Artikkelindeks

Så var det å seie farvel med Vardø, for min part rekna eg med at det vart for alltid som fiskar. Ferda sørover Austhavet gjekk føre seg i stilt og fint ver, så til og med eg kunne nyta turen og utan å plagast med sjøsjuka. Og berre det var ein lette. Det er ei underleg sjuke. Ein vert så skammeleg elendig med det står på. Og når ein er frisk att, så lovar ein at neste gong skal eg ikkje bry meg, berre stå i. Ja, ein vant fiskar fortalde meg at når han ein hende gong fekk sjøsjuke, så var han så hjelpelaus og likesæl at han hadde ikkje reagert om einkvan hivde han i havet.

Men etter kvart vart Lars, skipperen, så sjuk at han måtte overlata ror og alt til andre og gå til køys Me skjøna ikkje kva sjuke det var. Då me kom til Tromsø, måtte me få dokter ombord, Han var ikkje heilt sikker, men trudde det var skarlagensfeber, og Lars vart innlagd på eit lasarett. Så vart me liggjande for anker i Tromsø til Lars kunne verta så bra at han fekk koma ombord att. Det vart ei heil veke. Denne tida nytta me så godt me kunne, til å gjera oss kjende i og ikring byen. Når eg skal seia kva eg tykte om Tromsø, så måtte det vera at det var ein fin liten by, etter mitt skjøn då. Det er ikkje berre det at han ligg fint til, men det var fint i sjølve byen og. Det er mykje plantingar og fint stelt elles og. Og når ein så har midnattsola og nordlandsmystikken attåt, så neimen om eg synes han taper for Molde med sitt gjetord, Men så gjeld denne vurderinga mi finaste årstida og. Korleis her kan vera mørkaste vinteren, veit ikkje eg. - Skulle eg elles nemna noko særs frå Tromsø, så laut eg visst nemna museet. Utanom dei rett vanlege museumssakene finst her sjølvsagt ei mengd ting frå samekulturen . Båtar, gammar og mykje anna, mangt og mykje frå dei eldste kyrkjene der, beingrinda av ein kval som vart slepa inn til Svend Foyn sin kvalstasjon i Mehamn o.s.v. - Så har Tromsø eit stort sjukehus, ein like stor skulebygnad, eit samlingshus, "Alfheim", og mykje anna, ja, og så mange bilar. Det var i beste turisttida me låg der, og fleire turistbåtar vitja byen, Det var ein del av dei ekspedisjonane som leita etter Amundsen (Nobile) m,a, ei italiensk flygemaskin, " Tordenskiold", "Eventine", Roosevelt" o.fl. - Eg såg ein fotballkamp mellom eit lag frå Arcadian" og eit norsk lag. Det einaste eg hugsar av det, trur eg, var korleis dei engelske tilskodarane skreik og bar seg kvar gong nordmennene sette ballen i det engelske målet.

Ja, så var det samane med varene sine. Dei kom rett som det var, med store knyte og bører med beinknivar og andre saker som dei for i gatene og selde til turistane. Eg hugsar ein gamal ein, mørkdemnd, fillete og bøtt, skinnbroka var bot i bot. Han sat ved krambudørene og selde beinknivar. ”To kroner" i det han rette to fingrar i veret. "Two?" "One!" "Nei, to kron" Nei, han visste kva han ville ha, gamlekaren. Rett som det var, vart han teken i trøyeermet av ei ung engelsk dame og ført til ein lageleg plass, og så tok ho bilete av han, og han fekk seg nokre øre.

Men han såg vel på pengane før han tok i mot dei. Kona hans såg me og. Ein dag slo ho seg ned på ei trapp, tok opp pipa og tok seg ein røyk, eit heilt uvanleg syn for oss.

Ein kveld tok me lettbåten og rodde over til Tromsdalen, vona at me kanskje fekk sjå flyttsamar og rein, og ti eit inntrykk av levemåten og livet deira. Og det var ein interessant tur i fineveret Men då me kom ned att utpå natta, var det einkvan som hadde lånteke lettbåten vår, Og der stod me. Alle robåtane me såg, var feste med kjettinglås. Den einaste som var laus , var ein svært stor førselsbåt med eitt par årar. Men nokre av oss tok den båten, brukte uendeleg lang tid til å ro over til Tromsø. Der fann dei lettbåten, og me kom oss bort att.

Etter ei veke fann Iækjarane på lasarettet at det var ikkje skarlagensfeber Lars hadde, men meslingane. Og så fekk han koma ombord att, og me tok i veg sørover att. - Men det var ikkje slutt med hefte enno. Då me var komne mest sør til Harstad, slo propellen seg vrang. Ein del inni propellkula var bøygd ut av stilling slik at dei to propellvengene motarbeidde kvarandre, kan ein seia, slik at me mest ikkje kom av flekken. Men med hjelp av segla kom me over til Harstad. på ein slipp der kunne dei hjelpa oss. Men båten måtte på land. Så var det spørsmål om båten kunne setjast på land med last Og alt. Skulle ein ha på land noko av lasten først, ville det kosta mykje tid og arbeid. Nei, det var ingen fare med å setja båten på slippen med full last. Det gjekk fint. Feilen vart retta, og så kunne me halda fram sørover, Jamt og trutt bar det langs den lange kysten, og utan særlege hende. Då me kom til Rørvik, var det sørvestkuling. "De kjem ikkje Over Folla med den lasten i natt," var det ein som trøysta oss med. Men i veg bar det med rekka i le mykje under vatn. Gjennom byssa rann det ei lita elv heile tida. Men alt gjekk fint. Og sjølv om det bles noko resten av vegen, kom me vel heim utan nokon vanskar.

Ja, det var triveleg å vera heime att. Seksten veker hadde me vore borte. Og så skulle me gjera opp turen. Fiskeladet mitt var ikkje mykje stort, og det var for lite til å bala med når det galdt tørking og stell. Difor baud båtlaget til å kjøpa fisken eg hadde, etter gjeldande saltfiskpris, noko eg var nøgd med, Det vart 250kr. For seksten veker, Så hadde eg ein del liner, eit vabein og andre småting Så det var ikkje mykje. Men eg hadde fri sams heile turen, og hadde selt så mykje småfisk at eg heldt meg "tørrmat" på turen. Dessutan hadde eg sett og opplevd mykje som ikkje let seg verdsetje i pengar. Alt i alt var eg svært godt nøgd med turen. Sjølvsagt var eg lei over at eg for skuld sjøsjuka og vant på kokkekunst ikkje hadde vore så bra kokk som eg burde vera, men, som eg før har nemnt, så var det greie karar eg hadde med å gjera, så alt gjekk bra.