Artikkelindeks

Nei, rett som det var, måtte me ha landlege og som oftast yrkesløyse. Kva skulle ein ta seg til ? Ja, me som var kokkar, hadde vår visse arbeid. Men eg skal tru her var eit og anna å vera med på dersom ein hadde hug og pengar. Dei turane det var landlege, såg det ut for at dei ymse laga passa på å ha sine innsamlingar til ymse føremål. " Redningsselskapet arrangerer folkefest på "Folkets Hus" i aften. Stor restaurasjon. Marked. Dans. Entre kr. I ,50. "Og det samlast mykje folk utanfor samlingshuset, karar i støvlar og kvardagsklede, ein del fulle folk også. Det såg ut som dei var oppsette på eitkvart oppstyret. Det var elles alltid, bra med politivakt ved dørene. Dei fleste hadde vel ikkje råd til å betala kr. I,50 for å koma inn. Inngangen var på austre enden av huset med trapp langs heile breidda. Så pressa dei på opp trappa og mot inngangsdørene. Når politiet tykte dei kom for nær, dreiv dei heile folket ned trappa. Men så pressa samlinga seg opp trappa att, og slik gjekk det att og fram Det såg elles ut til at politiet var redd fyll. Borte ved ein mur stod ein kar og drakk av ei flaske, straks var politiet der og tok seg av både karen og flaska. Men då strøymde folkehopen til. Dei tok karen frå politiet. Politiet lyfte armane med kølla, men dei som stod i kring, heldt armane medan andre tok seg av karen, Det var ei stund nokså spent, men det vart ikkje noko meir av det.

Me frå vår båt heldt lag. Me hadde inga interesse av dansen, og elles var 1,50 på kvar meir pengar enn me tykte me hadde råd til. Men me hadde hug å sjå inn, og så kjøpte me likeså godt billett, og på den gjekk me inn og opp på galleriet kvar si økt. Frå galleriet kunne me sjå ned i salen der dansen gjekk, og det var gammaldans og fleire moderne dansar kva no det var. Og eimen av sveitte og parfyme strøymde i rike mengder opp mot galleriet, så me vart ikkje der alt for lenge. Men var det berre tilstellingar med dans, drikk eller kino? Det mest einslege og stuslege samlingshuset i heile Vardø, var kyrkja, tykte eg. Kvit, kald og stengd stod ho der, einsleg og gløymd endå ho stod høgt og godt til. Vanta dei ein prest full av eld og kraft? Kunne ein spørja. Det kan vera. Han kom i alle fall ikkje mykje opp i dagen. Eller var det mi eiga skuld? Sundagane, då det ikkje var vanleg gudsteneste, var eg oppteken med middagskoking. - Men dei hadde Frelsesarmeen, Fiskarheimen Betel og sist, men ikkje minst Sjømannsmisjonen sin fiskarheim. Han lyt få nokre ord. Ja, ein må vel seia at det verkeleg var ein heim. Og er det nokon stad det trengs ein slik heim, så er det på slike plassar. Her ligg det hundrevis av fiskarar for det meste ombord i båtane, langt frå heim og heimehyggje, lite av trivnad og verkeleg hugnad. Det trengs sanneleg at dei har ein plass der dei i fred og ro både kan få samlast om Guds ord og elles få lesa og skriva. Det er så rart med det, dei fleste av oss ligg der langt frå heimen og berre sjeldan får brev heimanfrå, det er så æveleg langt mellom breva. Ein synest det i alle fall. Eg kjende det sjølv. Fråstandet tykkjest etter den lange og mødesame oppferda, så urimeleg langt, ein tykkjest vera i ei anna verd. Men der inne på fiskarheimen får ein lesa aviser heimanfrå. Og det vert oftast ikkje berre med overskriftene, nei. Det er mest som kvar den einaste bokstaven ber bod frå heimegrender. Eg hugsar så vel første kvelden eg var inne på fiskarheimen. Det var berre nokre veker sidan eg hadde høyrt noko heimanfrå Så kjem eg inn får auga på eit blad heimanfrå, eit blad eg aldri hadde lika, ikkje den politikken det står for. Men du, kor eg gløypte og las utan kritikk!

