var verre enn det var i røynda. Men alt er audt og snautt, kaldt og hardt. Her må vera fælt med full vinter. Trass i alt så er det ulikt det me hadde sett av Nordland og Troms, endå mange av oss søringane kalla alt som er nordom Folla, for Nordland. Og er det skildnad på Nordland og Troms når det gjeld natur, så er det også skildnad på nordlendingen og Finnmarksbuen. Folket er hardt og kaldt liksom naturen, "seier nordlandsguten som " er lærar i Finnmark. Her er lite av det som er mjukt og blidleg, tykkjer me søringane. Men det kan vera farleg å gje seg ut på å karaktisera folk kringom i landet på det viset, ein kan så lett gera urett. Kanskje det mjuke og fine er løynt bak hardversbunaden. - Her er heller ikkje mykje rom for blautfengd, skulle eg meina. Her går det på røynetak med rasande og rykande, kokande og knusande naturkrefter, og vil du ikkje ta den striden, så får du den grinande nauda som gjest. Det er ikkje stort meir å velja mellom dersom du vil vera her,

Austhavet er eit stygt havstykke. Men turen vår over havet var det ikkje noko å klaga på, sjølv om det vart litt verre etter kvart. Me var såleis glade då me fekk smetta innom moloen i Vardø. Namnet på byen har vel vore skrive så ymse : Vardøy, Vårøy og Vargøy Det er elles fleire øyar t.d. Hornøy og Reinøy. Men sjølve byen ligg på Vardøya. Sundet mellom øyane og fastlandet heiter Bussesund. Øya er mest avskoren av to vågar - Austvågen og Vestervågen. Vestervågen er sjølve hamna som er skjerma av to moloar, ein på kvar side. Inne på denne hamna er og kai for "Hurtgruta" og andre større båtar. - I Austvågen ligg mindre båtar. - Det er ikkje noko særs ved sjølve byen. Husa er for det meste små og låge og med lite utanpåstas, oftast med papptak eller torvtak.

Den kvelden me kom inn på hamna, var det kuling og snøråk. Me måtte ein tur oppi gata å handla, og eg tykte det var trist. Det gjorde vel noko at det verka som mørk vinter. Eg hugsar eg tykte synd om nokre sauer som Stod i snøen oppi ei veranda, jamra 0g øya seg.

Gatene er søylete og skitne så det er reint fælt, særleg når det er regn og ruskevêr, Mest alle stader ser ein sauer og geiter som traskar i gatene Dei måtte lida ilt. Eg måtte ofte undra meg på kva dei levde av. Eg såg ein sau ein dag som stod og sleikte på ei tom snusøskje, og til slutt åt han ho opp Så kunne ein finna seg eitkvart matrasket t.d. ei halvroten potet. Men eg må vel seia med apostlane Kva var det til så mange? Av og til såg du også griser i gatene. Og så skitne som alle desse dyra var Ja, grisane var vel ikkje dei verste. Det var vel ikkje så mykje overdrive når ein av sa at dei kvite sauene var svarte, og dei svarte var kvite, og det trongs ei eventyrprinsesse til å vaska rein den ulla - Det var vel ikkje å undrast på at ei Vatsø-avis truga med å melda saueeigarane for dyreplaging. - Kyrne var likevel likare enn eg torde venta. Me fekk og sjå dei marsjera gjennom gatene då det lei lenger utpå. Dei var då velfødde, om ikkje smellfeite.


Skulle eg elles nemna noko særmerkt frå Vardø, så måtte det vera festninga – Vardøhus. Ho ligg oppå vollane der, ein kan sjå kluftflagget der kvar dag, 0g så nokre svarte kanonar. Vil ein sjå noko meir, lyt ein opp i sjølve festningsområdet. Gjennom ein port kjem ein innpå Sjølve festningsplassen der det er nokre barakkar og andre hus som høyrer festninga til. Innom sjølve festningsvollane kjem ein gjennom ein port i festningsmuren. Med ein traskar gjennom portkvelven, vert ein var ein bronse- eller jernplate, der det står å lesa kva tid og kva for ein konge som let byggja festninga, kva tid ho vart ferdig o.s.b. Ein treng ikkje vera særs kunnig i krigskunst og det som høyrer med til slikt, for straks å slå fast at denne festninga lite har verd for eit mogleg forsvar i våre dagar. Visst er nokre av dei gamle kanonane bytt ut med nye, men likevel. Ein kan sjå nokre av dei gamle nede på moloen, der dei er støypte ned så berre den atterste delen stikk opp. I det heile er den gamle festninga for det meste eit minne om ”kvorven stordom" eller noko slikt.

Ho har utan tvil hatt sitt verd då ho etter samferdselstilhøva i gamle dagar ligg særs lagleg til. Eg kan og nemna at nede i sjølve byen synte eit skilt kvar den eldste festninga hadde lege, og kva tid ho var bygt Vardø hamn er alt for lita til at alle dei båtane som etter kvart kjem til, kan få rom her. Båtane må stuvast mest som "sild i tynne". Det hender og at det må seiast stopp, Dei store saltefartya - jakter, galeasar o.a. får ikkje sleppa inn mologapet. Dei må fint liggja utanfor moloen. Når det så er på det meste med båt, er det slik at ein kan gå frå båt til båt heile hamna over, i sanning ein "skog av master, av skrog ein mur". Ja, det må sjølvsagt alltid vera plass til "Hurtigruta" O.a. som skal inn til kaia, både komma inn på hamna, snu og manuvrera.

Å koma seg ut or denne røra for dei som ligg inst, ja, det må vel reknast for eit meisterverk. Han får ikkje vera nervøs og redd, han som skipper skal vera, nei, og jamen lyt han vera vaken skal han ikkje køyra sund sin eigen båt og andre sine. Og søringane er og varsame, skal eg seia. Det er mest slik at motoren veit ikkje anten han skal gå framover eller bakover, eller til nokor av sidene, hadde eg nær sagt. Likevel hender det at dei køyrer seg fast eller gjer skade. Men prøv nordlendingane, du! Ja, det er nordlendingane, dei sørom Nordkapp som er rådande, ikkje korkje søringane eller Finnmarksfolket. Og neimen om dei spør etter kva andre vil, heller, Dei skal fram og ut : " Syng på guta! Høgg! Stekk Skjær!" Er nokre av dei ropa som lyder, og som ikkje nett vert kviskra ut. Og så ein flaum av banningar Så går det med full fart, og fram må dei.

Alt må vike for overmakta. Og krefter har dei, "tredeve, førti hæsta". Det er ikkje tale om noko midels når det gjeld motorar. Er det råd, så må dei ha det likaste, Og dei har ei merkeleg interesse for motorar. Du høyrer stendig dei ropar på langan lei Ka maskjin dokker har? Mange hæsta? Ho bakka fint." Så skal det vera så storlaga særleg ombord i storskøytene. Og her kan nok nordlendingane gå for vidt. Det er mangt som er beint fram låtteleg, for ikkje å tala om at det er upraktisk. Særleg gjeld dette sume av dei gamle båtane. Dei nye er oftast godt ordna. Andre er mindre nøgne. Ein kan sjå dei mest løgne apespel til båtar Som er så løgne at du mest må dra på smilen til det heile. Eg må elles nemna at me fekk fast og god plass til skøyta, bra nær moloen i eit bra roleg område. Me fekk fast plass til "Skjold" ved sida av skøyta.


