Artikkelindeks

Ei einskildhending hugsar eg : Me stod nokre i ei av gatene ein kveld. Då kom det ei full kvinne, ho gjekk arm i arm med to karar som prøvde å halda ho på rett kjøl, men det var ikkje så lett, stor og styrlaus som ho var. Ho sjangla lyfte føtene uvanleg høgt og keiveleg, og karane hadde nok med å styre ho av. Det var første gongen eg hadde sett ei full kvinne og det var mest så eg ikkje trudde mine eigne auge. Og så ukvinneleg og stygt

Eg har nemnt før kor lenge vinteren hang i, og at 17.mai var det ikkje eit grønt strå å sjå. Men først sumaren kom, så kom han som " eit skot". På kort tid vart heile landskapet ålgrønt frå fjøresteinane og heilt oppå fjellplatået og vidare innover vidda. Det var mest slik at ein hadde gått og stunda på heimferd no. Men likevel tyktest det mest stusleg no då det vart alvor. No var det fint ver og gilt å vera her på den måten, og overlag å drive sjøen såleis. Så fekk me og sjå midnattsola sviva rundt på himmelkvelven døger etter døger. Det er noko ein seint gløymer Før me tok laust, laut me ta fisken frå skøyta og over i "Skjold". Det vart full last, ja, det var dei som syntes det var for mykje. Lasterommet vart heilt fullt, og fiskeladet på dekk rakk oppunder storseglbommen. Og dekkskanten låg i vass-skorpa. Men dei skjøna seg på det, rekna med at noko av saltet ville bråna og vart sjølvsagt pumpa på havet. Men elles hadde me stampar, tynnor o.a., så det vart fullt på dekk. Skøyta måtte

leggjast att til neste år, og det vart ordna med nokon som skulle ha tilsyn med ho, m.a. måtte ho lensast for sjø av og til så ho ikkje sokk.