Så går ein i kvardagen, 0g mykje av det ein høyrer, er banning 0g rått snakk, slik banning og råsnakk som ein snautt kan høyra andre stader enn der hundrevis av mannfolk er samla. Det er liksom godpratet, men det er fælt så det lys i kvart vake menneske. Kor kan ein ikkje lengta etter ei andaktstund, ei samling om Guds ord Så kan du setja deg inn på fiskarheimen og roleg høyra at Guds ord vert forkynt, m høyra hjartevarme vitnemål. Tru ikkje at det er berre ugudelege folk i fiskeværa! Så er det song og musikk, og eg skal seia dei syng, heilhuga og sterkt så ein kjenner seg liksom lyft mot taket. Etter at møtet er slutt, vert breva opplesne, dei som er adressert til fiskarheimen. Då kan du tru det er spaning. Tru det er brev til nokon ombord hjå oss Motorkutter "Havbryn" av - "Motorskøyte "Stormfuglen av - " osv. 'Hit mæ dæ lyder det her og der. Og så til å lesa. Du for ei spaning, for høgtid - Så kan ein få kjøpa papir og setja seg til ved eit bord og skriva heim. - "Skriv til mor!" står det over dørene. "Skriv heim!" kunne det gjerne stå også

Ja, så skreiv dei, og utan å gøyma seg bort. Det vart ikkje alltid så rare greiene med skrivinga, skal eg tru. Stivfingra kloring, blanding av gamalt riksmål og norsk. Det vitna gjerne om gamalt skulemeisterspråk Ein dag sat eg så til at eg såg ein unggut starte brevet Sitt slik: Jeg tager pennen i hånden for at skrive til dei og fortele vordan vi haver de" Eg kunne ha lese vidare, men eg skjemdest over at eg hadde kika så mykje i brevet hans. Det var vel til mor. Det vart vel ikkje rare brevet når ein såg form og rettskriving. Men det vart nok som "engleord" for ho som fekk det.

Eg fekk sjølv ein klump i halsen. Så kunne ein få lesa aviser, som nemnt. Der var aviser frå dei fleste byane våre. Og elles var det sjølvsagt mykje kristeleg lesnad. Det kom elles ut tre aviser i Vardø også. Når eg nemner avisene deira, så lyt eg visst ta med noko om politikken der oppe med same. Når ein vert kjend med tilhøva i Finnmark og elles brukar litt vit, så vil ein straks koma til det at nokon bondepartipolitikk er her lite grorbotn for, i alle fall ikkje korntrygdpolitikken. Alle vaksne menneske i landet må ha så mykje kjennskap til fedrelandet at dei veit at Finnmark ikkje avlar korn. Men sjølvsagt lyt dei gjennom avgifter vera med og betala sin del av korntrygda, Er det å undrast på at kommunismen blømer i Finnmark? Kan ikkje harmen i folket der oppe driva dei ut på den radikale vegen? Ein vart såleis ikkje undren når ein høyrer at kommunistane og arbeidarane åtte to av dei tre avisene som kom ut i Vardø. Og eg skal seia dei var radikale og brukte djerve og harde ord. Spott, harme, ironi, beiske ord, hat o.S.V. merkte heile innhaldet. Mykje av det krinsa kring tilhøva i Sør-Varanger og ståket der. Endå så meiningslaust det kunne synast, så forsvara høgreavisa korntrygdpolitikken med sterke og beiske ord mot venstre. Det tok seg låkt ut på den fine og smeikjande bakgrunnen for Finnmark og finnmarkske interesser"

Venstre hadde sitt blad i Vatsø. Eg kan ikkje hugsa at dei hadde noko i Vardø. - Du spør kanskje om skriftmålet. Ja, det såg ikkje vidare lyst ut for nynorsken. I "Vardø Tidende" las eg nokre liner nynorsk ein gong. Det var ei skjennepreike av Anton Beinset til målfolket: "Målfolket er ein måpande hop osv." Å, kor dei jubla og gledde seg over slike ord!