Så var det fisket, ja. Der nord kan ein berre nokre meter frå land og gjera storfangst av torsk. Ein høyrer ofte gjetord om finnmarksfisket. Når det slår til, treng ein berre eit snøre med ongel på - juksa, dei kallar. Juksa liknar pilken, men har berre ein krok.

Me fekk ikkje prøva juksa. Som ein veit, er det lodda som dreg torskestimane innunder land. Denne vesle fisken som er berre seks - sju tommar lang, kjem i store stimar frå austlege havområder hitover til Noreg og skal gyta. Me ville vel seia at ho liknar på silda, og at ho høyrer til det slaget. Likevel skal ho reknast til laksefiskane. Det er elles to slag av ho Sillodda og fakslodda. Den første har namnet sitt av di ho liknar silen, ein fisk som ein stundom kan få her sør, og sume trur er lodde. Lodde finst ikkje her sør. Den andre har namnet sitt av ein faksliknande ugge på undersida. Elles liknar lodda i fisken lutefisk, traust og bruskvoren. Det var ikkje heilt fritt for lodde i år heller. Dei stengde noko med not i Vadsø. Der gjekk ho inn på hamna omlag som mort her.

Det vart elles eit stort vonbrot at ikkje lodda kom. Det er loddefiske som det vert kalla, som er lettaste, bilegaste og snøggaste fisket. For det første så er det mest ingen reiskap som skal til Eit snøre, ein kastarstein, ein juks og så eit vabein er alt du treng. Så slepp du kjøpa agn. Dessutan kjem fiskestimane heilt inntil fjøresteinane, så det går ikkje mykje i forbruk på vegane til og frå fiskeplassen. Og så er det så umåteleg kva ein kan fiska. Det er med ein vinn å hespa inn, det. Det er og mange som fer opp til Finnmark berre for juksafisket. Dei fer dit " snipp og snau" som det heiter, og vonar på juksafisket. Det kan gå vel, men det går ofte gale Og, slik det gjekk i år. Me var ikkje før oppkomne me - så omkring midten av april før 600 fiskarar hadde massemøte og sende bøn om fri heimreis med "Hurtigruta". Dei hadde fare dit opp på von og våge, som dei gjekk og stod, og alt då var det bersynt at det vart ingen ting av juksafisket, endå dei vona og venta i lengste laget. Det vart visst 800 fiskarar som fekk fri heimferd.

Dei som då var att, altså dei som hadde kome dit opp på eigne eller leigde båtar, dei laut satsa på bankfiske for det meste. Det er særleg på tre - ja, fire plassar dei held seg : Det er utanfor Syltefiorden, halvannan times gonge frå land, men så omlag 4 timar frå Vardø. Det er eit straumhol fullt av botnvokstrar, så det kan vera vand å få att vegna. Men her er stor, fin fisk, ser du, og ikkje så lite heller. Særleg var her mykje stor og fin ur. - Så er det Nord-Austbanken, 4 timars gange nordaust frå Vardø. Endeleg er det utanfor Vaida- Gub, nordpynten av Finnland og omlag 4 timars frå Vardø, Noko var rart, tykte eg. Dei karta over fiskebankane, som me fekk tak i, var tyske. Truleg var dei betre enn eventuelle norske som me kunne tak i. Det var til og med avmerka på kartet kvar det var "god fiskebank". Og kva fisk var det me fekk tak i? Me som skulle stella fisken sjølve - til klippfisk, var mest interesserte i å fä tak i torsk, og helst så stor som mogeleg. Småtorsken selde me fersk til henging, Men her var anna fisk og. Ein av første bankfisketurane våre fekk me mest berre hyse, svært stor - jamnstor. Men all hysa me fekk selde me fersk til oppkjøparar i land. Men attpå denne "hyseturen" fekk me ei plage som me vanskeleg kunne verta kvitt : Det vart nemmeleg så mykje slim av denne hysa, og det for gjennom dørken og nedi ballasten som var lageleg rullestein, og der vart det verande, og det vart slik stank som det mest var uråd å verta kvitt. Verst var det når båten var under fart, for då strøymde den fæle stanken opp frå lugaren. Du møtte han i lugarnedgangen som ein vegg. Verst var det for meg som ikkje var "sjøsterk". Det var så visst at med same eg stakk hovudet inn i kappeopningen, så var det kvalme og sjøsjuke så ille at eg måtte vera snar å koma meg på køya. Det var nemleg slik at så lenge eg låg, Så var ikkje sjøsjuka noko plage Det seier seg sjølv at me tok ikkje sikte på å få særleg mykje hyse.

Så var det ur. Det var ein fisk me gjerne ønskte oss mykje av. For det første så var han sværande god - og feit, og uren var vel vissaste middagsfisken vår. Uren salta me i tynner. Men uren stod helst der botnen var nokså urein. Lina hadde lett for å verta fast, og så enda det gjerne med at me miste mykje line, Difor måtte me halda oss unna dei beste fiskeplassane for ur. Det merkelege var at dei engelske trålarane tok ikkje uren. Det var ufisk i England, vart det sagt. Ein av kameratbåtane låg lagleg til ein dag ein engelsk trålar tok Opp trålen, og det vart raudt av ur rundt dei, av ur som flotna opp. Dei plukka 0g salta sju tynner med fin ur.


Men kjalk - i hundretal - hadde vore endå trottigare med å hakka kverken or uren så han sokk. - Ja, kjalken var gjerne ei plage t,d. når me sette line. Då var han der i store mengder og prøvde å ta agnet av lina. Det hende han kom innpå dekket, men då var han hjelpelaus. Så var det steinbit, stor og fæl, blå og meterlang. Den var me heller ikkje særs interessert i. Ikkje åt me han, nei, ikkje tale om, og ikkje salta me han. Men t.d. dei russiske oppkjøparane var intresserte i steinbit. Dei betalte vel så mykje for steinbit som for torsk, Det høyrest kanskje rart ut, men me ville gjerne ha steinbit til manns, helst så stor som mogleg. Me flådde kvar sin kjempesteinbit, salta skinnet med tanke på at me skulle setja det inn på eit garveri i Tromsø når me ein gong for heim att. Når skinnet var stelt og ferdighandsama, var det to fine skinnstykke som me skulle ha til forstykke i ein vest, Eg skal elles nemna at då me kom til Tromsø på sørtur, bau garveriet at dei kunne byta med oss. Dei tok våre steinbitskinn, og me fekk ferdiggarva skinn hjå dei mot at me betalte garvinga. Så slapp me kostnad med ettersending. Og - som nemnt - det vart fine vestar av det gulbrune skinnet med mørke flekker.

Det hende me fekk blåkveite (svartkveite), men me søkte ikkje etter ho. Det var omlag det same med blåkveita som med steinbiten Eg trur ikkje me smakte ho. Men russen var i alle fall interessert i ho. Ja, bra med fisk var det. Det er moro når fisken - anten det er torsk eller hyse - "ongelføl" ned gjennom sjøen, d.v.s. at det er fisk på kvar ongel på lina lange strekningar. Når det gjeld hysa, så er det ikkje berre nokre hundre, men tusen. Det var dei av storskøytene som fekk ti-femten, ja tjue tusen, Dei var søkklasta med hyse attpå ein slik tur.

