Artikkelindeks

Men no kunne altså avisene fortelja at det alt no var heilt på det reine at det vart ikkje noko juksafiske i år. 600 fiskarar hadde alt hatt massemøte og søkt om gratis heimreis med "Hurtigruta" (Seinare fekk me høyra at det i alt var ca. 800 som fekk fri heimreis). Det var nemleg mange søranfrå Nordland og Troms som dreiv finnmarksfiske frå robåtar som dei hadde fått oppover med ’’Hurtigruta" eller andre båtar. Når så sesongen var slutt, fekk dei plass til robåtane i land, og reiste søratt med "Hurtigruta". Det var for dyrt og tungvint å ta med seg båtane til kvar sesong. Når det no ikkje vart juksafiske, hadde desse småbåtane ingen ting å gjera der.

Det vart sjølvsagt eit stort vonbrot for oss, sjølv om me nok var budde på at me måtte henta fisken ute på bankane. Og det store spørsmålet vart : Er det von om at me kan greie å ti last i begge båtane våre? Me laut i veg. og no galdt det å få i orden linene og det andre som trongs med tanke på fiske ute på bankane.