Kvar skulle ein så giera av all denne fisken ? Saltefartya tok mot berre torsk. Ikkje alltid kunne oppkjøparane i land ta ho heller, og år om anna har det hendt at dei har vore nøydde til å kasta ho på sjøen att, all den maten, verdiar for mange pengar. For ei åtferd - I år kjøpte dei og hengde hysa som stokkfisk. Men prisen var ikkje høg : Frå fem til ni-ti øre stykket - hyser på to-tre kilo kvar, billeg mat. Men slik som han vart stelt Der fiska dei full båten, og så var det å gå og trø i denne fiskemølja til ein fekk tøma båten etter eit døger eller to. Det giekk føre seg på den måten at dei leste fisken ned i førslebåtar - skitne og fæle. Til å lempa fisken med brukte dei ein stav med ein pigg i enden. Så stakk dei piggen i fisken kvar det høvde, og lempa han ned i førslebåten. Så kunne fisken verta liggiande i desse førslebåtane endå ei tid før han endeleg vart flidd - sløgd og vaska i sjø frå hamnebassenget_ Og det vatnet var ikkje særleg reint. For alt fiskeavfall vart kasta over bord og i hamnebassenget Så vart fisken "sperra" og gjort ferdig til henging. Dei "sperra" fisken på den måten at dei smete ei lykkje - høveleg stor og av høveleg tjukk tråd- nedover sporane på to og to fiskar, surra fiskane rundt slik at lykkja drog seg hardt kring sporane og heldt dei to fiskane i hop. Fisken vart så skyld i kar og deretter lesst opp i kistevogner med bra høge karmar, 0g køyrt gjennom gatene og ut til hjellplassane 0g hengd på hjellar. Eg må tilstå at eg ikkje er sikker på om dei til skyljinga brukte ferskvatn eller om dei tok sjø frå hamnebassenget til dette. Eg vil likevel tru at det var ferskvatn. Det var såleis ei stendig køyring gjennom gatene dag og natt, helg og yrke. Det rann vatn frå desse vognene

og ned i dei usteina gatene, så ein kan tenkja seg korleis det vart.

Eg nemnde dag og natt, helg og yrke. Ja, det giekk mest i eitt når det galdt arbeid, aldri stilt korkje på hamna eller i gatene. Stendig var det båtar som kom "opp av havet", eller "gjekk ned", som det heiter her nord. I gatene var det støtt einkvan som traska og gjekk eller køyrde. Men så var det og mest som ein einaste dag - aldri mørkt, ein gløymer mest å sova. Ein må vel seia at på ein måte er her fint å driva fiske denne tida. Ein veit ikkje av mørke, uhuglege netter, heller ikkje har ein skjergarden å reddast. Veit ein stemneleia, så er det berre å la det stå til til dess ein kjem innunder land. - Men surt og kaldt kan her nok vera. Då me for heimanfrå, var her full vår, men der nord var det som midtvinters med snø og nordvest. Og utover heile førsumaren kunne ein få einkvan snøelingen, heilt utetter til jonsok, men då plar Sumaren koma, ofte som ”eit skot", og det vert illgrønt på nokre dagar. Eg hugsar at eg kunne gå til køys det var stilt og fint med sol frå klår himmel. Når eg så tørna ut att etter nokre timar, var dekket fullt av snø. - Eg hadde gledd meg til midnattsola, få leva i stendig sol veke etter veke. Men eg måtte flira då eg langt utpå føresumaren fekk brev frå ein Lofot-væring har du då endeleg fått baka deg nok i midtnattsol," skreiv han. Nei, det var då ikkje ofte at eg såg sola eit døger til endes føre jonsok. Og varme tyktes det ikkje vera i ho. "Det er ikkje sola me ser, det er ein isjøkul det blenkjer i," meinte ein av kammeratane, - Og storm og sjø kunne det vera, men mindre av vanleg tungalde. Det er så stor skildnad på flo og fjøre at det vert mykje straum. Difor vert sjøen så krapp. Eg opplevde å verta kasta fram or køya, slo augnebruna ned i køykanten under slik at eg fekk ei kraftig "blåveis", den einaste eg har hatt.


Å stå på dekk å egna line eller stella fisk i slikt ver, er vel verre enn ein kan tenkja seg, særleg når ein attåt er trøytt så ein dubbar. For me var ute eit par døger i gongen i stendig bruk - utan svevn. Men ein gløymer både frost og svevn når det er nøgda med fisk, "da slippes ”Arme at bankes varme".

Når siste stubben var sett, måtte ein venta noko før ein kunne ta til å draga, Då sette ein ut ei retningsbøye som ein hadde å gå ut frå når ein skulle dra. Men ein måtte ha bøyevakt til å passa på å halda båten ved bøya. For den sterke straumen ville dra av med båten dersom ein ikkje hadde nokon til å passa på. Eg som var kokk, hadde mykje betre høve til å sova enn dei andre karane, ikkje minst når sjøsjuka plaga meg. Difor vart eg gjerne beden om å ta desse bøyevaktene, så alle dei andre karane kunne få seg svevn. Å vera bøyevakt var på ein måte eit lett arbeid. Motoren var i gang heile tida, det var berre å gå oppunder bøya. Men du syn, kor trøytt eg vart av å stå åleine i styrhuset utan å ha noko særs å ta seg føre med! Og kaldt var det. Eg kom då på at eg kunne sitja i byssa. Der var det varmt og godt å vera - og lett å sovna. Og det var farleg. Før eg vardest, hadde straumen sett båten langt av lei. Så det måtte eg slutta med. Det kunne lett henda at eg miste kontakten med bøya, og det måtte ikkje henda

Det hende og at når dei siste stubbane skulle dragast, at han Lars, skipperen, bad meg ta rattet. Og det sa eg ikkje nei til, for så mykje gutunge var det enno i meg at eg var kry av å agera skipper Og i godver i alle fall greidde eg å gå oppunder lineparten slik at det var brukande. Verst var det når det hende at andre båtar kom og praia "skipperen" 0m eit eller anna, og slikt som eg ikkje visste noko om, Då måtte eg la karane frampå dekk svara. - Når den siste stubben var inne, var det berre å setja kursen mot land, og eg let gjerne Lars sova. Matias, som var maskinist, var alltid på plass i maskinrommet. Det var framleis stas for meg å agera skipperen, men like vanskeleg å halda svevnen borte. Framme i styrehuset var det så lagleg ein avsats som ein kunne stø seg til, Og like lagleg å sovna på. Så kunne eg brått vakna og ha ein heilt anna kurs enn eg skulle ha. Men så var det lett å retta opp kursen så lenge ein hadde kompass. Og var det klårt, hadde ein radiomastene inne på øya og rette seg etter. Men å la svevnen få overhand var likevel farleg. Her var nemleg andre båtar i havet : Robåtar, andre motorbåtar og gjerne større trålarar og lastebåtar. Elles når me var komne innunder land, tok Lars over styringa.

Når ein kjem frå havet og innpå hamna, er det første ein møter ei horg med småbåtar som hektar seg fast Og før du varest, har du styrhuset fullt og vel så det med leverkjøparar og guanokjøparar. Og jamen kan dei prata, Desse karane fer rundt på hamna og kjøper opp for dei store leverkjøparane og guanokjøparane i land, og har sin visse provisjon av det dei får tak i. Det er elles berre dei siste åra at ein har fått selt fiskeavfallet (rygg og hovud). Før var det å kasta alt i hamnebassenget, det. No får ein altså selja hovuda og ryggane til ein pris. Men det andre avfallet vert framleis kasta i hamna. Det vart "rein" sjø inni den tronge og innestengde hamna, vil du seia, fint å lauga seg der Tenk ikkje tanken ut Sjøen vart tjukk "som ei supe", og ein Skjemtegauk sa at du måtte ikkje lasta skuta for mykje innpå hamna, for då kom ho til å søkkja når ho kom i open sjø. Ein kan tenkja seg til kor det vart når det kom sumarvarme. Det var ikkje rart at det vart sagt at det skulle vera dårleg helse i Vardø. At noko skulle vore gjort med dette, skulle vera eit rimeleg krav. - Som eg har nemnt før, er det Stor skildnad på flo og fjøre. Og det var jamt ein kvisamjobb å gå i land når det var fjøre sjø. Dei høge bratte trappene, eller stigane, var glatte og sleipe av fiskeslo, og handrekker og tau var fulle av fiskeslo. , så det var lite å halda seg i også. Og stakkars deg om du glei


Kva ein brukar til agn der oppe? Ja, før om åra har det ofte vore agn-naud, særleg dei åra det ikkje har vore juksafiske. Noko småsild stengde dei med not i Varangerfiorden, i Tana og andre stader. Men det van ikkje nok, og så er det så uvisst. Det hende seg såleis at det vart reine røvarferd og steling når det ein hende gong kom agn. Dei brukte og mykje lakasild, sild som hadde lege i saltlake ei tid, men fisk fekk du også på dette agnet.

Men no har det vorte boteråd sidan ein kom på dette med å frysa silda. Ein kan no få sild her sørantil, som vert frosen i Ålesund, Kristiansund og Trondhjem. Ein får ho dit opp i kasser, gjerne 60-liters kasser. Og silda er så stivfrosen og hard som trepinnar. Og godt agn er det, og fersk 0g fin ser ho ut til å vera. Nordlendingane kokte og åt av ho. Første turen me hadde frosen sild til agn, var det semje om at me skulde ha eit godt mål med steikt sild. På vegen ut skunda eg meg og fekk middagen i stand og vaska koppane. Karane åt og kytte av den gode middagen, Men same kor freistande det var, smakte eg ikkje den gode middagen Eg skunda meg berre med koppevasket og kom meg til køys, for eg visste at sjøsjuka kom til å melda seg. Då eg etter ein god svevn kom på dekk att, var alle karane så sjuke at dei mest ikkje greidde å halda seg på fatene, kasta opp og stod i. Det var semje 0m at det måtte vera silda som var årsaka. Kanskje var den væska som silda var frosen i, giftig. Når dei som kokte silda, ikkje vart sjuke, så kom det vel av at væska vart kokt ut i sodet. Karane hadde elles lagt merke til at silda var svart langs ryggbeinet. Kanskje hadde ho vore full av krutåt som skulle vera farleg. Me kunne ikkje seia noko sikkert. Men det vart i alle fall ikkje fleire steiktsildmiddagar på den finnmarksturen.

Men dyrt agn vart det, tykte me, femten kroner kassa Og så må ein tinga føreåt, og så kjem det omframbåtar med ho, oftast ein gong for veka. Ja, det er fælt kva som stryk med til agn, særleg for nordlendingane, Dei driv på ein annan måte, dei, enn t.d. me søringane som Oftast. Me set og dreg lina frå båten eller skøyta 0g vert kalla "sjøldragarar". Men nordlendingane brukar doryskøyter, dei kallar. Kvar skøyte har frå 2-3 til 5-6 doryar som dei brukar å setja og draga lina frå. Dei brukar såleis mykje line og mykje agn, 20-30 kasser. Det vert eit dyrt bruk attåt at det kan vera farefullt. Det hender såleis rett ofte at det brått kan koma hardvêr, såleis at skøyta ikkje greier å berga åt seg alle doryane snøgt nok, Elles kan det lett henda at doryane vippar rundt på båreskavlane der dei ligg etter lineparten. Ofte kjem det bort fleire på den måten. Slik var det også i år. - Også når det er bra ver, men det set inn med tjukk skodde, kan det vera vanskeleg for desse storskøytene å finna alle doryane. - Mange skipperar har ord på seg for å vera drivande og såleis tvinge folk i ulukka. Det var merkeleg å høyra korleis ulukkene vart omtala. Ein dag eg gjekk framom nokre karar som stod og prat om siste ulukkehenda :"Uheldi skipper som møst karanj sine. Det var liksom skipperen det var mest synd om.

Veret er elles alt anna enn å lita på i Finnmark, tykte me, heller ikkje vêrmeldingane. Det kunne vera stilt og fint ei rid, 0g rett som det er, står havet i Ofre. Så kunne det vera stilt att som på ein fjord, på ein dags tid Me søringane tykte og at meldingane alltid var for linne. Når dei melde bris, så var det kuling og gjerne meir, etter vår meining Men likevel brukte me alltid å gå på telegrafen og få vermeldinga før me gjekk ut. Ein dag hadde me gjort oss klar til å gå på sjøen så sant det var bra melding. Nei, då vart det kuling, så det vart ikkje gått ut. Men dei ville likevel gå til vasskaia å fylla vatn, slik at me var ferdige til å gå til havs På vegen bort til vasskaia møtte me ein båt som kom sigande ut frå kaia. Skipperen vår ropa over til den andre "'Det er meldt kuling." Den andre skipperen berre peika ned i maskinnedgangen : "Vi har krefter til å ta han me." Dermed sette han tull fart ut og til havs. Det døgret kom det bort sju mann, fekk me vita.


Nei, rett som det var, måtte me ha landlege og som oftast yrkesløyse. Kva skulle ein ta seg til ? Ja, me som var kokkar, hadde vår visse arbeid. Men eg skal tru her var eit og anna å vera med på dersom ein hadde hug og pengar. Dei turane det var landlege, såg det ut for at dei ymse laga passa på å ha sine innsamlingar til ymse føremål. " Redningsselskapet arrangerer folkefest på "Folkets Hus" i aften. Stor restaurasjon. Marked. Dans. Entre kr. I ,50. "Og det samlast mykje folk utanfor samlingshuset, karar i støvlar og kvardagsklede, ein del fulle folk også. Det såg ut som dei var oppsette på eitkvart oppstyret. Det var elles alltid, bra med politivakt ved dørene. Dei fleste hadde vel ikkje råd til å betala kr. I,50 for å koma inn. Inngangen var på austre enden av huset med trapp langs heile breidda. Så pressa dei på opp trappa og mot inngangsdørene. Når politiet tykte dei kom for nær, dreiv dei heile folket ned trappa. Men så pressa samlinga seg opp trappa att, og slik gjekk det att og fram Det såg elles ut til at politiet var redd fyll. Borte ved ein mur stod ein kar og drakk av ei flaske, straks var politiet der og tok seg av både karen og flaska. Men då strøymde folkehopen til. Dei tok karen frå politiet. Politiet lyfte armane med kølla, men dei som stod i kring, heldt armane medan andre tok seg av karen, Det var ei stund nokså spent, men det vart ikkje noko meir av det.

Me frå vår båt heldt lag. Me hadde inga interesse av dansen, og elles var 1,50 på kvar meir pengar enn me tykte me hadde råd til. Men me hadde hug å sjå inn, og så kjøpte me likeså godt billett, og på den gjekk me inn og opp på galleriet kvar si økt. Frå galleriet kunne me sjå ned i salen der dansen gjekk, og det var gammaldans og fleire moderne dansar kva no det var. Og eimen av sveitte og parfyme strøymde i rike mengder opp mot galleriet, så me vart ikkje der alt for lenge. Men var det berre tilstellingar med dans, drikk eller kino? Det mest einslege og stuslege samlingshuset i heile Vardø, var kyrkja, tykte eg. Kvit, kald og stengd stod ho der, einsleg og gløymd endå ho stod høgt og godt til. Vanta dei ein prest full av eld og kraft? Kunne ein spørja. Det kan vera. Han kom i alle fall ikkje mykje opp i dagen. Eller var det mi eiga skuld? Sundagane, då det ikkje var vanleg gudsteneste, var eg oppteken med middagskoking. - Men dei hadde Frelsesarmeen, Fiskarheimen Betel og sist, men ikkje minst Sjømannsmisjonen sin fiskarheim. Han lyt få nokre ord. Ja, ein må vel seia at det verkeleg var ein heim. Og er det nokon stad det trengs ein slik heim, så er det på slike plassar. Her ligg det hundrevis av fiskarar for det meste ombord i båtane, langt frå heim og heimehyggje, lite av trivnad og verkeleg hugnad. Det trengs sanneleg at dei har ein plass der dei i fred og ro både kan få samlast om Guds ord og elles få lesa og skriva. Det er så rart med det, dei fleste av oss ligg der langt frå heimen og berre sjeldan får brev heimanfrå, det er så æveleg langt mellom breva. Ein synest det i alle fall. Eg kjende det sjølv. Fråstandet tykkjest etter den lange og mødesame oppferda, så urimeleg langt, ein tykkjest vera i ei anna verd. Men der inne på fiskarheimen får ein lesa aviser heimanfrå. Og det vert oftast ikkje berre med overskriftene, nei. Det er mest som kvar den einaste bokstaven ber bod frå heimegrender. Eg hugsar så vel første kvelden eg var inne på fiskarheimen. Det var berre nokre veker sidan eg hadde høyrt noko heimanfrå Så kjem eg inn får auga på eit blad heimanfrå, eit blad eg aldri hadde lika, ikkje den politikken det står for. Men du, kor eg gløypte og las utan kritikk!

Så går ein i kvardagen, 0g mykje av det ein høyrer, er banning 0g rått snakk, slik banning og råsnakk som ein snautt kan høyra andre stader enn der hundrevis av mannfolk er samla. Det er liksom godpratet, men det er fælt så det lys i kvart vake menneske. Kor kan ein ikkje lengta etter ei andaktstund, ei samling om Guds ord Så kan du setja deg inn på fiskarheimen og roleg høyra at Guds ord vert forkynt, m høyra hjartevarme vitnemål. Tru ikkje at det er berre ugudelege folk i fiskeværa! Så er det song og musikk, og eg skal seia dei syng, heilhuga og sterkt så ein kjenner seg liksom lyft mot taket. Etter at møtet er slutt, vert breva opplesne, dei som er adressert til fiskarheimen. Då kan du tru det er spaning. Tru det er brev til nokon ombord hjå oss Motorkutter "Havbryn" av - "Motorskøyte "Stormfuglen av - " osv. 'Hit mæ dæ lyder det her og der. Og så til å lesa. Du for ei spaning, for høgtid - Så kan ein få kjøpa papir og setja seg til ved eit bord og skriva heim. - "Skriv til mor!" står det over dørene. "Skriv heim!" kunne det gjerne stå også

Ja, så skreiv dei, og utan å gøyma seg bort. Det vart ikkje alltid så rare greiene med skrivinga, skal eg tru. Stivfingra kloring, blanding av gamalt riksmål og norsk. Det vitna gjerne om gamalt skulemeisterspråk Ein dag sat eg så til at eg såg ein unggut starte brevet Sitt slik: Jeg tager pennen i hånden for at skrive til dei og fortele vordan vi haver de" Eg kunne ha lese vidare, men eg skjemdest over at eg hadde kika så mykje i brevet hans. Det var vel til mor. Det vart vel ikkje rare brevet når ein såg form og rettskriving. Men det vart nok som "engleord" for ho som fekk det.

Eg fekk sjølv ein klump i halsen. Så kunne ein få lesa aviser, som nemnt. Der var aviser frå dei fleste byane våre. Og elles var det sjølvsagt mykje kristeleg lesnad. Det kom elles ut tre aviser i Vardø også. Når eg nemner avisene deira, så lyt eg visst ta med noko om politikken der oppe med same. Når ein vert kjend med tilhøva i Finnmark og elles brukar litt vit, så vil ein straks koma til det at nokon bondepartipolitikk er her lite grorbotn for, i alle fall ikkje korntrygdpolitikken. Alle vaksne menneske i landet må ha så mykje kjennskap til fedrelandet at dei veit at Finnmark ikkje avlar korn. Men sjølvsagt lyt dei gjennom avgifter vera med og betala sin del av korntrygda, Er det å undrast på at kommunismen blømer i Finnmark? Kan ikkje harmen i folket der oppe driva dei ut på den radikale vegen? Ein vart såleis ikkje undren når ein høyrer at kommunistane og arbeidarane åtte to av dei tre avisene som kom ut i Vardø. Og eg skal seia dei var radikale og brukte djerve og harde ord. Spott, harme, ironi, beiske ord, hat o.S.V. merkte heile innhaldet. Mykje av det krinsa kring tilhøva i Sør-Varanger og ståket der. Endå så meiningslaust det kunne synast, så forsvara høgreavisa korntrygdpolitikken med sterke og beiske ord mot venstre. Det tok seg låkt ut på den fine og smeikjande bakgrunnen for Finnmark og finnmarkske interesser"

Venstre hadde sitt blad i Vatsø. Eg kan ikkje hugsa at dei hadde noko i Vardø. - Du spør kanskje om skriftmålet. Ja, det såg ikkje vidare lyst ut for nynorsken. I "Vardø Tidende" las eg nokre liner nynorsk ein gong. Det var ei skjennepreike av Anton Beinset til målfolket: "Målfolket er ein måpande hop osv." Å, kor dei jubla og gledde seg over slike ord!


At det ikkje vart meir ut av 1. mai enn det vart der oppe, undra meg, Veret var bra. Det gjekk vel tog gjennom gatene, og talar var det sikkert, men det var ikkje noko særleg ved det, tykte me då. Ein båt i hamna hadde flagg oppe. Så var det nokre flagg oppe i byen, nokre raude også. Krambuene var stengde mesteparten av dagen.

Nei, då var det likare 17. mai. Dei dundra og skaut frå festninga, og så var det musikk i gatene. Fint ver var det og. Etter middag var det tog. Dei to musikk-korpsa var først i toget, og så dei ymse laga og så folket elles. Det var mange speidarar, 0g med ein austlending. ein lærar på den høgre skulen, mellom seg. Det bar giennom hovudgata, oppåt festninga og til kyrkja Kyrkjeinngangen låg høgt, og utanføre var det ein stor tram med trapp opp. Ein Overrettsakførar frå Kirkenes held talen, ein ordrik og velforma tale som likevel for meg i alle fall ikkje høvde i Vardø i alle måtar. Han byrja med nokre ord av Ibsen. Skildra så denne vårdagen, ein kunne sjå det sprettande lauvet i kring seg, grøne lier, vene dalar Eg såg skeive hus, nakne berg og snøfonner på fastlandet, ikkje eit grønt strå, men storm og snøelingar så overrettssakføraren måtte setja duskelua på hovudet. Men det var det same, det. Det var ein bra tale dersom han kom frå hjarta. Han mana til fred og forlik, fattigmann og rikmann måtte i lag, Iækja brestane åt mor Noreg Me må få sosial fred. Talen vart fagna. Formannen i 17 _mai nemnda oppmoda til eit tre gonger tre hurra for konge og Storting. "Å, i helvete høyrde eg bak meg frå ein tilårskommen mann i sjøstøvlar. Høgt og krast lydde

det frå ei kraftig røyst. Det gjekk kaldt nedetter ryggen på meg. Men eit kraftig hurra vart det likevel. Sidan om kvelden fagna dei dagen med dans og drikking, krangel og slåsting utover natta. Politiet sette 12 mann i arresten - alle møringar melde Vardø-blada dagen etter. Eit dårleg vitnemål om det mest edruelege fylket i landet

Me har gjerne høyrt om kor samstelte nordlendingane kan vera, har kanskje høyrt og lese om då dei reiv ned Svend Foyn sin kvalstasjon i Mehamn. Det er truleg at i slike høve er mange med som aldri ville tenkja på noko slikt som einskildmenneske og i heimbygda, men i flokk kan dei vera med på det utrulege. - Me fekk også eit lite døme på slik flokkmentalitet. Ein kveld hadde eg vore på Frelsararmeen. Då eg kom ned til hovudgata, møtte eg eit heilt "17. maitog" og med politi både framme og bak, til og med politihund var med. Men det som var mest rart, var at karane frå vår båt var i lag med politimennene som gjekk fremst. Kva gale hadde dei no gjort? Toget enda ved arresten. Om ei stund kom karane attende, og då fekk eg vita kva Som hadde gått føre seg : Karane hadde sete i lugaren og prata saman med ein tromsøvering. Då kom det to luffarar som heldt til ombord i ein gammal lekter som låg ikkje langt frå vår båt. Dei kom og ville bomma pengar, " berre 1,50", Men tromsøveringen meinte at pengar vart det ikkje tale om , dei kom berre til å bruka dei til "dunder". Då tok karane til å truga. Men eit par av "våre" folk stakk då på land og varsla politiet. Då karane skjøna det, stakk også dei på land Men resten av vårt mannskap følgde etter for å sjå kvar det vart av dei. Jau, dei gjekk inn den austre inngangen på fiskarheimen og sette seg på fremste benk Men straks etter kom politiet. Dei giekk beint inn og tok karane med seg, brydde seg ikkje om at møtelyden song på sluttsongen. Og då - med ein gong reiste heile møtelyden seg og følgde etter politiet, og på ein augneblink var møterommet tomt. Dette var uvanleg, for alle brukte å venta til møtet var slutt for då vart dei innkomne breva opplesne. - Men denne gongen vart det ikkje noko meir bråk.

Ei hending må eg nemna : Det hadde vore skrive mykje om den italienske generalen Nobile som hadde kosta seg eit luftskip "Italia" og skulle flyga over Nordpolen. Og ein kveld kom luftskipet framom Vardø på veg til Svalbard. Ja, det vart for meg og mange andre første og einaste gongen me fekk sjå eit luftskip, og me følgde med frå det kom tilsyne i sør til det kom bort for auga i nord. Så veit me korleis det gjekk. Men at Roald Amundsen skulle koma bort i samband med dette, det var det mange som hadde vanskar med å tru. Mange trudde at, nå nei, han kjem nok tilrettes denne gongen også "Det skulle berre mangle at han skulle kasta seg bort for denne---." - og så spanderte dei ymse "kjælenamn" på Nobile, mange av dei er ikkje oppatt-takande

Eg fekk elles oppleva mangt interesant på denne turen. Men eit par ting tregar eg på : I jonsokhelga var det tradisjon at ein av rutebåtane i Finnmark gjekk tur til Petsjamo i Finnland, Billetten var svært rimeleg, og det skulle vera ein interessant tur. M.a. var det synfaring til eit kloster, der ein fekk servert moltekrem. Men karane fann at eg måtte passa kokkejobben, og det kunne henda at det vart gått på sjøen om veret betra seg. Difor måtte eg droppa tanken på denne turen, einaste sjanse til å få ein slik tur, rekna eg med. Sameleis var det då eg tenkte å ta ein tur med "Hurtigruta" til Kirkenes og tilbake. - Nei, eg kom korkje til Petsamo eller Kirkenes. Ikkje seinare heller.

Når me sette liner, måtte me m.a. passa på at me ikkje sette slik at me kom borti linene til andre båtar som det var mange av. Likevel hende det at t.d. straumen kunne føra liner i hop. Og det var ikkje noko triveleg. Etter det karane hadde funne ut, kom nok slike som me, til kort om me skulle dra liner saman med nordlendingane. Dei drog mykje kjappare og hissigare, etter det eg skjøna, så dei var alltid fremst, og fekk all fisken som var på dei to samanfløkte linene, slik at dei som kom sist, drog snaue liner, der all fisken og ein stor del av onglane var borte.

Ein dag hadde me likevel kome i hop med andre liner. Og rett som det var, kom ein svær linevase oppunder blokka. Lineparten vår gjekk inn på den eine sida av vasen, og så fann dei han att på den andre sida. Å ta til å greia opp denne vasen var ikkje tale om. Eit stykke unna låg ein annan båt, Dei må ha skjøna at me bala med eitkvart, for rett som det var, "stramma han opp" og kom i full fart nedover mot oss. Men då var karane snarhendte. Dei skjøna vel at det ikkje var nokon leik å greia linevasane saman med han som kom. Difor var dei lynande snare, kutta lineparten vår på begge sider av vasen, tok heile vasen, han var Stor som eit lite høylass, drog han ombord og stappa han ned i lasterommet og la lukene på. Og då båten kom ned til oss, stod karane og drog lina som om ingen ting skulle ha hendt. Eg tykte det var noko til "kupp" så mykje meir Som det hende på ein av "skippervaktene " mine. - Kor mange hundre Onglar line det var i den vasen, har eg ingen tanke om. Eg veit berre at på turen sørover sat karane mykje frampå bakken i fineveret og greidde linevase, det eine Store nøstet etter det andre.


Det var svært kor ein såg fram mot jonsok. Ikkje berre det at fiskarane som enno var att, venta på at fisket skulle ta seg opp att Men sjølve jonsokhelga skulle det vera slik stas med. Det er då at sumaren plar komma her nord. Men kaldt var det framleis. Som nemnt, hadde ein stor part av fiskarane vorte modlause over det dårlege fisket, hadde halde ferdalag og fare heim. Likevel var det nokså mange att. Og jonsokaftan var det ein bra flokk som samla seg ute ved "Sankthanshaugen" eit heilt stykke utanfor byen, Sjølve Vardø var godt representert, Det var to-tre hytter der ute. Ei av dei høyrde eit skyttarlag til. Så var det ein heil liten by av telt. Sume var store, der ein kunne ti kjøpa mat og kaffi. Men dyrt var det. Så var det små telt, sume berre med ein lerettsekk til tak. Der selde dei frukt, konfekt, varme pølser og slikt. Men du, for eit røvarliv! Ein kunne tru ein var komen til heidningeland. Eg var samd med ein kar som stod oppå ein stein og såg utover det heile skulle vore oppteke på film, dette her. Det var ærleg verd." Ja, det hadde vorte ein film, det du. Ein hadde vunne å skriva eit mørkt blad kultursoge frå 1928 ved det. Ein laut mest leita etter eit edru menneske. Fulle var dei, både kar og kvinne, gamle og unge. Dei drakk til dei ikkje kunne stå, soldatar frå festninga, skipperar og andre fiskarar og fine frøkenar som ein til vanleg hadde halde for å vera stasjenter. Banning og rotenskap høyrde og såg du kring deg kvar du vende deg. Heller ikkje trong ein gå mykje langt før ein kunne sjå det som verre var, av ulivnad_ Det var elles hevda at det hadde kome "lause jenter" søranfrå med agnbåtane.

Ein vil kanskje seia at eg tek no vel drygt i, men eg meiner sjølv at det er ikkje råd å skildra det slik det var for mine auge då, Kvar var politiet? Eg såg ein som eg meinte var politi. Han var sivil og "godt på'n" om ikkje vel så det. Det er fælt at ein skal finna noko slikt i eit sivilisert land og midt i ei tid som skryter av å vera så godt opplyst og ha så høg daning

Det vart ikkje slik at det vart noko betre med fisket etter jonsok heller. Attåt tok det til å verta agnløyse. Det var vanskeleg å få tak i frosensild av di det ikkje fanst fersksild her sør, og småsilda var det lite og uvisst med, Men heilt fritt for fisk var det ikkje. Sume båtar hadde vore nokre turar borte på Skolpenbanken utanfor Russland, 20 mil frå Vardø, 20-30 timars gonge. Det var store utlegg og uvisst med fangsten, så ein våga det ikkje til vanleg Men nokre båtar gjorde gode turar. Omfram torsk fekk dei mykje steinbit. Håkjerringstimane drog av med lina stundom. Elles var det godt å bruka i alle måtar. Som nemnt, så fekk dei mykje steinbit, og no lei det så langt at isen hadde gått av dei russiske hamnene så dei fekk koma seg ut med skutene sine. På slutten me var i Vardø, kom det to russiske seglskuter. Dei hadde trelast. Det var omlag berre hjellved, granne, kvistfrie troer. No låg dei og kjøpte steinbit og blåkveite og gav god pris for fisk nordmennene ikkje åt. Steinbiten var oppi 40-50 øre stykket

Ein russisk rutebåt tok til å gå til Vardø kvar fjortande dag. - Ein ting ein laut leggja merke til og undra seg over, det var alle dei trelastbåtane som kom framom frå Russland. Eg har nemnt at her var fiskebåtar frå heile norskekysten så å seia. Eg såg t.d. ein heller liten og open motorbåt omkring 30 fot, som var innregistrert i Rogaland Det var mest utruleg at han hadde gått den lange vegen, ein så liten båt. Så var det ein stor, pen kutter heilt frå Nøtterøy. Han var vel kring 70 fot, ein av dei største. Men me undrast ofte på at den store båten hadde så lite mannskap etter måten, og det var elles så lite fiskeutstyr å sjå. Dei måtte i alle fall ha satsa berre på juksafiske. Men dei held ut. Eg såg båten komma framom heime på veg sørover, ja, eg trur det tok til å lida mot haust. Eg veit ikkje kvar eg har det frå, men det kom visst opp at eigentleg hadde han drive med smugling.

Heile tida var det rett som det var, at det kom einkvan ombord i båten vår. Han var , som nemnt, heilt ny og ein retteleg fin båt. Og så var det spørsmål om kvar han var bygt, kva han kosta osv. Mange syntes det var noko ekstra at me hadde bysse på dekk på ein så liten båt. Såleis var det ein sunnmøring som sjølv hadde ein forlengd båt, han var vel 10 fot lenger enn vår. Han undra seg på om me hadde plass til bysse på dekk. Han hadde så smått tenkt å få laga ei lanterneskåp, sa han, men han visste ikkje om han hadde plass til det. Det var elles første året han var på Finnmarka. Til vanleg dreiv dei på Tampen, fjortendagsturar. Dei hadde ikkje tid til å koka middag på dei turane, dei berre "lunka på kjeili", Nordlendingane var særs interesserte i motorar. Dei lo åt det vesle "kafflkverna" som me hadde. Wiknamotorane var populære. • 'Di Wikmeinjene e' nåkken jæve motora," kunne ein høyra. Og så måtte det vera motorar. "Hæsta meir so fot," var eit mål, Det vil seia at me som hadde ein båt på 47 fot, måtte t.d. ha ein motor på 50 Hk. og så hadde me ein på 16 Hk. Under full fart med desse store motorane så grov båtane seg ned bak. "Du kan drekke ta hækken" vart det sagt. Men farten vart ikkje så Svær som ein skulle tru. - Elles var det sume nordlendingar som ville tala om sjølve drifta, og det var gjerne dei som var klår over at dei kanskje burde drive på ein annan måte. "Di møringanj e' nåkken unnjeli kallja. Dei brukar minnjer agn, minnjer lina, får minnjer fesk, men dei ha støste låttanj," var det ein som sa.


Ei einskildhending hugsar eg : Me stod nokre i ei av gatene ein kveld. Då kom det ei full kvinne, ho gjekk arm i arm med to karar som prøvde å halda ho på rett kjøl, men det var ikkje så lett, stor og styrlaus som ho var. Ho sjangla lyfte føtene uvanleg høgt og keiveleg, og karane hadde nok med å styre ho av. Det var første gongen eg hadde sett ei full kvinne og det var mest så eg ikkje trudde mine eigne auge. Og så ukvinneleg og stygt

Eg har nemnt før kor lenge vinteren hang i, og at 17.mai var det ikkje eit grønt strå å sjå. Men først sumaren kom, så kom han som " eit skot". På kort tid vart heile landskapet ålgrønt frå fjøresteinane og heilt oppå fjellplatået og vidare innover vidda. Det var mest slik at ein hadde gått og stunda på heimferd no. Men likevel tyktest det mest stusleg no då det vart alvor. No var det fint ver og gilt å vera her på den måten, og overlag å drive sjøen såleis. Så fekk me og sjå midnattsola sviva rundt på himmelkvelven døger etter døger. Det er noko ein seint gløymer Før me tok laust, laut me ta fisken frå skøyta og over i "Skjold". Det vart full last, ja, det var dei som syntes det var for mykje. Lasterommet vart heilt fullt, og fiskeladet på dekk rakk oppunder storseglbommen. Og dekkskanten låg i vass-skorpa. Men dei skjøna seg på det, rekna med at noko av saltet ville bråna og vart sjølvsagt pumpa på havet. Men elles hadde me stampar, tynnor o.a., så det vart fullt på dekk. Skøyta måtte

leggjast att til neste år, og det vart ordna med nokon som skulle ha tilsyn med ho, m.a. måtte ho lensast for sjø av og til så ho ikkje sokk.


Så var det å seie farvel med Vardø, for min part rekna eg med at det vart for alltid som fiskar. Ferda sørover Austhavet gjekk føre seg i stilt og fint ver, så til og med eg kunne nyta turen og utan å plagast med sjøsjuka. Og berre det var ein lette. Det er ei underleg sjuke. Ein vert så skammeleg elendig med det står på. Og når ein er frisk att, så lovar ein at neste gong skal eg ikkje bry meg, berre stå i. Ja, ein vant fiskar fortalde meg at når han ein hende gong fekk sjøsjuke, så var han så hjelpelaus og likesæl at han hadde ikkje reagert om einkvan hivde han i havet.

Men etter kvart vart Lars, skipperen, så sjuk at han måtte overlata ror og alt til andre og gå til køys Me skjøna ikkje kva sjuke det var. Då me kom til Tromsø, måtte me få dokter ombord, Han var ikkje heilt sikker, men trudde det var skarlagensfeber, og Lars vart innlagd på eit lasarett. Så vart me liggjande for anker i Tromsø til Lars kunne verta så bra at han fekk koma ombord att. Det vart ei heil veke. Denne tida nytta me så godt me kunne, til å gjera oss kjende i og ikring byen. Når eg skal seia kva eg tykte om Tromsø, så måtte det vera at det var ein fin liten by, etter mitt skjøn då. Det er ikkje berre det at han ligg fint til, men det var fint i sjølve byen og. Det er mykje plantingar og fint stelt elles og. Og når ein så har midnattsola og nordlandsmystikken attåt, så neimen om eg synes han taper for Molde med sitt gjetord, Men så gjeld denne vurderinga mi finaste årstida og. Korleis her kan vera mørkaste vinteren, veit ikkje eg. - Skulle eg elles nemna noko særs frå Tromsø, så laut eg visst nemna museet. Utanom dei rett vanlege museumssakene finst her sjølvsagt ei mengd ting frå samekulturen . Båtar, gammar og mykje anna, mangt og mykje frå dei eldste kyrkjene der, beingrinda av ein kval som vart slepa inn til Svend Foyn sin kvalstasjon i Mehamn o.s.v. - Så har Tromsø eit stort sjukehus, ein like stor skulebygnad, eit samlingshus, "Alfheim", og mykje anna, ja, og så mange bilar. Det var i beste turisttida me låg der, og fleire turistbåtar vitja byen, Det var ein del av dei ekspedisjonane som leita etter Amundsen (Nobile) m,a, ei italiensk flygemaskin, " Tordenskiold", "Eventine", Roosevelt" o.fl. - Eg såg ein fotballkamp mellom eit lag frå Arcadian" og eit norsk lag. Det einaste eg hugsar av det, trur eg, var korleis dei engelske tilskodarane skreik og bar seg kvar gong nordmennene sette ballen i det engelske målet.

Ja, så var det samane med varene sine. Dei kom rett som det var, med store knyte og bører med beinknivar og andre saker som dei for i gatene og selde til turistane. Eg hugsar ein gamal ein, mørkdemnd, fillete og bøtt, skinnbroka var bot i bot. Han sat ved krambudørene og selde beinknivar. ”To kroner" i det han rette to fingrar i veret. "Two?" "One!" "Nei, to kron" Nei, han visste kva han ville ha, gamlekaren. Rett som det var, vart han teken i trøyeermet av ei ung engelsk dame og ført til ein lageleg plass, og så tok ho bilete av han, og han fekk seg nokre øre.

Men han såg vel på pengane før han tok i mot dei. Kona hans såg me og. Ein dag slo ho seg ned på ei trapp, tok opp pipa og tok seg ein røyk, eit heilt uvanleg syn for oss.

Ein kveld tok me lettbåten og rodde over til Tromsdalen, vona at me kanskje fekk sjå flyttsamar og rein, og ti eit inntrykk av levemåten og livet deira. Og det var ein interessant tur i fineveret Men då me kom ned att utpå natta, var det einkvan som hadde lånteke lettbåten vår, Og der stod me. Alle robåtane me såg, var feste med kjettinglås. Den einaste som var laus , var ein svært stor førselsbåt med eitt par årar. Men nokre av oss tok den båten, brukte uendeleg lang tid til å ro over til Tromsø. Der fann dei lettbåten, og me kom oss bort att.

Etter ei veke fann Iækjarane på lasarettet at det var ikkje skarlagensfeber Lars hadde, men meslingane. Og så fekk han koma ombord att, og me tok i veg sørover att. - Men det var ikkje slutt med hefte enno. Då me var komne mest sør til Harstad, slo propellen seg vrang. Ein del inni propellkula var bøygd ut av stilling slik at dei to propellvengene motarbeidde kvarandre, kan ein seia, slik at me mest ikkje kom av flekken. Men med hjelp av segla kom me over til Harstad. på ein slipp der kunne dei hjelpa oss. Men båten måtte på land. Så var det spørsmål om båten kunne setjast på land med last Og alt. Skulle ein ha på land noko av lasten først, ville det kosta mykje tid og arbeid. Nei, det var ingen fare med å setja båten på slippen med full last. Det gjekk fint. Feilen vart retta, og så kunne me halda fram sørover, Jamt og trutt bar det langs den lange kysten, og utan særlege hende. Då me kom til Rørvik, var det sørvestkuling. "De kjem ikkje Over Folla med den lasten i natt," var det ein som trøysta oss med. Men i veg bar det med rekka i le mykje under vatn. Gjennom byssa rann det ei lita elv heile tida. Men alt gjekk fint. Og sjølv om det bles noko resten av vegen, kom me vel heim utan nokon vanskar.

Ja, det var triveleg å vera heime att. Seksten veker hadde me vore borte. Og så skulle me gjera opp turen. Fiskeladet mitt var ikkje mykje stort, og det var for lite til å bala med når det galdt tørking og stell. Difor baud båtlaget til å kjøpa fisken eg hadde, etter gjeldande saltfiskpris, noko eg var nøgd med, Det vart 250kr. For seksten veker, Så hadde eg ein del liner, eit vabein og andre småting Så det var ikkje mykje. Men eg hadde fri sams heile turen, og hadde selt så mykje småfisk at eg heldt meg "tørrmat" på turen. Dessutan hadde eg sett og opplevd mykje som ikkje let seg verdsetje i pengar. Alt i alt var eg svært godt nøgd med turen. Sjølvsagt var eg lei over at eg for skuld sjøsjuka og vant på kokkekunst ikkje hadde vore så bra kokk som eg burde vera, men, som eg før har nemnt, så var det greie karar eg hadde med å gjera, så alt gjekk bra.